lørdag 29. desember 2012

DEN FINASTE ROSA.........

.......kan ikkje måle seg med det vi har opplevd denne jula.

Vi har blitt besteforeldere til ei flott lita jente. Vårt første barnebarn og det er det første på begge sider.
Så vi er jublande glade alle saman.

Tova tøfler som besta har strikka til vesle jenta.

Med fire nybakte besteforeldere og 4 onklar er det vel stor fare for at vesle jenta får det akkurat som ho ønskjer. Slik skal  det være for oss.

Eg vil ønskje den vesle hjartelig velkoma til bestemorhuset,
 når ho vil, visst ho vil og aller helst heile tida.

Vi gled oss til å bli  kjende.

¤ ¤ ¤

No er snart eit innholdsrikt år over og med det vil eg takke for all oppmerksomheit her på bloggen min.
Det er overveldande å få slik god respons på innlegga og kjekt at dåkke tek bryet med å svare når eg stiller spørsmål. Det er det som gjer blogginga så trivelig og inspirerande.
Tusen takk alle saman.

Må nok også innrømme at eg har gått over mine breddegrader med å dele om meir nære ting, slikt som eg har vore veldig restriktiv til tidligare med mine born. No er det nesten dei som må stoppe meg  :D
Men slik har det blitt fordi det er så mange kjekke bloggvenner rundt omkring.

Med dette vil eg takke alle bloggvenner og alle lesarar for eit kjekt, inspirerande og innholdsrikt år.

GODT NYTT ÅR !

På gjenhøyr alle saman.

Stor varm bestemorKLEM
frå

MarJE.

torsdag 27. desember 2012

VINTERSTEMNING.

Endelig kom det skikkelig julestemning her hjå oss.
I går kveld kom snøven og det har dryssa sida det. Den er lett og fin med ca. 3 minus i lufta.

No går eg på Julefri, så eg måtte ut i hagen ein tur for å nyte den friske lufta.
Slik såg det ut der.


Inni mellom bygene skein sola bak skyene.
Som dåkke ser er drivhuset pakka godt inne, skal ikkje ha gjentagelsen av fjorårets Dagmar. Då flaksa platene rundt om i alle retningar og langt avgarde ( 3 - 400 meter). Var kun ei eg ikkje fekk levert på døra av kjekke bygdefolk som hadde sanka dei saman.
Så var det ei runde med påfyll av mat til fuglane. Har diverre ikkje godt nok kamera til å ta bilde av dei. Her er det beste eg fekk til av ein svarttrost : ) 

¤ ¤ ¤ 

Held på å vurdere nytt kamera ( har berre eit lite lommekamera ). Har du gode tips og råd om kamera, tek eg gjerne i mot : )

Ha ein lun god kveld, og nyt fortsatt fine romjulsdagar.

Helsing MarJE.


søndag 23. desember 2012

GOD JUL .

No er det meste klart til julefeiring i Hagen i svingen.

Så då gjenstår det å ønske alle mine lesarar ei

God , gledelig og fredfull Jul.


Hjartelig takk for alle besøk og fine kommentarar som vert lagde igjen.

Det varmar og gledar meg.

¤ ¤ ¤

Eg vil sende mine varmaste tankar i julehøgtida til dei........




...... som treng ei ekstra hand å holde i og.......


........ til dei som må gå vidare med eit sakn og tapet av nære kjære.


Varm KLEM

frå

MarJE.

fredag 21. desember 2012

HEKLA SNØKRYSTALLAR OG LITT PYNT.

No nærmar det seg den store høgtida.

Pyntinga er godt i gang og her kjem ein forsmak.

Tenkte det var best å få ut eit innlegg før kl.12.00 i dag, då skal visst jorda gå under : ) )

Så vi får sjå om det blir meir blogging.


Siste tida har det vorte ein god del småhekl som desse snøkrystallane.

Mønsteret har eg funne i heftet Juleideer frå Familien 2012 og frå enkelte blogger.


