tirsdag 31. juli 2012

Med blemmer i hendene :D

Det har vore to slitsomme, lange dagar med kantskjering av alle kantar rundt bed og stiar. Hendene kokar av vannblemmer. Men ingenting er så gale at det ikkje er godt for noko. Kroppen har fått mosjon og musklane har slete :)). Og ikkje minst eg er storfornøgd med at eg er ferdig og resultatet.

Dette er rundt grusbedet. Før...undervegs og etter.


Arbeidskroken min drivhuset. Kantskjering her også. Har brukt litt restestein og laga mønster i grusgangane :-)


Dette er dagens blinkskudd! Min halvdel, i dag får han tittelen 
BEDRE HALVDEL :))
Han kom med dette geniale forslaget at kanskje vi kunne legge duk på og fylle opp med singel. Var ikkje sein med å sei meg enig. Sende han av stad å kjøpe duk. La litt torv under så det vart litt heva. Skar ei grøft langs kanten for å få duken godt nedi. Så var det berre å fylle opp med singel. Eg brukar berre singel og stein til dekke. Bark har eg ikkje gode erfaringar med. Plantene har ikkje trivast i barkdekke her hos meg.

* * * * * * *

Sidan eg nesten såg raudt før eg var ferdig i dag fell valet på blomebilete i raudt.


Valmueknupp. 

Valmua i full blomst.

Løvemunn. Desse sår eg mykje av fordi dei er fine og at dei er heilt sniglesikkre.

Astilbe er mørk raud. Vart litt lys her på biletet.

Dianthus. Sådden den i fjor. Har greidd vinteren ute og kome igjen no i år.

Rips i modning.

Måtte berre ta med denne "Penny Lane". Den har stått opp frå dei døde. Det var kome opp tre kraftige stilkar.

* * * * * * *

Dagens sitat:

Skal jenta grava og streva hardt,
så verder neven vel hard og svart.

* * * * * * *

Ha ein fortreffelig kveld ;)

mandag 30. juli 2012

Ein flott hagedag med sol :)

Det har vore litt vanskelig å klippe rundt beda med klipparen, så her var det berre å ta kantstikkaren å gå i gang med graving. Veret har vore perfekt til slik jobb i dag.


Her er gravemaskina :)) Det var rett og slett eit slit og kroppen fekk svette ut.

Slik såg det ut før eg grov meir ut. Kanten er av stein som har vorte til overs av andre prosjekt. Har  trygt den ned i jorda og fyllt fin singel mellom. Det er nokre år sidan dette vart gjort......

Etter. Grov ut dobbelt så bredt og fylde opp med singel.

Før .........................

...............og etter.

Dette bedet er veldig stort. Det slyngar seg rundt huset på 3 sider. Det er berre ytterkanten eg har skåre og fyllt opp med singel. Den er ca 70 meter lang. Det gjekk med eit heilt tilhengarlass med singel. Vellykka jobb :))
I morgon skal eit anna bed takast + rundt drivhuset. Vert musklar av slikt.

I pausene tok eg nokre bilder av blomane.

Rose Egeskov. 

Ferdinand Picard.

Peace.

Cosmos (sjølvsådd)

Så til slutt ein flott kar som ville smake litt på blomane.

¤ ¤ ¤ ¤ ¤

Ha ein fin kveld.

søndag 29. juli 2012

Vi rømde ei veke til ein varmare stad......... ; )

KRETA !

Vi reiste forfrosne heima frå natt til Laurdag 21.7. Då var det + 4,2 grader. Når vi landa på Kreta møtte vi varmen med + 35 grader. Litt av ei forskjel. Var komne på hotellet ca. kl.15.00. Ein halv time etter på låg vi i Middelhavet å plaska. HERLEG : )).

Avkjøling i bølgeskummet.

Minstemann i det våte element der han er som fisken i havet.

Middelhavstemning...........

Blomar frå Kreta " Platanias"

Bogenvilla.

Denne lignar på Kala ?

  Same planta i gult med frøstand.


Fylt Havaii rose.

Rose.

Strandkunst : D

Vi for i frå ekstrem varme og kom heim til EKSTREM nedbør. Møtte veggen med regn. Vindusviskarane hadde problem med å holde unna regnet frå frontruta når vi kjøyrde heim frå flyplassen.
MEN i dag våkna vi til skyfri himmel og + 20 grader. Så det vart ein tur i hagen å støtte opp blomar som hang ned av regn.

