fredag 31. august 2012

GRUSBED

No er tida koma for å vise ei oversikt over grusbedet som er laga tidlig i sommar og ligg på aust sida for huset.

Dette bedet har eg fått inspirasjon til å lage av Harstad mannen Magnar Aspaker gjennom heimesida hans. Der har han eit eige innlegg om korleis ein opparbeider eit grusbed.
Kjøper også frø frå frå han og driv fram plantar som passar i slike bed.
I bakkant og ein ring i nedre kant rundt eit plommetre har eg laga vanlig bed som heng saman med grusbedet.

Det første eg gjorde var å ta av grastorva, grov ut mold, la tilbake torva oppned og hadde molda over. I dette området stod det eit stort kirsebærtre som klovna og bles ned. Det var eit enormt rotsystem, tjukt nesten som eit underjordisk tre. Var  nokre liter svette som gjekk med på å få fjerna røtene. Så var det berre å trille på singel. Det vart brukt to forskjellige grovheiter på singelen og det gjekk med ca.3 kubikk. Singellaget er ca. 20 cm tjukkt. Så det vert spennande å sjå om plantane vil overvintre godt og trivest.

Dette var laga før mi bloggtid så eg har diverre ikkje før bilete. Og veldig lite undervegs, men viser her det eg har.

Heldigvis var det ein kjekk kar som svinga inn med trillebåra..........Har lagt ut ein del stein som vi har plukka litt rundt omkring.

Her har kanten rundt kome på og litt plantar.

Her ser vi bakre kant som er vanlig bed og nederst der som plommetreet står. Eit stykke rett inn her stod kirsebærtreet.

Småhjerte, nellik, små einer, takløk o.s.v. som veks i grusen.

Frå ein annan vinkel. Her har eg teke breidare singelgangen rundt og plantene har vokse seg litt til.

Her ser vi litt bedre gruspartiet. Mesteparten av plantane der er frøplanter frå i år så dei er små enda.

Her er småplantene, øverst til venstre Centaurea bagadebsis, i midten øverst Sedum pachylados, øverst til høgre Lewisia Little Plum, midtbilete Gullbergknapp variegatum, nederst til venstre minimini rhododendron (tok ikkje inn navnelappen), nederst til høgre Anthyllis vulneraria coccinea.

Sedum Bertram Anderson.

Arrhenaterum bulbosum.

Der stå også eit kar som eg har støypt for fleire år tilbake. Hadde eit rabarbrablad som eg trykkte nedi støypen for å lage mønster. Har vorte litt utvaska med åra av ver og vind.

Her ser vi godt neste delen der plommetreet står. Dette treet har ikkje hatt noko plommer før, berre så vidt vi har fått smakt dei. Men i år er det veldig mykje. Kanskje det har likt å få selskap av div. planter :)

I plommetreet klatrar denne.......

....klematisen. Veit ikkje navnet.

Og b.l.a desse veks her.

Dette er noko av det som veks i den bakerste delen av bedet.

Hjelpe meg, dette vart langt. Skal tru om nokon heng med.
Visst så er ØNSKJER EG DYKK EI VIDUNDERLIG GLEDELIG HELG!!!


tirsdag 28. august 2012

OVERSIKT MOT AUST.

Tenkte eg skulle prøve meg med ei lita oversikt av hagen. Idag vert det litt frå aust sida.
Det er ikkje lett å få noko heilheit i det når eg ikkje klarer å lette frå bakken. Skulla hatt luftballong så eg fekk ta skikkelige bilete : )
Men gjer eit forsøk så skal eg forklare så godt eg kan.

Utsikt frå altanen. Her kom eg litt opp i høgda. I bakgrunnen skimtar eg så vidt grusbedet som vart laga tidlig på sommaren i år. Det er eg tenkt å kome tilbake til seinare med eit eige inlegg.

Litt annen vinkel. På buen øverst til høgre veks det ein kaprifol og ein klematis. I beda plantar eg både tre, busker, roser og stauder. Den nermaste delen vart anlagt nesten med det same vi flytte inn i huset. Der veks det mest grønt og potentilla (buskmure). 

Her står eg på oppsida på plenen. Då ser det slik ut. Dette bed heng samen i ei større heilheit. Eit stort bed som går frå innsida av huset, på heile baksida og rundt til midten av utsida av huset.
Det største treet som vi ser her er eit prydepletred (har stamma det opp).

Noko av det som veks her........Syrinhortensia........

..........Queen of Sweden...............

........sommarasters som eg har sådd.

Same bedet frå ein ny vinkel. I bakgrunner her ser vi drivhuset, plommetred og epletred. Den høge buska bak på plenen til venstre er fagerbusk. Den er blitt mange meter høg. Midt på biletet i bakkant er Japansk prydkirsebær. I det treet heng denne......

.........henge begonia.

Måtte ut å ta bilete frå motsatt veg. Det silregna så her er bilete teke med paraply over kamera : )

Frå plenen ned mot fagerbusken. Her er stammen på pryd kirsebærtreet.

Same bilete litt nærare.

Drivhuset med helle/stein/grusgangar rundt. I krukkene veks det b.l.a.....

..........dahlia Wittem.

Denne uteplassen er på nedsida av drivhuset. Vi skimtar så vidt drivhuset i venstre hjørne. Her veks det b.l.a........

Klematis Nelly Moser (det er det den var merka med. Er det rett? Nokon som har ei meining om det? )

Klatrerosa New Down veks på eine sida av buen til sitteplassen og klematisen veks på andre sida.

Håper det var råd å sjå ltt korleis det er på denne sida av huset.

¤ ¤ ¤

Takk for besøket og ha fortsatt fine dagar alle saman.

søndag 26. august 2012

OPPSTAMMA OG FORMKLIPPTE BUSKER.

