Viser innlegg med etiketten Vårteikn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vårteikn. Vis alle innlegg

søndag 1. mars 2015

VÅRGLIMT FRÅ HAGEN

Lettskya, over 11 + grader og vind som ruska i buskene.

Det er vår i dag.

Måtte ta meg ei runde i hagen for å sjå tilstanden der. Det er forbausande mykje som spirer både av løk, stauder busker og tre. Til og med planter som eg har sådd som ettåringar ser eg spirer.

Det første eg såg på plenen var tydelege spor etter våryr ungdom. Mopeden har kome fram frå vinterlagring og då måtte den prøvast ei runde på plenen å lage spinnespor før ferda putra vidare :))


I år blir det mange Klosterklokker. Tok eit par år å etablere seg skikkeleg og no er dei godt i gang.


Allium som sår seg villig sjølv. Bedet er heilt fyllt med slike spirar. Her ser me frøda i enden.


Mange Klematis har store knuppar.


Primula i mange variantar står også med knuppar, og somme som her med litt pjuskete blomar.


Rognespirea med fin raudorange farge på blada som går over i grønt til sommaren. Ei elska buske av dei fleste insekt. Den er proppfull av bier, humler og sommarfuglar når den blømer. 


Blomen på Rognespireaen med humle, bie og sommarfugl.



I grusbedet er det veldig tidlig i år. Det meste er i spiring også pus som diltar etter meg er komen i vårforma. Kosar seg med ein skvett frå fuglebadet.


Isen på dammen tinar.


Snøklokkene har stått lenge på alt og dei lyser fortsatt opp med sine kvite fine klokker. Ser at eg har delt store tuer i fjord og det skal gjerast etter bløminga i år også. Vil ha mykje over heile hagen. Løkane har sikkert vore i jorda frå før me kjøpte tomta for eg har ikkje planta dei. Veldig kjekt.


Vrihasselen mot den lettskya himmelen.

Inne er også våren komen. Såinga og spiringa er i gang. Klarte ikkje å vente lenger :))
Slik er det berre med totalt hagegale,
Gled meg som aldri før til ein ny hagesesong.

Spirande  helgeglerer som eg vil dele hjå Vivishagerom og litt til....

MarJE.


søndag 6. april 2014

VÅR I HAGEN.

              Lenge sida sist :)
Men det har skjedd ein god del på hagefronten her likevel. Våren og plantene rundt omkring er i full gang.
 Har flytta ut i drivhuset for ei god stund sida og det gjer eg som oftast LITT for tidlig slik at ei frostnatt får sett sine spor på enkelte planter. Måtte så opp igjen litt også, men då kom frostvakta på. Så no går det heilt fint.  


Her er litt av det eg har pjuska med i det siste. Beda rundt treda var alt for små så dei har eg utvida.
Skal ha litt kjøkkenhage i år. Bestilte tre karmar med han som eg bur i lag med. Bestillinga kom på plass før eg visste ordet av det. Dei er 120 cm x 210 cm. Høyrest ikkje så stort ut men det går ufattelig med jord i dei. Har nesten fått fylt dei opp og beda er stort sett ferdige no. 
Skal kome med oppdatering .


Utestova er vaska og innflytta for lengst. Her skal eg etter kvart beise lyst det raude i taket + gjere noko med gulvet.


Litt av det som blømer no. 


No har eg virkelig fått til valmuene. I år blir det mange variantar. Frøa kjem frå Harstad mannen Magnar. 
Raud kvann i midten nede. Planta ut i fjor så håper på bløming i år.


Pulsatilla, tilipan, akeleie, peon og fritillaria.


Georginene er godt på veg.


Lerkekrans med hjerte som har vore i sommarstova får pynte opp i hagen.


Veslemor kosa seg med å kaste småstein i dammen.

Har fått tømt både varm og kald kompostane og starta dei opp igjen. Så det meste er på gang.
Mange trillebårlass med god jord til både grønsaksbingane og beda.
Varmkomposten ligg til modning. Tok ikkje sjansen på å bruke den enda.

