lørdag 31. august 2013

HELGEGLEDER - VIKTIGE DRÅPAR.

Dette er så veldig lite for meg, men kanskje livsviktig for den som får det.

Sjølv om det var i går Fredag er dette mi største helgeglede denne helga.

Her i huset er vi blodgivarar og i går var det min tur.


Eit lite stikk i handa og ein pose med blod kan faktisk vere med på å redde nokon i ein krisesituasjon.


Ein god tanke å tenke på at eg kan vere med på ei så god gjerning.

Eg har tenkt tanken : visst eg ein gong skulle bli livstrugande sjuk og det var kun blod som kunne berge meg, men det var ikkje blod og oppdrive............


..........så er du frisk og har lyst å gi nokre dråpar. Meld deg med ein gong.....
....det er berre eit lite stikk som kan gjere så mykje : )

Eit koselig minne blir det av det også. Denne gongen valgte eg Mummimamma koppen.
Mannen min har pappa koppen.
Mykje koselig kaffidrikking blir det av desse koppane.


Vil du dele dine helgegleder eller lese om andre sine, kan du klikke deg inn hjå Vivi  HER. 


God helg vidare til alle saman.

Klem frå MarJE.

lørdag 24. august 2013

HELGEGLEDER

Då var tida koma for nye helgegleder hjå Vivis hagerom og litt til.

Veldig enkelt å velge denne helga...rett og slett sommarveret vi kan nyte no.
Herleg god varme og ein like herleg lat dag.

På slike dagar er det somme som leikar seg i.....


....lufta og eg leika meg med kameraet i .........


.......hagen.

Her kjem eit knippe bilete frå dagen i dag.


Etter biletet var tatt gjekk dei to modne rett i smaksløkane : )


















Valmuer som eg fekk frø av frå Marits hagekos. Dei har blømd i heile sommar og eg skal garantert samle frø og så neste år. Nokre skikkelige lyspunkt i hagen.




No er eg spent på om kjempe georgina mi " Inghild " vil opne blomane snart.
Knuppen ligg i handa mi, den er diger. Navnet er etter dama som georgina kjem frå.

Fleire helgegleder kan du sjå HER hjå Vivi.

Ha fortsatt ei trivelig helg.

Frå MarJE.

mandag 19. august 2013

VI KASTAR LOSS OG SETT KURSEN TIL SJØS......

......vil du vere med så kom ombord :)

Den dagen ferien var over kom det nokre fine sommardagar her på Sunnmøre. Sjølv om eg jobbar nattes tider, kunne ikkje finversdagane brukast til soving. Her gjeld det å benytte seg av kvar stråle ein kan få.
Vi var fleire turar denne godvers veka og her kjem ein av dei.


Vi set kursen ut fjorden.


Rett ut for havna ser vi desse fjelltoppane som eg har vist på bloggen mange gongar før.
Midt på biletet Vallahornet 830 m. o. h. i front og bak Saudehornet 1303 m. o. h.


Midt i biletet Melshornet.


Fremste toppen er Hagekamben, i midten Lågehornet og bak Heidskredhornet.
Mellom fjella i dalen går Skorgedalen.


Her rundar vi Lianeset og når vi ser fram og opp.......


..............ser vi Liadalsnipa 924 m. o. h.


Liadalsnipa i bakgrunnen og Raudøya t.h.


På Raudøyholmen som ligg like ved Raudøya går villsauene å beitar.


Vår flotte fjellheim.


Eiksundbrua som går frå Eiksund til Eika og vidare derifrå er det undersjøisk tunell     " Eiksundtunellen " 287 meter under havet. Dette sambandet vart opna i 2008.


No er vi komne på andre sida av brua og fer vidare.....


......vi ankra opp i Langevågen som er ei lita vik på øya Eika.
Frå båten hadde vi denne utsikta.


Vi kosa oss heile dagen med forskjellige aktivitetar. Bading, fridykking med fangst av kamskjell, fisking, strikking og soling :))
Herlige late dagar i frisk luft......berre å nyte roa og lytte etter lydane av fuglekvitter og bølgeskvulp.


Der var jammen den dagen over......


......på veg inn havneløpet.


