......var tema for vår siste samling i mitt lokale hagelag.
Torsdag for snart to veker sida inviterte hagelaget alle som hadde lyst til ein inspirasjonskveld med tanke på å bruke naturmateriale som hovudingrediens i dekorasjonar.
Vi hadde fått ei fantastisk flink dame til å vise oss korleis ein kan få noko vakkert av billige middlar.
Det vart brukt materiale frå hagen, skogen og litt kjøpt. Det som var kjøpt var ein 10 pk roser + 2 orkidear, 2 små englar og nokre billige former /krukker å ha dekorasjonar i.
Som denne dama sa : Det er ikkje så mykje som skal til for å få til noko fint. Ta noko som er stygt ( då meinte ho kvistar / greiner ) og sett ei enkel rose i det. Det stygge framhevar det vakre. Ho viste det med å sette ei fløyelsraud rose fast i nokre kvistar.....ja vakkert var det.
Her kjem nokre bilder av det som vart laga. Kanskje det kan inspirere fleire.
Advent pynta bord. Her hadde ho laga ein stige av kvistar med 24 trinn. La utover vintergrønt, kvistar med lav på, kongler, 4 lilla orkidear ( dei stakk ho i små vannkolber ) 2 små englar og lilla advent lys.
Sølvfarga duk til underlag. Veldig dekorativt og det kan ligge på heile advent tida. Alt materiale her held seg.
Advent dekorasjon. Blåbærlyng, einer Alunrot ( dei mørke blada )mose ++
3 Orkidear og Kinasøte.
Denne vart laga opp i eit lavt sinkfat som stod under tre sinkpotter.
Her er sinkpottene. Ho viste tre forskjellige måtar ein kan pynte dei på.
Ein svibel i kvar potte, mose ,kongler, kvistar snurra i ein ring, tre kvistar sett opp til ei pyramide og surra saman i toppen.
Bilda er ikkje topp kvalitet : )
Her hadde ho laga ein ball av kvistar. Inni la ho mosekule pynta med bjørkenever hjerte, litt einer og anna grønt + ein orkide. Kjempefint....kan brukast ute på trappa i gangen eller der du vil.
Her var det brukt ei hjerteforma kakeform. Pynya med tre roser, forskjellig grønt, mose, lerkekvistar og små eple plukka ute frå hagen.
Uro med forskjellig pynt. Her er det hengt opp berre for å vise kva ein kan ha i. Hjerta var laga av bjørkekvistar, blåbærlyng, mose/lav, nyper perler tova ull. Her er det berre fantasien som sett begrensingar. Dei hang på ein mosegrodde kvist.
Her sette ho saman greiner av eine og forma det til eit tre. Surra det med streng sette det i oasis ned i potta. Pynta med sjølvlaga bjørkenever hjerte (desse hjerte var veldig fine ) og nyper. Veldig enkelt og fint.
Det ho sa var ein kan gjere det på denne måten i staden for å kjøpe slike små tre.....lurt.
Her hadde ho laga eit digert hjerte på stamme. Bjørkekvistar som var surra. Fylde opp ei sinkpotte med singel for å få det stødig. Pynta det med ei raud rose og nede ved potta, ein krans rundt med mose, epler og kongler.
Pai form med runde steinar, to orkidear, krans av grøne kvistar som ho hadde funne i skogen og mose med ei enkel perle lagt oppå.
Så til slutt julebordet.Mange sortar grønt lagt utover. Nokre raude roser sett i små vannkolber, nokre gullstjerner. Ho hadde fryst isbitar med bær i som ho la i stettglasa. Under kunne ein sette små telysglas. Av dei vart det eit fint skin i isbitane som flaut i vatnent. Ho anbefalte å bruke nellikar fordi dei har lang holdbarheit.
Denne dekorasjonen held seg gjennom heile jula.
Til slutt vart dekorasjonane utlodda.
Og alle var samde om at det var ein trivelig kveld og ei fin avslutting på eit innholdsrikt hage år.
¤ ¤ ¤
Nyt tida og kos Dykk med førjulsaktivitetar.
Klem frå MarJE.
