tirsdag 31. desember 2013

SISTE DAGEN I 2013.

Tenk at vi er komne til årsskiftet alt.
Til no denne vinteren har det knappast vore kuldegrader her hjå oss og det kan vi sjå i hagen.


Denne Primulaen kjøpte eg etter jul i fjor. Klarte å holde liv i to av dei som vart planta i hagen.
Dei er fulle av blomar. Ikkje så fine p.g.a alt regnet.
Mange av dei andre primulne blømer også.

Ein av klematisane er klar for å sende ut blada. Alunrota står fin og Syrinen som eg planta i sommar skyt opp med mange nye skudd.
Kan ikkje sei at eg likar denne tidlige spiringa men naturen gjer som den vil.


Årets siste trimtur i dag. Den gjekk opp Skålavegen på andre sida av fjorden frå der eg bur.
Det regna og det låg eit dis over landskapet.


Øverst er denne flotte hytta. No er den julepynta med mykje lys.
Det er herifrå eg har tatt utsiktsbiletet.

¤

Ja....siste dagen i året. Då er det tid for litt tilbakeblikk og også for tankar inn i det nye året.
Når det gjeld nyttårsforsett .....det har eg slutta med forlengst fordi dei har sjelden blitt oppfølgt av ein eller anna dårlig grunn.
Men likevel i år har eg tenkt ut eit aldri så lite.
Syns synd på vesle Ella ( barnebarnet ) visst ho skal gå igjen i oppgjensydde gjenbrukskle av meg. Derfor har eg bestemt meg for at eg skal slutte å putte i munnen alt som freistar slik at eg kan bruke kleda sjølv. Så gjenstår det å sjå om kleda sluttar å krympe om nokre veker : ))
Ja, det er rett og slett berre å få på seg fjellskoa og kome seg ut i skogen for å nyte det gode livet der.



Med desse sommarminna frå Hagen i svingen vil eg ønskje alle mine lesarar

EIT GODT NYTT BLOMSTRANDE ÅR !!

Beste helsing frå MarJE

lørdag 28. desember 2013

I DAG FOR EIT ÅR SIDAN.........

..........var ein stor dag for oss.
Vi vart besteforeldre til vesle Ella.


Det første året i eit lite menneske sitt liv er nok det året der utviklinga er størst.
Frå eit lite hjelpelaust spedbarn til eit barn som begynner å klare ting sjølv.

I dag har vi feira......


...........med pakkar og god mat.
I ein av pakkane var det eit stykke av både besta og besten. Eg sydde forklekjole av ei dongeribukse av mi og fora den med ei skjorte frå bestefaren. 
Den kan brukast på begge sider.


Måtte ha litt røfft tilbehør. Lange sokkar som rekk litt over kneet.
Brukte eit melert garn og merkelig nok vart det sånn nokonlunde likt med fargane på begge sokkane.
Mønster frå Drops design.
Strikka ei smekke til også men den har ikkje blitt med på bilete.


På ønskelista stod det ......litt stor hekla ball. Slik vart den.


Marsipankake til Ella frå Besta.

Gratulerer med dagen vennen og gode ønskjer for deg vidare.

Klem frå Besta di.

tirsdag 24. desember 2013

JULEHELSING.

Med + 10 grader og eit snøfritt landskap.......


........vil eg ønskje alle mine lesarar ei god, gledelig og fredfull jul.

Takk for alle fine ord, respons og svar på mine spørsmål og til alle som kikar innom og les om mine krumspring.


Varm juleklem frå

MarJE.

lørdag 14. desember 2013

HELGEGLEDER

Ei veke er snart over, medan ei ny er i vente. Den siste heile før jul.
Det har vore veldig variert ver siste tida. Frå mildver til full vinter, og tilbake til mildveret igjen.
Stormen Ivar var så vidt han sneia innom her for å vise krafta si med å velte litt krukker. Han berre sa ifrå at eg måtte få dei i hus før han kosta vidare.

Litt helgekos har eg holdt på med no i kveld.
Heime åleine, då må eg finne på noko og jammen smakte det godt også.


Medan eg venta på at brøda skulle bli steikt laga eg brente mandlar.
Tok meg skikkeleg tid å brukte svak varme så denne gongen vart dei slik dei skal ver, ikkje brente men karamelliserte. 


Farlig godt.

¤

Tidligare i dag oppdaga eg at det var fleire nye fugleartar i hagen. Bileta er tatt gjennom eit ikkje alt for reint vindauge og så har eg forstørra opp slik at det skulle ver mogleg å sjå dei. Kvaliteten er derfor dårleg. Eg har ikkje fått orientert meg om kva sortar det kan ver enda, men kanskje du som kikar innom veit det ?