Nesten komne heilt inn til havneplassen vår.
Takk for turen folkens....dette var ein strålande dag.

Skipsklem frå MarJE.

fredag 16. august 2013

Frå hagen ein solskinsdag.

Gårsdagen var nydelig med god temperatur. 
Fekk røska og rydda litt i beda. Flytta på frøplanter som hadde sådd seg sjølv slik at dei kom i grupper og ikkje ein her og der. Kanskje det blir fint og frodig neste år.

Før eg starta med haginga tok eg ei runde med kameraet.


Denne sommarfuglen kom flaksande å landa på ein strandnellik. Etter det eg fann på nettet er det " brunflekket perlemorvinge ".


Den hadde ei rift i vingen heilt bak.


Frukta veks seg til.


Enorme forekomstar av plommer. Jau, vi har tynna, men må nok plukke meir. Det har allereie brotna greiner.


I vår grov eg opp rundt alle trea slik at det skulle bli lettare å klippe rundt. Trur dei har likt å sleppt nærkontakt med grasklipparen.


I desse beda har eg planta ringblomar, blodamurant, georginer med mørkt blad og heilt mørke pionvalmue. Ser det ikkje så godt her. Dette var eg så fornøgd med at det blir same sortane til neste år.

Når eg heldt på med dette prosjektet vart alle busker som stod i plenen også flytta. Utvida bed å planta dei der. Så no er det ingen hinder når plenen skal klippast. Til og med klesnora vart fjerna.


Dei brune kvistane som krokar seg midt i biletet er ein dverg lønn med mørke blad . Den var kjempediger og fylde ut eit stort parti i bedet. Men etter denne vinteren var den død ( trudde eg). Fekk stå lenge før eg gjorde noko for å ver på den sikre side. Viste ikkje teikn til liv anna enn heilt ytterst på ei grein og greinene var sprø og tørre. Så eg gjekk i gang med saksa. Var tenkt å fjerne den heilt men synest den var så artig i forma at det fekk stå igjen litt som kunne ver som ein skulptur.
Utrulig men sant.....den kom med mange nye skydd som har vokse godt.


Frå grusbedet sedum Bertram Anderson.


Frå den minste av dammane.


Pyntekorg , sjølv her som det har regna så mykje blømer denne godt.


Men i dag måtte den drage hetta over hovudet. Det pøsregna.

Med desse bileta vil eg ynskje alle ei god og trivelig helg.

¤ ¤ ¤

Hjarteleg takk til alle som ser innom  og les bloggen min. Ei ekstra takk til dåkke som tek dåkke tid til å legge igjen gode ord......slikt blir ein glade av.

Så til mine to nye følgarar...velkomne til Hagen i svingen.

Klem frå MarJE.

onsdag 14. august 2013

LISJEMORS KJOLE I BESTA`S BLOME ENG.

" Lillesøsterkjole " mønster av Tora Frøseth.


Juhu.....endeleg opplett slik at eg fekk ta litt bilete ute av sommarens handarbeid.
Har liggandes litt ferdig som kjem på bloggen etter kvart.

Tråden til denne kjolen kjøpte eg til eit strikkeprosjekt til mammaen til barnebarnet vårt. Den vart ikkje brukt den gongen så no kom den til nytte i denne kjolen.
Det er Gjestal bommul sport og den var litt tjukkare enn den i mønstra så den første eg strikka måtte rekkast oppigjen. Den vart skulejente størrelse. Så 3 månader vart ca 1 1/2 år slik som eg skulle ha den.


Når tråden var gamal passa det å bruke knappar som eg har tatt frå kle som er kassert.
To sølvknappar kvikka litt opp.
Kjolen er strikka frå halsen og nedover og avslutta med ein hekla kant av fastmaskar rundt halsopninga.


Her heng kjolen på buen av treverk og rusta armeringsjern.


Her fekk eg bruke dei merkelappane som eg synest var litt i lengste laget når eg fekk dei. Passa no når plagga har blitt litt større.


Kjolen vaiar i vinden og lukta av erteblomane øverst her er berusande god.

Dette er ein enkel og rask kjole å strikke også for dei som er i startfasen med pinnane.
Mønster finn du her gratis.

God kveld til alle som ser innom bloggen min.
Frå MarJE.