torsdag 31. januar 2013

HIMMELEN I DAG.

I dag har det kome nokre fnugg snø, sjølv om det er delvis overskya vart det mykje lysare.
Og no har vi fått sola igjen. Ho skein så vidt inn i stova gjennom skylaget. Deilig med vår i vente.

Nokre himmelske bilete tatt mot fjellheimen.


Slik såg det ut tidlig i dag. Sola kom gjennom skyene.


Frå same tidspunkt, her var det eit heilt anna lys.

Mitt himmelske bidrag hjå Petunia.

Fleire bidrag kan du sjå HER.

tirsdag 29. januar 2013

STRIKKA DÅPSKJOLE.

Denne kjolen var det eg viste til mi mor for ei tid tilbake sida med eit innlegg her på helgegleder.
Ho bur som sagt tidligare på sjukeheim og har alzheimer, men hadde stor glede av å studere dette strikket. Visst du har lyst kan du sjå det innlegget HER.

No er dåpskjolen ferdigstrikka og klar til bruk.
Eit plagg som er meininga kan brukast av den som ønskjer det i familien.


Slik vart den sjåandes ut ferdig. Det er hua som heng på toppen.


Litt av borda som er nede.
Rundt alle kantar er det hekla ein omgang med picot og blomane er også hekla.
Som avslutting på holmønsteret er det knutar ( viste ikkje så godt på biletet ) .


Sløyfa framme har eg sydd til i fasong. Synest den blir finare i fasong enn når den er knytt.


Knappane bak i splitten har små sølvstriper. Kjolen er fora og på det har eg brodert navn og dåpsdato.
På eit slikt plagg får ein prøve ut fleire sider av handarbeidkunsten. Strikking, hekling, montering, sying av for og brodering. Må innrømme at ikkje alt er like topp men i mine tidligare dager var eg flittig med alle desse kreativitetane. Så når eg leitar i husken formar det seg etterkvart : )


Hua.

Oppskrifta fann eg i ei bok som heiter Små kreasjoner til baby og dukken av Anne Grethe Gaaserud.
Veit ikkje om eg kan anbefale den fordi diagrammet var heit feil forklart. Men når ein har strikka litt ser ein av biletet korleis det skal vær.
Tråden eg brukte var den som var anbefalt og det var Pandora 100 % pima bomull.

¤ ¤ ¤

Eg MÅ få sei det igjen...til dåkke der ute som kjem inn til meg på besøk å les og til dåkke som også tek dåkke tid til å legge igjen varmande gode ord. Eg blir så umåtelig glad og inspirert av det.
Så tusen hjartelig takk til alle saman.

Ser også at det har kome fleire nye følgarar....kjempekjekt og like hjartelig velkomne til dåkke.

¤ ¤ ¤

Ha gode fine dagar framover. Det blir lysare og lysare for kvar dag, og med lyset kjem også energien til å finne på enda meir kreativitet.

Varm klem frå MarJE.

lørdag 26. januar 2013

VINTER I HAGEN.

Her har det som sagt tidligare vore kaldt men ikkje snø.
Så  hagen har for det meste bestått av rimfrost.
Ikkje heilt bra for plantene med så lang barfrostperiodar, men dei er nokre tøffingar så eg håper det likevel har gått bra.

No har temepraturen snudd. På dagtid i dag har det vore ca.2 varmegrader, men no til kvelden kolnar det litt på igjen.
I desse dagar får vi igjen sola også......deilig.

Aud på Dal har utfordringa VINTER I HAGEN. Med dette bidraget er eg med sjølv uten snø.

.

Spurv som kviler seg i Rhododendroen. Foringsplassen er like ved.


Vrihassel.


Stemor, ja den står slik akkurat no.


Frøstandar.

Frøstandar.


Eføy som veks i plantekasse.


Slik ser full vinter ut her. Berre rim.


Lit farge fann eg også.


No i skyminga måtte eg tenne lyktene.

Deltek også på Helgegleder hjå Vivis hagerom og litt til.
Fleire helgegleder kan du sjå HER.

¤ ¤ ¤

GOD HELG TIL ALLE !!!!

Tusen hjertelig takk for alle besøk og fine ord dåkke legg igjen......rørandes.

Klem frå MarJE.


torsdag 24. januar 2013

HIMMELSK.

Frå min Tysdags tur i 14 kuldegrader.
Når eg kom dit sola skein var det fin temperatur.




Fortsatt snølaust hjå oss, berre rim på bakken.


Sjølv eit heilt vanlig gjerde blir fint med rim på.

Mitt himmelske bidrag hjå Petunia. 
Fleire bidrag kan du sjå HER.

tirsdag 22. januar 2013

STRIKKA VRIDD HALS.

