Eg er med på vårteikn hjå Elin med bloggen I hagen ved skauen. Denne veka er eg alt for seint ute, men så er det heller ikkje så mange vårteikn her i hagen.
Sterk vind i fleire dagar og no etterfulgt av regn,
har gjort at all snøv og is har reist.
Varmkomposten som eg starta opp Fredag for litt over ei veke sida har starta prosessen for lengst. Der er det god varme og eg ser for meg kor mykje fin jord eg får : ))
Denne vinteren har vore hard for mange plantar. Mange rosebusker ser heilt svarte ut og mange av Rhododendronane ser ikkje livlige ut.
Slik ser dei ut, veldig tørre. Har prøvt å vatna med godt temperert vatn så får eg berre vente å sjå om det hjelp.
Nokre få Klosterklokker er det einaste som har kome opp bortsett frå snøklokkene.
Ikkje ein einaste tulipanspire har vist seg sjølv om eg har veldig mange. Dei ligg nok rett under jordflata å ventar.
I grusbedet som eg laga sist sommar ser det ut som alt har overlevd.
Desse sådde eg sist sesong av frø eg kjøpte hjå Magnar.
Lewisia Little Plum, Androsace carnea og Anthyllis vulneraria coccinea.
Litt anna som kikar opp. Trollius pumilus, Campanula " Snøkvit ", Påskeliljer og Aurikkel.
Ein liten tur innom drivhuset. Erteblomar, i midten er det toårige svarte fiolar som eg vann frøa av Elin. Dei var ikkje heilt enkle å få til å spire. Frøa opna seg fort men så skjedde det ikkje meir. Prøvde å sette dei i kjøleskapet, der spirte dei etter få dagar.
Dahliane er kraftige og veks seg til.
Ein liten stemor, det er det einaste som gir litt farge akkurat no.
¤ ¤ ¤
I eit tidligare innlegg fortalde eg om Fuksiane mine som fraus i drivhuset. Eg kasta dei selvfølgelig ikkje....for tenk om det er liv inni : ) Og jammen er det fleire som har spirt igjen : ) )
¤ ¤ ¤
Har så vidt starta grovrenskinga i beda. Her er utrulig ruskete i år.
Eg hadde virkelig håpa at kulden hadde tatt livet av dei brune sleipe....men der tok eg feil. Hadde heldigvis saksa på meg så eg fekk klipt den rett av.
Hagelaget som eg er med i skal heldigvis ta opp kampen mot sneglane i år. Vi skal selge Nemaslug.
Eg er ein av dei ansvarlige for dette og håper mange vil kome å kjøpe så vi kan få bukt med problemet.
Kanskje det blir sneglefrie tider etterkvart.
Dette var det meste eg fann av vårteikn denne gong.
Klikk deg inn hjå Elin på biletet.
Ein liten tur innom drivhuset. Erteblomar, i midten er det toårige svarte fiolar som eg vann frøa av Elin. Dei var ikkje heilt enkle å få til å spire. Frøa opna seg fort men så skjedde det ikkje meir. Prøvde å sette dei i kjøleskapet, der spirte dei etter få dagar.
Dahliane er kraftige og veks seg til.
Ein liten stemor, det er det einaste som gir litt farge akkurat no.
¤ ¤ ¤
I eit tidligare innlegg fortalde eg om Fuksiane mine som fraus i drivhuset. Eg kasta dei selvfølgelig ikkje....for tenk om det er liv inni : ) Og jammen er det fleire som har spirt igjen : ) )
¤ ¤ ¤
Har så vidt starta grovrenskinga i beda. Her er utrulig ruskete i år.
Eg hadde virkelig håpa at kulden hadde tatt livet av dei brune sleipe....men der tok eg feil. Hadde heldigvis saksa på meg så eg fekk klipt den rett av.
Hagelaget som eg er med i skal heldigvis ta opp kampen mot sneglane i år. Vi skal selge Nemaslug.
Eg er ein av dei ansvarlige for dette og håper mange vil kome å kjøpe så vi kan få bukt med problemet.
Kanskje det blir sneglefrie tider etterkvart.
Dette var det meste eg fann av vårteikn denne gong.
Klikk deg inn hjå Elin på biletet.
Her titter det opp mange fine stauder, klosterklokker er så vakre.
SvarSlettJeg håper rododendron og roser kviner til igjen, det er så leit å miste så store fine planter.
Ha en fin ny våruke.
Hei! Jeg har i hvert fall en rhododendron jeg er mer enn bekymret for. Svarte rosegreiner er det mye av, men det er jeg ikke så bekymra for. De kommer som regel med nye skudd.
