torsdag 22. januar 2015

Lommetøfler str. 3 - 5 år.

Eit lite kveldsstrikk blir til eit par små lommetøfler.
Raske og enkle å strikke.


Strikka dei i Sports ragg 70 % ull og 30 % polyamid på pinne nr. 4.
Brukte under eit nøste.


Dei ser veldig små ut men tøyer seg og er heilt sikkert passelege opp til ein 5 åring.


Blomen hekla eg av ein rest ullgarn.

I oppskrifta er reima strikka like lang på begge sider slik at den blir sydd saman opp på. Men ein kan lage ei kort og den andre tilsvarande lang slik at den blir sydd saman på sida visst ein ønskjer å ha pynten der.
Oppskrifter finst det mange av på nettet men eg brukte DENNE.
Blomen hekla eg på frihand.

Fint restegarnprosjekt.

Ha ein god kveld.

MarJE

torsdag 15. januar 2015

Medan eg ventar på våren.

Her må det sittast hardt på hendene så ikkje fingeren glid bort på knappen for bestilling av frø.
Etter ein ryddesjau i haust måtte eg bestemme meg for å ha ein sesong uten frøbestilling.  Har nok som det er til mange sesongar. Berre nokre ferske tomatfrø må kjøpast. 

Ser at mange har begynt såinga og eg får glede meg over det eg les om temaet i andre sine bloggar, enn så lenge. Skal prøve å drøye såinga litt slik at det ikkje blir så fullt alle stadar inne. Eit håp om at eg kan få sette ut i drivhuset ganske raskt etter prikling.
 Så får vi sjå kor lenge eg klarer å sitte på hendene  : )



 Medan vinteren fortsette ute har eg kika på det som overvintra inne. Ser ut som det står liv til med det meste. Blodbegera og pelargoniane er det spirar på. Knollar og løk av ymse slag ser fine ut.


Inne blir det kjøpt litt vår nytt å kvikke opp med.


Krysantemum.

Ei lita tilståing : eg har bestilt LØK frå Kina. Hadde aldri våga å gjort det sjølv, men eg var så heldig å få tilbud om å være med på bestilling frå ein erfaren hagemann frå Harstad, Magnar som så mange kjenner gjennom sin store hagelidenskap. Det er løk av forskjellige sortar Nemocharis.
Spennande ........gled meg til dei dukkar opp.


I hagen yrer det av fuglar. Rødstrupen har vore fast gjest i fleire år. Denne sesongen har det kome fleire eksemplar av den.
Har matstasjonar mange plassar og det går uante mender for.


Desse kom i ein stor flokk. Såg ut som duer og var ganske store. Hadde mykje kvitt under og på ryggen mellom vingane. Eg måtte slå opp i fuglebøkene mine og vart overraska då eg fann ut at det måtte ver gråtrost. 



Nokon som veit om det stemmer ? 
Trudde den var heilt vanleg her, men denne har eg ikkje sett før.
Trudde rett og slett ikkje den såg slik ut.



For å ikkje sitte hendene heilt flate medan eg ventar på litt hagerelatert ser dåkke her kva eg syslar med. Strikkepinnane og heklekroken klirrar flittig.

Hadde lisjemora på overnatting i går og då måtte ho prøve litt av produksjonen. Her ein vott av to forskjellige par.

¤

Ha det fint så lenge.

MarJE