Dei var i grusbedet å bada i støypekaret som er der. Der var så mange at det var kø for å få seg eit julelaug.
Spurven ville delta i selskapet.
Nokon som veit kven desse er? Det er dei som har dei gule stripene på vingane.



Eg regnar med at dette er par. Den eine er grøn på brystet medan den andre er meir grå.



Så var det denne  som står i venstre hjørnet. Den har litt brunt bakover vingen og på brystet.
Veldig klare teikningar i fjøyrdrakta.
Her bada dei så det sprutar.


Slik ser den ut framme. Kan sjå ut som dette også er eit par. Ser det er fargeforskjel og så har den eine skarpare teikningar.

No må eg ha meg fuglebok så eg kan finne ut kva slags fuglar som dukkar opp i hagen.
Hmmmmmm......kanskje ein ide å ønskje seg no i desse tider : )



Litt late som tok alle bileta gjennom vindauget i dag, men dåkke veit at eg kan skreme dei visst eg vasa meg utadørs : ))
Eit tips som fungerte supert. I staden for å lage fuglematen i beger å fylle i mataren, lagde eg det denne gongen rett i mataren. Den i midten her. Kledde den med plastfolie og fylde den opp. Stakk eit par pinnar gjennom så fuglane kan stå på. Den må få tjukne litt før du fyller den i.
Har laga fleirdobbel oppskrift og brukar Moseplassen si. Den fell i smak hjå denne gjengen.
Fann nokre avsette koppar i buda som vart fylde med mat og hengt opp og eit fuglehus som vart hengt mat støypt i kakeformer inn i. Ser nærmast ut som eit jugletred med alle slags matarar dinglande oppi.
Slik blir det når det dukkar opp nye gjestar. Dei må få mat.



På pinnane akkurat no......tilbehør til juleantrekket til barnebarnet.
Blir nok ferdig i kveld.

Då gjenstår det å ønskje alle ein fortsatt trivelig Laurdagskveld.

Eg deler helgegleder hjå Vivishagerom og litt til.

fredag 6. desember 2013

HEKLA LYKT, JULESTEMNING OG FRØ.

Når vi ser ut på det kvite landskapet med snøføyke og tempratur på nokre minusgrader, tilseier omgjevnadane at det skulle ver julestemning i massevis.

Den har uteblitt til no. Så her var det berre å finne fram litt meir lys. Både levande og elektrisk.


Stemninga steig med ein gong.


Måtte prøve dei nye lyktene som eg hekla med syltynn tråd, heklenål 0,75.
Sjølv med heilt nye arbeidsbriller i dobbelt så sterk styrke som dei gamle var det jammen ikkje nok til dette arbeidet.
Skal tru.......det kan vel ikkje ver moglig at det har noko med alder å gjer : D
Må kjøpe meg eit par som har laserglas til slikt pirk......:))
Men.....lyktene i slik tynn tråd vart dei finaste eg har laga etter min smak. Dei er heilt enkle og uten mønster. Dei består av luftmaskar, fastmaskar og stavar. Alle som vil får desse til.
BERRE PRØV.


Nokre små søte englar som eg hadde liggande for hand pynta opp.


Jabadabadu........julafta her når slike herlige posar dukkar opp.
Frø bestilt frå  Garden Living. Kjemperask levering, så det kan eg anbefale. Litt av både stauder og sommarblomar. 
Eg skulle ver streng med frøbestilling i år, eller rettare sagt skulle eg ikkje bestille i det heile tatt.
Men måtte berre ha litt.......og ( hysj ) meir er bestilt.
Gled meg stort til våren.

¤

Eg har sett på nyheitene at veret har vore skikkeleg ruskete rundtomkring i landet vårt.
Håper det ikkje har blitt dei heilt store skadene hos dykk verken på folk, hus eller hage.
Vi var veldig heldige denne gongen. Her slapp vi unna med litt vind og eit godt lag med kvitt dryss som vil verne godt om plantene ute.

Rett og slett eit kvitt, reint landskap denne gongen som vitnar om at jula er i rute.

¤

Ha det trivelig alle saman rundomkring i alle heimar.
Eg les bloggane dåkka og ser at det er mykje trivelege juleforberedelsar på gang.


No blir det litt staudesådd hjå meg : )

God kveld.

MarJE




mandag 2. desember 2013

EIN FORSMAK PÅ JULA.

