søndag 19. mai 2013

VÅRTEIKN.

Med siste dagne sitt flotte og varme ver kjem vårteikna i rekordfart.
Her i Møre og Romsdal på Sunnmøre hjå meg har det endelig begynt med litt bløming.

Eg deltar hjå Elin med bloggen I hagen ved skauen og her kjem litt av det som poppar opp i hagen.


Ei staude  humlene likar veldig godt. Har ikkje navnet no i farta. Den er lav med sølvgrønt bladverk.


Hengekirsebærtreet starta bløminga i dag.


Plenen er ikkje slått enda så denne flotte Kvitveisen får bløme der.


Plommetreet er fullt med blomeknuppar.


Rosenrot.


Narsiss, Aurikkel og Stemor som har sådd seg sjølv i bedet.


Rosene som er i live har folda ut blada.


Prydeple med mørkeraude blad.


Frå drivhuset. Oxalis, Geranium og Blodbeger, Cosmos og til slutt blada på Geranium.


Her er litt av kvart som kjem i rekordfart no.

I dag såg eg forskjel frå morgon til no i kveld.

Klikk deg inn til Elin og sjå vårteikn frå heile landet.

lørdag 18. mai 2013

HERLIGE HELGEGLEDER

Noko bedre enn dette kan ein ikkje få det.


Sol frå skyfri himmel .
 Alle bileta har eg tatt no i kveld.

Eg har stått med stjerten i veret i heile dag. Når ein får slike fine dagar blir lysta til haging på topp.


Etter frukost bar det på Felleskjøpet for å kjøpe duk som eg skal ha under singelkantar.
Så vart det nokre turar å hente stein. No har eg fått ferdig baksida på grusbedet og så har eg utvida, lagt duk og fått på plass litt av steinkanten på dette bedet til venstre her.
Det blir ikkje lenge til eg skal starte på utgravinga til dammen. Den skal ver innimellom her til venstre, oppom sirkelen. 


Det var så fint kveldslys i sittekroken nedom drivhuset.


No held eg på å installere meg i sommarstova. Her skal vi sitte å kose oss utover nokre timar. Veldig lyst og trivelig. Geraniumen " Dronning Ingrid " har begynt å bløme, den står her ute.
Skal vise dåkke meir bilete herifrå ein anna gong. Eg har mala litt ting og tang som har fått kome hit ut i staden for på reinholdsverket. Vart faktisk eit vellykka prosjekt :)

Dette var mine helgegleder som eg deler hjå Vivishagerom og litt til.

Ha ein strålande Laurdagskveld alle saman.

Klem frå MarJE.

onsdag 15. mai 2013

LENGE SIDA SIST.

Sjølv om det er ei stund sida siste livsteikn her på bloggen skjer det litt likevel.
Eit godt vårteikn at eg har styrt så mykje i hagen og litt ellers at det har blitt lite av oppdateringa her inne.
Konfirmasjonen er vel i havn , vi hadde ein strålande dag på alle måtar. Så no blir det avslapping og mykje haging framover.
Eg har ikkje vore inne å sett meg rundt på bloggane kor langt våren er komen rundt om i landet, men her hjå meg går det veldig seint i år. Beda er fortsatt veldig brune og tome men håper fortsatt det vil spire opp meir. Ser at det livnar litt meir for kvar dag.


Stort sett berre denne sorten Primula som har starta litt med bløminga her i hagen.


Ganske så tomt i bedet enda. 


I dette bedet har det vintergrøne klart seg. Ein av få Rhododendron som er fine.


Dette er bak grusbedet. Oppstarta prosjekt med å legge ned ein kant med stein og grusgang. Må ha meg både meir stein og grus for å gjere det ferdig.


I grusbedet som eg laga i fjord etter inspirasjon frå Magnar Aspaker ser det ut som plantene trivest. Etter det eg kan sjå er det stor overlevelseprosent.
Det er minst 20 cm tjukt gruslag øverst, så røtene må strekke seg nedover for å finne jord og fuktigheit.
Her er det småhjerte Dicentra Burning heart som har spirt opp og står med knupp.



