søndag 31. mai 2015

STRIKKA SKJØRT TIL LISJEMOR.

Forhåpentlegvis nærma sommaren seg i form av varmare tider. Kalendaren viser at i morgon er det sommar, men varmen let vente på seg.
Eg har no likevel strikka klart eit sommarskjørt til lisjemora vår, bestemorungen.


Gjorde eit dykk i mitt garnlager og valgte Drops cotton light.
Strikka på pinne nr 4 i str. 2 - 4 år.


Det kvite, underskjørtet er strikka saman med hovudskjørtet nokre cm.opp om borda.
Dette er eit enkelt og raskt skjørt å strikke.


I staden for sløyfe til snor som det var i oppskrifta valgte eg å strikke snora.
Det kan du sjå HER korleis ein gjer det. Eg la opp 3 maskar i staden for 4 slik at den ikkje skulle bli så tjukk. 


Her vise det kor langt oppe underskjørtet er festa. 
Og så må lisjemor dragse rundt med heimelagalappane av besta : )........slik er det berre...

Skulle det freiste å strikke dette skjørtet finn du oppskrifta HER.

Eg har eit lite tips ang. oppskrifta. Der står det at du skal felle jamt på 4 omg. Då blir det ikkje likt maskeantall på kvar felling og du får ikkje beine linjer ( fellingane kjem ikkje heilt overens oppover ).
Eg anbefalar å ta like mange fellingar på kvar omg. og dei restrerande maskane som skal fellast tek du på ein ekstra omg. og fell dei i sidene. Det blir finast. Håper det vart forståeleg.


Til vår lisje prinsesse, frå Besta.


MarJE

tirsdag 19. mai 2015

HAGEN I DAG

Jammen lenge sida sist. Her har det vore litt hektisk med heilt andre gjæremål enn hagearbeid.
Me har beisa hus. Skifta farge, så to strøk måtte til. Muren er fornya og herren i huset har bygd ny fin, stor trapp. Kjempefornøgde med alt. Gjenstår å legge flis på verandaen. Det blir nok snart det også.

Dei to siste dagane har blitt brukt til haging og i dag fekk eg litt grønsaksfrø i jorda.
Drivhuset bula ut på alle kantar. Ja, det vart slik i år som alle andre år. Har sådd alt for mykje.
Ikkje har eg hatt anledning til å styre det heller men det ser ikkje ut som det har gjort noko. Det er frodigare enn nokon gong.

No vil eg vise litt frå dagens hagerunde.


Blå himmel og deilig tempratur i dag. 
Velkomen inn i min hage :)


Utsnitt frå beda ved dammen.
Heilt til høgre her skimtar me den nye trappa. Gjenstår å beise den.


Bedet på baksida av dammen.


Tulipanar i mange variantar og fargar....




Det er ei fantastisk løkbløming i år av alle slag.


Litt frå bedet på baksida av huset, sørsida.


Eit anna bed på austsida. 


Bispelue med sitt dekorative bladverk.

Dette var ein liten bit av det som blømer i hagen akkurat no.

Jammen er det fantastisk å vere hagegal folkens.
Sunn og god rekreasjon :))

Ha det godt så lenge.

MarJE.