søndag 28. april 2013

EI LITA OPPDATERING.

Det blir lenge mellom innlegga no, men det rettar seg nok etterkvart :)
Det går veldig seint med spiringa i beda i år men litt vårteikn og helgegleder er det likevel her på Sunnmøre.
I dag har veret skifta frå snøfnugg i lufta til vind og regn.
Fredag var ein fin soldag så då fekk eg raka plenen.

Det er store lokale forskjelar. Ikkje meir enn ti minutts køyretur frå meg er påskeliljene i full bløming. Her er dei så vidt spirt, ca. 1 cm.

Varmkomposten som vart start for to veker sida er vellykka. Den går så det susar. Det har blitt skikkelig varme i den og prosessen er i full sving. Dette var inga sak å starte opp, veldig enkelt.
Eit godt kvistelag i botnen. Litt tørt hageavfall hadde eg oppå slik at ikkje matavfallet skulle tette igjen luftinga mellom kvistane. Så er det berre å starte med å fylle opp. Kan det bli enklare !!

PS!! To nye kaldkompostbingar har også kome til gards. Dei skal eg vise seinare.
Her går det i kompost av alle slag :)


I går formklipte eg to bjørker og då vart eg overraska når eg såg dette.....


......grøne knuppar.

Fine små kvistar vart det og dei kastar eg selvfølgelig ikkje. Her må alt nyttast.......


......av dei lagde eg små bjørkekransar som eg har ein plan med. Håper det blir slik eg har tenkt. Det skal eg vise seinare.


Meconopsis lingholm blåfiolett. Planta mange av desse i haust og alle kjem igjen. Spennande å sjå om dei blømer i år. Både denne og Aconitum øverst er frø frå Magnar.
Nederst har så vidt tulipanane spirt. Veldig, veldig seint .


Slik ser bedet eg viser kvar veke ut. Rosa som har fått klatrestativ midt i ser død ut.


Staudepottene ( 4 kasser ) som har stått ute i vinter har fått kome inn i sommarstova. Fleire sortar har spirt.


Pelargoniane har også fått komt ut i sommarstova. Det er nok ganske kaldt om natta, men no er dei herda og tåler litt. Fleire er i knupp, her Dronning Ingrid.


Tre brett med stemor og nokre staudar vart med heim når eg skulle kjøpe jord i går :)
Salgløkane veks i rekordfart. Den store er Allium Gladiator. 

Dette var mine Vårteikn og Helgleder som eg deler hjå Elin I hagen ved skauen og Hjå Vivis hagerom og litt til.

¤ ¤ ¤

Jammen har eg bestilt damutstyr også. Det blir litt å henge fingrane i framover.

Med desse blomane som eg kjøpte til helga vil eg ønskje alle ei fin tid framover.


mandag 22. april 2013

VÅR ?

Eg er med på vårteikn hjå Elin med bloggen I hagen ved skauen. Denne veka er eg alt for seint ute, men så er det heller ikkje så mange vårteikn her i hagen.
Sterk vind i fleire dagar og no etterfulgt av regn, 
 har gjort at all snøv og is har reist.

Varmkomposten som eg starta opp Fredag for litt over ei veke sida har starta prosessen for lengst. Der er det god varme og eg ser for meg kor mykje fin jord eg får : ))

Denne vinteren har vore hard for mange plantar. Mange rosebusker ser heilt svarte ut og mange av Rhododendronane ser ikkje livlige ut.


Slik ser dei ut, veldig tørre. Har prøvt å vatna med godt temperert vatn så får eg berre vente å sjå om det hjelp.


Nokre få Klosterklokker er det einaste som har kome opp bortsett frå snøklokkene.
Ikkje ein einaste tulipanspire har vist seg sjølv om eg har veldig mange. Dei ligg nok rett under jordflata å ventar.


I grusbedet som eg laga sist sommar ser det ut som alt har overlevd.
Desse sådde eg sist sesong av frø eg kjøpte hjå Magnar.
Lewisia Little Plum, Androsace carnea og Anthyllis vulneraria coccinea.


Litt anna som kikar opp. Trollius pumilus, Campanula " Snøkvit ", Påskeliljer og Aurikkel.



Ein liten tur innom drivhuset. Erteblomar, i midten er det toårige svarte fiolar som eg vann frøa av Elin. Dei var ikkje heilt enkle å få til å spire. Frøa opna seg fort men så skjedde det ikkje meir. Prøvde å sette dei i kjøleskapet, der spirte dei etter få dagar.
Dahliane er kraftige og veks seg til.
 Ein liten stemor, det er det einaste som gir litt farge akkurat no.

