onsdag 12. juni 2013

RHODODENDRON.

Etter vinterens herjingar såg det ut som det ikkje skulle bli noko særleg stas med Rhododendroane i år, men dei har overraska positivt med ei overveldande bløming.

Trur faktisk det er berre ein av mine 26 som ikkje kjem til å bløme i år.

Eg har alt frå dei største.....


.....som denne heilt vanlege lilla Rhododendron Grandiflorum.......


........med desse blomane. Den har akkurat begynt å opne seg. Eg synest den er flott når den viser seg i fullt flor.

Og til den minste miniatyr Rhododendron forrestii ( dette er ein mini, mini sort ).....

.....så stor som ei fyrstikkøskje. Den er raud på farge men har ikkje blømd her hjå meg enda. Har hatt den i to år og sist sommar flytta eg den til grusbedet. Set ut som den trivast der.


Ved innkjøyrsla til huset. Litt vanskeleg å sjå men her er 4 Rhododendron. To raude, ein gul og ein heilt sart rosa. Den rosa har ei nydelig lukt. Den står nærast her og er snart avblømd.


Mellom tre oppstamma høge sypress / tuja veks Rhododendron  Kalinka...........


.........den har ein flott farge.


På Rhododendron Dreamland ser du at bladverket har fått seg ein skikkelig knekk, men det kjem igjen.


Rhododendron Flava har ein fin lys gul farge......litt stor sort. 


Rhododendron hybride Rasputin er litt mørkare og litt anna burgunderlilla farga enn på biletet.


Heilt lys, lys rosa nesten kvit med rosa teikningar ( denne hadde eg ikkje navnet på ). 


Rhododendron Percy Wiseman er hagens skjønnheit synest eg. Den blømer veldig lenge og fargen på knuppen starta med skarp rosa. Når den foldar seg ut går den over i dusare tonar og endar til slutt opp som veldig dus rosagul.

Slik står den no. Det er ei god stund til den kjem til den heilt duse fasen.

Dette var litt av Rhododendronbløminga i Hagen i svingen. Som dåkke såg er det nokre som er i opningsfasen medan andre snart er over for i år.

¤ ¤ ¤

Då vil eg ønskje alle mine lesarar koselige dagar i hagen og ellers med det du sysslar med.

Ha det godt og tusen takk for alle ord som blir lagde igjen.

Frå MarJE.

lørdag 8. juni 2013

PAVLOVAKAKE MED OPPSKRIFT.

Siste tida har det vore mange dagar å feire og på ei veke ikkje mindre enn fire her i familien.
Det har blitt i meste laget med kakeeting, så no framover må mosjonering prioriterast :)

Sistemann ut var minstemann som stod konfirmant i år. Han fylte 15 år og ville gjerne ha yndlingskaka Pavlova med mykje bær og frukt på.

Ei veldig enkel og rask kake å lage så eg har lyst å dele her på bloggen.


6 eggekvitar
3 dl. sukker
3 dl. melis  
  2 ts potetmjøl
       2 ts vaniljesukker
        Litt hakka mandlar.

Pisk eggekvitane stive. Tilsett sukker og pisk godt. Tilsett melis og pisk litt til. Rør inn potetmjøl og vaniljesukker.
Bre marengsen utover bakeplata til passe størrelse. Den blir bra stor. Eg passar den til eit avlangt firkanta stort fat som eg har.
Dryss over hakka mandlar.

Steik til lys gyllen i fargen ca. 1 - 1 1/2 time ved 140 grader ( dette varierer frå ovn til ovn, eg brukar 130 grader ) litt nedom midten i ovnen. Litt før den er heilt ferdig slår eg av ovnen og let den stå inni til ovnen er kald. Då held den seg like høg og fin overalt. 

Denne botnen kan steikast mange dagar før den skal brukast. Er berre å pakke den inn.

¤ 

Heimelaga vaniljekrem.
Like enkel å laga denne også.


5 dl. mjølk
   1 vaniljestang
6 eggeblommar ( dei som er igjen frå kakebotnen )
100 gr. sukker
2 ss. maisennamjøl

Kok opp mjølk med splitta vaniljestang i. Avkjøl.
Visp saman eggeplommar, sukker og maisennamjøl. Slå den avkjølte mjølka over eggeplommane og visp heile tida.
Sil blandinga tilbake i panna , varm opp under omrøring til kokepunktet og avkjøl.
Visp ein pakke kremfløte med litt sukker i og bland med vaniljekremen.

Eg brukar å ha på kremen om morgonen same dag som kaka skal brukast. Då blir den litt trekt og er passe crispy. Men dette er selvfølgelig smak og behag korleis ein ønskjer den.

¤ 


Rett før servering har eg oppå frukt og bær.
Det er alt ettersom kva som er ønskt. Her brukte eg kiwi, grøne og raude druer, jordbær og blåbær.
Her i huset er det ønskje om veldig mykje frukt på ca. 1 1/2 kilo brukte eg på denne.


