søndag 24. februar 2013

X - FAKTOR FRISTELSAR.

Etter blomeutfordringa  X - faktor hjå Anne på Moseplassen kan vi no plukke ut plantefristelsar og sende ei MÅ HA liste.

Den er egentlig uhorvelig lang, men eg har begrensa den til 5 sortar. Og det var ikkje lett.

Eg har lånt bileta på bloggane som eg har linka til.


svart knopurt

Centaurea montana " black sprite "  hjå Annas space.



Fritillaria hjå Vivishagerom og litt til.

HPIM4172

Primula capitata hjå Marianns verden.



Klematis " Guernsey Cream " hjå Sabelhagens olivlund.


Anemone hjå Parkvegens Hageglede.

Hjå Anne på Moseplassen kan du sjå alle sine Må HA favorittar.

lørdag 23. februar 2013

FIRKLØVERKAKE MED OPPSKRIFT.

Litt av ei søt helgeglede frå meg.

Dette er ei kake som er veldig holdbar og den er best visst den blir laga eit par dagar før den skal serverast.

Eg brukar ofte å lage den i god tid å fryse den, då blir den veldig saftig og god.

Også kjekt å ha i frysaren visst ein skulle få overraskande gjestar : )

Her har eg laga den til dåpen for to veker sida.


FIRKLØVERKAKE .

200 gram knuste nøtter

200 gram melis

1 ts. bakepulver

1 ts. kveitemjøl

4 stivpiska eggekvitar.

Stivpisk eggekvitane og rør inn melisen. Dei andre ingrediensane vender du inn med slikkepotten.

Steikast i rund form 24 cm. på nederste rille ved 180 grade i 40 min.

FYLL.

4 eggeplommer

1 dl. sukker

1 ts. vaniljesukker

1 / 2 dl. mjølk ( knapt )

Bland saman alle ingrediensane og gi eit oppkok.

Ta fyllet av plata og rør inn 100 gr firkløversjokolade og pisk inn 90 gram meierismør.

Ha på fyllet når det har kolna litt og sett i kjøleskapet til det er heilt stivt.

Visst du vil kan den pyntast med krem rundt kantane o. l ,
 men p. g. a kremen blir den då ikkje så holdbar.

På kaka eg viser bilete av har eg brukt kvit sjokolade å spruta mønsteret ut på bakeparir.
 Når det stivnar er det berre å legge det på : )

Veldig enkel å lage og garantert smakfull !

¤ ¤ ¤

Ei søt HELGEGLEDE frå meg
 som eg har lyst å dele hjå Vivishagerom og litt til.

Gå inn HER så kan du kose deg vidare med andre sine helgegleder.

torsdag 21. februar 2013

RAUDMALT HYTTE I SKOGEN

Frå ein av mine turar sist veke i strålande vær.

Der går eg forbi denne gamle raudmalte hytta.



Mitt himmelske bidrag hjå Petunia.
HER kan du sjå alle bidraga.

4987378325_b77095bd20_b[1]

tirsdag 19. februar 2013

X - FAKTOR I SVART OG GRØNT.

No er vi komne til siste runda i blomeutfordringa hjå Anne på Moseplassen.
Ikkje heilt lett å finne kandidatar til denne fargen. Eg har av dei,  men dei har ikkje vorte så flittig kika på gjennom linsa.
Det må eg tenke på til neste sesong. Og heldigvis blir det fleire kandidatar på meg då det ligg frø til spiring i pottene både ute og inne.

Denne stauden har eg sådd sjølv av frø eg har kjøpt på nettet hjå hageentusiastar.
Bladrosetten kjem tidlig opp og den viser seg gjerne allerede under snøen. Blomestilkane er høge og staselige,  og  dei vaiar fint i vinden.
Denne stauda sjølvsår seg lett og likar gjerne å blande seg til nye stoltheiter når den kryssar seg med naboen.

 Aquelegia Black Barlow.




Den er ganske svart med eit fint fargeskin i.



Her er det frøkapselen som står i fokus.



Fullt blomeflor.

Dette vart min siste og svarte kandidat til konkurransen.
Alle dei fine grøne og svarte bidraga kan du sjå HER.



mandag 18. februar 2013

BLOGG GÅVE SOM VART HELGEGLEDE.

Søndag vart eg overraska med ein nydelig blome.

På kortet stod det : Hei Besta!
 Gratulerer med 100 medlemmar og snart 20 000 besøkande
( no har desse tala allereie stege ).

Her var det påholden penn frå mora, det var ho som lokka meg til å starte med blogging.

Det var eit stort steg å begi meg ut på eit så ope rom. 
Men jammen må eg innrømme at det har vore inspirerande og veldig kjekt.

Utrulig mange gode personar ein kjem i kontakt med, delar erfaringar og får gode inspel.


Miltonia orkide. 


Flotte teikningar på den.


