mandag 29. juli 2013

ROSEBLØMING I JULIHAGEN.

No har vi hatt ei nydelig sommarveke med god varme.
Siste dagane har det vore meldt torden og regn, men vi har sleppt unna heilt til no. 
For øyeblikket ausar det ned og himmelen er svart. Kanskje det blir buldrelydar snart.

Sjølv om vinteren tok med seg mange av rosene, har dei som stod igjen vist seg frå si beste side denne veka.


Applejack har nydelig lukt.


Veit ikkje navnet men den er fin.....


......same rosa som held på og åpne seg. Den skiftar farge etterkvart som prosessen stig fram.


Maidens Blush...heilt nydelig. Kan anbefalst. Kjøpte den sist sommar og den har vokse godt. Den er full av roser og knuppar.

Maidens Blush.


Prestegardsrosa.....den er diger og har ei himmelsk lukt....VAKKER synest eg.


Rose de Resch.


Denne rosa har eg hatt i mange år. Den er trufast sjølv om den ikkje står på den beste plassen. Har små roser. Litt mørkare gule i knupp og bleiknar når den opnar seg.


Rosa Mundi.


Mary Rose.


Mary Rose ilag med Cosmos og små fylte valmuer.
I bakgrunnen skimtast......


....denne rosa. Den grov eg opp hjå eldste sonen min i fjor. Har to stykker. Det virkar som dei er veldig hardføre og friske. Bladverket er skikkeleg fint og glinsande. Rosa utsprunga er stor.
Anar ikkje kva den heiter.....men vakker, vakker.


Her er same bedet frå den vinkelen denne rosa står i front.

No håper eg berre at ikkje regnet slår ned alt som blømer i hagen. Det regnar så kraftig at det høyrest ut som det haglar.

Med desse rosene vil eg ønskje mine nye følgarar hjarteleg velkomne til Hagen i svingen.....veldig kjekt at dåkke vil sjå kva eg syslar med.

¤

Nyt fortsatt gode sommardagar.

fredag 26. juli 2013

ENDELIG KOM SOMMAREN OG AMO.

Måndag var ferien over for mitt vedkomande og då kom endelig sommaren her.
Deilig med finver når ein er på jobb også, ivertfall for meg som er fri på dagtid og kan nyte det.

Men det var ikkje berre sommaren som kom. Bloggdama Amo med bloggen " amo sin blogg " kom på besøk. Utrulig kjekt med bloggbesøk, og det rare er at det kjendest ut som vi hadde kjent kvarandre lenge. Amo har ein flott blogg der ho skriv om litt av kvart som opptek ho. Den er virkelig verd å besøke.


Roser og hundekjeks i vase.

Ei runde i hagen medan vi prata om laust og fast og rundt oss susa.......


.........både humler og......


.......bier. Veldig mykje av dei i år. Om det er fordi eg har blitt meir oppmerksom på dei eller om bestanden har tatt seg opp veit eg ikkje. Uansett er dei velkomne hit til hagen.
Her nyt dei blomen på Heuchera.


Valmue Black peony.


Valmue som eg har sådd i år.


Blodbeger hadde ikkje Amo sett før. Kjekt at eg kunne vise noko som var nytt for ho.


Astlbe bakerst, kvite Allium, Astrantia major, Pionvalmue og Keisarkrune.


Therese Bugnet. Denne rosa har eg planta i år og den har fått seg stativ av armeringsjern.
No satsar eg berre på roser som er ekstra herdige og det skulle vel denne ver får eg håpe. 
Flott er den også.


Sjå her kva eg fekk...denne fine lysholdaren. Inni er det glas som er trekt med bjørkenever. Kjempefin...den lyser så fint no i utestova her eg sitt å bloggar.
Tusen takk for besøket og gåva.
Dåkke er hjarteleg velkomne tilbake til Hagen i svingen.

