fredag 21. juni 2013

LITT AV KVART FRÅ HAGEN

Dagane går veldig fort og snart nærma det seg ferietid.

På ei veke har vi hatt tre hagevandringa arrangert av mitt lokale hagelag så det har gått i hage om ikkje i min.

Men her kjem litt ymse frå min hage.


Ei lita lubba hand som synes det var stas å få plukke av blomane.
Barnebarnet mitt som nærma seg seks månadar.


Akeleie Black Barlow.



Akeleie.


Rosa Akeleier av forskjellige sortar.


Kvit valmuesøster som held på å sprette ut.



Svart fiol som eg vann frø av Elin med bloggen I hagen ved skauen.


Iris, Allium, Strandnellik og Oxalis.


Rabarbrane er kjempestore i år, kvit gudeblome og filtarve.


MarJE som sitt på kanten av fuglebadet i grusbedet å speidar utover fjorårets staudesådd som blømer for første gong i år.


Forskjellige variantar av Cosmos. Det har vore ei salig blanding i pakkane i år. Fargeblanding i den kvite og ein fylt eg kjøpte hjå Impecta ser slettes ikkje ut slik den skulle gjer. Den skulle ver heilt mørk burgunder i fargen.


Veldig mykje humler som kosar seg på blomane.


Frå drivhuset.
Eg sådde berre cherry tomat, men det har tydlegvis vore eit frø av ein anna sort. Det er dei store.
Agurken er komen i blomst og raud basilikum er i god vekst.


Gul Primula fremst.

Det er ei fin tid med mykje bløming og nye overraskelsar som dukkar opp kvar dag.

¤ 

Eg vil ønskje alle mine lesarar ei god og innholdsrik helg.

Helsing MarJE



søndag 16. juni 2013

BESØK I EIN KUNSTNERISK HAGE.

I går Laurdag gjekk turen med Hagelaget til Olden i Stryn kommune.
Det vi visste var at vi skulle besøke ein hage med mange skulpturar. Overraskelsen var stor når vi kom fram til Johanna og Gunnar Nygjerd og fekk sjå den utrulig flotte kunsthagen deira.
I hagen er det ca. 80 skulpturar som Johanna har laga sjølv av betong.
Ekteparet fyller ut kvarandre på ein fin måte og gjer kvar sine ting i prosessane med både skulpturane og ellers i hagen. Gunnar støyper fundament og festar armeringsjern slik Johanna ønskjer det, så er det ho som støyper og formar skulpturane.


Vi fekk ei flott og informativ omvisning av ekteparet. Dei fleste av skulpturane har ei historie.


Det var ein lang veg ned til huset og i enden ved postkassene stod desse skulpturane.


Litt av det som stod langs vegen ned. 
Som dei fleste andre plassar i landet hadde vinteren herja her også. Så det var ein del som var brunt og fleire tred hadde gått ut.


Johanna forklarte at skulpturane vende seg oppover og som oftast i eit knutepunkt. Det sumboliserte det positive. 


Dei brukte mykje stein også i hagen. I frukttreet på høgre sida har dei pynta med julekuler alle i same fargen men med forskjellig struktur. I tillegg var det lyslenker i.


Kulene og litt av utsikta på nærsyn.


Ved denne sittegruppa kunne du både nyte hagen og den flotte utsikta.


Johanna kjem frå Selje så ho fortalde sagnet om Sant Sunniva som kjem der ifrå. Ho konkluderte med at det er fritt fram for kven som vil tru på det. Ho var heilt sikker i si sak.
Her skulptur av Sankt Sunniva. Den var minst i full størrelse.


Sankt Sunniva ligg på kne å bed. Øverst har dei laga eit miniatyr av Selje kloster.
Blomane vart nesten heilt gløymde. Her var så mykje anna spennande å sjå.


1. Eit slags tårn med ei rund plate som hang i sen. Den laga lyd når det var vind. 2. Søyler som hadde stein på toppen. 3. Gangstiar av skiferheller. Det var fleire sirklar bortover.


Dei store tujane t.h var skikkelig flott klipte. 


Denne dama lagde ikkje berre skulpturar. Ho dreiv med mange typar av handarbeid / forming.
Bilete på veggen har ho laga av potter som har blitt knuste og koppar og kar som har lede same skjebne.


Musikksymbol som heng på veggen var laga av platerestar og dekorert kjellarmur ( det også symboliserte noko men det hugsar eg ikkje )

Her var så mykje eg kunna vist.....men måtte begrense det ellers hadde det vorte veldig langt.
 Dette var ein hage, eit hus, ein fjøs og ikkje minst eit flott innholdsrikt ektepar som kjem til å sitte igjen i minnet i lang tid framover. 