Litt av det eg har brukt dei til. På lysestakar og dei populære Noregsglasa. Lysestake i midten vann eg hjå Tante Titti på gavedrysset hennar. Tusen, tusen takk. Den er kjempefin.


Tallerkendempar, lyslykter og stjerner. 


Stjernene er pynt i eina eg surra saman på forrige innlegg. I den har eg også hengt opp pynten eg vann
hjå Amo.


Litt meir dill.


Litt av det eg laga i forrige innlegg brukt i dekorasjonar.


Forberedelsar til det som skal under treet.

¤ ¤ ¤

Det er så koselig med alle fine, gode og informative kommentarane som vert lagt igjen, tusen takk.

På gjen høyr alle saman.

Før juls klem frå MarJE.

tirsdag 18. desember 2012

HJERTER OG .............

............. litt forberedelsar til pynting.

Somme ryddar, vaskar og pyntar no i desse førjulsdagane, 
men eg rotar : )

Har laga litt som eg kan pynte med og surra saman einer slik at det er kalrt til bruk.
Var så surt og gufse ute at eg drog med meg inn i gangen alt eg skulle bruke.
Sette meg på gulvet å gjekk i gang.
Faktisk veldig kjekt å holde på med slikt......kosearbeid.


Det vart 3 hjerter av bjørkekvistar, hjerter og små kransar av blåbærlyng. Surra saman greiner av eine som eg skal henge litt pynt i. I den blå bytta står eit lite mini juletre. Trur det er det finaste og tettaste treet eg har sett. Måtte berre ha det med meg heim .



Hjerter og kransar av blåbærlyng. Dei surra eg med grøn ståltråd så dei ikkje skulle ver så bustete.



Hjerta av bjørkekvist  surra eg berre kvistane rundt kvarandre. Kjekke å bruke heile året.

Så gjenstår det å sjå om eg klarer å finne på korleis eg skal pynte med dei.

¤ ¤ ¤

I dag rekk eg ikkje å besøkje bloggane rundt omkring. Eg skal snart på natt jobbing, mi siste før det braka laust til jul. Har jobb jul i år. Koselig det også.
Men eg kjem sterkare tilbake i dagane som kjem.

Ha ein stemningsfull kveld og ei GOD NATT alle som gjestar meg her.

Nattaklem frå MarJE. 

mandag 17. desember 2012

TOVA TØFLER

I denne kalde årstida er det godt med litt å varme føtene sine i.

Så no vart det to par tovatøfler.
Kven dei er til skal vere usagt........litt hemmelig i desse tider : )


Strikka dei på pinne nr.6 i ullgarn som er lett å tove. Har enorme mengder på lageret mitt så det er berre å forsyne seg derifrå.


Broderte hjerte på dame tøflene og eit ukjent ( ja, kva er det...berre fantasien som kan bestemme ) mønster på herretøflene.


Her er dei før toving. Dei var rett og slett kjempestore. Herre tøflene såg nesten ut som elefant øyre.
Men etter ein omgang i maskina på 60 grader med ein skvett grønsåpe i vart dei utrulig nok akkurat passelige.


Mønster til tøflene fann eg på bloggen til Alva. Det er ei kreativ dame som har ein flott blogg det er verdt å besøke. Ho syr mykje og lagar dei flottaste kreasjonar, men også anna handarbeid og hobbyrelaterte aktivitetar. Ho har også fotoblogg. Den kan du gå inn på via bloggen som eg legg ut link til her Postkjellaren Tekstil og Nostalgi.

¤ ¤ ¤

Til alle koselige bloggarar og besøkande som vitjar meg her på bloggen min enten du legg igjen kommentar eller berre les litt. Tusen, tusen takk for alle besøk.

Håper alle har det fint no i førjulstida.

Stor varm klem frå MarJE.

lørdag 15. desember 2012

UUNNVÆRLIG JULETRADISJON.

