mandag 28. oktober 2013

TID..........

....er tema hjå Helene denne veka.

Her gjeld det å bruke fantasien og tolke temaet på sin måte.

Sida eg er hagegal valgte eg denne tolkinga....


Frå frøet blir sådd til det spirer......


.........spirane veks, kjem med knupp og slår ut i full blome.
Så attende til frøkapslar som vi kan sanke frø til neste sesong.

Ein runddans der tida tel........

lørdag 26. oktober 2013

HELGEGLEDER # 40

Eit aldri så lite Helgeglederjubileum denne gongen. Det er 40. gongen vi viser våre helgegleder hjå Vivishagerom og litt til.

Ei helgeglede kan ver så mangt og mykje, lita eller stor. Alt ettersom vi ser det og føler det.
For meg kan det t. d ver ein tur i skogen, eit besøk på sjukeheimen hjå mor, besøk av barnebarnet, lage noko godt å ete eller få det servert :)) ei runde i hagen med kamera, handarbeid og ein god kopp te eller hageblad i posten o. s. v........

 Når vi er bloggarar og er innom og les andre sine bloggar blir ivertfall eg inspirert.
Det blir litt av mi helgeglede denne gongen.


JuHu eg har fått min eigen og her heng den......Anne på Moseplassen viste oss fuglemataren sin som kan festast på vindauget 
Eg viste denne herligheita til mannen min og ymta frampå at ein slik kan eg tenke meg.
I går Fredag når eg våkna utpå dagen ( er på nattevakt ) låg det eit nett i gangen. Eg kika oppi og der fann eg vidunderet.
Kjøpt på Felleskjøpet for den nette sum av kr. 69.
No er eg så aldeles utålmodig .....vil ha pippe besøk med ein gong.


Fredag landa Hagetidende ned i postkassa også og det har eg saumlese.....mykje kjekt.
Her har Moseplassen inspirasjonssider og det kunna ikkje passa bedre, oppskrift på fuglemat ))


I år starta eg oppigjen foringa av fuglane tidlig. Flytta plass til fagerbuska. Der er det lunare enn den plassen eg brukte i fjor og så er det mange greiner å dele på. For her er det virkelig kø. Har fleire foringsautomatar og fuglane tømer dei på eit blunk.


Det var kun spurven som vart foreviga i dag. Meisene var så lynraske å stikke seg unna, men etterkvart blir dei nok meir vande med meg.


Medan eg stod der å venta sveipa kameraet litt rundt i hagen.
Brudespirea.


Det er mykje bær på hekken i år. Bra for fuglane. Dei er veldig glad i desse bæra.
Bulkemispel.


Alunrot - Heuchera.


Raude greiner på Sibirkornell.


Kinasøten som stod over frosten. 

Enkle helgegleder som eg deler hjå Vivis.......

God Laurdagskveld til alle.

MarJE.

mandag 21. oktober 2013

FROST KRYSTALLAR.

Det har vore nokre netter med skikkelig frost, så plantene i hagen har kome i dvalemodus.

Frost på plantene gir eit fint inntrykk.


Kinasøten / Gentiana med frost krystallar. Fin med kvit blondekant rundt det blå.


I ettermiddag vart det varmegrader igjen, så då kan kanskje denne planten bløme ei stund til. 
Håper det .....


Calluna.


Rhododendron blad.


Scabiosa - den blømer heilt til frosten kjem.


Stokkrosene som ikkje skulle bløme før neste år........stakkars no er det is på dei. 
Det er første gong eg har desse i hagen. Gled meg til neste år, då blir det forhåpentligvis mange av dei.
Eg sådde tre sortar og dei har vokse seg store alle saman.


Første gong denne viser blomane sine og det vart selvfølgelig litt i seinaste laget. Den er stappfull av knuppar. 
Har hatt den i fleire år og den har vore rundt om på flyttefot for den har ikkje trivast. Men no kan det sjå ut som den har etablert seg så eg håper den kan kome igjen tidligare neste år. 
Knuppane ser ikkje ut som dei har fryst, så eg får sjå om den opnar seg meir no når det blir mildare.
Den er lilla, men eg veit ikkje navnet.


