onsdag 31. oktober 2012

GIVE AWAY......

No er det tid for ein
 JULE GIVE AWAY 
hjå MarJE.

Ikkje så stor men den er laga med omtanke og varmt hjarterom .
Det meste må feirast : )
Og mi feiring er den flotte deltagelsen og gode tilbakemeldingane  Dykk gir til meg her på bloggen.
Så har eg forsyne meg passert 60 følgarar.

Sida jula nærma seg med stormskritt passa det med litt julepynt.


Trekning 1. Desember

Det er 2 hekla trekk til lykter og 3 hjerter .
På lyktene er det små duskar i snorene og ei lita hekla stjerne til pynt.




Eit i raud jul.....


........og eit i kvit jul.

Då vert det 2 vinnarar :)


                        1. Eit lodd for å legge igjen kommentar . 

2. To lodd for å legge deg til som følgar eller at du er følgar frå før.

                        3. To lodd visst du linkar til innlegget. Bruk det øverste bilete.

Då vert det tilsaman 5 lodd.

Skriv i kommentaren din kor mange lodd du tek.

Alle som vil er hjartelig velkomne til å delta.

¤ ¤ ¤

Vinnarane vert annonsert på bloggen min.
 Dei som vinn sender adressa si på mail til meg. Står oppe i sidefeltet på bloggen her.

¤ ¤ ¤

Føler eg må gi ei lita oppfordring om varsemd når eg loddar ut gjenstandar som skal brukast til levande lys !!
Legg litt lys sand i glasa før du sett telyset ned i. Det hindrar oppvarming av glaset i botnen.
Og som med alle andre levande lys - ikkje forlat rommet medan lyset brenn.

LYKKE TIL  :)


mandag 29. oktober 2012

EIN FLOTT VINTERDAG.

God ny veke til alle !

Eg vil benytte anledninga til å takke alle som stemde på meg i Haust blad konkuransen.
Kom på 4. plass  :)  ikkje så verst det.

¤ ¤ ¤

Med flott sol måtte eg rusle meg ein tur ut i det fri å nyte vinter lufta. Sjølv om sola har skine i heile dag har ikkje gradestokken kome på pluss sida.
Det er hard skare så det knitra under skosålen når eg gjekk bortover snøen.


Frost på strå.


Ved vatnet vårt. Heilt blikkstille.


Sivet i vatnet var det rim på og fjella speglar seg.


Blikkstille ro.


Dette såg eg opp mot himmelen......


.......og dette.


I grøfte kanten ei " hundeslenge " i vinterdvale.

Ein flott tur i deilig frisk luft.

¤ ¤ ¤

Eg er overvelda over alle kjekke og koselige kommentarar som Dykk legg igjen hos meg.
Det gledar, varmar og inspirerar. Tusen takk alle saman.

Nye følgarar ønskjer eg hjertelig velkomne. Kjekt at Dykk vil følge meg.

¤ ¤ ¤

Neste innlegg vil eg gi litt tilbake til Dykk som er innom meg her. Det er ikkje så stort men det er laga med hjartevarme.
Håper mange vil være med på det :)

Ha ein super kveld !!

fredag 26. oktober 2012

SPRAYLAKK GALSKAP OG......

......gamle ting fram frå gjemselen.

Etter litt opprydding i boder og på loft dukka det opp ting og tang som var sett vekk. Ikkje minst eit gamalt arvestykke, ei symaskin. Den måtte få kome fram i dagens lys igjen saman med gjenstandane som eg drista meg til å spraylakke.
Eg fann ut at det var bedre dei vart  fornya enn at dei var vekkgøymde .

Eit strøk med spraylakk og vipps nye ting og tang : )


Hadde to speglar og det var selvfølgelig ikkje denne eg hadde tenkt å ha her, men den andre vart for stor ( det er skråtak her så den gjekk ikkje under ).
Her har eg spraya spegel ( var brun ), engel ( var gyllen ) og blomekrukka (var krem kvit ).


Heklablondene synest eg pasa perfekt inn her inntil eg finn noko anna å bruke dei på.
Dei var eg så heldige å vinne på give away hos Inger Marie med den flotte bloggen Hagerommet.
Tusen, tusen takk for nydelig premie.


Detaljar av rama rundt spegelen, hekla blondene og engelen.


Detaljar av symaskina.


Novemberkaktusen har stått på eit kaldt rom og ikkje fått noko særlig med oppvartninng. No var den full av knuppar og då fekk den kome inn i varmen.


Det var denne spegelen eg hadde tenkt å ha bak på benken, men intil vidare har den fått gulvplass.
Var i gull før.


