lørdag 29. juni 2013

BLOMAR FRÅ HAGEN.

Når sommaren ikkje heilt vil kome i form av sol og god tempratur får vi berre kose oss med bilete frå bløminga i hagen.
Ca. 10 grader og regn her i dag.....brrrrrrrrrr kaldt.


Cosmos Candy stripe.


Guld valmuer som eg fekk frø frå Marits hagekos.


Guld valmue frå Marit.


Louise Bugnet.


Geranium phaeum. Denne trudde eg hadde fryst vekk i vinter, men heldigvis dukka ein opp og fleire frøplantar.


Geranium.



Iris Snow Queen.


Iris.


Akeleier og gule dagliljer som sprer ei nydelig lukt i hagen.


Allium.


Allium.


Trollius.

Eg vil ønske alle mine lesarar ein blomstrande Laurdag.



torsdag 27. juni 2013

INSEKT I HAGEN.

Det har vore ein fin solfylt dag med besøk, grilling og feriekos.
Ei runde i hagen med kamera vart det også, og ein skulle ikkje tru at humlene er i fare for å bli utrydda. Det kryr av dei og frukttrea viser at dei har gjort ein god jobb. Det lavar av fruktkart.
Her kjem litt forskjellige insekt som viste seg når eg skifta linse på kameraet.


Humle i farta.


Sommarfugl på Strandnellik.




Fullhamstra humle på Alunrotblome.





Fluge på Peon.


Mindre sort fluge på Strandnellik.


På veg til å få seg ein godbit.


Mitt største insekt : )  Skrotten som følger meg overalt i hagen. Her ligg han i grusbedet å ventar på at eg skal bli ferdig å ta bilete.

¤ 

Støyperia mine er snudde og eg er veldig fornøgd med resultatet. Eg må berre få pirke vekk litt meir av rabarbrablada før eg viser dei. T - T - T = Ting tar tid veit dåkke, men snart : D.

¤

Eg har tatt så mange bilete at eg har vanskelig for å velge kva eg skal sende ut på bloggen. Luksusproblem.
Men no har bløminga starta av frø som eg har fått her via bloggane og dei skal øyeblikkelig fram i lyset.

Ha ein fortryllandes aften og kos dåkke med det dåkke måtte finne på.
Sommarhelsing frå MarJE som sit i utestova å kosar seg.

HIMMELEN I BRANN VED MIDNATT

Slik såg himmelen ut litt over midnatt.




Ein artig skapning som sveva på natthimmelen.

tirsdag 25. juni 2013

STØYPERIER og pelargonium Dronning Ingrid.

Her i huset er det ferietid.
 Første dagen i går, då vart det endelig støyping. 
Eg har støypt fuglebad før for mange år sida, men då gjorde eg det på omvendt måte.
Den gongen fylde eg massa oppi eit kar og trykte bladet nedi til slutt.
Etter inspirasjon her i bloggverda måtte oppned metoden prøvast.
Merethe med bloggen Livet på småbruket har vore ei stor inspirasjonskjelde til å ta opp igjen støypinga.
Det ser så kjekt ut når ho b. l. a inviterer bloggvenner til støypesamkome.


Foreløbig ser min støyp slik ut, oppned. Eg tok det største rabarbrabladet eg fann. La det oppå ein passe dunge med sand og så hadde eg på støypemassa. Smurde bladet selvfølgelig godt med olje først. Armering ( hønsenetting ) i midten. Til det største gjekk det med over ein sekk masse. Det er mykje større enn det ser ut til her. Spennande å sjå om det har vore vellykka når vi skal snu det, kanskje i morgon.


Av resten som var igjen støypte eg to heller. Trykte eit Geraniumblad nedi, men det hadde for svake nervar til å lage eit skikkelig mønster. Ja, ja blir nok brukt til eit kvart : )
Kjem med oppdatering når fuglebada er snudde. Så får vi sjå korleis det har gått.

¤

Dette vart så grått at eg vil ta med eit par bilete av pelargonium Dronning Ingrid.


Her står ho å kavar for å holde seg oppreist med alle blomane og knuppane sine. I farta telte eg 26.
Pelargoniane mine denne sesongen er utrulig fine. Sikkert fordi dei har fått stått under tak og sleppt unna regnet på seg.


Den har til og med smygt ein blome inn i lykta som heng over bordet i utestova.

I år har eg planta mange av pelargoniumane i leirpotter slik som denne. Men eg veit ikkje om eg vil sei det er så lurt. Dei tørkar utrulig fort opp.......og det må vatnast heile tida.

¤ ¤ ¤

Her har det vore veldig ruskete ver med mykje regn siste tida, så no håper eg sommaren og ferien fortsetter med blå himmel slik at vi får nyte dagane ute i det fri.

Ha ei fortryllande god sommarnatt !!

Klem frå MarJE.



fredag 21. juni 2013

LITT AV KVART FRÅ HAGEN

Dagane går veldig fort og snart nærma det seg ferietid.