Første helga i advent og vi smakte på julematen.


Vi brukar å ha kvite adventslys, men i år var det ønskje om lilla og slik vart det.

Å samle alle julekvelden er det lenge sida vi har fått til. Fleire av oss jobba turnus med forskjellige intervallar så det er alltid nokon som jobbar jul.
Derfor hadde vi litt julekveld denne Laurdagen med vår julemattradisjon og pakkeopning for dei som er vekke i jula.
Vi et pinnekjøt med lefser til på ein spesiell måte : )
Visst du vil lese om vår julemattradisjon kan du gjere det HER.


Litt juleblomar høyrer med ein slik kveld, her sviblar......


...........og julerose.
Amaryllisane slo også ut i blome til denne helga men dei vart ikkje med på bilete.



Levande lys i alle krokar.


Mine helgegleder som eg deler hjå Vivishagerom og litt til.

Eg ønskjer alle ei koseleg adventsveke.

MarJE.

fredag 29. november 2013

SKAPPELJAKKE TIL MEG SJØLV.

Fekk så lyst på ei litt stor varm jakke......
hadde aldri trudd at eg kom til å strikke meg jakke ala Skappel.

Men det blei det, på min måte. Eg strikka den i litt fastare former enn orginalen og med litt andre detaljar  :))

Modell har eg fått meg også......


......som studerar veldig på gulvet eller er det sokkane : )

Jakka er strikka i dobbel alpa frå Europris. Ein tråd mørk koksgrå og ein tråd lys grå.
Faktisk veldig god å strikke av og fargekombinasjonen er eg veldig godt fornøgt med.
Mønster har eg ikkje brukt. Lagt opp etter slik eg synst den skulle ver ( ikkje så vid )


Sidare bak enn framme og splitt i sidene.


Broderte på hjerte bak og eit framme på eine lomma.
Den er flatmontert. Då blir det ikkje utstikkande saumar.

Lommene sette eg på utvendig med ribbestrikk øverst.
Har hekle ein omgang fastmaskar rundt halsopninga slik at den skal ver litt stødigare.
Lurer faktisk på om eg skal hekle ein slags kant framme også og sette på nokre knappar på midten.
Følte at det var noko som manglar når eg ikkje kunne ha den igjen. No har eg brukt ei stor nål.

BØØØØØØØØØØØØØ.......


.......litt skreming måtte til for at denne dama skulle kike på meg.
Mor til verdas vakraste, vår vesle ELLA ( barnebarnet vårt ).

Tusen takk for oppdraget og for at du har renska opp bloggen min.
Det er ho som har fiksa ny header og litt til.

¤ ¤ ¤

Eg er takksam for gode ord som dåkke legg igjen til meg....veldig kjekt.
Tusen, tusen takk !!

No går vi inn i den første adventshelga.
For mange av oss ei tid med venting, undring og spenning,
men også ei tid der gode gjerningar blir gjort for nokon som treng det eksta sårt.

Ha ein god kveld og ei fin adventshelg.

Klem frå MarJE.






mandag 25. november 2013

NYTT BESØK I HAGEN.

På min veg til varmkomposten no i skyminga såg eg at mitt nye besøk var oppmøtt.

Rakk å springe inn å hente kamera........


....Flaggspett. Eg er så kry : ) Den har vore her nokre dagar og etter det eg kan sjå er det ei dame. Herren har ein raud flekk på hovudet og det har ikkje denne.
Dåkke ser det på bileta at mørket var på veg....men eg fekk beviset i kameraet. Det var det viktigaste : D


Lagde ny ladning med fuglemat i går. Det virkar som det er den som fell i smak.

Under Fagerbuska som maten heng i står varmkomposten. Så etter kvart blir vi nok bedre kjende.
Dei andre små har blitt veldig fortrulege.

Eg ønskjer alle ein glad kveld.

MarJE.

søndag 24. november 2013

SMÅ HELGEGLEDER.

Denne helga har det gått frå vinter til regn og vind, og no tilbake til full vinter igjen.
Ja, slik kan det variere på denne årstida.

Var faktisk deilig med vind og snøfokk i ansiktet når eg gjekk på tur.
Friskt og godt.

Siste tida har eg blitt veldig begeistra for fuglane som det er blitt mange av her i hagen.

Sjå kven som var komt i fruktskåla mi utafor inngangsdøra.......


.......Svarttrosten. Den gnafsa i seg epla. Det er både herr og fru som kosa seg, og etter magen å bedømme har det gått ned nokre epler : )


Eg fekk gå heilt nær......kunne nå den med handa.