SvarSlettTusen takk for kjøleskapetipset. Har noen duftfioler som ikke vil spire. Prøver ditt forslag.
Lykke til med salg av nemaslug! God natt! Anne
Ser ut som om barfrosten har gjort ein del skade i min hage også, men håper det ikkje er så gale som det ser ut.
SvarSlettBra at hagelaget tek ansvar i lokalmiljøet ditt:) Det bør snart settast i gang tiltak mot sneglane her i kommunen også.
Ha ei fin veke!
Mye å glede seg over her?! God vårlig uke!
SvarSlettHei! Nydelege klosterklokker! Håper verkeleg våren er i anmarsj snart!
SvarSlettLyt skrive kort i dag, brukar ein finger;)
Handa kjem seg, men vil ha ro. Håper å sleppe kortisonsprøyta denne gongen - har hatt det ein gong før og då måtte det til. Kryssar fingrane!
Fin ny veke til deg:)
Klem frå meg.
Kjekt å sjå at det står til liv i hagen din. Så er det jo fantastisk å kunne gå inn i drivhuset og kjenne på varmen og sjå alt som er på gang der inne. Flott at det framleis var liv i fuksiane dine. Ha ei god veke!
SvarSlettDet er von om mykje fint når det blir varmt nokre dagar.
SvarSlettDet heng nok litt etter i forhold til her i havgapet. Idag såg eg utsprotne kusymre.
Leita etter dei forrige veke, men då var det berre små blad, så det har nok vore bra temp nokre dagar.
Som Alva brukar eg berre ei hand, må visst til doktor med høgrehanda i morgå...
Ynskjer deg godt mot med hagen, det kjem om ikkje så brått :)
Klem
Håper plantene livner til etterhvert som de tiner opp. Kjedelig å miste planter for en tøff vinter. Nyt vårdagene :)
SvarSlettså mye kos du har i drivhuset.det drømmer jeg også om å få meg.Da med en blanding av drivhus og kosekrok til lesing og planlegging av hagerelaterte ting.
SvarSlettMorro at der var liv i fuksiaen din:) ha en fin dag:))
Så mye som spirer og gror hos deg! Du er så flink med planter og hagen din!
SvarSlettKos deg med vårsyslene og ha ei fortsatt fin uke! :-)
Ja, denne vinteren har vært veldig hard på roser og rhododendron her også. Mine ser akkurat ut som dine. Det er trist, men lite å få gjort noe med dessverre. Rosene kan jo skyte fra rota hvis de er rotekte. Godt å se at det spirer og gros hos deg nå :-)
SvarSlettHa en fin dag. Klem fra Marit
Det verkar som många roddisar och rosor fått måånga vinterskador i år. Här verkar det mesta ha klarat sig, iallafall det som tinat fram.
SvarSlettHa en underbar dag!!
Flust med vårtegn hos deg! Her er det jo mye grønt på gang opp og frem. Jammen godt du fikk de svarte stemor-frøa, for de småplantene var veldig fine:)
SvarSlettKlosterklokker skal jeg jammen skriv på ønskelisten til høstens løkinnkjøp - så søte de var.
Arti med steinbedet. Tror jeg vil lete litt i arkivene dine og lese litt mer om det.
Ha en fortsatt fin uke:)
Masse flotte vårtegn.
SvarSlettVeldig fint det grusbedet ditt.
Ha en strålende uke!!
Det var da masse fine vårtegn hos deg :) Hos meg er det ikke en blomst i sikte enda. Men mye å se fram til heldigvis :)
SvarSlettFantastiske spirer du har av ulike slag.
SvarSlettBlir en fargerik hage hos deg!
Kjekt å sjå kor langt våren er komen rundt om i landet vårt :)
SvarSlettMykje av det vinteren har fore hardt med vil nok kome seg att med tida så lenge det er liv.
Om det kjem sol og varme snart vil nok alt eksplodere i vakre fargar :)
Eg klipte rosetrea igår og fekk ruska opp i eindel bed. Idag har det pøsregna heile dagen. Kan såvidt det er sjå litt lysegrønt på bjørka her, om eg legg godviljen til ;)
Ønskjer deg gode vårdagar framover :)
Ja, nå sprer våren sitt glade budskap på ulike måter over det ganske land. Masse liv og røre hos deg. Så er det spennende for mange av oss å se hva den harde vinteren har tatt knekken på og ikke. Ha en fin søndagskveld.
SvarSlett