Det blir ikkje jul uten middagsløfser.
Det er ein tradisjon mor mi hadde med seg frå heimstaden sin. Ho kjem i frå ei bygd i Sogn og Fjordane. Der er dette heilt vanlig. 
Det er det hjå oss også og uten desse løfsene vert ikkje pinnekjøt middagen slik den skal.
Nye medlemmar  som kjem til i slekta å får smaken på det, tek til seg tradisjonen med ein gong.

Prøvde meg eit år på eit forslag at vi kunne prøve uten, men då vart det streik. Så det var berre å hive seg på bakinga.

Er tenkt å demonstrere korleis vi gjer det.
Det er litt spesielt men nydelig godt.


 Her er bakeprosessen.
Når dei er ferdig steikte må dei bløytast, legast i lag og snu dei om ofte til dei er mjuke og kan rullast saman.
Frys dei ned i porsjonar.


Sidan eg ikkje har julemiddagen å demonstrere med brukar eg eit tørkepapir. Det skal forestille maten  : )
1. Vi legg alt som høyrer til middagen slik du ser papiret på biletet.
2. Brettar opp snippa og rullar det saman til ein rull.
3. I skåla er det ribbefett utblanda med krafta frå panna med dampamår.
Opp i der dyppar vi rullen og et den. For kvar bit dyppar vi på nytt.
NB!!! Kvar person har si eiga skål.

Det kan ikkje samanliknast med å ete maten på vanlig måte.
Dette er så mykje meir smakfullt .
For oss uunværlig.

¤ ¤ ¤

Løfsene vart baka ei helg tidlig i Desember, så med dette innlegget vil eg vere med på Vivis..... HELGEGLEDER.
Fleire helgegleder kan du sjå HER.

¤ ¤ ¤

Ønskjer alle ei god, lun og trivelig helg.

torsdag 13. desember 2012

LITT HIMMELSK.

I det kalde været som har vore siste tida har himmelen vist seg frå si beste side.

Med desse bileta er eg med på Himmelsk hjå Petunia.






Bilda er tatt frå min hage.

Fleire himmelske bidrag kan du sjå HER.

onsdag 12. desember 2012

SJÅ HER............

.......... kva som kom flygande til meg i posten i går.

Julegåver som eg skulle pakke opp før jul : )


Julepynten eg vann hjå Amo med den innholdsrike og flotte bloggen " amo sin blogg ".
Fire søte hjerteforma oppheng i forskjellige grå / sølv fargar. Kjempefine.

Kortet som ho har skreve er ei dame frå nærområdet til Amo som har måla. Ho er lam frå halsen og ned etter at ho fekk  hjerneblødning som 40 åring. Er det ikkje fantastisk for eit pågangsmot !!!!
Veldig flott arbeid.


Tusen, tusen takk for gåva. Gled meg til eg skal pynte med den.

¤ ¤ ¤

Det er ikkje måte på for ei vinnarlykke eg har for tida. Kom eit brev også same dagen med 10 posar staudefrø.  
Eg vann to dagar i adventskalendaren til Anne Kari med bloggen Hagebo. 
Ein flott og informativ blogg. 


Dette er rein lykke. Når eg ser denne konvolutten får eg skikkelig såkløe. Det passa fint for frøda skal i jorda i kveld.
Tusen, tusen takk for premien og for fin såveiledning : )

¤ ¤ ¤

Her kom det litt snø i går og det var jammen på tide så ikkje plantene frys slik på fotane sine.
No har det vorte iskaldt igjen, så i ovnen er det full fyr.

Ha ein fortreffelig kveld og nyt livet i sofaen, på kjøkkenet eller kvar du skulle oppholde deg : )

MarJE.

mandag 10. desember 2012

SNICKERS KULER.


I dag har det vore dagen med matlaging av ymse slag. 
Brød må ein ha sjølv om jula nermar seg. Julesurkålen er kokt og litt søtt til jule kaffien er kome i boks.