Denne halsen er veldig enkel å strikke. Sjølv om du ikkje kan å strikke og har lyst å prøve er eg nesten sikker på at alle kan få den til.
Den er dekorativ og veldig god i bruk. Når eg surra den to gongar rundt halsen sit den perfekt og varmar godt.
Har prøvd den i dag i 14 minusgrader og eg var varm og god.


Minstemann som er heimeboande kom frå skulen når eg skulle ta bilete. Trudde eg skulle få han til å stå modell men det var ikkje råd. Så då var det berre å gjere det omvendt ( eg modell og han fotograf ).
Slik ser halsen ut surra to gongar rundt halsen.


Når det gjeld tråd kleiar eg av det meste, ivertfall ull inn til huda. Så eg har valgt ein heilt anna tråd enn den som er i oppskrifta. Dalia heiter den og består av 50 % bambus og 50 % akryl. Veldig mjuk og deilig å bruke.
Eg la opp litt fleire maskar  på pinnar nr. 8 fordi denne er nok litt tynnare enn den tråden som er brukt i oppskrifta og for å få den lengda som trengs for å snurre den 2 gongar rundt halsen.
Veldig lett å tilpasse halsen etter den tråden ein vil bruke.

Oppskrifta er frå Pickles og den finn du HER.

¤ ¤ ¤

Eg vil ønskje alle mine flotte lesarar ein trivelig lun kveld.

Helsing MarJE.

søndag 20. januar 2013

BALLONGISLYKTER.......

........a la Anne på Moseplassen.

Som så mange andre måtte dette spennande prosjektet prøvast.
Vellykka , dekorativt og engasjerande for fleire enn meg i heimen.


Det vart ei prøve med 3 lykter. Plasserte dei i stein / grusbedet mitt i lag med fuglebadet som er frose til med is. Her lyser dei på dagtid.


Her om kvelden. Det vart ei fin stemning i bedet.


Det vart fint mønster i lyktene, kunne nesten tru dei var av edelt glas.


Som sagt så var det fleire enn eg som var engasjert. Det var så beinkaldt ute at ballongane var meir gjennomfrosne enn det eg hadde tenkt. Så her måtte vi fram med drillen.
Den jobben tok herren i huset seg av : )  Når han fekk bora seg gjennom eit ganske tjukt lag med is, gjekk det greit å tine resten slik at det vart plass til lys i.

Hjå Anne på Moseplassen kan du både sjå korleis islyktene blir laga og du kan vise fram dei du lagar sjølv.

¤ ¤ ¤

Dette er også mitt bidrag til Helgegleder hjå Vivis hagerom og litt til.

torsdag 17. januar 2013

HIMMELSK

Blå himmel og snøkrystallar på ein fin kald vinterdag.


Snøkrystallar mot himmelen.


Måneskalk midt på dag i dag.


Snøkrystallar i vinterland.


Dette er mitt bidrag til Himmelsk hjå Petunia.

Klikk HER sjå kan du sjå alle bidraga.


[4987378325_b77095bd20_b14.jpg]


mandag 14. januar 2013

PULSVARMARAR

Når det er så kaldt ute må ein ha litt å varme seg på.
Har strikka eit par pulsvarmarar i Drops alpaca.


Blir berre bilete av eine handa for den andre måtte eg ta bilete med.
Garnet er melert i blå og brun tonar.


Fletter oppå og framme er det ein hekla kant.


Frå sida ved tommelen.


Slik ser den ut inni handa.......


........ og slik. Her ser du godt heklakanten framme. Den består av 2 omgangar.

Mønster fann eg HER.

¤ ¤ ¤

Kjære alle mine besøkande. Eg er så glad for alle som finn vegen innom bloggen min og for alle dei fine orda som vert lagde igjen.
Tusen, tusen takk !!!
Så har eg jammen fått nye følgarar også.......veldig koselig.
Hjartelig velkomne til dåkke.

¤ ¤ ¤

Ha gode dagar framover i det flotte vinterværet,
 og kos dåkke med frøsåing, fotografering, strikking, hekling, trimming og alt som den kreative delen i kroppen kan kome på.
Nyt livet !

Frå MarJE.


lørdag 12. januar 2013

HELGEGLEDER.

Ei iskald helg.
Uten snø og med mange minusgrader kan eg aldri tru at plantene kosa seg. Denne vinteren har det vore alt for mykje barfrost, så no kjenner eg at det kan bli litt for mykje spennig å vente og sjå om plantene klarer seg.
Eg får virkelig håpe at det går bra for eg planta mykje nytt sist sesong og mange roser.

Det passa fint med litt oppdatering på dataen. Har fått lagt inn dei plantene eg plukka lappane av før vinteren og det var ein del.


Slik kan det sjå ut. Denne mappa er for stauder. Har ei mappe for kvar kategori. Løkar, tre, roser o. s. v. Enklare å finne igjen når eg har bruk for det.


