Viser innlegg med etiketten Så frø. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Så frø. Vis alle innlegg

søndag 31. mars 2013

VÅRTEIKN # 3

No er det ei veke sida sist eg viste vårteikn frå Møre og Romsdal og trudde det skulle bli nokre nye og meir vårlige denne gongen. Men her på Sunnmøre lavar snøven ned. 
Eg har jobbpåske og når eg gjekk heim i dag tidlig var det ikkje begynt å snøve. Når eg derimot stod opp igjen var det full vinter og hadde snøva 20 cm.
Er nok eit vårteikn det også med alle snøvriene ( Stareria, Erleria o . s . v....)  ein må gjennom før våren kjem for fullt.


Full fresing : )


Tørrpinnane som ventar på å bli rydda vekk har fått ny vinterdrakt.


Frå det bedet eg viser kvar veke for å sjå forskjelane. Slik var det i dag......


......og dette var forrige veke. Likar ikkje at det går feil veg.


Som ei lita oppmuntring måtte eg ta med den eine spiren av Julerosa som veks sjølv om det ikkje går så fort. Resten av sådden sette eg ut for det kom ikkje fleire spirar.


Trøstepremie.....eg skal så desse erteblomane.

Har ikkje fått sådd sommarblomane enda fordi eg
hadde eit håp om å få opne drivhuset så eg kunne få flytte ut litt fordi her er sprengfullt alle plassar.
Satsar på det blir med det første.

Om dette var vårteikn kan vel diskuterast med det er likevel mitt bidrag til utfordringa hjå Elin med bloggen I hagen ved skauen.

Klikk på biletet under så kan du sjå vårteikn frå mange fylker i landet.


Ha fortsatt ei trivelig Påske vidare.

Frå MarJE.

lørdag 2. mars 2013

PRIKLING OG OMPOTTING AV STOVEPLANTAR.

Jammen ei stund sida eg har blogga og vore på besøk hjå andre.
Har holdt på med eit malingsprosjekt som var godt å få ifrå seg.

I dag har eg hatt meg ei skikkelig koseøkt med litt prikling og så trengtest det ei opprensking i stoveplantane. Dei måtte få seg ny næringsrik jord og litt deling måtte også til.

Har forresten tatt fram i lyset det meste som har vore vinterlagra på ei mørk kald bud også. Det ser veldig stusselig ut. Men når eg ser godt etter er der små skudd som er på veg. Så det blir nok frodig når det får seg ein start med litt vatn og lys, og etterkvart ny jord og næring.


Her er litt av det eg har sådd inne. Det er for det meste stauder + Blodbeger og sherry tomat Tiny Tim.
Var ikkje tenkt å så tomat i år, men hadde desse frøa liggande. Dei er utgåtte for fleire år sida så det var mest som eit prøveprosjekt å sjå om dei spirte. Trudde eg hadde sådd 6 frø men det kom opp 8 plantar så her må eg vel sei det er full klaff. Oppbevarar ein frøa kaldt held dei seg veldig lenge.

Her er det frø som eg b.l.a. har fått frå Marits hagekos og litt til, vunne hjå Elin med bloggen I hagen ved skauen, kjøpt hjå Magnar Aspaker, Impecta og i andre butikkar.


Eg venta tre dagar før eg såg på frøa som eg sette under innredninga på badegulvet. Fekk meg litt av ein overraskelse. Fleire av dei hadde spirt sikkert dagen etter såinga, for spirane var veldig lange.
Stokkrosefrøa låg i vatn eit døgn så det ga dei sikkert ein god start.
Har planta dei djupt så dei ikkje skal bli så skrantete.
Det som eg har prikla er b. l .a. stokkroser, solhatt..........


Tomat Tiny Tim,  øverst stokkrose Aubade, nederst Blodbeger.
Dei frøa som ikkje spirde står no i kjøleskapet for å sjå om det kan sette fart i dei. 

Himalaya fotblad har vore i kjøleskapet i fire veker innpakka i fuktig papir. Så dei hadde svolle skikkelig opp. Sådde dei i går.
Har ikkje noko skikkelig planterom, berre eit ekstra lys på vaskerommet så her er det begynt å bli trangt om plassen. Og trangare skal det bli : )

Ikkje dån når dåkke ser rotet med ompottinga av stoveplantene mine. Men det vart bra når eg hadde fått alt i orden. No blir det forhåpentligvis trivsel i vinduskarmane også.



Dette vil eg dele på HELGEGLEDER hjå Vivishagerom og litt til.
Gå inn HER å sjå alle bidraga.

¤ ¤ ¤

Eg vil ønskje alle ei fortsatt GOD HELG.

Klem frå MarJE.

tirsdag 20. november 2012

Frø såing.

Sist veke fekk eg to forsendelsar med frø.

Premien frå blogg lotteriet hjå Elin med bloggen I hagen ved skauen. 
Tusen takk for frøa og det fine kortet som jentene har teikna.


Så fekk eg frøa eg bestillte frå Magnar Aspaker.

Har ikkje brukt å så staudefrøa før like over nyttår men i år har eg slått til å fått ein god del i jorda.
Nokre av frøa skal såast ferske og somme treng lang spiretid, når eg likevel holdt på så tok eg sjansen å sådde fleire. Greit å ha fått det gjort : )
Selvfølgelig ikkje den mest ideelle tempraturen i dag med nesten 12 varmegrader. Men reknar med det snart snur.


Nokre av frøa skulle ligge litt i vatn og litt pussing med sandpapir før såing.
Eg blanda molda med mykje sand så den ikkje skal bli så kompakt.


Blå litt store klokker (ukjent, har fått frø)
Gul / Orange solhatt ( Veit ikkje navn )
Gul krage (ukjent navn, har fått frø )


Dette er dei sortane eg har sådd til no. Googla litt på såmetodar og såtidspunkt men det er veldig varierandes og ulikt  så eg prøvar meg litt fram. Det var så mykje frø i dei fleste pakkane at dei som det var fleire anbefalingar på sår ei dose igjen seinare : ) 
Og nokre sortar bør ikkje såast før seinvinters.
Hadde forresten bestemt meg for at eg ikkje skulle så i det heile tatt denne sesongen, men frøklåda ville ikkje holde seg unna : ) )


Har stått inne eit par dagar før dei fekk kome ut.


Blondedukane til dekke. Det er tradisjon og den kan ikkje brytast.

¤ ¤ ¤

Veit ikkje om det var eit varsel om at eg ikkje skulle så denne sesongen men....
medan eg holdt på med såinga vart eg brått så urven og uvel......
spysjuka kom som eit skudd inn over meg.
Uff.....for ei ekkel sjuke, men no er det heldigvis over. Berre litt slapp.

¤ ¤ ¤

God fin dag til alle : )