Har lyst å dele oppskrifta med Dykk på snickers kuler, ei herlig konfekt.


                                             1 boks peanutbutter
                                             2 dl lys sirup 
                                             1 dl. sukker

Smelt desse 3 ingrediensane i ei panne.

                                              10 dl. cornflakes
                                              1 dl. kokosmasse
                                              1 ts. vaniljesukker

Bland ingrediensane i den smelta massa.

2 plater lys kokesjokolade + ein klatt delfiafett smaltast i vannbad og kulene dyppast i.

Kulene skal vere så små at det er passe til å ha heile i munnen. 
Bruk ei teskei ( dypp den i vatn så det ikkje set seg fast ) å sett dei med på papirkledd plate.
Sett kaldt så dei får stivne før du dyppar dei i sjokolade.


I staden for å dyppe dei er det lettare å ha sjokoladen i ein plastpose. Klipp eit urlite hol og sprut på. Går mykje fortare og blir ikkje noko søl.

Oppbevar dei i tett boks på ein kjølig plass ( kjøleskapet er perfekt ).

¤ ¤ ¤

Så må eg få takke alle kjekke bloggarar for koselige besøk og for alle gledelige kommentarar som vert lagde igjen. Tusen, tusen takk.

Klem frå MarJE. 
  

søndag 9. desember 2012

HELGEGLEDER I MASSEVIS.

Fredag starta det med shopping. Ikkje det at det er så gledelig men det vart det denne gongen.

Skulle avgarde for å handle kle til mi gamle mor som bor på sjukeheimen.
Det er ein fast butikk det vert handla på til ho. Det er fine kle i god kvelitet og det er viktig at den eldre garde får opprettholde følelsen av å bli tatt vare på.  Møre konfeksjon heite den før i tida men no heiter den More Women ( litt reklame ). Før var dette ein butikk for litt over stadiet godt voksne damer. Men dei seinare åra er den forynga og har kle til damer i alle aldrar. Den har opphav 10 min. køyretur frå meg og det er utsalg over heile landet. Denne bedrifta brukar Anette Stai som modell (enda meir reklame ).

( guri....her er det litt av kvart )
Det eg egentlig skulle fortelle her var at eg datt i stavar når eg såg alt det flotte dei hadde og ikkje minst som eg kunne tenke meg sjølv. Det vart ikkje berre tenking....handla til meg sjøl også og er storfornøgd.

  Dette var det eg kjøpte meg.
Svart skjørt i ein fin strikka kvalitet. Viser dårlig på bildet men skjørtet i midten er i eit småruta stoff i svart og bruntonar. Dette er berre lekkert med svarte støvlettar til :)) Så ei tynn strikka jakke (fargane er ikkje heilt rette her ) Ikkje nok med det mykje i butikken var 1/2 pris. Dama bak disken sa dei brukar å ha Januar salget no. Det passa fint :)

¤ ¤ ¤

På veg heim ligg Plantasjen og jammen var bilen min så snill at den blinka seg inn og parkerte utafor. Når dørene opna seg stod der noko som aldri skulla stått der. Eg greide ikkje å gå forbi ( håper dei i heimen ikkje les dette innlegget ) Veit ikkje om eg tårer å skrive det for det berre datt 7 sortar i handlevogna mi og det passa ikkje i det heile tatt med alle dei minusgradene det har vore no. Hold deg for augene, blomsterløk på 70 %. Kva gjer eg ? Må plante dei i krukker og oppbevare dei i garasjen litt isolert. Eg er ikkje heilt klok.
Kan ikkje skrive meir om denne handledagen for det blir aaaaaalt for langt.
( hjelp, langt vert det visst likavel )
¤ ¤ ¤

Så kjem eg egentlig til det som eg ville vise. Laurdag vart det.
Har fått lys i treda  ved inngangen og laga til litt pynt.


Vart i mørkaste laget før eg vart ferdig så bileta er deretter.
Epla som eg hadde hatt i komposten var supre å bruke. Dei var rimfrosne. La dei under treet og i støype karet.