Hagen er praktfull og ligg i naturskjønne omgjevnadar. Som Johanna sa : ein slik hage kan ein ikkje ha alle stadar som t. d i eit byggefelt, men HER passar den perfekt.

Som avsluttning vart vi servert heimelaga eplekake og kaffi.

Er det nokon som er i desse traktene hadde eg ikkje tvilt på om eg skulle besøke denne hagen. 

¤ ¤ ¤

Ei flott Helgeglede som eg vil dele hjå Vivishagerom og litt til.

onsdag 12. juni 2013

RHODODENDRON.

Etter vinterens herjingar såg det ut som det ikkje skulle bli noko særleg stas med Rhododendroane i år, men dei har overraska positivt med ei overveldande bløming.

Trur faktisk det er berre ein av mine 26 som ikkje kjem til å bløme i år.

Eg har alt frå dei største.....


.....som denne heilt vanlege lilla Rhododendron Grandiflorum.......


........med desse blomane. Den har akkurat begynt å opne seg. Eg synest den er flott når den viser seg i fullt flor.

Og til den minste miniatyr Rhododendron forrestii ( dette er ein mini, mini sort ).....

.....så stor som ei fyrstikkøskje. Den er raud på farge men har ikkje blømd her hjå meg enda. Har hatt den i to år og sist sommar flytta eg den til grusbedet. Set ut som den trivast der.


Ved innkjøyrsla til huset. Litt vanskeleg å sjå men her er 4 Rhododendron. To raude, ein gul og ein heilt sart rosa. Den rosa har ei nydelig lukt. Den står nærast her og er snart avblømd.


Mellom tre oppstamma høge sypress / tuja veks Rhododendron  Kalinka...........


.........den har ein flott farge.


På Rhododendron Dreamland ser du at bladverket har fått seg ein skikkelig knekk, men det kjem igjen.


Rhododendron Flava har ein fin lys gul farge......litt stor sort. 


Rhododendron hybride Rasputin er litt mørkare og litt anna burgunderlilla farga enn på biletet.


Heilt lys, lys rosa nesten kvit med rosa teikningar ( denne hadde eg ikkje navnet på ). 


Rhododendron Percy Wiseman er hagens skjønnheit synest eg. Den blømer veldig lenge og fargen på knuppen starta med skarp rosa. Når den foldar seg ut går den over i dusare tonar og endar til slutt opp som veldig dus rosagul.

Slik står den no. Det er ei god stund til den kjem til den heilt duse fasen.

Dette var litt av Rhododendronbløminga i Hagen i svingen. Som dåkke såg er det nokre som er i opningsfasen medan andre snart er over for i år.

¤ ¤ ¤

Då vil eg ønskje alle mine lesarar koselige dagar i hagen og ellers med det du sysslar med.

Ha det godt og tusen takk for alle ord som blir lagde igjen.

Frå MarJE.

lørdag 8. juni 2013

PAVLOVAKAKE MED OPPSKRIFT.

Siste tida har det vore mange dagar å feire og på ei veke ikkje mindre enn fire her i familien.
Det har blitt i meste laget med kakeeting, så no framover må mosjonering prioriterast :)

Sistemann ut var minstemann som stod konfirmant i år. Han fylte 15 år og ville gjerne ha yndlingskaka Pavlova med mykje bær og frukt på.

Ei veldig enkel og rask kake å lage så eg har lyst å dele her på bloggen.


6 eggekvitar
3 dl. sukker
3 dl. melis  
  2 ts potetmjøl
       2 ts vaniljesukker
        Litt hakka mandlar.

Pisk eggekvitane stive. Tilsett sukker og pisk godt. Tilsett melis og pisk litt til. Rør inn potetmjøl og vaniljesukker.
Bre marengsen utover bakeplata til passe størrelse. Den blir bra stor. Eg passar den til eit avlangt firkanta stort fat som eg har.
Dryss over hakka mandlar.

Steik til lys gyllen i fargen ca. 1 - 1 1/2 time ved 140 grader ( dette varierer frå ovn til ovn, eg brukar 130 grader ) litt nedom midten i ovnen. Litt før den er heilt ferdig slår eg av ovnen og let den stå inni til ovnen er kald. Då held den seg like høg og fin overalt. 

Denne botnen kan steikast mange dagar før den skal brukast. Er berre å pakke den inn.

¤ 

Heimelaga vaniljekrem.
Like enkel å laga denne også.