Dette var ei overraskande helgeglede som eg vil dele hjå Vivis hagerom og litt til.
Mange fine helgegleder kan du sjå HER.

¤ ¤ ¤

Siste tida har det vore den store blomeutfordringa  X - faktor hjå Anne på Moseplassen som har vore det store temaet på bloggane . No er det den siste runda som pågår. 
Det har vore veldig mykje fint og fristande å sjå. Og ikkje minst inspirerande.
No må eg sjå om eg finn meg ein kandidat i svart eller grønt.

Tusen takk for alle besøk, ord som vert lagde igjen og svar på spørsmål eg stiller.

Og nye følgarar.......Hjartlig velkomne til meg i Svingen.
Håper dåkke vil trivast.

God Mandags kveld !

Frå MarJE.

søndag 17. februar 2013

X - FAKTOR I GULT.

Ny farge i blomeutfordringa hjå Anne på Moseplassen.
Denne gongen er det gult.
Gult kan ver slik at ein enten vil ha den fargen i hagen eller så vil ein ikkje ha den. Eg er av dei som vil og må ha den. Synest den er eit lyspunkt i beda.

Denne gongen har eg valgt ei plante som kom inn i hagen min på ein litt ulovlig måte. Skulla vel aldri meddelt korleis det gjekk til, men sida den har slått seg godt til ro og ser ut til å trivest så var det akkurat hit til meg den ville : )
Ivertfall så likar eg å tru det.

Hadde gått fleire runder å kika på denne planten. Denne måtte eg ha. Det er mange store tuer av den på jobben min. Synest forresten at den trengde litt uttynning så på ei kveldsvakt kom det heilt uforklarlig ein avleggar opp i sekken min. Og du store meg tid kor glad eg vart.

Det er ikkje berre blomen på den som er fin. Den har eit kraftig bladverk som er dekorative med sin mørke farge som går over i raudtonar. 

Stauden er Ligularia og den har sikkert eit etternavn, kanskje nokon kan hjelpe meg med det ?


Slik ser den ut med alle sine detaljar.











Alle dei gule flotte bidraga kan du sjå HER.

gule-blomster-x

fredag 15. februar 2013

X - FAKTOR I BLÅTONAR.

Hjå Anne på Moseplassen er det no kome til runde nr. 4 i blomeutfordringa.
Denne gangen er det fargen blå som skal visast.

For meg vart valet på ei plante eg har fått avleggar av frå mor mi for over 20 år sida.
Det er ei heilt vanlig staude men for meg betyr den noko heilt spesielt og den minner meg om min barndoms heim.

Den er herdig og veks godt, så ein omgang med deling må til rett som det er.
Trur rett og slett den overlever alt.

Det er ein blå Iris. Meir utfyllande navn har eg ikkje.
















Alle dei flotte blå bidraga kan du sjå HER.

blaa-blomster-x

torsdag 14. februar 2013

SELBUVOTTAR TIL BABY.

Veslejenta trengde vottar så ikkje dei små fingrane skulle fryse.

Mora ønskte selbuvottar. 

Mønster er det mange av på nettet så eg har brukt ei av desse.

Strikka dei av lys babyull og til mønsteret brukte eg  melert Fabel frå Drops. 
Strikka dei på pinnar nr. 2 ,5.


Blir litt annleis når ein brukar melert garn til mønsteret. 


Snertne og raske å strikke.


Her ser du både tråden og dei gode hendene som skal bruke vottane.

Visst du har lyst å strikke dei finn du ei av mønstrene HER.

¤ ¤ ¤

Snart vekeslutt igjen. Dagane går like fort kvar veke.

Har fått nokre frø i jorda også denne veka. Dei skal eg kome tilbake til.

Eg må få lov igjen å sei TUSEN, TUSEN takk for alle fantastiske besøk og gode, fine ord som vert lagde igjen her hjå meg. Ufattelig kjekt.

Velkomne til nye følgarar....koselig at dåkke vil sjå kva eg sysslar med.

God Torsdags kveld, frå MarJE.



onsdag 13. februar 2013

X - FAKTOR RAUD OG ORANGE.

No er det 3. runde i blomeutfordringa hjå Anne på Moseplassen.

For meg vart det eit enkelt val denne gongen. Blomen er fløylsraud og er open kun ein dag før den visnar og slepp nye knuppar til.
Når den først sett i gang med bløminga held den på til frosten kjem.

Dette vart mitt val nettop fordi eg har hatt den i mange år og den har ikkje villa blømd.
Men etter litt skriverier om planten på bloggar rundt omkring fann eg ut at løysinga var kanskje å grave den opp og flytte den.

Dette var siste sjansen den fekk. Den vart delt i fleire tuer og planta i eit anna bed. 
Den forstod sikkert alvoret og kom med ei enorm bløming sist sommar.
Eg vart så betatt at det vart fleire nye kjøp av forskjellige sortar og fleire blir det nok i år.

Hemmerocallis Crimson Pirate.












