søndag 31. mars 2013

VÅRTEIKN # 3

No er det ei veke sida sist eg viste vårteikn frå Møre og Romsdal og trudde det skulle bli nokre nye og meir vårlige denne gongen. Men her på Sunnmøre lavar snøven ned. 
Eg har jobbpåske og når eg gjekk heim i dag tidlig var det ikkje begynt å snøve. Når eg derimot stod opp igjen var det full vinter og hadde snøva 20 cm.
Er nok eit vårteikn det også med alle snøvriene ( Stareria, Erleria o . s . v....)  ein må gjennom før våren kjem for fullt.


Full fresing : )


Tørrpinnane som ventar på å bli rydda vekk har fått ny vinterdrakt.


Frå det bedet eg viser kvar veke for å sjå forskjelane. Slik var det i dag......


......og dette var forrige veke. Likar ikkje at det går feil veg.


Som ei lita oppmuntring måtte eg ta med den eine spiren av Julerosa som veks sjølv om det ikkje går så fort. Resten av sådden sette eg ut for det kom ikkje fleire spirar.


Trøstepremie.....eg skal så desse erteblomane.

Har ikkje fått sådd sommarblomane enda fordi eg
hadde eit håp om å få opne drivhuset så eg kunne få flytte ut litt fordi her er sprengfullt alle plassar.
Satsar på det blir med det første.

Om dette var vårteikn kan vel diskuterast med det er likevel mitt bidrag til utfordringa hjå Elin med bloggen I hagen ved skauen.

Klikk på biletet under så kan du sjå vårteikn frå mange fylker i landet.


Ha fortsatt ei trivelig Påske vidare.

Frå MarJE.

søndag 24. mars 2013

VÅRTEIKN # 2.

Vårteikn frå Møre og Romsdal, nærmare bestemt Sunnmøre.

Etter fleire plussgrader sist helg gjekk det over til mange minus denne veka. Sjølv om sola skin frå blå himmel klarer den ikkje å få opp temperaturen meir enn til eit par plussgrader midt på dag.

Men likevel har det tina litt og det har kome opp spirar.


Snøklokkene som står nær veggen har kome fram igjen.

                         Akeleieblad .                             Løkplante av eit slag.



Rundt dette treet har det smelta og her kjem Irisspirar fram.


Sjølv om det er kaldt sprett knuppane ut på Kaprifolen.


Litt av kvart kjem til syne når det tinar.


Rundt stilkane tina det små hol heilt ned til bakken.


Bilde frå i dag over og under frå sist veke. Ser godt at det har minka ein heil del på snøven.


Det var vårteikna frå meg denne Søndagen.

Det er Elin med bloggen I hagen ved skauen som utfordrar oss i å vise vårteikn rundt om i landet vårt.
Klikk på bilete under så kan du sjå frå mange stadar i landet.


¤ ¤ ¤

Med desse påskekyllingane som eg har hekla vil eg ynskje dåkke alle ei

GOD PÅSKE.


Påskeklem frå MarJE:

lørdag 23. mars 2013

INSPIRASJON OG HELGEGLEDE.

Vart så inspirert av Anne på Moseplassen når eg las innlegget ho hadde om basilikum.
Har aldri prøvd å så det før, så då passa det godt å prøve seg i år.
Det var veldig mange sortar å velge i, men eg valgte ein sort p. g. a fargen på blada.
Synest den mørke raude fargen var så fin.


Basilikum " Rosie "

Og ved sida av stod eit stativ med noko som frista så aldesles : )
Klarte ikkje å gå forbi og det kjenner eg var heilt rett.
Helgeglede delux !!!!


Dahlia " Candy Club ", " Pastel Florart " denne er ny av året står det på og den har mørk raude blad. Det likar ikkje sniglane så godt. Her får ivertfall dei stå i fred, og til slutt" Park Princess ".

Når eg kom dragande med pakkane høyrde eg berre eit UFF frå nokon som sikkert er heilt oppgitt av meg og plantegalskapen min. Men bryr eg meg om det ? NEI : )

¤ ¤ ¤

Så kom dette i posten.
FREDAGSKOS !


Mykje kjekt lesestoff.

Det har vore ei iskald veke og plantane eg har planta i potte blit såkalla " ut og inn potter".
Men likevel kjekt med vår ut for døra, så litt ekstra flytting går bra.


Dette er mitt bidrag til Helgegleder hjå Vivishagerom og litt til.
Klikk deg inn HER for å dele eller sjå gode fine Helgegleder.

HA EIN TRIVELIG LAURDAGSKVELD ALLE SAMAN !


onsdag 20. mars 2013

LEGGVARMARAR OG LESTAR TIL BABY

Her kom det eit ønskje om leggvarmarar til vesle Ella som nærmar seg tre månader.
Eg undervurderar visst størrelsen på små damer. Så eg strikka ferdig to par leggvarmarar som var alt for små. Det var berre å rekke opp igjen og strikke nye i større format.