Varm klem frå MarJE.

lørdag 20. juli 2013

3. DAGEN MED DAMBYGGING.

Ja, denne dagen starta med eit smell. Våkna kl 06.30 av ei rabalder. Trudde huset skulle ramle ned og hjertet fekk slagproblem. Opp i ein fart for å sjå. Då hadde jammen stein ekspressen kome. Lastebil med tilhengar heilt inn til husdøra ( det var berre stein i noke av tilhengaren ).

Eg ringde til denne manne kvelden før ( ein kjenning av mannen min ) for å høyre om det var råd med litt stein. Flaks der også. Han skulle hit som eg bur morgonen etter å hente noko, så då ville han lesse opp stein til meg å kome med :)) Utrulig kjekke kar. Han måtte ivertfall stå tidlig opp for han må ta ferge først før han nærma seg oss.


Litt til å starte med, sa levrandøren :))
Kl.08.00 var vi i gang med vasking av stein ( mannen min vaska ) medan eg fekk kjøyrd den på plass.
Ikkje reint lette alle steinane heller, så litt hjelp måtte til.


Slik såg det ut etter at steinen var komen opp til dammen......


................og slik. 


Gjekk rett på sak og begynte å plassere utover. Undervegs her vart det berre stabling og lite fotografering.
Etter stabling rundt dammen spadde eg opp eit bed før det vart lagd duk, hatt på singel og ordna til rundt.
Solcellelysa som står her i bedet var berre ei prøve, dei er der ikkje no. Har montert opp elektrisk belysning.


Så langt såg det slik ut..........


.............og slik frå ein anna vinkel. Manglar fortsatt ein god del stein til å fylle i botnen på dammane. Det får kome litt etter kvart.


Vips.......slik ser det ut no. Litt meir dandering og meir planting i dammen skal det bli etterkvart.
Bedet er tilplanta.


Bilete frå litt forskjellige vinklar. 
Har planta to forskjellige Irisar i dammane som passar å stå i vatn. Hadde dei i hagen frå før.


Bak frå.


Hadde egentlig planar om ein benk som mannen skulle lage. Men i stein dungen var det 3 perfekte steinar som passa til benk for to personar. To trekanta til understell og ein avlang tjukk hellestein. Du ser den bak dammen her. Passa bedre inn med stein enn ein benk laga av tred som eg først hadde tenkt.
Ein ekstra sitteplass på den steinen ved sida av.


3 slike lysstolpar er montert.


Her litt stein som er dandert litt rundt. Øverst er benken. I midten er dei hellene eg støypte når eg støypte fuglebad. Nede t.v elvesteinar som er rundslipte og nede t.h er benken, ekstra sitteplassen + under den borterste hella er det laga ei boks til det elektriske.
Det ligg det uttak for pumpa og lysa. Har gravd ned kabel i rør inn til huset. Der er det oppmontert egen jordfeil automat med sikring. Det er best å ver på den sikre side visst noko skal gå gale.


Kvelds stemning.

Slik ser dammen ut etter 4 dagar.
Resten blir berre kos :))

¤

Ha fortsatt ei god og trivelig helg.

Frå MarJE.



tirsdag 16. juli 2013

DAMBYGGING DAG 2.

Kjekt at så mange har tatt seg tid til å lese og kommentere mitt forrige innlegg.
Tusen, tusen takk....

Her kjem fortsettelsen.
Det skal ikkje ver fisk i dammen. Den er laga for at eg selvfølgelig hadde kjempelyst på vatn og sildrande lyd i hagen. Og ikkje minst kansje eit rikare fugle og insektsliv. Fuglane har allerede funne sin plass, dei badar flittig.


For å beskytte damfolien la vi først på tjukk vegduk.


Øvre makter har hjelpt til med dette prosjektet mitt, for flaksen har vore på mi side gjenom heile prosessen. Utgravinga gjekk smertefritt, veret var opplett og når vi la på damfolien kom sola eit kvarters tid å varma den opp slik at det var lettare å forme den.
Folien vi har brukt er EPDM gummiduk 1 mm tjukk. Tok den mest slitesterke.