Først vil eg takke alle som besøkjer meg på bloggen og til Dykk som legg igjen koslige kommentarar. Det varmar :)

¤ ¤ ¤ ¤ ¤

Så ei lita oppdatering frå hagevandringa eg hadde denne veka. Eg vart ve..............ldig overraska i dag når eg skulle lese avisa. Der var det to fulle sider (midtsidene) med reportasje og bilete frå hagen min. Vart selvfølgelig glad, for det var veldig positivt :))

¤ ¤ ¤ ¤ ¤

Så til dagens inlegg. Tenkte eg skulle vise litt av treda eg har som eg har formklippt og eller stamma opp. Det er tred som eg har kjøpt som små hekkplantar eller stikklingar eg har teke sjølv. Etter kvart som dei veks seg store og ikkje passar inn lenger i den opprinnelige forma, stamma eg dei opp i staden for å sage dei ned. Synest dette vert spanande innslag i hagen / beda. Enkelte begynner eg å forme med det same eg plantar dei visst eg har bestemt meg i forkant at det skal ver ei spesiell utforming.

Denne kjeglegrana var eg lei av. Grøn og kjedelig........så då var det berre å ta saksa fatt og klippe i veg. Den skal ver klatrestativ for denne...........

.........klematisen. Hagegjengen likte den grana. Spesiellt og noko dei ikkje hadde sett før :  D

Oppstamma og formklippt. Kula nede skal bli litt vidare og øverst skal det bli ei mindre kule. Når denne var nyplanta tvinna vi stammane.........................

...............slik ser stammen ut.

Oversikts bilete. I forkant buskbom som er under frisering. Den ved sida av var ei rund kule som vaks seg ut over alle bredder. Stamma opp og minska inn kula. Bakerst er den med tvinna stamme.

Ein slags tuja som skal bli to kuler på. Veks seg nok ferdig neste sommar.

Tuja sort med ei kule.

Dette er ein tuja sort som vert veldig stor. Oppstamma og formklippt.

I forkant to bjørker oppstamma med runde kroner. Dårlig bilete.

Desse har eg vel vist før. Oppstamma, desse må eg klippe av krona kvart år så dei ikkje skal bli alt for høge.

Dette var ein kuletuja som skulle bli ein meter høg. Den er blitt mange meter høg og veldig vid så her måtte noko gjerast. Stamme opp og minska inn både vidda og høgda. Trimmar den eit par gongar i sesongen.

Desse to klippte eg fyrst berre ei kule i toppen på.................men då vart det store protestar og rabalder :) Sjøna fremdeles ikkje kva det kunne ver så var gale med det.......... :  D    Kunne dei likne på noko merkeleg????
Ut igjen med saksa for å klippe ei kule til..............då vart det merkelig nok stillt !!!!!

Dette var litt av mine planter som har gjennomgått eit raid med saksa. Ein av mine yndlings aktivitetar : )

¤ ¤ ¤ ¤ ¤

Denne viste seg i dag. Etterpå kom det ein skikkelig regnskur.


HA FORTSATT EI VIDUNDERLIG HELG.

fredag 24. august 2012

HAUSTFORBEREDELSAR!!!!

Tenkte det var best å få skikkelig skotøy i hus før hausten sette inn. I sommar har vi vel ikkje trengt det................? :)  Dei eg hadde var både rivna og stygge. Desse falt eg pladask for...............synest dei var RÅLEKKRE.
Kanskje litt for fine til å rote i beda........men til å gå tur i hagen i fuktig ver : D








Ha ein fin Fredags kveld!

KLEM frå meg.

tirsdag 21. august 2012

HAGEVANDRING!!!

I dag kom den dagen eg ikkje heilt hadde kontroll på. Eg skulle ha mi første hagevandring og grugleda meg : )) Tenkte som så at eg har vel ingen ting å visa ein så erfaren hagegjeng?
I går kveld opna himmelen seg igjen og sleppte ned fuktigheit i store mengder. Å nei, å nei no vert vel dei restane som er igjen av blomar slått fulstendig ned. Ja, det var ikkje noko særlig flott syn i dag tidlig, så eg var ikkje heilt overbevist at dette kunne gå så veldig bra når eg for avgarde til jobb.
Det var som om nokon hadde sendt ei melding til verguden. Overraskande vart det opplett med god tempratur, så dette såg ikkje så verst ut likevel.

For ein overraskelse ca. 25 hageglade møtte opp. Nokre kom sykklande, somme til fots og andre i bil.

Forstod fort at med ein slik flott gjeng på besøk var det ingen ting å frykte. Hagefolk = utrulig kjekke folk. 

Sjå berre her ei utrulig blid dame og ei luuuuuuuur.......hadde ho tenkt å smake på eppla????

Hjelpe meg, er det noko lekkert dei har sett?????

Kanskje det var denne Geraniumen?

Hildrandedu.....for eit baklengsbilete.

Frå mi side vart det kun bilete av krukkene ved veranda trappa og av dei frammøtte i dag. Tida gjekk til god og humørfyllt prat.

Kaffikos og god hageprat under tak. Me var så heldige at her var ein hane i hønseflokken : D
Som Dykk har sett var dette ingen ting å gru seg for. Det var ein aldeles trivelig gjeng å ha på besøk.
Eg MÅTTE BERRE fortelje dei mi hemmeligheit. At eg har vorte HAGEBLOGGAR : )
Tusen takk for besøket alle mine hagevenner!

¤ ¤ ¤ ¤ ¤

Noko så upassande som dette, kom det ein heil gjeng sniglandes inn i hagen av desse....

..............trur ikkje eg har sett så mange på ein gong. Så ut med saksa for å begrense litt på bestanden.