Stauder som eg sådde i fjord. Veldig kjekt når dei kjem igjen.
Physochlaina orientalis,  Ligularia stenocephala og Centurea bagadensis.
Desse frøa kjem frå Magnar.


Ein av Pionane er komne med spirar, Allium, Tulipanar, Geranium, Akeleier og Aconitum.


Mange liljespirar. Dette er dei eg kallar Keisarkruner. 


Rognebusk med bladverk i fine fargar, Sorbania sorbifolia Sem og formklipt Buksbom.


Stemorblomar og løkar i krukkene.

¤

I drivhuset med sine heile 5 kvadrat er det smekkfullt og mange av staudepottene har spirt.
No ventar eg berre på varmare tider slik at sommarblomane kan få kome ut å få litt bedre plass.

¤.

No vil eg ha meg ei runde rundt om i bloggane å sjå kor langt våren er komen hjå andre.

Ha fortsatt ei god veke og ein fin 17. Mai til alle.

Frå MarJE.

onsdag 1. mai 2013

Ein summande hage med Humler.

Eg har fått ei ærefull utfordring frå
om å gjere noko for å redde den trua og viktige bestøvingsarbeidaren
HUMLA.
Ja, du har vel fått med deg at den er i ferd med å døy ut ? Og det vil vi selvfølgelig gjer noko med.


Det er Anne på Moseplassen som starta opp den viktige kampen for å redde viktige insekt som skal gjere jobben med å bestøve plantar så vi får opprettholde mat og frøproduksjon.
Uten dei blir det nok lite vi kan livnære oss av.
Ho utfordrar bloggarar om å gjere tiltak så insekta kan få overleve.
Gå inn på bloggen til Anne HER så kan du lese meir om kampen for å redde humlene og du kan studere alle  dei flotte innlegga. Der ligg også ein informativ video som er verdt å sjå.


I min hage satsar eg på eit mangfald av plantar som insekta blir tiltrekt av. 
I drivhuset står det nye plantar som skal tilførast sortimentet denne sommaren som eg ser er gode Humleblomar.
Når ein skal velge gode plantar er det lurt å tenke på at blomane skal ver opne slik at Humla når til nektaren. 


Desse syrlige friske Ripsbæra hadde eg ikkje hatt uten insekta.


Eplemost laga av epler frå hagen. 
Her var det enorme mengder av all slags frukt sist haust så Humlene har surra godt her heldigvis.


Plommer som er forvella til dessert.

¤

Alle bileta som kjem no er frå same dag i Juli 2012. Eg er heldig og har mykje Humler i hagen, 
og desse plantane er gode Humleplantar.


Lamium.


Armeria.


Veronica.


Revebjeller er ein Humlefavoritt.


Astrantia.


Geranium med både Humle og Bie.


Scabiosa, denne stauden er det alltid mykje Humler på.

¤

Då utfordrar eg tre bloggarar om å skrive nokre ord om Humla :





søndag 28. april 2013

EI LITA OPPDATERING.

Det blir lenge mellom innlegga no, men det rettar seg nok etterkvart :)
Det går veldig seint med spiringa i beda i år men litt vårteikn og helgegleder er det likevel her på Sunnmøre.
I dag har veret skifta frå snøfnugg i lufta til vind og regn.
Fredag var ein fin soldag så då fekk eg raka plenen.

Det er store lokale forskjelar. Ikkje meir enn ti minutts køyretur frå meg er påskeliljene i full bløming. Her er dei så vidt spirt, ca. 1 cm.

Varmkomposten som vart start for to veker sida er vellykka. Den går så det susar. Det har blitt skikkelig varme i den og prosessen er i full sving. Dette var inga sak å starte opp, veldig enkelt.
Eit godt kvistelag i botnen. Litt tørt hageavfall hadde eg oppå slik at ikkje matavfallet skulle tette igjen luftinga mellom kvistane. Så er det berre å starte med å fylle opp. Kan det bli enklare !!

PS!! To nye kaldkompostbingar har også kome til gards. Dei skal eg vise seinare.
Her går det i kompost av alle slag :)


I går formklipte eg to bjørker og då vart eg overraska når eg såg dette.....