Då er det klart for fylling av vatn. Spennande å sjå om det fungerar som det skal.


Etterkvart som det fylte seg opp med vatn fekk eg rette litt på folien. Men å få den heilt glatt er umulig.


Perfekt...vatnet kom rennande akkurat der det skulle. Hadde forventa det også for det var nøye vatra før vi hadde på folien :))


Det kjennest berre heilt herlig ut når eg såg kor fint dette fungerte : D


Prøvekjøyring av pumpa.
Den fungerte perfekt.

EcoPond 8000
Filterpumpe EcoPond 8000 liter. Tok den så stor for å ver på den sikre side.
Både damfolie, pumpe og slange har eg kjøpt på Tropex.
Litt reklame : det var noko meg gjengane ved uttaket som ikkje var som det skulle. Ein mail til Tropex og to dagar etter låg delen i postkassa :)) Slikt kallar eg framifrå service.


Åååååå...... fornøgde meg.


Her blir det slutt for i dag, Slik såg dammen ut etter dag 2.

Dag 3 våkna eg av eit rabalder kl .7.30.
 Trudde huset ramla ned. Ja, det har noko med dammen å gjer : ))
Det skal du få sjå i neste innlegg.

¤

Trur det er best at eg ikkje seier noko om veret. Eg blir rett og slett : ( av det. Ferien er snart slutt og vi hadde planer om båtferie i år. Båten har vi foreløbig ikkje løyst til lengre turar. Har sola vist seg har det blese, ja nesten liten storm. 
Men så snart gullkula viser seg på himmelen kjem humøret i rekordfart tilbake og alt ruskeveret er gløymt....håper det berre snart blir. 

Men til alle dåkke rundt omkring, kos dåkke mykje og nyt tilverelsen.

Frå frå MarJE

søndag 14. juli 2013

BYGGING AV HAGEDAM ELLER.......

.......utgraving til dam. 
På tide å vise litt av damprosjektet. Det tok si tid før første spadetaket vart tatt. Alt utstyr var kome i hus for lengst, det var liksom tiltaket med å kome i gong som gjekk litt tregt.
La ut tau på plenen for å sjå og tenke litt på akkurat kvar dammen skulle ver. Det vart justert nokre gongar før eg fann akkurat den rette centimeteren :))


Terenget er lett skrått. Derfor passa det med to dammar med ei lita sikle mellom.


Den ligg bortom dette bedet som er i front, innimellom alle beda. Skal vise før og etter bilete frå denne vinkelen i eit seinare innlegg.


P.g.a skråninga i terrenget vert kantane bygde opp. Sida eg hadde kjøpt duk før bygginga måtte eg passe på så ikkje dammen vart for stor. Duken er 6 x 3 meter.
Utgravinga av dammen gjekk smertefritt og veldig fort. Det var mykje, mykje meir arbeid å grave ut grusbedet.


Her hadde eg retningshjelp. Viktig at den er i vater så ikkje vatnet forsvinn i feil retning.


Bygde opp groper i bekken slik at vatnet fyller seg opp der før det renn vidare.


Her ser vi det kanskje bedre.......


......og her enda bedre.


Etter at den var raka rein for stein vart det fyllt på med sand.


Fylte opp med sand for at duken skal bli verna mot eventuelle kvasse steinar o.l.

Her sluttar eg av no. Fortsettelsen kjem i neste innlegg.

¤

Her på Vestlandet, ved rota av Sunnmørsalpane har vi skikkelig sommarver Det er grått og har regna heile dagen. Tempraturen klarte å kome opp på 12 grader på det varmaste. Det er jammen godt vi har varme ullkle.


Men når sola skin " kan ein ingen stad venare sjå ". Det sa iallefall min sambygding Ivar Aasen.

Eg vil ønskje alle mine lesarar ein fortsatt god sommar om du ferierar eller er på jobb.
Nyt dagane og kos deg.

Sommarhelsing frå MarJE.