5 dl. mjølk
   1 vaniljestang
6 eggeblommar ( dei som er igjen frå kakebotnen )
100 gr. sukker
2 ss. maisennamjøl

Kok opp mjølk med splitta vaniljestang i. Avkjøl.
Visp saman eggeplommar, sukker og maisennamjøl. Slå den avkjølte mjølka over eggeplommane og visp heile tida.
Sil blandinga tilbake i panna , varm opp under omrøring til kokepunktet og avkjøl.
Visp ein pakke kremfløte med litt sukker i og bland med vaniljekremen.

Eg brukar å ha på kremen om morgonen same dag som kaka skal brukast. Då blir den litt trekt og er passe crispy. Men dette er selvfølgelig smak og behag korleis ein ønskjer den.

¤ 


Rett før servering har eg oppå frukt og bær.
Det er alt ettersom kva som er ønskt. Her brukte eg kiwi, grøne og raude druer, jordbær og blåbær.
Her i huset er det ønskje om veldig mykje frukt på ca. 1 1/2 kilo brukte eg på denne.


Velbekome :) 

Denne vil eg dele på Helgegleder hjå Vivishagerom og litt til.....

Ha ein god og fin Laurdagskveld, frå MarJE.

torsdag 6. juni 2013

KUNSTNERISK KLATRESTATIV TIL ERTEBLOMANE.

I plaskande regnver er det på tide med litt blogging.
I dag vil eg vise eit av mine prosjekt. Klatrestativet til erteblomane.
Skrekk og gru tenkte enkelte av familiemedlemmane når eg kom halsande med lange greiner fulle av blad. Dei lurte på kva i all verden eg ville med greinene. Klatrestativ var svaret og dei ( mannen ) var lett oppgitt av mine påfunn.
Men trur han vart litt overraska når han fekk sjå resultatet : ))


Greinene let eg ligge å tørke eit par dagar før eg ribba dei for blad.
Det er greiner av Oretre, men hadde nok vore bedre å bruke Bjørk for dei er ikkje så sprø. Det var ikkje i nærleiken her, så eg tok det eg fann.


Laga dei i to store kasser som er laga av mannen min. Stakk greinene til bunns og så surra / fletta eg inn kvistane på greinene. Det var den flettinga som hadde gått lettare visst det var Bjørkegreiner eg hadde.


Surra dei godt  saman i toppen med streng.



Alle var enige om at dei vart litt artige til slutt : D

Når erteblomane får vekse seg til blir det nok ikkje så mykje som viser av dei.
Foreløbig er dei ikkje så store. Har nok ikkje fått det beste stellet før dei kom i krukkene. No har eg planta dei i kugjødselkompost og god krukkejord.

LUKTÄRT 'Pulsar' i gruppen Ettåriga blomsterväxter hos Impecta Fröhandel (8472)

Pulsar er det som er planta i krukkene.
( bilete lånt av Impecta )

Fleire prosjekt kjem etterkvart.

¤ ¤ ¤

Det er så mykje som er i vinden i desse tider. Noko av det er Instagram og jammen har eg våga meg inn på den arenaen også. Blir lagt ut litt bilete av ymse slag der . Er fortsatt i startfasen men det hadde vore kjekt visst dåkke vil besøke meg der også : )

¤ 

Det er veldig mykje fint å sjå rundt om i bloggane og eg blir stadig imponert over mangfaldet av flotte planter og prosjekt av ymse slag som blir vist fram. Ei flott inspirasjonskjelde.

Då må alle i vårt langstrakte land og i den stor verda ha fortsatt ein fortreffelig dag med eller uten sol.

Me bloggast snart igjen,

MarJE.


søndag 2. juni 2013

HELGEGLEDER # 28

Denne helga er det jobbhelg og det passa fint for det har vore eit skikkelig regnver. Etter det yr.no melder blir det sol igjen etter helga, så desse regnskurane gjer berre godt for alt som skal spire å gro. 

I går hadde eg besøk og eg var så heldig.......dei hadde med seg denne flotte planten.
Det er første gong eg er eigar av ein slik.


Pasjonsblome.......nydelige fargar.


¤ ¤ ¤

På jobben i natt fekk eg overraskande natteleg besøk av ei snill dame.
Ho hadde med seg bløtkake med bringebærkrem i........snakk om å vær heldig. 
Det var ei koselig stund.


Denne flotte lykta hadde ho også med. Passa perfekt i utestova mi.
Er ikkje farlig å vær på jobb når slike overraskelsar dukkar opp.
Tusen takk kjekke snuppa.


Desse gledene vil eg dele hjå Vivishagerom og litt til.

¤ ¤ ¤

Tusen takk for alle besøk og fine ord som blir lagde igjen......inspirerande. Nye følgarar har kome til. Veldig kjekt at dåkke vil følge meg på bloggen.....Hjarteleg velkomne !