Nydelige dekorasjoner:)
SvarSlettKos med hagelagsmøte,er med i hagelaget ,
men ikke så ofte aktiv på møtene.
Kanskje det blir et nyttårsforsett å besøke hagelaget mer:)
Jeg lager grupper/dekorasjoner med pynt til alle avdelinger på heimen der jeg jobber.
Blir en 10/12 stk.da gjelder det å bruke kreativiteten:)
Ha en fin kveld!
Jeg er imponert så flott og så fint at du deler de fine tipsene.
SvarSlettFlotte bilder har du fått tatt også.
Det er givende å være med i hagelaget ser jeg, kanskje jeg skal utforske litt om det finnes noe her i nærheten her.
Ha en fin kveld, Maritklem.
Så flotte dekorasjoner! Vi hadde omtrent det samme på vårt årsmøte. Det er så moro å se på flinke folk som kan lage alt mulig av enkle ting som finnes rett utenfor stuedøra. Jeg falt for den paiformen med greiner og hvite orkideer i. Lekkert!
SvarSlettHa en koselig kveld, klem!
For en super idé å kalle inn og lage juledekorasjoner=) De ble kjempefine=) Håper du får ei superkoselige førjulstid=) Vibeke
SvarSlettMange fine og kreative dekorasjonar.
SvarSlettTakk for tips...
Det er berre fantasien som set grenser for kva ein kan
lage. Eg er ikkje så kreativ, men får aha oppleving når eg ser
andre sitt ;)
Det er vel kaldt i ditt område no.
Her òg, men verst er trekken frå sjøen.
Ha ein fin kveld.
klem frå Anne-Mari
Sååå mye fint!..her var det mange ideer og ta med seg:)
SvarSlettTakk for du deler med oss:))
Her var det masse inspirasjon å hente! Kjempefint!
SvarSlettDu verden, her var det mye fint. Mange gode ideer til dekking av julebord.
SvarSlettDere har virkelig hatt en flott kveld sammen!
Klem Vivi
Jøje meg, det var svært til produksjon på en kveld! Takk for flott inspirasjon :-) Sånne små kvisthjerter så jeg hengt opp i en interiørbutikk i helgen også. Tror jeg må prøve å ta meg tid til å lage meg noen sånne, de er så enkle og pene. Ikke umulig at jeg sjeler noen flere ideer herfra også ;-) Fin kveld til deg!
SvarSlettHer var det mykje herlig inspirasjon ja! Kjenner godt den flinke og kreative dama der, ho er ei oppkome når det gjeld å lage av naturmateriale:)Det er utrulig kva som kan brukast berre ein har fantasien i orden!
SvarSlettHar plukka litt forskjellig så berre det no mildnar litt så skal eg i allefall pynte på trappa. Der er det bra trist og fargelaust no.
God seinkveld til deg:) ( Eg har vore og ete julemat i kveld så eg er så stappmett at eg får sikkert ikkje sove....)
Klem frå Alva
Så mye vakkert da! Så kreativ du er :) Det er så kjekt å kunne lage vakker juledekorasjon selv.
SvarSlettKjempelekre kreasjoner :) Man blir helt matt av alt en skulle ha prøvd seg på nå før jul.
SvarSlettHa fine dager.
Her var det masse flott.<3
SvarSlettHa en herlig adventstid.
Klem Mette.
Dette kunne inpirere flere, ja. Takk for at du deler. :) Anne Kari
SvarSlettJa her var det mange flotte tips.
SvarSlettSkal jammen benytte meg av noe av dette.
I dag kom pakken i posten, Tusen takk.
Så flott det var. Gleder meg til å pynte bordet med det.
Ønsker deg en herlig adventsdag :)
Hei og takk for kommentar på min blogg. No har eg kost meg og sett på din. Ser att du skriv att du er fra Vestlandet og siden du heia så masse på Hødd, så er du vel fra nordvest? Lov å spørre om kvar i vest du hører til. Eg er ut flytta sunnmøring som bor i Høyanger i sogn.
SvarSlettKoselig blogg du har. Kjem nok til å stikke innom her oftare. Likte veldig godt det hentesettet du har strikka. skal strikke babysett på bestillling over nyttår. Gleder meg til det. Ha ein fin dag