......grøne knuppar.

Fine små kvistar vart det og dei kastar eg selvfølgelig ikkje. Her må alt nyttast.......


......av dei lagde eg små bjørkekransar som eg har ein plan med. Håper det blir slik eg har tenkt. Det skal eg vise seinare.


Meconopsis lingholm blåfiolett. Planta mange av desse i haust og alle kjem igjen. Spennande å sjå om dei blømer i år. Både denne og Aconitum øverst er frø frå Magnar.
Nederst har så vidt tulipanane spirt. Veldig, veldig seint .


Slik ser bedet eg viser kvar veke ut. Rosa som har fått klatrestativ midt i ser død ut.


Staudepottene ( 4 kasser ) som har stått ute i vinter har fått kome inn i sommarstova. Fleire sortar har spirt.


Pelargoniane har også fått komt ut i sommarstova. Det er nok ganske kaldt om natta, men no er dei herda og tåler litt. Fleire er i knupp, her Dronning Ingrid.


Tre brett med stemor og nokre staudar vart med heim når eg skulle kjøpe jord i går :)
Salgløkane veks i rekordfart. Den store er Allium Gladiator. 

Dette var mine Vårteikn og Helgleder som eg deler hjå Elin I hagen ved skauen og Hjå Vivis hagerom og litt til.

¤ ¤ ¤

Jammen har eg bestilt damutstyr også. Det blir litt å henge fingrane i framover.

Med desse blomane som eg kjøpte til helga vil eg ønskje alle ei fin tid framover.


mandag 22. april 2013

VÅR ?

Eg er med på vårteikn hjå Elin med bloggen I hagen ved skauen. Denne veka er eg alt for seint ute, men så er det heller ikkje så mange vårteikn her i hagen.
Sterk vind i fleire dagar og no etterfulgt av regn, 
 har gjort at all snøv og is har reist.

Varmkomposten som eg starta opp Fredag for litt over ei veke sida har starta prosessen for lengst. Der er det god varme og eg ser for meg kor mykje fin jord eg får : ))

Denne vinteren har vore hard for mange plantar. Mange rosebusker ser heilt svarte ut og mange av Rhododendronane ser ikkje livlige ut.


Slik ser dei ut, veldig tørre. Har prøvt å vatna med godt temperert vatn så får eg berre vente å sjå om det hjelp.


Nokre få Klosterklokker er det einaste som har kome opp bortsett frå snøklokkene.
Ikkje ein einaste tulipanspire har vist seg sjølv om eg har veldig mange. Dei ligg nok rett under jordflata å ventar.


I grusbedet som eg laga sist sommar ser det ut som alt har overlevd.
Desse sådde eg sist sesong av frø eg kjøpte hjå Magnar.
Lewisia Little Plum, Androsace carnea og Anthyllis vulneraria coccinea.


Litt anna som kikar opp. Trollius pumilus, Campanula " Snøkvit ", Påskeliljer og Aurikkel.



Ein liten tur innom drivhuset. Erteblomar, i midten er det toårige svarte fiolar som eg vann frøa av Elin. Dei var ikkje heilt enkle å få til å spire. Frøa opna seg fort men så skjedde det ikkje meir. Prøvde å sette dei i kjøleskapet, der spirte dei etter få dagar.
Dahliane er kraftige og veks seg til.
 Ein liten stemor, det er det einaste som gir litt farge akkurat no.

¤ ¤ ¤

I eit tidligare innlegg fortalde eg om Fuksiane mine som fraus i drivhuset. Eg kasta dei selvfølgelig ikkje....for tenk om det er liv inni : ) Og jammen er det fleire som har spirt  igjen : ) )

¤ ¤ ¤

Har så vidt starta grovrenskinga i beda. Her er utrulig ruskete i år.
Eg hadde virkelig håpa at kulden hadde tatt livet av dei brune sleipe....men der tok eg feil. Hadde heldigvis saksa på meg så eg fekk klipt den rett av.

