søndag 28. september 2014

PIP SHOW PÅ VINDAUGET.

Her har vi hatt ei skikkeleg ruskehelg vermessig så det frista ikkje med noko form for hageliv anna enn å henge opp fuglemataren på vindauget.

Skulle tru fuglane sat å venta for det tok ikkje mange minutta før det var kø på rekkverket for å sleppe til.


Upps.......berre plass inn i til ein i gongen.


På taket for å vente til den andre har forsynt seg.........


....... men kva slags frekkas som flyg rett inn når det var min tur. Jau, det var ein spurv selvfølgeleg.

Inne ligg .....


....... pus med stivt blikk.


Mange lekkerbiskena som flaksa der. Men dei er berre til å sjå på og drøyme om : )


Koselege HELGEGLEDER som eg deler hjå Vivishagerom og litt til....

¤ ¤ ¤

Som sikker mange veit er eg også på Instagram. Der deler eg litt av mykje og også heilt andre ting enn her på bloggen. Kjekt visst du tek deg ein tur dit også : )
Same som her Hagenisvingen.
Også linkknapp oppe på sida her i sidefeltet.

Ha ei triveleg haustveke alle saman.

MarJE.

mandag 15. september 2014

BRUDEBUKETT AV BLOMAR FRÅ HAGEN.

Jammen snart to månadar sidan eg var på bloggen sist. Det har vore så fint at tida har blitt brukt til uteaktivitetar. Fortsatt har vi nydeleg ver og hagen blømer nesten meir enn den gjorde i sommar.
Men sjølv om det er fint kjenner ein at lufta har forandra seg og inneaktivitetane er på gang.
Har til og med fått eit par prosjekt på strikkepinnane. Så det er håp fortsatt.......

Men no over til brudebuketten.....og sommarens store begivenheit hjå oss.
Siste sommarhelga 30. August gifte vår dotter seg. 
I den anledning bestilte ho brudebukett av mor som skulle ver laga av blomar frå hagen.
Når du får eit slik oppdrag lang tid i forvegen er det lett å sei ja uten at du heilt tenker over kva det inneber. 

Mykje vart sådd i vår med tanke på at det skulle ver litt å velge i. Slik som sommaren har vore i år med sol og varme dagar var det meste veldig tidlig ute med bløminga. Eg frykta at så seint i sesongen kunne det bli lite å velge. Prøvde å ymte frampå at visst det vart magre tider i hagen måtte eg nok på handel. Men nei, det skulle brukast av det som var tilgjengeleg i hagen.
Og slik vart det.


Som tradisjonane seier skal det ver litt frå mor og litt frå svigermor o.s.v.
og slik vart det i buketten.

Bruda hadde 60 tals kjole med litt omsydde og fornya detaljar så buketten måtte ha litt retro i seg.


Understellet eller grinda vikla eg av ståltråd. Laga det slik at det var fullt med krusedullar og det var synleg rundt buketten. Ser det her i nederste kant av biletet. Snurra ståltråden rundt eit kosteskaft, drog det ut litt og bretta det i fasong.
For å få det stabilt tredde eg ståltradar opp og ned over heile flata i eit kryss og lagde handtak av det.
Forma såg ut som ein paraply.


Her fekk vesle Ella kome opp til mor og far å holde buketten.
Knappholsblomen til brudgom, far og forlovarane laga eg i same stil. Der snurra eg strengen rundt ein blyant så det vart i mindre format.
Her var det brukt eit hostablad " June " ( viser litt dårleg frå denne sida ) , litt av det grøne som eg kalla brudeslør og to centaurea " black boy ". 


I brudebuketten er det 5 Rudbeckia " Autumn colors ". Dei er i mange fargevariantar. Eg brukte av dei mørkaste. Syrinhortensia  Hydrangea paniculata "Limelight" . Tofarga Hostablad med avlang form og så fekk eg nappe av ei plante frå svigermora til bruda det grøne brudesløret. 
Som trekk over stilkane brukte eg restar av stoffet til brudekjolen. Sydde ein smal pose og surra til slutt med silkeband.


Kjærleikens teikn HJARTET måtte også vere med.
 Dobbel streng som eg surra og forma til slutt.

Brosja på kjolen er laga i same stil som grinda til buketten. Der tredde eg perler på strengen for at det skulle passe til dei andre detaljane der.

Helgegleder som eg deler hjå Vivishagerom og litt til.....

MarJE