Løvemunn er ei plante eg sår kvart år. Den blømer godt heile sommaren og den tåler godt regn. 
Så er den heilt sniglesikker. No er den klar for komposten.


Eit godt lag is på dammen. Blir spennande å sjå korleis det går med overvintringa her sia det er første sesongen eg har dam.


Epla som tok seg ein tur på bakken.
Nokre av dei vart tredde på greiner og opphengde til fuglane.
Ellers har eg mata fuglane ei god stund no. I år har dei fått seg ny foringsplass inn i Fagerbuska.
Der er det mange gøymeplassar og ikkje minst landingsplassar :))
Den er velvoksa og mange småfuglar har erobra den alt......koseleg.



Slik såg utsikta ut i dag.

No sei vermeldingane at det skal bli regn her, så då blir det dråpar i staden for krystallar.
Sjarmerande på kvar sin måte : )
Slik som med oss.......like sjarmerande med tårer som med smil.

Ha ein fortyllandes kveld vidare.

MarJE.

lørdag 19. oktober 2013

STØYPTE LYKTER.

No er hausten komen for fullt med minusgrader og snøv langt ned i fjella.
Så i dag har eg fått rydda inn hagemøbler. Rosene har fått seg ein god krage opp etter stilkane med  blanding av kompostjord og sand + eit ekstra dekke med avskjær frå hekken og div. stauder.
Håper det vil hjelpe på så det ikkje frys så mykje som det gjorde sist vinter.
Det gjenstår litt oppbinding så er hagen vinterklar.

Når mørket senka seg kom eg på at eg skulle vise støyperia mine.
Etter eit støypeprosjekt mannen min holdt på med løyvde han litt støypemasse. Passa meg heilt perfekt. Då fekk eg endelig støypt desse lyktene som eg såg for ei stund sida på bloggen " Tove Kristins Hage ".
Eg støypte fire stykker. Så løyvde eg litt masse som vart til eit hjerte. Men det er ikkje med her i dag.


Eg tok fram to stykke i kveld. Dei er i to forskjellige størelsar men det viste ikkje så godt på biletet.

Enkelt forklart framgangsmåte : eit stykke stoff ( gamalt laken, t-skjorte e.l ) i ønska størelse. Ha det i sementen, den må vere tynn for å få stoffet gjennomtrekt og dekt med sement.
Eg brukte ei blomsterpotte ( plast innerpotte ) sette den oppned på eit stativ av plankerestar som mannen min spikra saman. Hengde stoffet utapå potta og vips ferdig. Henge der til det tørka.
Veldig enkelt.


Her ser ein det bedre at det er to størelsar.
Vart faktisk veldig fornøgde med dei : )


Fint skin av lyset.


Slik såg det ut når det var blitt heilt mørkt ute.


Kvelds stemning ved inngangsdøra.


Helgegleder som eg vil dele hjå Vivis hagerom og litt til.


Ha fortsatt ei trivelig helg.

MarJE.

søndag 13. oktober 2013

HELGEGLEDER # 38

Ja, eg er treg med blogginga ser eg. Ei veke sida sist : )

Men, men..... i mellomtida har eg iallfall klart å kjøpe ein heil del nye plantar til hagen og så har eg støypt litt. Var faktisk tenkt å vise det i dag, men har ikkje somla meg til å tatt bilete ....kjem snart.
Kjempefornøgde trur eg at eg vart også : ) 

Vi har så nydeleg ver at det må benyttast til å gå i naturen.


Haustfargane har kome skikkeleg fram.
Ein vakker stad som eg har store problemer med å gå forbi. I dag gjekk eg forbi men måtte ta bilete.


Her kan ein bli sittande å berre drøyme seg vekk.


På veg inn i skogen.


Sjå det flotte mønsteret inne i trestubben.


Skogens arbeidarar. Eit utsnitt frå ei kjempediger maurtue......den var stoooor.


Skogbotnens spennande flora.


Dåkke har sett frå denne staden før her på bloggen min.
 Hovdevatnet ei perle på Sunnmøre.
" Ekje her fint vel ? "......som eg seier det på dialekta mi.

