Det blir lenge mellom innlegga no, men det rettar seg nok etterkvart :)
Det går veldig seint med spiringa i beda i år men litt vårteikn og helgegleder er det likevel her på Sunnmøre.
I dag har veret skifta frå snøfnugg i lufta til vind og regn.
Fredag var ein fin soldag så då fekk eg raka plenen.
Det er store lokale forskjelar. Ikkje meir enn ti minutts køyretur frå meg er påskeliljene i full bløming. Her er dei så vidt spirt, ca. 1 cm.
Varmkomposten som vart start for to veker sida er vellykka. Den går så det susar. Det har blitt skikkelig varme i den og prosessen er i full sving. Dette var inga sak å starte opp, veldig enkelt.
Eit godt kvistelag i botnen. Litt tørt hageavfall hadde eg oppå slik at ikkje matavfallet skulle tette igjen luftinga mellom kvistane. Så er det berre å starte med å fylle opp. Kan det bli enklare !!
PS!! To nye kaldkompostbingar har også kome til gards. Dei skal eg vise seinare.
Her går det i kompost av alle slag :)
I går formklipte eg to bjørker og då vart eg overraska når eg såg dette.....
......grøne knuppar.
Fine små kvistar vart det og dei kastar eg selvfølgelig ikkje. Her må alt nyttast.......
......av dei lagde eg små bjørkekransar som eg har ein plan med. Håper det blir slik eg har tenkt. Det skal eg vise seinare.
Meconopsis lingholm blåfiolett. Planta mange av desse i haust og alle kjem igjen. Spennande å sjå om dei blømer i år. Både denne og Aconitum øverst er frø frå Magnar.
Nederst har så vidt tulipanane spirt. Veldig, veldig seint .
Slik ser bedet eg viser kvar veke ut. Rosa som har fått klatrestativ midt i ser død ut.
Staudepottene ( 4 kasser ) som har stått ute i vinter har fått kome inn i sommarstova. Fleire sortar har spirt.
Pelargoniane har også fått komt ut i sommarstova. Det er nok ganske kaldt om natta, men no er dei herda og tåler litt. Fleire er i knupp, her Dronning Ingrid.
Tre brett med stemor og nokre staudar vart med heim når eg skulle kjøpe jord i går :)
Salgløkane veks i rekordfart. Den store er Allium Gladiator.
Dette var mine Vårteikn og Helgleder som eg deler hjå Elin I hagen ved skauen og Hjå Vivis hagerom og litt til.
¤ ¤ ¤
Jammen har eg bestilt damutstyr også. Det blir litt å henge fingrane i framover.
Med desse blomane som eg kjøpte til helga vil eg ønskje alle ei fin tid framover.