tirsdag 28. oktober 2014

SMØRBRØDKJEKS MED HAVREGRYN.

Etter at eg la ut bilete av kjeksa på Instagram fekk eg tilbakemelding og spørsmål om oppskrift.


Legg den ut her på bloggen så då er det fritt fram for dei som vil å prøve den : )

Dette er ikkje søte kjeks. Så dei kan brukast til å ha på vanleg pålegg men også ost med ein sylteklatt viss søthungeren skal melde seg.



OPPSKRIFT

2 dl. solsikkekjerner
1 dl. sesamfrø
1 dl.linfrø
6 dl.havregryn
1/2 dl.sukker
1 ts. salt
1 ss. hjortesalt
150 gr. smalta smør
3, 5 dl.kulturmjølk
1 egg
ca. 7 dl.kveitemjøl

Bland saman alle ingrediensane, hold tilbake litt av kv.mjølet og tilsett meir etter behov ( eg måtte ha meir enn det som stod i oppskrifta )
Kjevl ut deiga til den er ca. 1 / 2 cm. tjukk og stikk ut kjeks med eit glas el. l. 
Prikk dei med ein gaffel el. pinne og steik på 200 grader i 10 - 12 min. til kjeksa er gylne i kantane.
Avkjøl på rist og nyt dei med pålegg eller ost.



Velbekome.

Ha ein fin ettermiddag.

MarJE

lørdag 11. oktober 2014

DAGENS VANDRING I HAGEN.

Hagen viser fortsatt mykje i dei kulørane som minner om sommar, men etter nokre kraftige innhogg i rabattane med rydding ser ein at vi nærma oss den kalde årstida.

Med nok ein fin haustdag har eg vore i hagen berre for å kose meg med kameraet i hende.

Hagen er full av fuglar og det høyrest godt. Dei kvitrar om kapp. 
Eg hengde opp i gjen ein matar tidlig i sommar så det er nok grunnen til at det er så mange alt no.

I dag vel eg haustfargar på bileta.


Sommar Rudbecia " Autumn colors "
Første året eg sår desse og heilt sikkert ikkje det siste. Dei er i mange mørke gylne fargar.


Ein variant på nært hold.......


..............og her.


Ei stor gyllen Solsikke som held på å opne seg.....


.............dette er minisolsikke.


Ringblome frå ein blandingspose.


Oppe t . h . sommar Rudbecia " Prairie Green Eyes ".

Dette var mine gylne HELGEGLEDER  som eg deler hjå Vivishagerom og litt til.....

MarJE

onsdag 8. oktober 2014

KONFEKTEPLEKAKE MED OPPSKRIFT.

Med enorme mender eple i år blir det ei stund før lageret er tomt.
Vi har plukka i kasser og bøtter, gitt vekk men likevel var det umuleg å klare å ta vare på alle epla.
Synd å sei det men både varmkomposten og den vanlege hagekomposten har fått store forsyningar.

Mange eplekaker har det blitt.
I dag prøvde eg ei heilt ny oppskrift og kaka smakte fortreffeleg : )


Uten eple blir det ikkje kake. Desse henta eg frå lageret i drivhuset.


 Her er alt du treg for å lage kaka. Ikkje mykje oppvask blir det heller : )

KONFEKTKAKE.

4 egg 

2 små koppar sukker

1 kopp kv.mjøl

1 ts. bakepulver

1 ts. vaniljesukker

Ha alt i bollen og mix på full styrke i 1/2 time. Del 5 / 6 eple i bitar og legg dei i botnen av ei rund kakeform. Strø kanel over og eventuelt hakka mandlar og rosiner.
Hell røra over epla. Steik på nederste rille ca. 1 time på 180 grader.
Snu opp / ned når den er ferdig.

¤

I oppskrifta stod det at kaka var søt og god så då ville eg prøve å justere sukkermengda litt.
Tok ein kopp i staden for to og det var søtt nok. Men dette er selvfølgeleg ei smakssak.
Neste gong eg lagar den vil eg drysse på meir kanel og ha ein god del meir rosiner i.
Eg steikte den i ca 55 min på 170 grader. Det er forskjel på kor sterke ovnane er.



Fotolyset var ikkje det beste no i mørkna, men kaka smakte fortreffeleg.


Ein heilt spesiell fløyelskonsistens. Server gjerne med krem eller is.
Det hadde eg ikkje i kveld men den smakte godt likevel.

Oppskrifta fann eg hjå annirenspz på instagram.


Kanskje nokon freista å lage kake : )

MarJE



søndag 5. oktober 2014

HAUSTLYS OVER FJELLHEIMEN

Like før sola gjekk ned no kl.19.00 vart det eit magisk øyeblikk over vår flotte natur.

Mi flotte utsikt til Ørstafjella.


Regnbogen kom til syne.


Heilt spesielt lys.


Vallahornet fremst, bak t.v Saudehornet, t.h Kyrkjetinden.

Eit kortvarig øyeblikk, men mi HELGEGLEDE som eg deler hjå Vivishagerom og litt til....


Ha ei fin ny HAUSTVEKE.

MarJE