søndag 9. mars 2014

VÅRTEIKN OG HELGEGLEDER

Her på Vestlandet hjå oss manglar det ikkje på vårteikn i hagen og ellers i naturen.
Med ein så snøfattig og forholdsvis mild vinter er veldig mykje kome langt på veg.
Etter det eg kan sjå på spirane i hagen blir det mykje nytt som kjem opp i år.
Staudesådden i fjord var stor etter min skala og visst våren ikkje får eit tilbakefall med kulde blir det eit frodig hageår :)
I tillegg til stauder vart det planta ein god del busker av ymse slag også. Var så heldig å få bilen full av ei kjekk dame som eg var hjå på hagebesøk.

Skulle egentlig få ut innlegget tidligare men så skulle eg BERRE prikle litt først.
Det eine dreg med seg det andre, tredje og fjerde ++++
Det vart prikling, ompotting av stoveplantar, ompotting av nokre Pelargonia og så fann eg på at eg skulle snuse i buda der eg har overvintra plantar. Vart så aldeles frista til å drage fram nokre Dahlia knollar å plante dei også. Det var dei sortane eg har tenkt å få i driv slik at eg kan ta stiklingar av dei.
Då såg eg vel at Fuksiane låg der å hadde lyst på litt lys, jord og vatn. Nokre av dei kom i krukker og fram i lyset. Hadde ursmå spirar, så her blir det liv.

Men så til dagens, vårens og helgas største glede for meg.
Heilt utrulig at eg har fått det til.
Etter ein mosjonstur i dag måtte eg kike på staudesådden.
Gjett kva eg fann. 7 krukker som hadde spirar frå sådden som har stått ute i to sesongar. Her er det ikkje snakk om at frøa råtnar av mykje regn. Trur dei må tåle det meste for dei har stått rett under open himmel og slusene her har ikkje akkurat vore stengde to siste åra.
Det er denne spiren eg vart så glad for.


Paeonia veitchii var woodwardii.
Heldigvis hadde eg vet denne gongen til å ta vare på sådden ein ekstra sesong.


Slik ser den ut. Håper eg klare å få den til.
Dette bilete har eg lånt av Magnar Aspaker. Det er han frøa kjem frå også.

P.g.a eit skikkelig ruskever har eg ikkje vore ute å tatt bilete av andre vårteikn.
Får gjer det ein anna dag.

Eg deler vårteikn hjå I hagen ved skauen og helgegleder hjå Vivishagerom og litt til.

Ønskjer alle ei strålande ny veke.

Frå MarJE

mandag 3. mars 2014

STRIKKA BARNESMEKKER

Helgas produksjon......seks smekker vart det.
Greit med enkle småplagg inn i mellom som liksom går av seg sjølv.
Men veldig kjekke å ha for dei små når det kleiar for tennene og veldig mykje vått renn ut av munnen.


To forskjellige mønster har eg brukt og så har eg variert litt på dei også.


Desse fire er strikka av Drops baby merino. Heilt nydeleg mjukt garn til dei små. Kløfritt og når det blir vått kjennest det ikkje ekkelt ut fordi det er ull.
Skal eg anbefale så vil eg velge å strikke i god mjuk ull. Dei held mykje bedre på fasongen også.
Eg er litt sånn at eg forandra litt på mønstrene slik eg trur eller ser kan bli ein meir nyttig fasong.
Denne gongen følgde eg oppskrifta til punkt og prikke på eit av kvar modell.
Det øverste grøne  og det mørkaste rosa. Men på det rosa brukte eg pinnar nr.3,5 i staden for 4 p. g. a  at dette garnet er nok tynnare enn bomullsgarnet som var oppgitt. Og derfor forlenga eg litt reimane slik at det ikkje vart for stramt rundt halsen.


