Siste veka har vore ei veke full av aktivitetar og gjeremål.
Den avslutta med ei flott dåpshelg.
Været har vore kaldt men veldig fint.
I forbindelse med dåpen fekk eg ei ekstra utfordring å lage blomedekorasjonar.
Her viser eg litt av dei.
Lagde dei opp i desse krukkene her. To av dei er frå då mora barnet vart fødd og hjertet er veslebarnet sitt.
Eg brukte kun roser i tre forskjellige fargar. To rosafargar og kvite. På bileta her er ikkje brukt blits så fargane er ikkje rette på rosafargane.
Sette ein smukk i kvar dekorasjon.
Surra nokre omgongar med ståltråd rundt til slutt.
I hjertedekorasjonen laga eg eit perlehjerte. Tredde små perler på ein ståltråd og forma den til eit hjerte.
Til slutt plukka eg nokre grøne lange smale blad av ei stoveplante og sette dei over rosene for å få ei lita brytning.
Veldig enkelt gjort alt saman, men kanskje det kan vær litt inspirasjon likevel : ) Men berre kanskje.
Her er fargane på rosene litt meir virkelige.
Dette var ei av mine helgegleder som eg vil dele hjå Vivis hagerom og litt til.
Ta turen innom og sjå mange fine helgegleder
HER.
¤ ¤ ¤
Eg er så glad for alle dei kjekke besøka på bloggen min.
Tusen, tusen takk alle saman.
No skal eg kome sterkare tilbake hjå Dykk.
Ha ein god Måndag alle saman.
Frå MarJE i svingen.