fredag 29. november 2013

SKAPPELJAKKE TIL MEG SJØLV.

Fekk så lyst på ei litt stor varm jakke......
hadde aldri trudd at eg kom til å strikke meg jakke ala Skappel.

Men det blei det, på min måte. Eg strikka den i litt fastare former enn orginalen og med litt andre detaljar  :))

Modell har eg fått meg også......


......som studerar veldig på gulvet eller er det sokkane : )

Jakka er strikka i dobbel alpa frå Europris. Ein tråd mørk koksgrå og ein tråd lys grå.
Faktisk veldig god å strikke av og fargekombinasjonen er eg veldig godt fornøgt med.
Mønster har eg ikkje brukt. Lagt opp etter slik eg synst den skulle ver ( ikkje så vid )


Sidare bak enn framme og splitt i sidene.


Broderte på hjerte bak og eit framme på eine lomma.
Den er flatmontert. Då blir det ikkje utstikkande saumar.

Lommene sette eg på utvendig med ribbestrikk øverst.
Har hekle ein omgang fastmaskar rundt halsopninga slik at den skal ver litt stødigare.
Lurer faktisk på om eg skal hekle ein slags kant framme også og sette på nokre knappar på midten.
Følte at det var noko som manglar når eg ikkje kunne ha den igjen. No har eg brukt ei stor nål.

BØØØØØØØØØØØØØ.......


.......litt skreming måtte til for at denne dama skulle kike på meg.
Mor til verdas vakraste, vår vesle ELLA ( barnebarnet vårt ).

Tusen takk for oppdraget og for at du har renska opp bloggen min.
Det er ho som har fiksa ny header og litt til.

¤ ¤ ¤

Eg er takksam for gode ord som dåkke legg igjen til meg....veldig kjekt.
Tusen, tusen takk !!

No går vi inn i den første adventshelga.
For mange av oss ei tid med venting, undring og spenning,
men også ei tid der gode gjerningar blir gjort for nokon som treng det eksta sårt.

Ha ein god kveld og ei fin adventshelg.

Klem frå MarJE.






mandag 25. november 2013

NYTT BESØK I HAGEN.

På min veg til varmkomposten no i skyminga såg eg at mitt nye besøk var oppmøtt.

Rakk å springe inn å hente kamera........


....Flaggspett. Eg er så kry : ) Den har vore her nokre dagar og etter det eg kan sjå er det ei dame. Herren har ein raud flekk på hovudet og det har ikkje denne.
Dåkke ser det på bileta at mørket var på veg....men eg fekk beviset i kameraet. Det var det viktigaste : D


Lagde ny ladning med fuglemat i går. Det virkar som det er den som fell i smak.

Under Fagerbuska som maten heng i står varmkomposten. Så etter kvart blir vi nok bedre kjende.
Dei andre små har blitt veldig fortrulege.

Eg ønskjer alle ein glad kveld.

MarJE.

søndag 24. november 2013

SMÅ HELGEGLEDER.

Denne helga har det gått frå vinter til regn og vind, og no tilbake til full vinter igjen.
Ja, slik kan det variere på denne årstida.

Var faktisk deilig med vind og snøfokk i ansiktet når eg gjekk på tur.
Friskt og godt.

Siste tida har eg blitt veldig begeistra for fuglane som det er blitt mange av her i hagen.

Sjå kven som var komt i fruktskåla mi utafor inngangsdøra.......


.......Svarttrosten. Den gnafsa i seg epla. Det er både herr og fru som kosa seg, og etter magen å bedømme har det gått ned nokre epler : )


Eg fekk gå heilt nær......kunne nå den med handa.

Så blank og fin ..... ikkje rart ein blir begeistra sjølv for denne matmonsen her.


Laurdagskvelden var eg ensom. Då fann eg fram mine retropermar frå ein handarbeidsklubb eg var med i for maaaaaaaange år sida. Desse var på nippen til å bli kasta i ein ryddesjau, men heldigvis vart eg stoppa i tide.
I ein konvolutt fann eg kvitteringane, så då fekk eg sjå kor lenge sida eg var medlem. Eg var ikkje meir enn 14 år. Har nok vore over gjennomsnittet interessert i denne hobbyen også.
Men det eg skulle sjå etter var om der var nokre mønster eg kunne bruke. Jammen var der mykje som er like aktuelt i dag. Eg fann fleire mønstre både i strikking, hekling og saum som skal prøvast når ledige stunder dukkar opp.......
Dette var ei skikkeleg kosestund ¤


Så eit lite teikn på at jula nærma seg.
Fruktkakene som må lagast i god tid. Dei må ligge å godgjer seg i kjøleskapet for å bli saftige.

Helgegleder som eg deler hjå Vivishagerom og litt til.

Ønskjer alle ei god veke, den siste før advent.


tirsdag 19. november 2013

SYMASKINA I SVING.

No måtte den fram skulle oppdraget eg hadde tatt på meg bli i orden til julebord sesongen.

Ganske enkelt, legge opp ein kjole. Ikkje det kjekkaste så eg må liksom berre bestemme at no må det gjerast.

Har lenge tenkt at eg skal sy litt småting. Så når først maskina var framkoma vart det ein liten prøveklut.