Velbekome :) 

Denne vil eg dele på Helgegleder hjå Vivishagerom og litt til.....

Ha ein god og fin Laurdagskveld, frå MarJE.

torsdag 6. juni 2013

KUNSTNERISK KLATRESTATIV TIL ERTEBLOMANE.

I plaskande regnver er det på tide med litt blogging.
I dag vil eg vise eit av mine prosjekt. Klatrestativet til erteblomane.
Skrekk og gru tenkte enkelte av familiemedlemmane når eg kom halsande med lange greiner fulle av blad. Dei lurte på kva i all verden eg ville med greinene. Klatrestativ var svaret og dei ( mannen ) var lett oppgitt av mine påfunn.
Men trur han vart litt overraska når han fekk sjå resultatet : ))


Greinene let eg ligge å tørke eit par dagar før eg ribba dei for blad.
Det er greiner av Oretre, men hadde nok vore bedre å bruke Bjørk for dei er ikkje så sprø. Det var ikkje i nærleiken her, så eg tok det eg fann.


Laga dei i to store kasser som er laga av mannen min. Stakk greinene til bunns og så surra / fletta eg inn kvistane på greinene. Det var den flettinga som hadde gått lettare visst det var Bjørkegreiner eg hadde.


Surra dei godt  saman i toppen med streng.



Alle var enige om at dei vart litt artige til slutt : D

Når erteblomane får vekse seg til blir det nok ikkje så mykje som viser av dei.
Foreløbig er dei ikkje så store. Har nok ikkje fått det beste stellet før dei kom i krukkene. No har eg planta dei i kugjødselkompost og god krukkejord.

LUKTÄRT 'Pulsar' i gruppen Ettåriga blomsterväxter hos Impecta Fröhandel (8472)

Pulsar er det som er planta i krukkene.
( bilete lånt av Impecta )

Fleire prosjekt kjem etterkvart.

¤ ¤ ¤

Det er så mykje som er i vinden i desse tider. Noko av det er Instagram og jammen har eg våga meg inn på den arenaen også. Blir lagt ut litt bilete av ymse slag der . Er fortsatt i startfasen men det hadde vore kjekt visst dåkke vil besøke meg der også : )

¤ 

Det er veldig mykje fint å sjå rundt om i bloggane og eg blir stadig imponert over mangfaldet av flotte planter og prosjekt av ymse slag som blir vist fram. Ei flott inspirasjonskjelde.

Då må alle i vårt langstrakte land og i den stor verda ha fortsatt ein fortreffelig dag med eller uten sol.

Me bloggast snart igjen,

MarJE.


søndag 2. juni 2013

HELGEGLEDER # 28

Denne helga er det jobbhelg og det passa fint for det har vore eit skikkelig regnver. Etter det yr.no melder blir det sol igjen etter helga, så desse regnskurane gjer berre godt for alt som skal spire å gro. 

I går hadde eg besøk og eg var så heldig.......dei hadde med seg denne flotte planten.
Det er første gong eg er eigar av ein slik.


Pasjonsblome.......nydelige fargar.


¤ ¤ ¤

På jobben i natt fekk eg overraskande natteleg besøk av ei snill dame.
Ho hadde med seg bløtkake med bringebærkrem i........snakk om å vær heldig. 
Det var ei koselig stund.


Denne flotte lykta hadde ho også med. Passa perfekt i utestova mi.
Er ikkje farlig å vær på jobb når slike overraskelsar dukkar opp.
Tusen takk kjekke snuppa.


Desse gledene vil eg dele hjå Vivishagerom og litt til.

¤ ¤ ¤

Tusen takk for alle besøk og fine ord som blir lagde igjen......inspirerande. Nye følgarar har kome til. Veldig kjekt at dåkke vil følge meg på bloggen.....Hjarteleg velkomne !


fredag 31. mai 2013

FANTASTISK FLOTTE DAGAR.

Denne veka har det vore eit fantastisk flott sommarver. Dagane har blitt brukt til hageprosjekter av ymse slag. Forresten veldig mange så eg har ikkje hatt anledning til å lagt ut noko på bloggen.
Vi har fått renska opp i det som har gått av med døden denne vinteren og litt planting har eg fått starta med.
No kjem det nokre bilete i gule valørar. Det tenkte eg passa fint når sola har vore på vår side denne veka.


Gamaldagse tulipanar som har vore i hagen i over 20 år. Ein sikker gjengangar.


Rhododendronane kjem for fullt no i mange fargar.







Irisblad.






Lønn






Eit lite raskt livsteikn frå meg. Eg skal på nattevakt.

Ha ei god drøymandes natt alle saman.

Nattaklem frå MarJE.

lørdag 25. mai 2013

HELGEGLEDER # 27.

12. Mai var ein flott dag her i heimen. Vi våkna opp til nydelig solskin. Bedre kan det ikkje bli når vår minste kar skulle stå konfirmant.