¤ ¤ ¤

I eit tidligare innlegg fortalde eg om Fuksiane mine som fraus i drivhuset. Eg kasta dei selvfølgelig ikkje....for tenk om det er liv inni : ) Og jammen er det fleire som har spirt  igjen : ) )

¤ ¤ ¤

Har så vidt starta grovrenskinga i beda. Her er utrulig ruskete i år.
Eg hadde virkelig håpa at kulden hadde tatt livet av dei brune sleipe....men der tok eg feil. Hadde heldigvis saksa på meg så eg fekk klipt den rett av.

Hagelaget som eg er med i skal heldigvis ta opp kampen mot sneglane i år. Vi skal selge Nemaslug.
Eg er ein av dei ansvarlige for dette og håper mange vil kome å kjøpe så vi kan få bukt med problemet.
Kanskje det blir sneglefrie tider etterkvart.

Dette var det meste eg fann av vårteikn denne gong.

Klikk deg inn hjå Elin på biletet.

søndag 14. april 2013

VÅREN NÆRMA SEG.

Her i Møre og Romsdal på Sunnmøre er vi meir enn klare for våren ...og jammen er den endelig i anmarsj.
Ute bles deg og litt regn har kome, men tempraturen er i skrivande stund 10,1 varmegrader. Slikt kan eg like. - 0.6 på det kaldaste i natt. Så då blir det bra for plantene som er i drivhuset uten varme på.

Det er ikkje mange vårteikna i form av spirar enda men.........


.....eg har fått meg varmkompostbinge. Fredag blei denne tatt i bruk. Spennande å sjå om eg får det til.
Ringde på ein butikk som skulle selge kompostbingar, men i år hadde dei ikkje fått inn. Mannen eg prata med tilbaud meg sin binge. Han hadde ikkje brukt den. Den er av dei første bingane som vart laga og er av trevirke utvendig. Godt isolert innvendig. Den er faktisk fin og ser ganske ny ut sjølv om den har stått ute alle  desse åra. Eg sette den inn med olje. Superheldige var eg som fekk denne flotte bingen.
No gjenstår det å sjå om prosessen kjem i gang. 


Veldig mykje av plenen og beda er islagde. Tjukk is og glatt er det så eg heldt på å ramle fleire gongar på inspeksjonen min.
Det er så beinfrose at vatnet sildrar oppå jorda gjennom beda.
Buksbomhekken min er heilt innefrosen av is.


Litt som kom til syne. Primula, øverst Penstemon den sådde eg forrige sesong så det blir spennande å sjå om den blømer i år. Takløk nederst.


Ein tur innom drivhuset. I går prikla eg mange Cosmos (øverste biletet ).
Her er både stauder og sommarblomar. Nederst t. h. er ein liten plante av raud kvann. Dei frøa fekk eg av bloggaren Tua. Tok dei inn for spiring og det må eg sei var 100 %. Har mange småspirar :)


Her er litt av løkane eg kjøpte på salg alt for seint til å få plante ut, for då var frosten komen i bakken alt.  Dei har stått i garasja og der har vore omtrent like kaldt som ute, men alle har klart seg fint og dei spirer for fullt.....ååååå for ei vårglede.


Stor forskjel i dag og frå sist veke under.



Ein av tomatplantene har virkelig tatt laust med veksten cherrytomat Tiny Tim. Blodbegera veks godt, dei er toppa. Og nederst meir frø som vart sådde i går. Eg har ikkje god erfaring med å så direkte i beda så eg gir dei ein god start inne først. Valmuer av mange slag og ringblomar.


Medan eg ventar på at beda kan ryddast har eg gitt krukkene eit strøk med beis. Har 8 av desse firkanta + 3 tønner som er beisa. No ligg vassperlene så fint oppå treverket.
Litt forberedelsar til konfirmasjonen har det blitt i dag. Eg brukar å lage ein spesiell ting til kvar konfirmasjon, denne gongen er det i strikk. Det skal dåkke få sjå seinare kva det er.


Denne flotte boka fann eg i postkassa på Fredag. Eg var så heldig å vinne hjå Ranten med den flotte bloggen Rantenhagen. Gled meg til å lese den for barnebarnet mitt når ho veks litt til. Veldig flotte fargerike bilete i den også.
Tusen takk Ranten!!!

Dette var Vårteikn og Helgegleder hjå meg denne veka.


Klikk på bileta for å vere med eller gå inn og sjå.


Vårteikn hjå Elin med bloggen I hagen ved skauen .......



..........og Helgegleder hjå Vivi med bloggen Vivishagerom og litt til..

¤ ¤ ¤

Ha ein god Søndags kveld alle saman, frå MarJE.


torsdag 11. april 2013

HEKLA SJAL

Var litt i tvil om eg skulle hekle dette. Det såg ikkje så fint ut på mønstra synest eg, men i den virkelige verda overraska det. Vart skikkelig fornøgd med det.
Raskt og enkelt å hekle var det også.


