lørdag 15. desember 2012

UUNNVÆRLIG JULETRADISJON.

Det blir ikkje jul uten middagsløfser.
Det er ein tradisjon mor mi hadde med seg frå heimstaden sin. Ho kjem i frå ei bygd i Sogn og Fjordane. Der er dette heilt vanlig. 
Det er det hjå oss også og uten desse løfsene vert ikkje pinnekjøt middagen slik den skal.
Nye medlemmar  som kjem til i slekta å får smaken på det, tek til seg tradisjonen med ein gong.

Prøvde meg eit år på eit forslag at vi kunne prøve uten, men då vart det streik. Så det var berre å hive seg på bakinga.

Er tenkt å demonstrere korleis vi gjer det.
Det er litt spesielt men nydelig godt.


 Her er bakeprosessen.
Når dei er ferdig steikte må dei bløytast, legast i lag og snu dei om ofte til dei er mjuke og kan rullast saman.
Frys dei ned i porsjonar.


Sidan eg ikkje har julemiddagen å demonstrere med brukar eg eit tørkepapir. Det skal forestille maten  : )
1. Vi legg alt som høyrer til middagen slik du ser papiret på biletet.
2. Brettar opp snippa og rullar det saman til ein rull.
3. I skåla er det ribbefett utblanda med krafta frå panna med dampamår.
Opp i der dyppar vi rullen og et den. For kvar bit dyppar vi på nytt.
NB!!! Kvar person har si eiga skål.

Det kan ikkje samanliknast med å ete maten på vanlig måte.
Dette er så mykje meir smakfullt .
For oss uunværlig.

¤ ¤ ¤

Løfsene vart baka ei helg tidlig i Desember, så med dette innlegget vil eg vere med på Vivis..... HELGEGLEDER.
Fleire helgegleder kan du sjå HER.

¤ ¤ ¤

Ønskjer alle ei god, lun og trivelig helg.

18 kommentarer:

  1. Så koselig med sånne gamle mat tradisjoner! Det er jo flott at du fører det videre :) Ha en fin helg, klem!

    SvarSlett
  2. Hei!
    Dette er ein tradisjon som er heilt ukjent for meg!
    Ser litt spesielt og uvant ut for meg, men heilt sikkert uunnværlig for den som er vant med det. Slik er det no med alt, vi er nokre vanedyr, vil ha det slik som vi brukar!Eg er heller ikkje vant med å bruke ribbefeitt, synest det ser heilt ufyselig ut;) Men har fått i hus ein svigerson som må ha det, så no må det kome på vårt bord også. (I allefall når han er her).
    I år vert vi berre tre til bords, så det vert litt rart. Men sånn er det no ein gong når dei vert vaksne......
    God helg til deg, MarJE!
    Klem frå Alva

    SvarSlett
  3. Det er så koselig med juletradisjoner :-) Flott at du bidrar til å ta vare på en gammel skikk!
    God helg til deg!

    SvarSlett
  4. Det er veldig koselig med tradisjoner=) Så flink du er. Håper du har ei fin, fin helg. Vibeke=)

    SvarSlett
  5. Så fin tradisjon og helgegleder, jeg har alltid hatt lyst til å lære meg den kunsten.
    Det er fint med litt mat uten masse fett og sukker nå i jula også, og lefser kan man jo spise til det meste.

    God helg, Maritklem.

    SvarSlett
  6. Hej! det var en bra tradition tycker jag för jag gillar också det.
    Här äter vi ärtsoppa med punch till lunch dagen innan julafton, på kvällen smakar vi av skinkan till gröten.
    Ha en fin helg
    Kram Meta

    SvarSlett
  7. Hei!
    Så flink som du er som steiker og ordner til jul. Det er koselig å holde på tradisjoner, og når det gjelder mat er det jo viktig også!

    Kjempe hyggelig at du ville denne flotte gleden din!

    klem Vivi

    SvarSlett
  8. Eg kjenner til tradisjonen! Elles reknar eg med at de ikkje har sukker i desse lefsene. Bruker de andre lefser og smør med sukker og smør (kanel i Nordfjord?). Vi er nokre damer som går saman i byrjinga av desember også. Vi legg lefsene mellom fuktige handdukar (vri eller 600 i sentrifuga etter vask utan vaskemiddel). Då er vert dei mjuke slik at vi smør dei første først.

    Sjølv har eg røter i Nordfjord og Sogn, men lærer på Sunnmøre!

    God helg!

    SvarSlett
  9. Kjekt med tradisjonar, og viktig å ta vare på.
    Dette er ein artig vri, har aldri smakt det.
    Legg du både kjøtet og tilbehøret på lefsa då ?
    Me brukar flatbrød til julematen, helst heimelaga, men
    eg bakar ikkje sjøl.
    Flott at du deler med oss :)

    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  10. Takk for at du deler. Kanskje jeg skal gi ett forsøk :)
    Ha en fin lørdagskveld!

    SvarSlett
  11. Jeg synes også det er viktig med tradisjoner.
    Og det er artig å høre om matvaner fra andre steder i landet!
    Dessuten høres det veldig godt ut.

    Ha en fin helg!

    SvarSlett
  12. Eg bur i S&Fj, men denne tradisjonen er ikkje vanleg her eg bur. I mitt hus er løpsene kun kaffimat, men eg veit nokre som brukar løpser til fisk på denne måten:)

    SvarSlett
  13. Hei, dette var ein ny og ukjend tradisjon. Eg er Sunnfjording og her trur eg ikkje denne varianten er vanleg. Lefse til fisk kjenner eg godt til og det steikjer vi og brukar heile året. Det er ikkje utenkjeleg at eg kjem til å prøve varianten din og.

    SvarSlett
  14. Kjekt med tradisjoner, og disse
    middags-løfsene så veldig gode
    ut :) Har ikke noen tradisjon
    med å lage slike, men har lyst
    å lære meg :) Takk for at du
    deler med oss. Nydelige himmelske
    bilder under her også ღ Ønsker deg
    en fin, fin adventshelg. Klem fra
    Mette

    SvarSlett
  15. Så flott at du tar vare på gamle mattradisjoner i familien. Hos oss er vi ukjent med middagslefser, men vi spiser lefser (litt annen variant) til kaffekos. Ønsker deg ei fortsatt fin adventstid! :-)

    SvarSlett
  16. Dette var nytt for meg. Har ikke hørt om lefse til pinnekjøtt før.
    Men det er sikkert godt. Koselig emd slike tradisjoner.
    Ønsker deg ei herlig førjulsuke :)

    SvarSlett
  17. Så flott!..en helt ny tradisjon som jeg ikke har hørt om..selv om min pappa kommer fra Jølster:)
    Men det er kjemehyggelig med slike gamle mattradisjoner..viktig å førre vidare også:)
    God søndag:))

    SvarSlett
  18. Så flink du er som viderefører tradisjonsmat. Det er viktig. Takk for alltid koselig kommentar hos meg. God søndag. Anne Kari

    SvarSlett