Her på Vestlandet hjå oss manglar det ikkje på vårteikn i hagen og ellers i naturen.
Med ein så snøfattig og forholdsvis mild vinter er veldig mykje kome langt på veg.
Etter det eg kan sjå på spirane i hagen blir det mykje nytt som kjem opp i år.
Staudesådden i fjord var stor etter min skala og visst våren ikkje får eit tilbakefall med kulde blir det eit frodig hageår :)
I tillegg til stauder vart det planta ein god del busker av ymse slag også. Var så heldig å få bilen full av ei kjekk dame som eg var hjå på hagebesøk.
Skulle egentlig få ut innlegget tidligare men så skulle eg BERRE prikle litt først.
Det eine dreg med seg det andre, tredje og fjerde ++++
Det vart prikling, ompotting av stoveplantar, ompotting av nokre Pelargonia og så fann eg på at eg skulle snuse i buda der eg har overvintra plantar. Vart så aldeles frista til å drage fram nokre Dahlia knollar å plante dei også. Det var dei sortane eg har tenkt å få i driv slik at eg kan ta stiklingar av dei.
Då såg eg vel at Fuksiane låg der å hadde lyst på litt lys, jord og vatn. Nokre av dei kom i krukker og fram i lyset. Hadde ursmå spirar, så her blir det liv.
Men så til dagens, vårens og helgas største glede for meg.
Heilt utrulig at eg har fått det til.
Etter ein mosjonstur i dag måtte eg kike på staudesådden.
Gjett kva eg fann. 7 krukker som hadde spirar frå sådden som har stått ute i to sesongar. Her er det ikkje snakk om at frøa råtnar av mykje regn. Trur dei må tåle det meste for dei har stått rett under open himmel og slusene her har ikkje akkurat vore stengde to siste åra.
Det er denne spiren eg vart så glad for.
Paeonia veitchii var woodwardii.
Heldigvis hadde eg vet denne gongen til å ta vare på sådden ein ekstra sesong.
Slik ser den ut. Håper eg klare å få den til.
Dette bilete har eg lånt av Magnar Aspaker. Det er han frøa kjem frå også.
P.g.a eit skikkelig ruskever har eg ikkje vore ute å tatt bilete av andre vårteikn.
Får gjer det ein anna dag.
Eg deler vårteikn hjå I hagen ved skauen og helgegleder hjå Vivishagerom og litt til.
Ønskjer alle ei strålande ny veke.
Frå MarJE