Ut måtte eg selvfølgelig for å prøve å få ein fugl i linsa  : )
Blåmeis etter det eg kan sjå.


Helgakos med nyinnkjøpt Primula.


Opp i skåla litt godsaker til kveldskosen : )


" Uten mat og drikke duger helten ikke "
I kveld vart det ovns steikt laks med tilbehør. Det gjekk så fort unna at det vart ikkje pynting av maten.  Slik er det å være svolten : )
Kvit sprudlande i glaset. Det var virkelig ein nytelse og eg fekk det ferdig servert av den flinke man......min.

¤ ¤ ¤

Gode helgegleder som eg vil dele på Vivis hagerom og litt til.
Fleire helgegleder kan du sjå HER.

torsdag 10. januar 2013

HIMMELSK TUR.

Årets fyrste fjelltur var i går og det til fots.
Skodda låg nede ved vatnet, men i fjellet var det deilig sol. Kjende faktisk at den varma. Snø var det berre nokre få små flekkar her og der. Heilt utrulig for å vere på denne tida av året.

Råsa var ikkje av det beste slaget, full av glatt tjukk is. Men det gjekk fint med litt klatring ved sida av. Kom oss velberga heim. Og turen var flott.

Dette er eit fjell som er veldig mykje brukt til turar. Også for dei som ønskjer meir utfordring og brukar det til trening.

Det er ei fantastisk utsikt.
Berre sjå her.











Dette er mitt bidrag til himmelsk hos Petunia.
Fleire bidrag kan du sjå ved å klikke på bilde under.

Hver torsdag:

tirsdag 8. januar 2013

KVALITETSTID

Er det ikkje det det heiter på fint.
Her i heimen jobbar alle turnus og då er vi så heldige å ha fritida litt forskjellig fordelt på vekedagane og lengre friperiodar.
Når andre er på jobb kan vi rusle oss ein tur Tysdag formiddag :)
Det var eg og .... nei ikkje gubben men han herlige mannen min som tok oss ein tur til fots i dag.
Ja, dette må vel vær kvalitetstid !
Såg ut for at det vart ein flott klar dag når vi for men det enda opp i tjukk skodde. Når vi kom heim var den så tett av vi såg nesten ikkje ut gjennom vindauge.


Første stopp i fjøra.


Her låg igjen beingrinda frå ein Breiflabb.


Vidare gjekk vi vegen langs sjøen , over ein ås der ligg desse murane. Trulig frå eit gamalt hus eller fjøs.  På eine sida viser døra, den er veldig lav.
Så gjekk vi vidare til vatnet.


Skodda låg langs vatnet. 
Det knaka og laga høge dunkelydar i isen som ligg på vatnet.


Ved vatnet. Sola held på å kome fram før alt forsvann i tjukk skodde igjen.

Skodde eller ikkje, deilig med ein tur i frisk luft.

¤ ¤ ¤

Ha ein oppkvikkande ettermiddag alle saman.

Frå MarJE

søndag 6. januar 2013

HELGEGLEDER.

No er snart helga omme for denne gong.
Her i heimen har gledene rausa inn...nokre med god hjelp av posten.
Jammen er det god og rask service rundt omkring både hjå dei som skal sende ut varene og posten som bringar dei i rasarfart.


Først det viktigaste. Fredag var det besøk til veslejenta. Verdens skjønnaste selvfølgelig. Slik føler nok alle besteforeldre det om sine. Litt holding og kosing måtte til. Sida ho ikkje er med på bilde her måtte pusen deira få være med. Nokre av blomane som er kome i hus til den vesle.


Nye merkelappar låg i postkassa Fredag. Dei var fine men i største laget til å ha på barnekle. Får studere det litt å sjå om eg må bestille nokon som er mindre.
Dei kom mykje før enn oppgitt leveringsfrist....supert.


Frøda frå Impecta kom også på Fredag. For ei rask levering. 
Har sådd dei tre staudesortane som trengde lang spiretid.


Så tikka det inn melding frå posten på telefonen Laurdags morgon. Eg hadde akkurat sovna etter  nattevakt. Kom å hent to kolli. Ligg på butikken å ventar på deg!!!!!!
Når eg stod opp....rett stad å hente vidunderet.
Har fått ladda batteriet og stillt inn dato og kl. o.s.v......
Så landa augene mine på eit motiv som låg på sofaen....tre knips vart prøvde og det såg aldeles vidunderlig vakkert ut.
Om det var kameraet eller motivet som gjorde susen skal ver usagt......her blir det ivertfall mykje knipsing framover.
Så neste innlegg satsar eg på bilete frå nyekameraet :))

¤ ¤ ¤

Dette er mitt bidrag til Helgegleder hos Vivis hagerom og litt til....
Fleire bidrag kan du sjå HER. 

Ha fortsatt ein trivelig Søndagskveld.

Frå MarJE.