Dette var ei rask oppdatering som eg deler hjå Vivis helgegleder og Elin med vårteikn.

Ha fine vårdagar alle saman.

søndag 9. mars 2014

VÅRTEIKN OG HELGEGLEDER

Her på Vestlandet hjå oss manglar det ikkje på vårteikn i hagen og ellers i naturen.
Med ein så snøfattig og forholdsvis mild vinter er veldig mykje kome langt på veg.
Etter det eg kan sjå på spirane i hagen blir det mykje nytt som kjem opp i år.
Staudesådden i fjord var stor etter min skala og visst våren ikkje får eit tilbakefall med kulde blir det eit frodig hageår :)
I tillegg til stauder vart det planta ein god del busker av ymse slag også. Var så heldig å få bilen full av ei kjekk dame som eg var hjå på hagebesøk.

Skulle egentlig få ut innlegget tidligare men så skulle eg BERRE prikle litt først.
Det eine dreg med seg det andre, tredje og fjerde ++++
Det vart prikling, ompotting av stoveplantar, ompotting av nokre Pelargonia og så fann eg på at eg skulle snuse i buda der eg har overvintra plantar. Vart så aldeles frista til å drage fram nokre Dahlia knollar å plante dei også. Det var dei sortane eg har tenkt å få i driv slik at eg kan ta stiklingar av dei.
Då såg eg vel at Fuksiane låg der å hadde lyst på litt lys, jord og vatn. Nokre av dei kom i krukker og fram i lyset. Hadde ursmå spirar, så her blir det liv.

Men så til dagens, vårens og helgas største glede for meg.
Heilt utrulig at eg har fått det til.
Etter ein mosjonstur i dag måtte eg kike på staudesådden.
Gjett kva eg fann. 7 krukker som hadde spirar frå sådden som har stått ute i to sesongar. Her er det ikkje snakk om at frøa råtnar av mykje regn. Trur dei må tåle det meste for dei har stått rett under open himmel og slusene her har ikkje akkurat vore stengde to siste åra.
Det er denne spiren eg vart så glad for.


Paeonia veitchii var woodwardii.
Heldigvis hadde eg vet denne gongen til å ta vare på sådden ein ekstra sesong.


Slik ser den ut. Håper eg klare å få den til.
Dette bilete har eg lånt av Magnar Aspaker. Det er han frøa kjem frå også.

P.g.a eit skikkelig ruskever har eg ikkje vore ute å tatt bilete av andre vårteikn.
Får gjer det ein anna dag.

Eg deler vårteikn hjå I hagen ved skauen og helgegleder hjå Vivishagerom og litt til.

Ønskjer alle ei strålande ny veke.

Frå MarJE

lørdag 1. mars 2014

VÅRLIGE HELGEGLEDER.

Under dei fagre Sunnmørsalpane har vi full vår. 
I dag leita vi fram eit par stolar og bord så vi fekk innta lunsjen ute i sola.
Den varma slik at eg måtte lette på jakka........heilt, heilt herleg.


Krokusane som eg planta i potte veldig seint i haust opna seg i dag å viste seg for sola og oss selvfølgeleg.
Dei skulle ver kvite etter lappen men dei er godtatt med sin flotte vårfarge.


Denne Primulaen har eg mange stadar og den er på full fart fram i lyset.


Snøklokker i store bestandar i fleire av beda. Delte ein del i fjord og meir deling blir det etter bløminga i år. Vil ha mykje av denne vårgleda.