Mønstra har eg henta frå Drops design og den kan du finne HER


Brukte nøytrale fargar som kan brukast til det meste.


Borda nederst er veldig dekorativ..


Eg brukte to forskjellige trådar, tynn Alpaca og Cotton viscose begge frå Drops. Heklenål nr. 5.
Cotton viscose har ein fin glans som gir arbeidet ein ekstra glød. Kan anbefalast.

¤ ¤ ¤

Velkomne til nye følgarar og tusen takk for alle koselige besøk og kommentarar som blir lagde igjen.

Ha det godt så lenge, frå MarJE.


søndag 7. april 2013

VÅRTEIKN # 4 OG HELGEGLEDER # 21 I SVINGEN.

Her i Møre og Romsdal og ved rota av Sunnmørsalpane er det lite som minner om vår akkurat no.
Siste to dagane har det kome ein heil del snøv igjen.
Tidligare denne veka var det skikkelig vårlig. Det førte til nedvask av drivhuset og fristelsen var så stor at ein god del plantar fekk flytte inn.
Gjekk fint første natta, men så vart det 7 minus og eg har ikkje varme på. Gjett kva som skjedde ?? Det er slikt ein gjer visst ein vil kvitte seg med plantar. Det hadde ikkje eg tenkt, men slik blei det. 
Fuksiane fraus og store oppstamma Margarittar som eg har sådd for fleire år sida fraus også.
Staudene er like fine, dei tåler ein støyt.


Spor etter meg i snøven i dag.


Vårtein i drivhuset, Perleblome.


Frå bedet som eg viser kvar veke. I dag såg det slik ut......


.....og slik var det for ei veke sida. Det var visst meir vinter då likevel. 
Det var jammen bra og no vart eg i litt bedre humør.

¤

Når våren ikkje vil kome ute er det tid for vårforberedelsar inne.
Når sola skin gjennom vindauge er det forskjellig som viser seg i heimen, det er vel vårteikn det også : )
Så nedvask har vore ein våraktivitet her siste tida.

Her i huset skal vi ha konfirmasjon om ein månads tid. Veret som har vore i helga passa perfekt til å forberede litt. Så i dag har eg baka nokre kaker som med fordel er bedre etter frysing.


Kransekake, firkløverkake og sukkerbrød som skal bli marsipankake. Skulebollar og bollar som skal fortærast til kaffien i dag :))

Deilig å ha fått det gjort. Då kan eg ruske ute når snøven reiser.

¤

Eg må innrømme at humøret ikkje likar denne lange vinteren. Skikkelig nedtur når ein skal kose seg i drivhuset med frodige vekstar i staden for djupfryste.
Men heldigvis har eg mange småplantar inne som ikkje skal ut før faren for forfrysing er over.

No i skrivande stund skin sola og då er det god snøvsmelting......heldigvis.


Dette var om eg kan kalle det mine vårteikn 




som Elin med bloggen I hagen ved skauen utfordrar oss i å vise.....



...... og helgegleder hjå Vivishagerom og litt til.

Klikk på bileta for å delta eller sjå andre sine vårteikn og helgegleder.

¤

No håper eg at om ei veke har det løyst seg vermessig og at våren er komen litt meir til syne.

Ha ein god og trivelig kveld til alle rundt omkring i landet vårt,
 og også til dåkke i det store utland.

Helsing MarJE.




mandag 1. april 2013

HELGEGLEDER PÅ BJORLI

Når vi jobbar turnus begge voksne i heimen blir det ikkje altid så mange fridagar ilag i høgtidene. I påska hadde vi to dagar og då gjeld det å nytte dei godt.
Når den eine gjekk på fri hadde vi pakka og sto reiseklare.

Vi var invitert på hytta til pappabesteforeldra til vesle Ella, barnebarnet vårt.
Der var vi samla ti personar og hadde det kjempeflott ilag.

Naturen og veret viste seg frå si beste side så det vart flotte skidagar.


Vi to bestemødrene gjekk på tur i løypene. Kosa oss i den nydelige naturen.
Dei andre var i slalombakkane.


Ikkje ei sky på himmelen, berre eit fly i det fjerne.


Siste dagen var det lettskya ver.

Alle kosa seg, somme i snøven, pus på tur, kosekos i midten, og vesle Ella i vogna.



Om kvelden gjekk vi måneskinstur. Den lyste opp og det var eit heilt spesielt skin. Veldig fint.


Her er hytta vi budde i. 
Full oppvartning frå vertskapet frå vi kom til vi reiste.
To supergode dagar.
Tusen takk for ein fin påskeferie ilag med dåkke alle, vi gled oss til neste gong : )

¤ ¤ ¤

Sjølv om dette var frå Måndag til Onsdag så er det likevel mi Helgeglede som eg deler hjå