Hagelaget som eg er med i skal heldigvis ta opp kampen mot sneglane i år. Vi skal selge Nemaslug.
Eg er ein av dei ansvarlige for dette og håper mange vil kome å kjøpe så vi kan få bukt med problemet.
Kanskje det blir sneglefrie tider etterkvart.

Dette var det meste eg fann av vårteikn denne gong.

Klikk deg inn hjå Elin på biletet.

søndag 14. april 2013

VÅREN NÆRMA SEG.

Her i Møre og Romsdal på Sunnmøre er vi meir enn klare for våren ...og jammen er den endelig i anmarsj.
Ute bles deg og litt regn har kome, men tempraturen er i skrivande stund 10,1 varmegrader. Slikt kan eg like. - 0.6 på det kaldaste i natt. Så då blir det bra for plantene som er i drivhuset uten varme på.

Det er ikkje mange vårteikna i form av spirar enda men.........


.....eg har fått meg varmkompostbinge. Fredag blei denne tatt i bruk. Spennande å sjå om eg får det til.
Ringde på ein butikk som skulle selge kompostbingar, men i år hadde dei ikkje fått inn. Mannen eg prata med tilbaud meg sin binge. Han hadde ikkje brukt den. Den er av dei første bingane som vart laga og er av trevirke utvendig. Godt isolert innvendig. Den er faktisk fin og ser ganske ny ut sjølv om den har stått ute alle  desse åra. Eg sette den inn med olje. Superheldige var eg som fekk denne flotte bingen.
No gjenstår det å sjå om prosessen kjem i gang. 


Veldig mykje av plenen og beda er islagde. Tjukk is og glatt er det så eg heldt på å ramle fleire gongar på inspeksjonen min.
Det er så beinfrose at vatnet sildrar oppå jorda gjennom beda.
Buksbomhekken min er heilt innefrosen av is.


Litt som kom til syne. Primula, øverst Penstemon den sådde eg forrige sesong så det blir spennande å sjå om den blømer i år. Takløk nederst.


Ein tur innom drivhuset. I går prikla eg mange Cosmos (øverste biletet ).
Her er både stauder og sommarblomar. Nederst t. h. er ein liten plante av raud kvann. Dei frøa fekk eg av bloggaren Tua. Tok dei inn for spiring og det må eg sei var 100 %. Har mange småspirar :)


Her er litt av løkane eg kjøpte på salg alt for seint til å få plante ut, for då var frosten komen i bakken alt.  Dei har stått i garasja og der har vore omtrent like kaldt som ute, men alle har klart seg fint og dei spirer for fullt.....ååååå for ei vårglede.


Stor forskjel i dag og frå sist veke under.



Ein av tomatplantene har virkelig tatt laust med veksten cherrytomat Tiny Tim. Blodbegera veks godt, dei er toppa. Og nederst meir frø som vart sådde i går. Eg har ikkje god erfaring med å så direkte i beda så eg gir dei ein god start inne først. Valmuer av mange slag og ringblomar.


Medan eg ventar på at beda kan ryddast har eg gitt krukkene eit strøk med beis. Har 8 av desse firkanta + 3 tønner som er beisa. No ligg vassperlene så fint oppå treverket.
Litt forberedelsar til konfirmasjonen har det blitt i dag. Eg brukar å lage ein spesiell ting til kvar konfirmasjon, denne gongen er det i strikk. Det skal dåkke få sjå seinare kva det er.


Denne flotte boka fann eg i postkassa på Fredag. Eg var så heldig å vinne hjå Ranten med den flotte bloggen Rantenhagen. Gled meg til å lese den for barnebarnet mitt når ho veks litt til. Veldig flotte fargerike bilete i den også.
Tusen takk Ranten!!!

Dette var Vårteikn og Helgegleder hjå meg denne veka.


Klikk på bileta for å vere med eller gå inn og sjå.


Vårteikn hjå Elin med bloggen I hagen ved skauen .......



..........og Helgegleder hjå Vivi med bloggen Vivishagerom og litt til..

¤ ¤ ¤

Ha ein god Søndags kveld alle saman, frå MarJE.