Ha ein flott Søndags ettermiddag alle saman.

fredag 20. juli 2012

Skulle BERRE eit lite ærend...........

Hagevenne min PUS var tom for mat så eg måtte ta ein rask tur til FK butikken for å kjøpe. Men som nabo til FK butikken er der eit praktfullt hagesenter med virkelig flotte plantar. Måtte berre inn for å sjå............... Sjåinga vart til må ha syndromet : D.
Dette vart med heim i dag.

Hosta " Sun Power", Hosta "June", Astilbe glaberrima, Storkenebb "Midnigt Reiter", Sedum "Bertram Anderson", Sedum kamtschaticum "variegatum", Sedum pachylados Rosebergknapp. Dei 3 siste skal i grusbedet..........+ + +

Hybridstjernetopp "Strowberry Fields", Peon "Bowl of Beauty". 

Peonen har heilt nydlige blomar.  På den eine blomen kjem det ut ein rosa dusk frå midten, litt spesielt.

Stjernetoppen.

Veldig fornøgd med dette kjøpet. Kjøpte dei på 1. biletet for dei har eit flott bladverk. Dei 2 siste for like flotte blomar.

**********

Ha en flott dag og ei vidunderlig helg alle saman !


torsdag 19. juli 2012

Klipping av hekk.

Når vi stod opp i dag tidlig var det såpass bra ver at vi bestemte oss for å klippe hekken. Her var det berre å innta frukosten å hoppe i arbeidskleda.
Vi har vore så fornøgde med hekken vår Bulkemispel heilt til i fjor sommar då det var store oppslag i media om den smittsomme sjukdomen Pærebrann som denne hekken kan ver berar av. Her i Møre og Romsdal gjekk mattilsynet ut og oppfordra eigarar av denne planta til å fjerne den i dei smitta områda.
Tomta vår har traffikert veg på to sider så denne hekken har vore heilt perfekt vern for både trafikk og innsyn.
 Panikken steig, eg måtte ut å sjå etter sjukdomsteikn og selvfølgelig synest eg den hadde dei beskrevne skadane. Heiv meg på telefonen til mattilsynet som alle reide hadde sprengde linjer. Når eg fekk kontakt skulle eg sende inn prøver av blad. Eg så gjorde og fekk ei gledelig tilbakemelding. Hekken din er frisk så berre kos deg med den vidare : ).
Men med tida regnar eg med den må vekk, så eg har starta prosessen med å  plante nye sortar slik at dei skal få vekse seg til før gamlehekken blir fjerna.

Før klipping. 

Blomsteren lokka til seg store mengder med insekt. Om vinteren kjem fuglane for å ete av dei raude fristande bæra.

Gode redskap som gjer jobben. Sneik meg innpå han i blå kjeledress bakfrå uten å verte oppdaga. Synest han måtte få vere med her så flink som han er : )) 


Her er jobben gjort. Høgda tek vi ikkje før til vinterklippet.

Den nye hekken er av to sortar. Eit parti med småblada Lind og eit med ein type Bøk.

Klippte litt Linden og av den måtte eg selvfølgelig lage ei mengde stikklingar av : D

Georgine "Darkarin".

Ei spesiellt nydelig rose. Her med insekt. Flytta den frå hagen til son min i vår og den har greidd seg fint. Anar ikkje kva den heiter. Den er ikkje skarpt gul, meir aprikos gul. 

Kvelds stemning 18.Juli.

Ha en fin dag alle saman : )

tirsdag 17. juli 2012

Ferie og selskap.

I dag er det første feriedagen og den skal nytast i lange drag. Tempraturen er berre 12 grader, regn og det er sjikkelig surt.
Herren i huset har "bursdag" så det måtte feirast. Etterkomarane kom på middag med påfølgande kaffi. Koselig stund : )


 Middagsbordet pynta med gammeldagse Roser som luktar nydelig. Kaffiserviset er arvegods over 50 år gamalt og like fint. Det er Porsgrund porselen.


Til kaffi var det Pavlova kake pynta med jordbær, bjørnebær, blåbær og kiwi. Jordbær med vanilje saus og sjokolade.


Så må eg ha med litt blomster frå hagen.


   Geranium koreanum (sjølvsådd).

Geranium phaeum (sjølvsådd).

Blodbeger sådd av frø frå Impecta. Alle fem frøda i pakken spirte : ).

Ha fortsatt ein fin aften.