Det er veldig mykje som spirer. Her er eit lite utval.
Øverst t. v. daglilje, potentilla, judaspenge variegata.
Nede t.v. valmue staude, har sådd den sjølv og er ikkje sikker på kva det er for ei. Får sjå om den blømer i år så eg får navn på den. Hyasint - desse var dei eg hadde i jula -12 som vart utplanta i fjor. Trudde ikkje dei skulle kome, men dei er villige og er fulle med knuppar. Håper ikkje det blir for mykje frost utover slik at den ødelegg dei. Til slutt stokkrose. Har mange av dei som skal bløme for første gong i min hage. Har fått nokre av frøa frå bloggvener så eg gled meg til dei skal bløme.


Er ein hagegal så er ein hagegal .......og barnslig : )
Denne hoven kjøpte eg på Clas Olson. Tenkte at den var perfekt til å plukke opp blad og rusk frå dammen. Den fungerte fint....ei heil bøtte vart det.
Egentlig ein barnehov med teleskopskaft.
No har siste rest av is smelta og plantene ser ut som dei har overlevd vinteren.


Fuglekassene er komne på plass og det er stor interesse for dei. Småfuglane er like glade som meg for nybygga.


Litt stein har også blitt henta i løpet av helga. Litt å starte på til vårens prosjekt.

Mine helgegleder som eg deler hjå Vivishagerom og litt til.

Fortsatt god helg.

MarJE

søndag 19. mai 2013

VÅRTEIKN.

Med siste dagne sitt flotte og varme ver kjem vårteikna i rekordfart.
Her i Møre og Romsdal på Sunnmøre hjå meg har det endelig begynt med litt bløming.

Eg deltar hjå Elin med bloggen I hagen ved skauen og her kjem litt av det som poppar opp i hagen.


Ei staude  humlene likar veldig godt. Har ikkje navnet no i farta. Den er lav med sølvgrønt bladverk.


Hengekirsebærtreet starta bløminga i dag.


Plenen er ikkje slått enda så denne flotte Kvitveisen får bløme der.


Plommetreet er fullt med blomeknuppar.


Rosenrot.


Narsiss, Aurikkel og Stemor som har sådd seg sjølv i bedet.


Rosene som er i live har folda ut blada.


Prydeple med mørkeraude blad.


Frå drivhuset. Oxalis, Geranium og Blodbeger, Cosmos og til slutt blada på Geranium.


Her er litt av kvart som kjem i rekordfart no.

I dag såg eg forskjel frå morgon til no i kveld.

Klikk deg inn til Elin og sjå vårteikn frå heile landet.

søndag 28. april 2013

EI LITA OPPDATERING.

Det blir lenge mellom innlegga no, men det rettar seg nok etterkvart :)
Det går veldig seint med spiringa i beda i år men litt vårteikn og helgegleder er det likevel her på Sunnmøre.
I dag har veret skifta frå snøfnugg i lufta til vind og regn.
Fredag var ein fin soldag så då fekk eg raka plenen.

Det er store lokale forskjelar. Ikkje meir enn ti minutts køyretur frå meg er påskeliljene i full bløming. Her er dei så vidt spirt, ca. 1 cm.

Varmkomposten som vart start for to veker sida er vellykka. Den går så det susar. Det har blitt skikkelig varme i den og prosessen er i full sving. Dette var inga sak å starte opp, veldig enkelt.
Eit godt kvistelag i botnen. Litt tørt hageavfall hadde eg oppå slik at ikkje matavfallet skulle tette igjen luftinga mellom kvistane. Så er det berre å starte med å fylle opp. Kan det bli enklare !!

PS!! To nye kaldkompostbingar har også kome til gards. Dei skal eg vise seinare.
Her går det i kompost av alle slag :)


I går formklipte eg to bjørker og då vart eg overraska når eg såg dette.....


......grøne knuppar.

Fine små kvistar vart det og dei kastar eg selvfølgelig ikkje. Her må alt nyttast.......


......av dei lagde eg små bjørkekransar som eg har ein plan med. Håper det blir slik eg har tenkt. Det skal eg vise seinare.


Meconopsis lingholm blåfiolett. Planta mange av desse i haust og alle kjem igjen. Spennande å sjå om dei blømer i år. Både denne og Aconitum øverst er frø frå Magnar.
Nederst har så vidt tulipanane spirt. Veldig, veldig seint .