På det grøne er alt strikka og så er kasta midt framme opne. Det rosa har eg vridd kasta slik at det ikkje blir hol og så har eg hekla kanten rundt. Smak og behag. Har strikka mange av desse før og eg vrir alltid kasta for vitsen er at det er tett.
Heklakanten har eg hekla slik : 1 fm. hopp over 2 m. 2 st. + 2 lm. + 2 st. i neste m. hopp over 2 m. Eg tell ut slik at eg får spissen på ein rapport midt framme.
Mønstra har eg funne HER.


Som sagt så strikka eg det rosa som orginalen.
Det grøne la eg opp mindre maskar og auka til det antalet som står i mønstra. Det blir spissare, skråkanten i sida blir lenger. 
Alt etter bruksområdet. Skal ein bruke det til etesmikke er det nok lurast å ha det størst mulig.
Broderte litt pynt på.


Same smekkene her men strikka i Drops cotton light. Sjølv om det er ein tjukkare tråd brukte eg pinne nr.3,5 ellers vart det for laust.
Desse har eg lagt enda mindre opp på slik at dei er enda spissare.
Mønster finn du HER.

Fekk besøk av vesla og då prøvde ho desse siste her. Har ikkje strikka dei før så eg var spent på fasongen. Dei var heilt perfekte. Sat fint rundt halsen.
Så denne oppskrifta kan eg anbefale.

Litt kvardagsglede.
Eg skulle passe vesle Ella medan mammaen skulle eit ærend.
Sjå kva eg fekk.


Ei fin raud potterose.


Den skal eg ta godt vare på.
Når det blir varmare tider skal den få pryde hagen.

¤

No skal eg stikke hovudet under baderomsinreidninga.........sprø ?
Nei...berre hagegal og frøgal. Eg har tatt laust i føboksa og dei raskaste spirte etter 1 1/2 dag.
Fantastisk.

Koselig med alle som ser innom meg her på bloggen og takk for fine ord.

God veke til alle.

Klem MarJE.

lørdag 1. mars 2014

VÅRLIGE HELGEGLEDER.

Under dei fagre Sunnmørsalpane har vi full vår. 
I dag leita vi fram eit par stolar og bord så vi fekk innta lunsjen ute i sola.
Den varma slik at eg måtte lette på jakka........heilt, heilt herleg.


Krokusane som eg planta i potte veldig seint i haust opna seg i dag å viste seg for sola og oss selvfølgeleg.
Dei skulle ver kvite etter lappen men dei er godtatt med sin flotte vårfarge.


Denne Primulaen har eg mange stadar og den er på full fart fram i lyset.


Snøklokker i store bestandar i fleire av beda. Delte ein del i fjord og meir deling blir det etter bløminga i år. Vil ha mykje av denne vårgleda.


Det er veldig mykje som spirer. Her er eit lite utval.
Øverst t. v. daglilje, potentilla, judaspenge variegata.
Nede t.v. valmue staude, har sådd den sjølv og er ikkje sikker på kva det er for ei. Får sjå om den blømer i år så eg får navn på den. Hyasint - desse var dei eg hadde i jula -12 som vart utplanta i fjor. Trudde ikkje dei skulle kome, men dei er villige og er fulle med knuppar. Håper ikkje det blir for mykje frost utover slik at den ødelegg dei. Til slutt stokkrose. Har mange av dei som skal bløme for første gong i min hage. Har fått nokre av frøa frå bloggvener så eg gled meg til dei skal bløme.


Er ein hagegal så er ein hagegal .......og barnslig : )
Denne hoven kjøpte eg på Clas Olson. Tenkte at den var perfekt til å plukke opp blad og rusk frå dammen. Den fungerte fint....ei heil bøtte vart det.
Egentlig ein barnehov med teleskopskaft.
No har siste rest av is smelta og plantene ser ut som dei har overlevd vinteren.


Fuglekassene er komne på plass og det er stor interesse for dei. Småfuglane er like glade som meg for nybygga.


Litt stein har også blitt henta i løpet av helga. Litt å starte på til vårens prosjekt.

Mine helgegleder som eg deler hjå Vivishagerom og litt til.

Fortsatt god helg.

MarJE