Her er gamletruska. Nærma seg 30 år og den har sydd mange mange meter eller kilometer eller var det mil : )
Eg sydde mykje før. Den seinare tid har det vorte så lite at eg måtte gruble litt på korleis den skulle stillast inn.
Det var smekke eg gjorde ein prøveklut av.
Gjenbruk av stoff....det har eg vorte inspirert av rundt omkring i bloggane.
Ein gensar av min som hadde forandra fasong, vorte ubehagelig å ha på av ein eller anna grunn : ) og så ein fleecegensar som minstekaren i huset hadde vokse ut av. Fin å ha til bakstykke.


Ja, her var det eg måtte tenke litt. Hugsa ikkje korleis eg stilte inn når det skulle syast knapphol.
Men det vart knapphol av det.


Vips, så var det ferdig. Knappen er også frå gensaren.
Kjempelett å lage. Alle kan få til eit slikt.
I staden for knapp og knapphol kan det brukast trykk knappar eller borrelås.
Og visst ein ikkje vil vrengsy den kan ein heilt sikkert sy med litt tett sikksakk rundt.


Lurt å klippe opp fleire før ein starta syinga, då går det unna.


Detaljar og her ser vi baksida som er fleece.
Kjekt og enkelt å sy.....slike blir det fleire av.

Her er gensarane som vart brukte.  Så har eg strimla opp sengekle som eg tenkte å prøve å hekle eit rundt teppe av.  Det tok ufattelig med tid og veeeeeeeeeeeldig mykje støv.
Men ...men gled meg til eg skal prøve å hekle av det.

Medan eg kosa meg inne lava det ned ute. 


Skikkeleg julestemning.
Godt for blomane at vinterdyna la seg om røtene og verna dei mot kulden.


Ha ein god kveld.

MarJE.

søndag 17. november 2013

EI HELG MED MYKJE VER.

Dette har vore ei skikkeleg inne helg her på vestlandet.
Med mykje regn og vind i lufta kosar vi oss.....


......inne med tente lys og så har det blitt litt nye blomar.


Kvite Azalia og.......


........rosa.


Her ein kvit Amaryllis som eg tjuvstarta med litt julepynt rundt.


Litt nytt utfor inngangsdøra......falt for fristelsen , ei kvit Julerose. 


Hengde opp litt av dei hekla snøkrystallane mine i ei grein av vrihassel.


Ei litt lat kosehelg har det vore for min del. Ikkje den store aktiviteten sida eg har jobbhelg......

......mine Helgegleder er rett og slett kosehelg inne.

¤

Adventstida nærma seg med stormskritt, så aktiviteten rundt omkring er nok stor, kreativ og spennande.
Koselig å kike innom bloggane dåkka å sjå kva dåkke styrer med.

Ha ei god og innholdsrik ny veke alle saman og
takk for alle besøk her på bloggen.

Klem frå MarJE.


mandag 11. november 2013

NOVEMBER.....

........med lange mørke kveldar, og denne helga kom første snøen.


Ein koseleg heklekveld Fredag.
Primulateppe hekla ho som var på besøk og eg tok fram ein løpar som eg aldri har vore heilt fornøgd med. Det som skulle til var ein omgang med fastmasker til kant.
Skal vise den snart.


2. Søndag i November feirar vi farsdag med kake.
I utgangspunktet var både botnen og trekket på denne kaka misslykka : D
Men med litt triksing vart den ......ja. om eg skal sei det sjølv.....smakfull.
Fylt med rørt syte av rips og banan og eit lag med vaniljekrem.


Ein Riddarspore og Sedum viser litt farge i hagen fortsatt.
Har kjøpt enda meir løk. Dei planta eg i potter som skal stå i garsja gjennom vinteren.


Renska vekk erteblomane som slynga seg oppover i klatrestativa eg laga av kvistar i vår.
Hengde opp epler og mat til fuglane i staden for. 


Til slutt i dag lagde eg ein krans av bjørkekvistar som får henge på lykta ved inngangen.
Tok litt bær frå hekken å pynta den med.
Det bles så kraftig i dag at fleire av krukkene som stod ved inngangen måtte i ly. Dei velta over av vinden.

Dette var litt av November i " Hagen i svingen ".




Ha ei fin November veke alle saman.

mandag 4. november 2013

HELGEGLEDER.

Helga var forbi i rekordfart så mine helgegleder kjem i dag.

Fint haust ver i dag så eg benytta meg å fekk planta siste løkane som eg kom over på salg før helga : )
Umulig å gå forbi slike reolar.

Denne helga prøvde eg ut oppskrifta til fuglemat som Anne på Moseplassen deler med oss.


Alt måtte prøvast, julemannformene og resten i plastbeger.

Enkel å lage og gjett om fuglane likte den.


Hengde opp litt prøvesmaking. Ut på dagen gjekk eg ut for å sjå om den falt i smak. Då hang det igjen berre ein liten klump i trådane. Dette var godsaker for fuglane.
Fuglane flaksa når eg kom fordi katten var hakk i hel.


Eit par Kjøttmeiser som gøymde seg inn i buska.


Det gjekk ikkje mange dagane før Kjøttmeisa fann vegen til fuglemataren på vindauget.
No er den blitt fortruleg med at vi bevegar oss inne, så den kosar seg i ro og mak med maten sin.
Til mat har eg lagt inn jordnøtt pellets og hakka jordnøtter.


Sein haust i hagen. To Primula sortar kjem med knuppar no.


Det var ein fin mild dag i går med temperatur opp til 12 grader.
Det vart eit spesielt lys i fjella når sola kom.


God ny veke til alle.

MarJE.