Det lyse paret er strikka i babyull og det rosa i Alpa.


Lestane vart strikka i litt av kvar garntype så passar dei til begge para. Her har eg ikkje brukt mønster, strikkar etter hovudet.


På babyullgarnet brukte eg pinnar nr. 3 og la opp 50 maskar.
Mønstra går ut på 10 maskar.
Til pynt hekla eg ein liten blome.


Alpa garnet er tjukkare så det brukte eg pinnar nr. 4 og la opp 40 maskar.
Til pynt hekla eg ei remse og knytte til sløyfe.

Eg har gått ut ifrå DENNE mønstra.

¤ ¤ ¤

Tusen, tusen takk for alle gode ord som dåkke gir meg her på bloggen !!!

Nye følgarar er komne til også.....Hjartelig velkomne, kjekt at dåkke vil sjå kva eg styrer med.

Ha ein lun kveld , her er det kaldt men det er ute : )

søndag 17. mars 2013

PÅ LEIT ETTER VÅRTEIKN.

Elin med den flotte bloggen " I hagen ved skauen " har laga til utfordringa med å vise vårteikn frå dei forskjellige fylka i landet. 
Så her er eg med frå Møre og Romsdal. 
Eg bur i ei bygdeperle  på Sunnmøre omkransa av ein vakker fjellheim, med fjord og vatn alt i gåavstand frå heimen.
Eg seier som Ivar Aasen i songen Nordmannen , siste setninga i 5. verset :
 Kan han ingen stad venare sjå.


Vinteren kom for fullt her denne veka. Mykje snø dalte ned og det var kaldt om natta.
Men no i Mars snur det fort. I går kom mildveret og i dag har tempraturen passert + 8 grader. 
Det smeltar og snøen har minka veldig mykje.


Tenkte eg skulle ta eit bilete frå dette bede kvar veke. Då er det lettare å sjå forandringa.


Takdrypp som lagar iskunst.


Rhododendron som sprenger seg veg ut av snøen.


Knupp på hengeselja.
Det meste er dekt av snø i hagen så fleire teikn frå den vart det ikkje i dag.

Men eg har vore på tur og der fann eg fleire vårteikn.


Snøsmelting i elva.
Visst du ser godt etter på det største biletet kan det sjå ut som to krabbeklør oppe på isklumpen. Ser ut som dei vil knipe i graset som heng ned.


Vassdrope og snøtining. Dette er på taket av kvernhusa ved elva.


Istappane som heng på renna som fører vatn til kvernhusa.


Issmelting i elva sett gjennom opninga under kvernhuset.


Og slik ser det ut når smeltevatnet kjem fossande nedover.

Dette var mitt bidrag til vårteikn denne veka.

HER kan du sjå vårteikn frå fylka i landet vårt.




torsdag 14. mars 2013

Himmelsk.

Det har ikkje vore lett å sjå himmelen siste dagane. Det har lava ned med snø. 
Tidligare i vinter har vi nesten vore snøfri. Her har det for det meste vore veldig kaldt, barfrost.
Så no var det nok vår tur til å få prøve både måkebrett og snøfres.

Eg har funne tilbake til Februar der himmelen viste fargar.
Dette er frå den dagen barnebarnet vårt vart døypt. Då viste himmelen seg frå si beste side.
På dagtid var den heilt blå og når sola gjekk ned kom heile fargekartet til syne.


Himmelsk hjå Petunia kan du sjå HER.

tirsdag 12. mars 2013

HEKLA TEPPE AV RUTER.

No har eg fått ferdig teppet som eg viste litt av her for ei stund sida. 

Det kan trengast noko å varme seg på for no vart det full vinter igjen. 
Her har det kome mykje snø sist natt og i dag.


Slik ser det ut i full størrelse 7 x 9 ruter.
Bileta vart tatt no i kveld så fargane er ikkje heilt rette.
Eg var litt betenkt på desse fargane...men eg vart kjempefornøgde.
Når eg starta var det tenkt til å ha ute i sommarhuset, og dit kjem det når vi opnar det for sesongen.


Har brukt Safir ullgarn på heklenål nr. 4.
Mønstra er frå Drops Design og den kan du finne HER.


Her ser du samanheklinga av rutene. Den går i sikksakk. Det er ikkje den som er i mønstra.
 Kanten rundt har eg forandra litt på også. Har tatt vekk ein omgang med stavar og så har eg 8 stavar i staden for 10 på siste omgang.


Då gjenstår det berre å slenge seg på sofaen under teppe og lune seg i vinterkvelden.