Så blank og fin ..... ikkje rart ein blir begeistra sjølv for denne matmonsen her.


Laurdagskvelden var eg ensom. Då fann eg fram mine retropermar frå ein handarbeidsklubb eg var med i for maaaaaaaange år sida. Desse var på nippen til å bli kasta i ein ryddesjau, men heldigvis vart eg stoppa i tide.
I ein konvolutt fann eg kvitteringane, så då fekk eg sjå kor lenge sida eg var medlem. Eg var ikkje meir enn 14 år. Har nok vore over gjennomsnittet interessert i denne hobbyen også.
Men det eg skulle sjå etter var om der var nokre mønster eg kunne bruke. Jammen var der mykje som er like aktuelt i dag. Eg fann fleire mønstre både i strikking, hekling og saum som skal prøvast når ledige stunder dukkar opp.......
Dette var ei skikkeleg kosestund ¤


Så eit lite teikn på at jula nærma seg.
Fruktkakene som må lagast i god tid. Dei må ligge å godgjer seg i kjøleskapet for å bli saftige.

Helgegleder som eg deler hjå Vivishagerom og litt til.

Ønskjer alle ei god veke, den siste før advent.


tirsdag 19. november 2013

SYMASKINA I SVING.

No måtte den fram skulle oppdraget eg hadde tatt på meg bli i orden til julebord sesongen.

Ganske enkelt, legge opp ein kjole. Ikkje det kjekkaste så eg må liksom berre bestemme at no må det gjerast.

Har lenge tenkt at eg skal sy litt småting. Så når først maskina var framkoma vart det ein liten prøveklut.


Her er gamletruska. Nærma seg 30 år og den har sydd mange mange meter eller kilometer eller var det mil : )
Eg sydde mykje før. Den seinare tid har det vorte så lite at eg måtte gruble litt på korleis den skulle stillast inn.
Det var smekke eg gjorde ein prøveklut av.
Gjenbruk av stoff....det har eg vorte inspirert av rundt omkring i bloggane.
Ein gensar av min som hadde forandra fasong, vorte ubehagelig å ha på av ein eller anna grunn : ) og så ein fleecegensar som minstekaren i huset hadde vokse ut av. Fin å ha til bakstykke.


Ja, her var det eg måtte tenke litt. Hugsa ikkje korleis eg stilte inn når det skulle syast knapphol.
Men det vart knapphol av det.


Vips, så var det ferdig. Knappen er også frå gensaren.
Kjempelett å lage. Alle kan få til eit slikt.
I staden for knapp og knapphol kan det brukast trykk knappar eller borrelås.
Og visst ein ikkje vil vrengsy den kan ein heilt sikkert sy med litt tett sikksakk rundt.


Lurt å klippe opp fleire før ein starta syinga, då går det unna.


Detaljar og her ser vi baksida som er fleece.
Kjekt og enkelt å sy.....slike blir det fleire av.

Her er gensarane som vart brukte.  Så har eg strimla opp sengekle som eg tenkte å prøve å hekle eit rundt teppe av.  Det tok ufattelig med tid og veeeeeeeeeeeldig mykje støv.
Men ...men gled meg til eg skal prøve å hekle av det.

Medan eg kosa meg inne lava det ned ute. 


Skikkeleg julestemning.
Godt for blomane at vinterdyna la seg om røtene og verna dei mot kulden.


Ha ein god kveld.

MarJE.

søndag 17. november 2013

EI HELG MED MYKJE VER.

Dette har vore ei skikkeleg inne helg her på vestlandet.
Med mykje regn og vind i lufta kosar vi oss.....


......inne med tente lys og så har det blitt litt nye blomar.


Kvite Azalia og.......


........rosa.


Her ein kvit Amaryllis som eg tjuvstarta med litt julepynt rundt.


Litt nytt utfor inngangsdøra......falt for fristelsen , ei kvit Julerose. 


Hengde opp litt av dei hekla snøkrystallane mine i ei grein av vrihassel.


Ei litt lat kosehelg har det vore for min del. Ikkje den store aktiviteten sida eg har jobbhelg......

......mine Helgegleder er rett og slett kosehelg inne.

¤

Adventstida nærma seg med stormskritt, så aktiviteten rundt omkring er nok stor, kreativ og spennande.
Koselig å kike innom bloggane dåkka å sjå kva dåkke styrer med.

Ha ei god og innholdsrik ny veke alle saman og
takk for alle besøk her på bloggen.

Klem frå MarJE.