Noko var i messing, så nokre blomsterpotter, lysestakar som var brune og ei lykt som hadde vore kvit. No var den veldig stygg i fargen.
Alt fekk sølvfarge og det vart faktisk fint : )

¤ ¤ ¤

Eg er så heldig at eg er koma med i finalen "Haustblad"  på Moseplassen. No er det tid for å stemme og eg håper mange vil stemme på meg : ) HER kan du gjere det under bilde nr.6 MarJE.

¤ ¤ ¤

No er helga koma atter ein gong. Her hos meg er den kvit og kjølig, men det er god fyr i ovnen.

Eg er overvelda av alle dei trivelige og alltid like velkomne kommentarane Dykk legg igjen.
Det varmar.
Så vil eg ønskje nye følgarar velkomne. Koselig at Dykk vil følge med på mine syssler.

HA EI GOD VARM HELG ALLE SAMAN !


onsdag 24. oktober 2012

KØYREPOSE TIL BABY.

Her går det i strikk til småfolk for tida.
No er køyreposen klar til bruk. Det går så ufattelig tregt med meg når det skal monterast. Vert lagt ned i korga ( trur visst at korga har begynt med monteringsarbeid. Men når eg kika ned i låg den der slik eg hadde lagt den frå meg, merkelig.... ), og så startar eg på nytt prosjekt i staden før. Er snart ferdig med eit sett til, så no måtte eg få ferdig posen før neste prosjekt skal monterast.



Har strikka den etter mønster frå Drops Design den finn du HER.
På mønstra er den open nederst med knappe lukking. Eg har den tett. 


Holet er til bilbelte.


Detaljar.


Den er strikka i Drops Merino Ekstra Fine 100 % Merino ull. Ein mjuk og deilig tråd. Eg strikka den litt stor str. 6 - 9 mnd.
Sydde på søte knappar av tred.


Detaljar av flettene, bilbelteholet og hetta innvendig.


Måtte ut å ta bileta sjølv om det regna og er surt og grått.

¤ ¤ ¤ 

Tusen takk til alle som kikar innom meg. Det er så kjekt med alle dei koselige kommentarane.

Ha ein vidunderlig aften alle saman !
 Stor Klem frå meg.

mandag 22. oktober 2012

AKKURAT NO.......

......tok eg meg ei kvelds runde i hagen før det vart heilt mørkt. Måtte sjå om det i det heile tatt var noko som hadde anna enn haustfarge. Været er som normalt, regn...tildels mykje og meir ruske skal det visst bli. 
Men litt fann eg : )


Utrulig men sant....Revebjella står å kling så fint.


Det vart ganske mørkt ute ....Vrihassel med mørke blad.


Bregne i lag med Rhododendron.


Irsk lyng " Arielle".


Tusenfryd, Stemor, Ringblome og Roser.
Dei syng absolutt på siste verset.

¤ ¤ ¤

Før eg tok meg ei runde i hagen , har eg gjort nokre smågreier med beis og spraylakk. Får så mykje inspirasjon av kreative folk i blogglandia. Kjem tilbake til kva det er snart : D

¤ ¤ ¤

Så er eg så heldig at eg fekk ein konvolutt i posten i dag med frø frå Tua med bloggen 
Det var Raud kvann, Scabiosa Blue Perfecta og Kvit valmue (ettårig).
Tusen, tusen takk.

¤ ¤ ¤ 

Ha fortsatt ei inspirerandes veke !!

fredag 19. oktober 2012

RETRO.

Opp gjennom åra er det mangt og mykje som vert samla på.
No har ein del av det kome fram i dagens lys og kjem til nytte igjen.
Noko måtte pussast og malast. 


Dotter vår som skal bli mor snart ville ha senga dei brukte . Den var så mørk og trist at eg forstår ikkje at dei fekk sove der ( forresten det var ikkje alle som sov så mykje nei).
Ned pussing, grunning og to malingsstrøk gjorde underverker. Vart reint små nett.

Litt kle som ho har plukka ut.
Den rosa bobledressen hadde ho, den er 24 år og er like fin. Så den kjem til nytte igjen no. Visst det som er forespegla stemmer  fargen  : )


Dette er hentesettet som eg strikka til eldste sonen vår som har passert 27 år.

Babyteppe / vognteppe som eg strikka til yngste sonen vår som er 14 år.


Her kjem det vakkraste.
Denne ovnen er frå tidlig på 1900 talet. Svigerforeldra til dotter vår hadde denne lagra vekk. Så no etter at det unge paret bygde seg hus fekk dei tilbud om å få denne ovnen. Dei var lenge i tvil men heldigvis bestemte dei seg for å ta den i bruk. Den har vorte litt pussa opp og vart montert denne veka. Det er eit praktstykke og den varmar godt ( eg er faktisk misunnelig : ))



Den er heilt svart. Bileta vart litt dårlige med skin frå lyset så det vert ikkje rette fargen.


