ADVENT.
Tid for gode tankar og gjerningar.
Eg har leita fram gode minner.
Min første adventsstake kom meg i hende for nokså nøyaktig 28 år sida.
Eg var så vidt passert 20 år då me flytta inn i vårt nybygde hus.
Ikkje hadde me flust med pengar til å kjøpe unødvendige nips til jul.
Men litt ekstra lys vart det. Min far kom å sa at han ville spandere ein " slik julelysestake " på meg.
Eg skulle få kjøpe akkurat den eg ville ha og den skulle ver skikkeleg, fekk eg beskjed om.
Og skikkeleg er den, like god etter alle desse åra. Medan borna var små hadde den seg nokre runder i gulvet, med det var berre å plukke den opp og den lyste like godt. Eg bestemte meg for denne kvite varianten. Syns den var ubegripeleg dyr, men sida han hadde sagt at den skulle ver skikkeleg vart det denne. For så mange år sida var elektriske artiklane mykje dyrare enn i dag. Merket er Osram og kvaliteten er nok også bedre enn dagens.
I år er den omkransa av to hjerter med eføy.
Eg syns den er like aktuell i dag som då eg fekk den.
Adventsstaken kjem til å kome fram kvart år så lenge den vil lyse og det trur eg blir lenge.
Eit godt minne om min far som gjekk vekk for 4 1/2 år sida.
ADVENT
Så tender me eit lys i kveld,
me tender det for glede.
Det står og skine for seg sjølv og oss som er tilstades.
Så tender me eit lys i kveld,
me tender det for glede.
av Inger Hagerup
( nynorsk av MarJE)
Så tender eg eit lys i kveld,
til minne om min FAR.
¤
God advent til alle som ser innom meg på bloggen.
Helgegleder som eg deler hjå Vivi
Klem frå
MarJE