Mosehjerte med lerkekrans rundt og raude bær frå hekken ( heng på lykta ). Det er laga for ei stund sida. I støype karet mitt lagde eg to moseballar, la rimfrosne epler i, kongler, bær, litt grønt frå hagen og kvistar frå skogen.
Så vart det ei stjerne med kvistar frå hekken. Stjerna er laga frå blogg inspirasjon.

Slik ser den store krukka ut. Eit slags metall materiale er den av. Støype karet i nær studie.



Etter mørkrets frembrudd. Dette vart virkelig mørkt.

¤ ¤ ¤

Så dagens slutt.


Eit godt måltid. Lutafisk med potet, erterstuing med gulrotbitar i, bacon og grov sennep.
Nydelig for ganen.

¤ ¤ ¤

Dette var nokre av mine helgegleder. Fleire kan du sjå  HER hjå Vivis hagerom og litt til.....

Ha fortsatt ei trivelig helg og nyt adventstida.

Stor varm KLEM frå MarJE.

torsdag 6. desember 2012

HIMMELSK KALDT !!!

Vi har eit heilt nydelig Desember vær.

Minus 8 grader akkurat no og igår kveld kom det eit urlite melisdryss ( men det var lite ).




Vil du sjå fleire Himmelske bidrag trykk HER.


tirsdag 4. desember 2012

DEKORASJONAR I HAUSTMØRKET..........

......var tema for vår siste samling i mitt lokale hagelag.

 Torsdag for snart to veker sida inviterte hagelaget alle som hadde lyst til ein inspirasjonskveld med tanke på å bruke naturmateriale som hovudingrediens i dekorasjonar.

Vi hadde fått ei fantastisk flink dame til å vise oss korleis ein kan få noko vakkert av billige middlar.

Det vart brukt materiale frå hagen, skogen og litt kjøpt. Det som var kjøpt var ein 10 pk roser + 2 orkidear, 2 små englar og nokre billige former /krukker å ha dekorasjonar i.

Som denne dama sa : Det er ikkje så mykje som skal til for å få til noko fint. Ta noko som er stygt ( då meinte ho kvistar / greiner ) og sett ei enkel rose i det. Det stygge framhevar det vakre. Ho viste det med å sette ei fløyelsraud rose fast i nokre kvistar.....ja vakkert var det.

Her kjem nokre bilder av det som vart laga. Kanskje det kan inspirere fleire.


Advent pynta bord. Her hadde ho laga ein stige av kvistar med 24 trinn. La utover vintergrønt, kvistar med lav på, kongler, 4 lilla orkidear ( dei stakk ho i små vannkolber )  2 små englar og lilla advent lys. 
Sølvfarga duk til underlag. Veldig dekorativt og det kan ligge på heile advent tida. Alt materiale her held seg.

Advent dekorasjon. Blåbærlyng, einer Alunrot ( dei mørke blada )mose ++ 
3 Orkidear og Kinasøte.
Denne vart laga opp i eit lavt sinkfat som stod under tre sinkpotter.


Her er sinkpottene. Ho viste tre forskjellige måtar ein kan pynte dei på.
Ein svibel i kvar potte, mose ,kongler,  kvistar snurra i ein ring, tre kvistar sett opp til ei pyramide og surra saman i toppen.
Bilda er ikkje topp kvalitet : )


Her hadde ho laga ein ball av kvistar. Inni la ho mosekule pynta med bjørkenever hjerte, litt einer og anna grønt + ein orkide. Kjempefint....kan brukast ute på trappa i gangen eller der du vil.


Her var det brukt ei hjerteforma kakeform. Pynya med tre roser, forskjellig grønt, mose, lerkekvistar og små eple plukka ute frå hagen.


Uro med forskjellig pynt. Her er det hengt opp berre for å vise kva ein kan ha i. Hjerta var laga av bjørkekvistar, blåbærlyng, mose/lav, nyper perler tova ull. Her er det berre fantasien som sett begrensingar. Dei hang på ein mosegrodde kvist.