Ha ein herleg kveld alle som kikar innom meg.


lørdag 9. mars 2013

RUSLETUR TIL SVUNNE TIDER.

I strålande ver gjekk turen i dag til det vi kallar " Kalken ".
Det er 5 minutts gange frå heimen min og det er i fjøra.
I to epokar på begynnelsen av 1900 talet var her kalkutvinning. Den siste epoka vart avslutta i 1938.
Det var grunneigarar som starta opp for å tjene nokre ekstra kroner i tillegg til gardsdrift.
Dei måtte leige inn arbeidskraft av andre bygdefolk i tillegg.


Her står kalkovnen. Den er restaurert. I kammeret under la dei inn brensel når dei skulle brenne kalkstein til kalk. Den vart levert i tønner til mottakarane. 


Kva denne muren vart brukt til veit eg ikkje, men mulignes var det skinner som låg der som vart brukt til å frakte steinen frå gruva til ovnen.

Det var i fjellet litt opp om her dei tok ut steinen. Dei tunellane er fylde igjen med masse no så dei ser ein ikkje.


Det er berre pålane som står igjen frå kaia som vart brukt.
Her ser du dei er omkransa av kalkstein.


Slik ser pålane ut på nært hald. Viser at åra har sett sine spor.


Mykje av fjøra var islagde. Det knaka i isen.


Heilt skyfri himmel. Landskapet kunne spegle seg i sjøen.

Denne turen vil eg dele hjå Vivis Helgegleder.
HER kan du sjå og dele helgegleder.

Ha fortsatt ei god og stemningsfull helg.

Frå MarJE.



torsdag 7. mars 2013

RETT FØR SOLNEDGANG.

Kveldens himmel rett før sola gjekk ned.

Det har blitt kaldare i lufta igjen med minusgrader. Slikt blir det fine dagar av med blå himmel og nydelig sol.
Ei flott helg er det meldt.


Mitt himmelske bidrag hjå Petunia.
Klikk deg inn HER for å sjå alle bidraga.

¤

Eg er så glad og overraska over alle koselige besøk og ord som blir lagde igjen.....heilt fantastisk.
Hjartelig takk, alle saman.

Som dåkke sikkert ser har eg hatt besøk i dag av ei hjelpande datahand og då måtte bloggen få seg ei vårfornying. 
Kva dåkke seier, vart det bra ??

onsdag 6. mars 2013

OVERRASKELSE UTE I HAGEN.

I dag hadde eg bestemt meg for å klippe epletreet. Kanskje lurt å gjere det i nokon lunde rett tid, så kanskje eg slepp alle skudda som går rett til vers.
( Overraskelsen kjem til slutt : ))


Her står det ilag med mitt innepakka drivhus på heile 5 kvm. Skulla faktisk ønska det var minst 15 kvm.
Men eg får fram tru det eller ei rundt 450 plantar inne der.
Visst ein vil hardt nok går det meste.
Plukka med meg nokre av dei kvistane eg trur det kjem blomster på inn til driving.


I går kveld lagde eg siste ladninga med fuglemat. Når den blir tom regnar eg med det er full vår og fuglane klarer seg på eiga hand.
 ( Har ikkje hengt den opp enda ). 

¤

Snøen ligg fortsatt ganske hard i beda, men eg måtte gå meg ei runde å sjå om det ikkje kunne finnast nokre små vårteikn.


Jammen var ikkje ei tue med snøklokker på veg opp ganske nær husveggen.
Kjende den gode vårfølelsen med ein gong.


Her stikk ei Akelie seg fram, øverst Potentilla fragiformis, nederst blad på Kaprifol.

¤
Her kjem den herligaste overraskelsen.....tralalala......
Etter sist sommar hadde eg ei heil kasse med såpotter av stauder som ikkje hadde spirt.
Den sette eg under ein hagebenk nedom drivhuset. Ikkje optimale forhold, regnar rett ned i den gjennom sprinklene på benken. Men eg brydde meg ikkje så mykje om det, tenkte at det ikkje vart noko spiring. Sveiva meg nedom og drog fram benken.....den største gleda ein hagegal kan få, spirar i tre av pottene. Tenk...når det spirer i slike forhold då må nesten alt gå an. Det har så vidt vore 3- 4 varmegrader på dagtid.


Allium victorialis , ser du dei mellom mosedottane.


Allium ovalifolium. Og så var det Anemone obtusiloba mix som hadde spirt. Trur dei var blå og lyse gul, kvit.

¤

Når eg for inn måtte eg ta med meg fire potter av stauder som eg sådde før jul. Klarte ikkje å holde meg, spennande å sjå om dei spirer. Har sett dei på baderomsgulvet.


Ha fortsatt ein god dag !!

Frå MarJE.