onsdag 18. juni 2014

DEN ELDSTE ROSA I HAGEN.

Denne rosa kom hit til hagen i ei spesiell anledning derfor hugsar eg godt kor gamal den er.
I juli har vi hatt den i 24 år. 


 Den blømer heile sommaren, har ein nydeleg farge og er ein nytelse å studere. Veit diverre ikkje kva den heiter.


No har den selskap av Akeleia Black Barlow og....


                          .....klematisen The President.
Rosa er større enn vi ser her på biletet. Den går heilt til kanten av bedet som vi ikkje ser her.


Blomane på denne klematisen er ekstra store i år. Må ver den tidlige varme våren og forsommaren vi har hatt som har gjort det.
Den veks over ein bue og det er planta ein på kvar side.


Dette var også min første klematis. Den trivdest ikkje der den vart planta først. Holdt på å dø ut. Så vart den flytta til den noverande plassen. Delte den og planta ein på kvar side av buen og der har den vokse seg til. På den første plassen den stod er det mykje lunare no fordi tre har vokse seg til. Så der står den tredje klematisen av denne sorten. Har vore igjen nokre rotbitar som ikkje har gitt opp. Den er blitt stor og frodig den også.
Likar den spesielt godt, sikkert fordi den har gitt igjen for litt ekstra omsorg : )

¤

Vestlandsveret har slått til for fullt no. Veldig grått og skikkeleg regn.
Men satsar på det er ei kortvarig bløyte.

Nyt sommardagane. Det gjer eg.
 Må ha meg ei runde i hagen kvar dag uansett ver.

MarJE

søndag 8. juni 2014

HAGEN I FRODIG DRAKT.

Her på Vestlandet har vi hatt ein fin vår og sommar så langt.
Det har gjort sitt til at hagen har blitt frodig.

Mykje er blitt gjort som utviding av bed, ny liten platt ved drivhuset, snekring av grønsakskarmar, ny snekra benk og litt beising her og der.

I dag vil eg vise litt oversiktsbilete.


Nermast er grusbedet. 


Snudde meg til andre sida, då ser vi dette bedet på baksida av huset. Kaprifol veks over buen.


Utsnitt frå same bedet. 


Her gjekk eg gjennom buen. Bedet mot husveggen. Det er to sitteplassar langs veggen.


Då vandra vi vidare. Same bedet som rundar rundt hjørnet her og går nedover. Lenger borte ser vi damm området.


Nede t.v er slutten på bedet rundt huset. Det vi ser i midten er dammen og noko av bedet som går rundt den.


Same området frå ein anna vinkel.


Enda ein anna vinkel. Frå baksida.

Dette var litt av hagen frå ein solskinsdag.
Eg deler Helgegleder hjå Vivishagerom og litt til.

Ha fine sommardagar alle som kikar innom meg.

MarJE.