Her sette ho saman greiner av eine og forma det til eit tre. Surra det med streng sette det i oasis ned i potta. Pynta  med sjølvlaga bjørkenever hjerte (desse hjerte var veldig fine ) og nyper. Veldig enkelt og fint.
Det ho sa var ein kan gjere det på denne måten i staden for å kjøpe slike små tre.....lurt.


Her hadde ho laga eit digert hjerte på stamme. Bjørkekvistar som var surra. Fylde opp ei sinkpotte med singel for å få det stødig. Pynta det med ei raud rose og nede ved potta, ein krans rundt med mose, epler og kongler.


Pai form med runde steinar, to orkidear, krans av grøne kvistar som ho hadde funne i skogen og mose med ei enkel perle lagt oppå. 


Så til slutt julebordet.Mange sortar grønt lagt utover. Nokre raude roser sett i små vannkolber, nokre gullstjerner. Ho hadde fryst isbitar med bær i som ho la i stettglasa. Under kunne ein sette små telysglas. Av dei vart det eit fint skin i isbitane som flaut i vatnent. Ho anbefalte å bruke nellikar fordi dei har lang holdbarheit.
Denne dekorasjonen held seg gjennom heile jula.

Til slutt vart dekorasjonane utlodda.

Og alle var samde om at det var ein trivelig kveld og ei fin avslutting på eit innholdsrikt hage år.

¤ ¤ ¤

Nyt tida og kos Dykk med førjulsaktivitetar.

Klem frå MarJE.

søndag 2. desember 2012

ADVENT.

No er ventetida komen....ja, ventetida til jul.

Med den er det mykje som skal gjerast og ordnast......det er selvfølgelig opp til kvar enkelt korleis ein vil gjere det. Det er slettes ikkje nødvendig å stresse for mykje, slik at når julekvelden kjem er ein heilt pest. Lurt å finne ein mjuk middelveg, då går alt så mykje lettare.

Må no innrømme at her i heimen går det unna i svingane for tida .....ein heil del ekstra jobbing og så måååååå no eg gjere litt forberedelsar. Rart med dette her greier ikkje heilt å sleppe.

Julebaksten er godt i gang......eller rettare sagt snart i boks. Har ikkje tenkt å lage all verdens sortar. No lagar eg mest vanlige kaker. Dei eg kan pynte ferdige gjer eg det før eg frys dei og somme lagar eg botnane til slik at det er snerte å ta dei opp å pynte ferdig.

Etter som åra går har eg funne ut at til meir kaker eg lagar er det noko som skjer med kleda. 
Kan virke som dei krympar voldsomt....sjølv om eg vaskar dei på same program :))
Nokon fleire som har same erfaringa ???
Derfor begrensar eg søtbaksten og stressar ikkje med alle dei sju småkake sortane slik som før.

Omsider vart det litt adventspynt hjå meg også. 

Opp på loftet å hente fram stjerne, lyskuler og adventstakar både elektrisk og den som skal vere levande lys i.

 Litt av naturmateriale eg har plukka måtte brukast, så i går kveld sette eg i gang.


Brukte berre naturmateriale frå hagen og skogen. Adventstaken ser du øverst før dekorering.


Tok nokre små duskar med lilla lyng frå ei krukke ute......og slik vart resultatet.




Mosegrodde kvistar, rhododendron, konglar og grønt i forskjellige valørar.


Slik vart min adventstake i år  :)

Ei lita helgeglede frå meg som eg har lyst å bidra med hjå Vivis hagerom og litt til....

HER kan du sjå fleire flotte helgegleder.

¤ ¤ ¤ 

Så vil eg ønskje alle ei fantastisk fin, gledelig og koselig adventstid.

Tusen takk for alle besøk og hyggelige kommentarar Dykk legg igjen .
Det er virkelig ei stor og varm glede for meg.