Dette var eit lite knippe frå turen min og følget mitt i dag som eg vil dele hjå Vivis hagerom og litt til.

For første gong på bloggen har eg brukt mobilbilete i dag. 
Det var den som fekk vere med i lomma.

Eg er heilt, heilt overraska over alle fine ord som blir lagde igjen til meg på bloggen.
Tusen, tusen takk alle saman.

Varm haustklem frå

MarJE.


søndag 6. oktober 2013

STRIKKA / HEKLA BARNEKJOLE OG JAKKE og helgabesøk er.........

..........dei aller beste HELGEGLEDER.


Kjolen og jakka som eg har strikka til bestemorungen.

Både jakka og kjolen har hekla detaljar. Bordene nederst på kjolen og jakka, rundt armane på jakka og rundt armopningane og halsen på kjolen er det hekla. Også nokre små heklablomar er sett på.


Her er skjønne ungen som eg har hatt på besøk i helga. Den beste helgegleda ein kan få. Verdens skjønnaste selvfølgelig : )
Det er nok alle besteforeldre som synest om sine.
Det er ho som fekk med seg kjolen og jakka.


Her ser vi litt meir av detaljane og heklakantane rundt opningane og nederst.
Mønster fann eg i Familien nr.7 / 2011.


3 hekla blomar i overgangen mellom berstykket og skjørtet. 


På jakka er det hekla reimar med doble blomar i endane.
Eg har brukt Baby Merino ekstra fine frå Drops. Ein herlig mjuk og kløfri ulltråd.


Heklaborda nederst på kjolen. Den er hekla rett på kjolen, ikkje sydd på.



Pelargonium Dronning Ingrid synest eg passa perfekt i fargen til denne kjolen og ikkje minst til vår.....




........  vesle gode PRINSESSE.


Eg deler HELGEGLEDER hjå Vivishagerom og litt til.


Frå MarJE.

torsdag 3. oktober 2013

HAUSTRO I NATUREN.

Her kjem fortsettelsen på forrige innlegg.

Det har blitt mange turar i skogen siste tida og det er noko spesielt med roa i naturen no om hausten.
Sansane og tankane kan sveve og kverne  medan eg vandrar og nyt inntrykka som viser seg.


Når eg har med meg speilreflekskameraet mitt er det vanskeleg å kome seg lenger enn hit til vatnet.


Her finn ein uendeleg med motiv. 
Det er nesten like klårt i vatnet som i lufta.


Ring i vatnet av kreda som gjorde eit hopp.


På midten skimtar vi ei bittelita grend.


Same grenda her både på land og i vatnet : )


Resten av bileta er frå turen i dag. Då kom eg meg vidare og gjekk heile runda rundt åsane. 
Desse bileta tok eg med kompaktkameraet. Det er så lite at eg stikk det i lomma.
Synest bileta er klåre og fine med det også.


Glinsande fargesprakande nyper.

Såg stor forskjel på fargane i naturen berre sida Tysdag. Det hadde gulna mykje.


Her er eg koma rundt og opp på åsen. Denne plassen heiter Høgetua. Det spisse fjellet til høgre er Liadalsnipa. Nede i dalen bak åsen kan vi skimte fjorden.
Dei andre bileta har eg tatt langs kanten av vatnet rett ned her.

Vi er så heldige her at vi har alt som naturen kan by på. Høge fjell rundt alle kantar. Vatn, sjø, skog med mange fine stiar. Snur eg meg her på dette biletet til motsatt retning har vi flyplassen og ikkje minst heimen til vår nynorskmann Ivar Aasen. Det er her i Ivar Aasen - tunet nynorsksenteret ligg. Kan gå dit frå stien her.


Då gjenstår det berre å takke for følget til vatnet og rundt åsen.

Håpar sansane dåkka også likte seg : )

¤

No er det noko som held på å skje med himmelen så eg trur ikkje det blir slike bilete i morgon.
Men vi får ta imot det som kjem.

Ha ein god ettermiddag og nyt haustkvelden.

Turklem frå MarJE.