På ei veke har vi hatt tre hagevandringa arrangert av mitt lokale hagelag så det har gått i hage om ikkje i min.

Men her kjem litt ymse frå min hage.


Ei lita lubba hand som synes det var stas å få plukke av blomane.
Barnebarnet mitt som nærma seg seks månadar.


Akeleie Black Barlow.



Akeleie.


Rosa Akeleier av forskjellige sortar.


Kvit valmuesøster som held på å sprette ut.



Svart fiol som eg vann frø av Elin med bloggen I hagen ved skauen.


Iris, Allium, Strandnellik og Oxalis.


Rabarbrane er kjempestore i år, kvit gudeblome og filtarve.


MarJE som sitt på kanten av fuglebadet i grusbedet å speidar utover fjorårets staudesådd som blømer for første gong i år.


Forskjellige variantar av Cosmos. Det har vore ei salig blanding i pakkane i år. Fargeblanding i den kvite og ein fylt eg kjøpte hjå Impecta ser slettes ikkje ut slik den skulle gjer. Den skulle ver heilt mørk burgunder i fargen.


Veldig mykje humler som kosar seg på blomane.


Frå drivhuset.
Eg sådde berre cherry tomat, men det har tydlegvis vore eit frø av ein anna sort. Det er dei store.
Agurken er komen i blomst og raud basilikum er i god vekst.


Gul Primula fremst.

Det er ei fin tid med mykje bløming og nye overraskelsar som dukkar opp kvar dag.

¤ 

Eg vil ønskje alle mine lesarar ei god og innholdsrik helg.

Helsing MarJE



søndag 16. juni 2013

BESØK I EIN KUNSTNERISK HAGE.

I går Laurdag gjekk turen med Hagelaget til Olden i Stryn kommune.
Det vi visste var at vi skulle besøke ein hage med mange skulpturar. Overraskelsen var stor når vi kom fram til Johanna og Gunnar Nygjerd og fekk sjå den utrulig flotte kunsthagen deira.
I hagen er det ca. 80 skulpturar som Johanna har laga sjølv av betong.
Ekteparet fyller ut kvarandre på ein fin måte og gjer kvar sine ting i prosessane med både skulpturane og ellers i hagen. Gunnar støyper fundament og festar armeringsjern slik Johanna ønskjer det, så er det ho som støyper og formar skulpturane.


Vi fekk ei flott og informativ omvisning av ekteparet. Dei fleste av skulpturane har ei historie.


Det var ein lang veg ned til huset og i enden ved postkassene stod desse skulpturane.


Litt av det som stod langs vegen ned. 
Som dei fleste andre plassar i landet hadde vinteren herja her også. Så det var ein del som var brunt og fleire tred hadde gått ut.


Johanna forklarte at skulpturane vende seg oppover og som oftast i eit knutepunkt. Det sumboliserte det positive. 


Dei brukte mykje stein også i hagen. I frukttreet på høgre sida har dei pynta med julekuler alle i same fargen men med forskjellig struktur. I tillegg var det lyslenker i.


Kulene og litt av utsikta på nærsyn.


Ved denne sittegruppa kunne du både nyte hagen og den flotte utsikta.


Johanna kjem frå Selje så ho fortalde sagnet om Sant Sunniva som kjem der ifrå. Ho konkluderte med at det er fritt fram for kven som vil tru på det. Ho var heilt sikker i si sak.
Her skulptur av Sankt Sunniva. Den var minst i full størrelse.


Sankt Sunniva ligg på kne å bed. Øverst har dei laga eit miniatyr av Selje kloster.
Blomane vart nesten heilt gløymde. Her var så mykje anna spennande å sjå.


1. Eit slags tårn med ei rund plate som hang i sen. Den laga lyd når det var vind. 2. Søyler som hadde stein på toppen. 3. Gangstiar av skiferheller. Det var fleire sirklar bortover.


Dei store tujane t.h var skikkelig flott klipte. 


Denne dama lagde ikkje berre skulpturar. Ho dreiv med mange typar av handarbeid / forming.
Bilete på veggen har ho laga av potter som har blitt knuste og koppar og kar som har lede same skjebne.


Musikksymbol som heng på veggen var laga av platerestar og dekorert kjellarmur ( det også symboliserte noko men det hugsar eg ikkje )

Her var så mykje eg kunna vist.....men måtte begrense det ellers hadde det vorte veldig langt.
 Dette var ein hage, eit hus, ein fjøs og ikkje minst eit flott innholdsrikt ektepar som kjem til å sitte igjen i minnet i lang tid framover. 

Hagen er praktfull og ligg i naturskjønne omgjevnadar. Som Johanna sa : ein slik hage kan ein ikkje ha alle stadar som t. d i eit byggefelt, men HER passar den perfekt.

Som avsluttning vart vi servert heimelaga eplekake og kaffi.

Er det nokon som er i desse traktene hadde eg ikkje tvilt på om eg skulle besøke denne hagen. 

¤ ¤ ¤

Ei flott Helgeglede som eg vil dele hjå Vivishagerom og litt til.