søndag 13. oktober 2013

HELGEGLEDER # 38

Ja, eg er treg med blogginga ser eg. Ei veke sida sist : )

Men, men..... i mellomtida har eg iallfall klart å kjøpe ein heil del nye plantar til hagen og så har eg støypt litt. Var faktisk tenkt å vise det i dag, men har ikkje somla meg til å tatt bilete ....kjem snart.
Kjempefornøgde trur eg at eg vart også : ) 

Vi har så nydeleg ver at det må benyttast til å gå i naturen.


Haustfargane har kome skikkeleg fram.
Ein vakker stad som eg har store problemer med å gå forbi. I dag gjekk eg forbi men måtte ta bilete.


Her kan ein bli sittande å berre drøyme seg vekk.


På veg inn i skogen.


Sjå det flotte mønsteret inne i trestubben.


Skogens arbeidarar. Eit utsnitt frå ei kjempediger maurtue......den var stoooor.


Skogbotnens spennande flora.


Dåkke har sett frå denne staden før her på bloggen min.
 Hovdevatnet ei perle på Sunnmøre.
" Ekje her fint vel ? "......som eg seier det på dialekta mi.

Dette var eit lite knippe frå turen min og følget mitt i dag som eg vil dele hjå Vivis hagerom og litt til.

For første gong på bloggen har eg brukt mobilbilete i dag. 
Det var den som fekk vere med i lomma.

Eg er heilt, heilt overraska over alle fine ord som blir lagde igjen til meg på bloggen.
Tusen, tusen takk alle saman.

Varm haustklem frå

MarJE.


13 kommentarer:

  1. Hei! At det er fint? Det er vakkert. God kveld! Anne

    SvarSlett
  2. Heisan! Tek visst bilde av det same eg og du;) Men så bur me no midt i smørauget også då!
    Nydelege bilde sjølv med mobilkamera!
    Det er berre så flott no at det er heilt utruleg! Må nytast!!
    Ha ei flott haustveke!
    Klem.

    SvarSlett
  3. Flotte høstbilder du viser! Jo, det er virkelig fint der du bor. For meg som er fra østlandet er det så morsomt å se bilder fra andre steder i vårt vakre land. Ha en ny fin uke!
    Klem fra Marit

    SvarSlett
  4. Ikkje tvil om at de e fint på Sunnmøre :) - mobilkamera har blitt så bra, at jeg stort sett bruker bare dette nå.

    SvarSlett
  5. Nydelige bilder. En flott plass.

    Ha en fin dag.
    Klem

    SvarSlett
  6. Hei, du er no litt oftare på "lufta" enn eg, har vore heilt ute ei lang tid, no var det veldig kjekt å ta seg ei oppsummeringsrunde i bloggverda. Hausten er på gang i det ganske land, og no er det anledning for å få flotte bilete! Ha ei god veke!

    SvarSlett
  7. Det var virkelig bra bilder, nesten utrolig at de er tatt med mobilen. Du er en flink fotograf! Herlig høsttur du har hatt, skjønner godt det var fristende å slå seg ned littegrann! :)

    SvarSlett
  8. Herligamin...FOR noen bilder...."de ekje værst på sunnmøre"...joda dialekten har jeg inne :)
    Det er en fantastisk høst og en vil bare være ute og nyyyte:))

    SvarSlett
  9. Det er så utrolig flott nå om høsten, og gleden av å være ute i naturen er stor. Bildene dine er super fine.
    Takk for at du ville dele din helgeglede.

    Klem

    SvarSlett
  10. Så utrolig flotte bilder. Vi er heldige som bor i et land som er så vakkert=) Vibeke

    SvarSlett
  11. Bilda dine er berre heilt fantastiske !!
    Einige med deg, hausten har overgått seg sjøl,
    snøen trur eg er langt vekk enno ;)
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  12. Så flotte bilder. Det er spesielt flotte høstfarger i år, hvis du vil vite hvorfor kan du ta en titt på dagens innlegg hos meg :)

    SvarSlett
  13. Så flott turterreng du har, og så fine bilder det ble med mobilen din.
    Vannet er jo blåere en himmelen i den klare deilige høstluften.

    Nå på høsten er det så deilig i skog og mark, fine farger som en blir helt trollbundet av.

    Ha en fin høstdag.

    SvarSlett