Detaljar......ja den er virkelig flott.


Stilen på huset passar perfekt til denne ovnen.
Berre sjå her....


Slik kan gamle ting kome til verdigheit og nytte igjen.

Ja, det heng ballongar på støttene. Den vordande mora hadde dag i går og då måtte det pyntast med ballongar og serpentiner over heile huset : )

¤ ¤ ¤

Då er denne veka gått i resarfart som dei fleste andre vekene i året.
Eg har fått gleda meg over alle koselige besøk og kommentarar på bloggen min. Det gjer så utrulig godt og gir ny giv til fortsettelsen.
Ser også at det er nye følgarar, Hjartelig velkomne !!!!

Då gjenstår det å ØNSKJE alle saman ei god og koselig helg.
 Hugs å full ladd batteria til ei ny veke.

onsdag 17. oktober 2012

HAUSTBLAD !

Denne hausten har det vore spesielt mykje flotte fargar i hagen og naturen. Så det har ikkje vore vanskelig å bli inspirert til å fange dei i kamera linsene. 

Anne på Moseplassen lyser ut konkurranse med tema haustblad og det har eg selvfølgelig lyst å være med på.
Mitt valg vart ei Spireabuske som har vist seg i all si prakt med ein nydelig fargeskala frå grønt til dei skarpaste haustfargar.





torsdag 11. oktober 2012

BABYTEPPE I ALPACA.

No har eg endelig fått ferdig babyteppet.
Det som stod igjen var berre å feste trådane. Det vart lagt til side medan eg starta eit nytt prosjekt og då er det lett for at det vert liggandes ei stund. No er det i vert fall gjort og ein vask har det fått.

Dette teppet er laga med mjukt varmt sinn......vi er så heldige at vi snart skal bli besteforeldre for første gong ( i juletider ). Då må vi selvfølgelig forberede og gjere oss klar til den oppgåva  : )


Her heng det og luftar seg i det fri.


Detaljar.


Eg har strikka det i Drops Alpaca og brukt denne oppskrifta.


Fleire detaljar.

Som Dykk ser er himmelen blå!!!! Det har vore ein strålande dag.

¤ ¤ ¤

Tusen, tusen takk for fine tilbakemeldingar på mitt forrige innlegg.

Ønskjer alle gode haust dagar vidare.
KLEM : )

tirsdag 9. oktober 2012

ENDELIG EIN STRÅLANDE DAG : )

Etter ei frostnatt kom dette til syne.....


..... blå himmel og mykje nysnøv i fjella.
Bilde teke frå altanen min.


Hadde besøk av dotter mi som bur på andre sida av fjorden. Ho hadde teke dette bilete  i dag frå heimen sin. Vi ser over til der eg bur.


Rimfrost.


Roseknupp i frost drakt.


Frost på vindauge.

¤ ¤ ¤

Kom meg omsider ut så eg fekk inn i drivhuset det som stod igjen i beda.
Får ligge der å tørke opp litt før det vert lagra i kjellaren.


Litt av kvart her. Skal klippe ned og strippe Fuchsiane for blad. Mesteparten vart gjort i dag og sett i kjellaren. Dei hadde fått stått her og tørka litt frå før.
Måtte få vere med på eit siste bilete før bladfall : )


Nokre pelargonia som stod igjen.

Det har vore ein lys og trivelig dag. Men til kvelden braka det fuktige laust igjen. Men no er alt i hus , så då får det berre kome det som vil : )

¤ ¤ ¤

Ha fortsatt ei trivelig veke og nyt hausten med mange kreative påfunn !!

Varm takk for herlige og koselige kommentarar hos meg, det gledar meg.
Stor varm haust KLEM frå meg : )

søndag 7. oktober 2012

SOMMAR MINNER

No er denne helga over og det har ikkje vore antydning til opplett ( er rykandes glad for at eg tok på meg ekstravakter så eg slapp å gå inne å irritere meg over det eg skulla gjort ute ). Det regnar som ein foss og har blese kraftig i dag.

Fredag ettermiddag var det eit lite gløtt av sol så då benytta eg anledninga til å sjå kva som var igjen  i hagen av sommar. No stenger eg sansane for været og opnar sommar minne sansane.
Her kjem nokre som blømer enda sjølv om det er Oktober :)


Cosmos - Pyntekorg.


Ei rose eg ikkje har navnelappen på.


Leonardo da Vinci. 


No steig humøret nokre hakk og er klart til ei ny veke.

Ha det fint alle saman og nyt tilværelsen !!!
På gjensyn !!