Du kan sjå alle dei flotte bidraga HER.


roed-orange-blomster

tirsdag 12. februar 2013

X - FAKTOR KVIT.

Då er tida koma for å finne fram ei kvit skjønnheit som eg er spesielt glad i.

Hjå Anne på Moseplassen fortsetter blomeutgåva av x - faktor og den vil eg også fortsette å være med på.
Eg leita å leita i arkivet, men det blei ikkje frå min hage.

Det er ein nydelig blome som veks nokre minutts gange frå heimen min i Guds frie natur.
Før eg kjem fram til denne får eg traske gjennom fin natur og får nydelige naturopplevingar i tillegg til å nyte denne skjønnheita når eg kjem fram til vatnet.

Her sett eg meg ned for å studere vassliljene som det er ganske mange av her.


Min kvite favoritt. Her lyser den så kvit, ven og vakker.


Fleire kvite favorittar kan du sjå HER.

x-lav-hvit

mandag 11. februar 2013

BLOMEDEKORASJONAR OG HELGEGLEDER.

Siste veka har vore ei veke full av aktivitetar og gjeremål.
Den avslutta med ei flott dåpshelg.
Været har vore kaldt men veldig fint.

I forbindelse med dåpen fekk eg ei ekstra utfordring å lage blomedekorasjonar.
Her viser eg litt av dei.


Lagde dei opp i desse krukkene her. To av dei er frå då mora barnet vart fødd og hjertet er veslebarnet sitt.


Eg brukte kun roser i tre forskjellige fargar. To rosafargar og kvite. På bileta her er ikkje brukt blits så fargane er ikkje rette på rosafargane.


Sette ein smukk i kvar dekorasjon.


Surra nokre omgongar med ståltråd rundt til slutt.


I hjertedekorasjonen laga eg eit perlehjerte. Tredde små perler på ein ståltråd og forma den til eit hjerte.

Til slutt plukka eg nokre grøne lange smale blad av ei stoveplante og sette dei over rosene for å få ei lita brytning.
Veldig enkelt gjort alt saman, men kanskje det kan vær litt inspirasjon likevel : )  Men berre kanskje.


Her er fargane på rosene litt meir virkelige.



Dette var ei av mine helgegleder som eg vil dele hjå Vivis hagerom og litt til.
Ta turen innom og sjå mange fine helgegleder HER.

¤ ¤ ¤

Eg er så glad for alle dei kjekke besøka på bloggen min.
Tusen, tusen takk alle saman.
No skal eg kome sterkare tilbake hjå Dykk.

Ha ein god Måndag alle saman.

Frå MarJE i svingen.

lørdag 9. februar 2013

X - FAKTOR I ROSATONAR.

Hos Anne på Moseplassen er det utlyst ei uhøgtidelig konkurranse som eg har lyst å være med på.

Valget er rosatonar og eg har valgt å bidra med Pionvalmue. Den er i ein rosa lilla tone.
Denne er ettårig men den sjølvsår seg lett visst eg ikkje plukkar vekk frøkapslane.
Eg likar den spesielt godt fordi den er fin i alle stadiar frå knupp til frøstandane som står igjen og pyntar opp i bedet.










Fleire rosa bidrag kan du sjå HER.

torsdag 7. februar 2013

STRIKKA VAFFELHUE OG PULSVARMARAR.

Her kom vinteren for fullt no med ein god del snø og gradestokken kryp nedover.
I skrivande stund er det snart ti kuldegrader.
Sjølv om vi har mest lyst på vår no så må eg innrømme at det har vore ein nydelig dag.
Blå himmel og sol og så lyst som det blir med det kvite dekket.

Det trengst litt å varme seg på så no har eg fått ferdig to huer og eit par tilhøyrande pulsvarmarar.


Eit sett i ein rosa farge og ei enkel hue i ein brungrå tone.


Visst du ser nøye etter kan du sjå at eg har brukt to sortar garn i denne hua. Det eine er blankt og gir ein fin effekt.
Det er  Drops cotton viscose og det som er mest rosa er Alpa frå Europris.


Sida eg ikkje fann noko mønster på vaffelstrikka pulsvarmarar lagde eg ei sjølv. Her har eg brukt berre eit garn Alpa ellers vart dei så tjukke.
Visst det er veldig kaldt og ein frys kan ein ha tynne hanskar under.

Dette settet fekk mora til barnebarnet vårt. Trillesett : )


Denne hua er strikka i Drops Alaska. Fargen er meir brungrå enn det som viser på biletet.

Mønsteret til hua har eg funne HER hjå Pickles.
Pulsvarmarane har eg som sagt laga sjølv.

¤ ¤ ¤

Det er alltid like koselig med besøka Dykkar og alle fine spor som blir lagde igjen.
Det blir eg i så godt humør av.

Velkomen til ny følgar også...koselig.


Ha ein god trivelig og lun kveld alle saman.