Slik ser bedet eg viser kvar veke ut. Rosa som har fått klatrestativ midt i ser død ut.


Staudepottene ( 4 kasser ) som har stått ute i vinter har fått kome inn i sommarstova. Fleire sortar har spirt.


Pelargoniane har også fått komt ut i sommarstova. Det er nok ganske kaldt om natta, men no er dei herda og tåler litt. Fleire er i knupp, her Dronning Ingrid.


Tre brett med stemor og nokre staudar vart med heim når eg skulle kjøpe jord i går :)
Salgløkane veks i rekordfart. Den store er Allium Gladiator. 

Dette var mine Vårteikn og Helgleder som eg deler hjå Elin I hagen ved skauen og Hjå Vivis hagerom og litt til.

¤ ¤ ¤

Jammen har eg bestilt damutstyr også. Det blir litt å henge fingrane i framover.

Med desse blomane som eg kjøpte til helga vil eg ønskje alle ei fin tid framover.


mandag 22. april 2013

VÅR ?

Eg er med på vårteikn hjå Elin med bloggen I hagen ved skauen. Denne veka er eg alt for seint ute, men så er det heller ikkje så mange vårteikn her i hagen.
Sterk vind i fleire dagar og no etterfulgt av regn, 
 har gjort at all snøv og is har reist.

Varmkomposten som eg starta opp Fredag for litt over ei veke sida har starta prosessen for lengst. Der er det god varme og eg ser for meg kor mykje fin jord eg får : ))

Denne vinteren har vore hard for mange plantar. Mange rosebusker ser heilt svarte ut og mange av Rhododendronane ser ikkje livlige ut.


Slik ser dei ut, veldig tørre. Har prøvt å vatna med godt temperert vatn så får eg berre vente å sjå om det hjelp.


Nokre få Klosterklokker er det einaste som har kome opp bortsett frå snøklokkene.
Ikkje ein einaste tulipanspire har vist seg sjølv om eg har veldig mange. Dei ligg nok rett under jordflata å ventar.


I grusbedet som eg laga sist sommar ser det ut som alt har overlevd.
Desse sådde eg sist sesong av frø eg kjøpte hjå Magnar.
Lewisia Little Plum, Androsace carnea og Anthyllis vulneraria coccinea.


Litt anna som kikar opp. Trollius pumilus, Campanula " Snøkvit ", Påskeliljer og Aurikkel.



Ein liten tur innom drivhuset. Erteblomar, i midten er det toårige svarte fiolar som eg vann frøa av Elin. Dei var ikkje heilt enkle å få til å spire. Frøa opna seg fort men så skjedde det ikkje meir. Prøvde å sette dei i kjøleskapet, der spirte dei etter få dagar.
Dahliane er kraftige og veks seg til.
 Ein liten stemor, det er det einaste som gir litt farge akkurat no.

¤ ¤ ¤

I eit tidligare innlegg fortalde eg om Fuksiane mine som fraus i drivhuset. Eg kasta dei selvfølgelig ikkje....for tenk om det er liv inni : ) Og jammen er det fleire som har spirt  igjen : ) )

¤ ¤ ¤

Har så vidt starta grovrenskinga i beda. Her er utrulig ruskete i år.
Eg hadde virkelig håpa at kulden hadde tatt livet av dei brune sleipe....men der tok eg feil. Hadde heldigvis saksa på meg så eg fekk klipt den rett av.

Hagelaget som eg er med i skal heldigvis ta opp kampen mot sneglane i år. Vi skal selge Nemaslug.
Eg er ein av dei ansvarlige for dette og håper mange vil kome å kjøpe så vi kan få bukt med problemet.
Kanskje det blir sneglefrie tider etterkvart.

Dette var det meste eg fann av vårteikn denne gong.

Klikk deg inn hjå Elin på biletet.