Alle konfirmantane hadde med ein bukett Kvitveis som skulle settast i........


.........døypefonten.

Ein fin seremoni var det i kyrkja.


Middagen hadde vi på hotellet som ligg like ved kyrkja. Der var det buffet og den smakte heilt nydelig.
Så gjekk turen heim til Hagen i svingen for å drikke kaffi og kose oss med kaker.
Marsipankaka fekk eg på bestilling frå konfirmanten :))


I dekorasjonane brukar eg å ha ein detalj som seier litt om kva som interesserar personen som den er til. I denne alderen er det køyretøy av ymse slag. Så då vart valet motorsykkel. Men eg håper inderlig at han ikkje skal begynne å køyre sjølv. Eg synest det virkar så utrygt.
Alt anna enn rosene er naturmaterialet som eg plukka i skogen. Kvistar, Blåbær og Tyttebærlyng, og Furukonglar.
Trekka til glasa Kvitveisane står i var det eg viste for ei stund tilbake sida som eg heldt på å strikke. Dei er egentlig til å ha telys i. Og Bjørkekransane rundt var dei eg laga av kvistane eg klipte av dei formklipte Bjørkene i hagen. Viste dei for ei stund sida på bloggen. 


På skatollet lagde eg til med eigendelar som konfirmanten brukte som liten.
Barneskeia i sølv som han åt med. Bunadsølja han brukte på bunaden som liten gut. Drikkekoppen fylt med Kvitveis. Dåpsstaven med dåpsattesten i og bilete av han 6 veker gamal når han vart døypt.

Ein flott og vellykka dag og konfirmanten var svært fornøgd.

¤ ¤ ¤

Denne gledelige dagen vil eg dele hjå Vivishagerom og litt til.

fredag 24. mai 2013

TAKK........

.............. til dei som svara meg på forrige innlegg.

Pionen som ikkje ville spire i år har blømd godt i minst 10 år. Så det var derfor eg var så forundra over at den ikkje viste teikn til liv.
Sist sommar hadde den minst 30 blomar så eg tenkte kanskje at den hadde sprengt seg :))

Røtene skal få nye sjansar og så håper eg den vil våkne til live igjen ein gong om ikkje i år.


Her er den sist sommar med sine mange tunge blomar. Det er ein bondepion.

Ha ei god natt .

Frå MarJE.

torsdag 23. mai 2013

ER DET NOKON SOM KAN HJELPE MEG ?

Litt seint på kveld, men eg kom akkurat inn frå hagen no.

Litt småarg også , fordi her er den store plantedøden i år. Beda ser triste og tome ut. Eg som planta så mange nye løkar sist haust men det er nesten ingen av dei som spirer. Tre, roser og mykje stauder ser ut som dei har gått ut.

Fleire Pionar har ikkje spirt og i kveld gjekk eg løs å spada opp for å sjå om dei var rotne. 
Knollane ser friske ut, men etter mine spadetak har dei fått medfart.
Er det nokon som kan sjå på bileta her å sei noko om kvifor dei ikkje spirer og er det noko håp for desse no når eg har tatt dei opp på denne måten.


Dette er litt av dei. No har eg fyllt jord over og vatna slik at dei ikkje skal tørke opp.


Dei er heilt faste.

Så har eg eit spørsmål til og det er denne planten. Kva kan det være ?




Det er nesten som eg trur den har stått grøn i vinter.

Eg planta Solhatt like ved denne men dei viser ikkje livsteikn frå seg. Denne trur eg at eg ikkje verken har planta eller sådd. Men den er selvfølgelig frodig og veks godt.

Håper dåkke flinke hagefolk kan hjelpe meg :)) 

søndag 19. mai 2013

VÅRTEIKN.

Med siste dagne sitt flotte og varme ver kjem vårteikna i rekordfart.
Her i Møre og Romsdal på Sunnmøre hjå meg har det endelig begynt med litt bløming.

Eg deltar hjå Elin med bloggen I hagen ved skauen og her kjem litt av det som poppar opp i hagen.


Ei staude  humlene likar veldig godt. Har ikkje navnet no i farta. Den er lav med sølvgrønt bladverk.


Hengekirsebærtreet starta bløminga i dag.


Plenen er ikkje slått enda så denne flotte Kvitveisen får bløme der.


Plommetreet er fullt med blomeknuppar.


Rosenrot.


Narsiss, Aurikkel og Stemor som har sådd seg sjølv i bedet.


Rosene som er i live har folda ut blada.


Prydeple med mørkeraude blad.


Frå drivhuset. Oxalis, Geranium og Blodbeger, Cosmos og til slutt blada på Geranium.


Her er litt av kvart som kjem i rekordfart no.

I dag såg eg forskjel frå morgon til no i kveld.

Klikk deg inn til Elin og sjå vårteikn frå heile landet.