lørdag 22. februar 2014

Fuglekasser som hjå Moseplassen.

Hjelpe meg kor fort tida går. Med lysare dagar og sol i fleire timar alt. Faktisk varmar den så godt gjennom vindauget at lysa på spisebordet står i bue :) Herlig.
Denne veka har vist fleire årstider her. Mildver og vind til snø og minus 10 grader, og no er det mildver igjen.


Slik var det ein av dei kalde dagane.

Med slike lyse dagar kjem vårlengten ekstra sterkt og ikkje minst når fuglane i hagen syng i kor.
Ja, frøboksa står stappfull av frø som ventar på at dei skal få kome i jorda og vise fram sine grøne spirar. Det blir snart. Gled meg som aldri før.

Denne veka bestemte eg meg for å lage meir fuglekasser så vi kan henge litt rundt omkring i hagen.
Når eg har lokka dei hit med fuglemat i kilovis så må dei få hus å bu i også.



Anne på Moseplassen har lagt ut teikning til sine fuglehus og eg hadde lyst å lage slike.
Dette huset laga eg / vi tidligare i veka. Eit prøvehus så eg fekk ein god del hjelp til : D
Hadde " sinnasnekkeren " vore her hadde han nok eksplodert på meg slik som eg kløna.
Men det første er alltid det vanskligaste....til mitt forsvar : )



Var litt usikker på om eg skulle beise det. Tenkte først at det kunne få eldast å bli grått men så vart det beising. Tok det eg hadde for hand. 


I dag vart det fleire fuglehus. Fekk hjelp til saging men resten gjorde eg sjølv.
Snekkarferdigheitene kjem seg. 


Her står dei nybeisa til tørk. To av dei har fått skikkelig oppheng bak.
Det eine skal opp på skyggesida av garasjemønet. Dei to andre skal eg finne gode plassar til i hagen.
Då vil eg ønskje bebuarane hjarteleg velkomne inn i sine nye boligar. Håper virkelig nokon vil flytte inn

Helgegleder som eg vil dele hjå Vivishagerom og litt til.

Ha ei god kvitrande helg.

Frå MarJE.

tirsdag 11. februar 2014

BARNEHAGEVOTTAR.

I dag har eg hatt besøk av vesletulla.
Vi skulle ut i hagen å spasere ein tur men det var litt kaldt på fingrane. Heldigvis hadde besta strikka eit par vottar i helga som som kunne varme små hender.


Heilt enkle men dei er lange på skaftet og skal etter det oppskrifta seier sitte godt på handa.


Eg strikka dei av garnet " Ida " 80% ull på pinne nr. 3 og str. 3-4 år. 
Litt store til bestemorungen min på 1 år, men ikkje så mykje. Så eg vil heller sei dei er ca.2 år. Dette er litt med kva garntjukkelse ein brukar.
Enkle og raske å strikke. Kjem heilt sikkert til å strikke fleire par av desse.
Ser at dei skulla vore både dampa og merka men når behovet for bruk er akutt får det så ver.
Eg fann mønstra HER visst nokon freistar strikke dei :)


Litt store men det gjekk fint å kaste litt stein med dei likevel........


Ha fortsatt ei trivelig veke.

MarJE.

tirsdag 4. februar 2014

Livlig kvittring i hagen.

Ja, det er ekstremt mykje fuglar i hagen i år. 
Høglytt kvitter og lette vingeslag fram og tilbake frå foringsplassen.
I kveld måtte eg lage ei ladning mat igjen og det er selvfølgelig ala Moseplassen sin.
Den smaka visst ekstra godt.
Når eg først laga så dobblar eg slik at det held litt lenger.


Når Flaggspetten kjem med sine litt tyngre vingeslag enn den mindre garde, har den enerett på denne kolba. Her pakka eg rundt plast og støyper maten rett i.


Her sitt fru Flaggspett og ventar på at herren skal bli mett så ho kan få sleppe til.
Dei er fine på det. Skal berre ete av kolba sjølv om det er same maten fleire stadar.


Her var herren ferdig.


Blåmeisa nyt maten som er støypt i kopp.


Spurv er her i hopetal. Søte små og dei syng så fint. 



Denne er eg ikkje sikker på kva sort det er. Har ikkje fått meg mindre enn to fuglebøker, men jammen ikkje lett likevel å tyde alle sortane. Den det ligna mest på er Dvergfluesnapper. Men den skal vel ikkje ver her på denne tida av året. Nokon som veit ??


Sjå på denne sniken her som har lurt seg under buska.
Han må berre prøve seg på fantestreker...........


Fuglekassa er koma opp. Håper nokon vil flytte inn.


No lysnar det fort og her er det veldig vårleg. Vi har ikkje hatt skikkelig vinter med mykje snø i år.
I dag var eg ute å kika litt i bed og jammen har ikkje sniglane livna opp. Måtte ta knerten på ein i dag.

Ellers har eg sådd ei ladning med stauder sia sist. Så no har eg ikkje mindre enn 3 kasser ståande + 2 som står igjen frå i fjord som ikkje spirte.
Hadde bestemt meg for ikkje å så stauder i år men det heldt ikkje lenge : )
Har også sådd Blodbeger men dei har ikkje spirt enda.

Har vore litt slapp på bloggen i det siste. Det er nok rett og slett fordi eg sysler med så mykje at noko må vike.
Men eg kjem nok meir tilbake framover.

Ha gode fine dagar og kos dåkke med alt dåkke held på med.

Frå MarJE