mandag 3. mars 2014

STRIKKA BARNESMEKKER

Helgas produksjon......seks smekker vart det.
Greit med enkle småplagg inn i mellom som liksom går av seg sjølv.
Men veldig kjekke å ha for dei små når det kleiar for tennene og veldig mykje vått renn ut av munnen.


To forskjellige mønster har eg brukt og så har eg variert litt på dei også.


Desse fire er strikka av Drops baby merino. Heilt nydeleg mjukt garn til dei små. Kløfritt og når det blir vått kjennest det ikkje ekkelt ut fordi det er ull.
Skal eg anbefale så vil eg velge å strikke i god mjuk ull. Dei held mykje bedre på fasongen også.
Eg er litt sånn at eg forandra litt på mønstrene slik eg trur eller ser kan bli ein meir nyttig fasong.
Denne gongen følgde eg oppskrifta til punkt og prikke på eit av kvar modell.
Det øverste grøne  og det mørkaste rosa. Men på det rosa brukte eg pinnar nr.3,5 i staden for 4 p. g. a  at dette garnet er nok tynnare enn bomullsgarnet som var oppgitt. Og derfor forlenga eg litt reimane slik at det ikkje vart for stramt rundt halsen.


På det grøne er alt strikka og så er kasta midt framme opne. Det rosa har eg vridd kasta slik at det ikkje blir hol og så har eg hekla kanten rundt. Smak og behag. Har strikka mange av desse før og eg vrir alltid kasta for vitsen er at det er tett.
Heklakanten har eg hekla slik : 1 fm. hopp over 2 m. 2 st. + 2 lm. + 2 st. i neste m. hopp over 2 m. Eg tell ut slik at eg får spissen på ein rapport midt framme.
Mønstra har eg funne HER.


Som sagt så strikka eg det rosa som orginalen.
Det grøne la eg opp mindre maskar og auka til det antalet som står i mønstra. Det blir spissare, skråkanten i sida blir lenger. 
Alt etter bruksområdet. Skal ein bruke det til etesmikke er det nok lurast å ha det størst mulig.
Broderte litt pynt på.


Same smekkene her men strikka i Drops cotton light. Sjølv om det er ein tjukkare tråd brukte eg pinne nr.3,5 ellers vart det for laust.
Desse har eg lagt enda mindre opp på slik at dei er enda spissare.
Mønster finn du HER.

Fekk besøk av vesla og då prøvde ho desse siste her. Har ikkje strikka dei før så eg var spent på fasongen. Dei var heilt perfekte. Sat fint rundt halsen.
Så denne oppskrifta kan eg anbefale.

Litt kvardagsglede.
Eg skulle passe vesle Ella medan mammaen skulle eit ærend.
Sjå kva eg fekk.


Ei fin raud potterose.


Den skal eg ta godt vare på.
Når det blir varmare tider skal den få pryde hagen.

¤

No skal eg stikke hovudet under baderomsinreidninga.........sprø ?
Nei...berre hagegal og frøgal. Eg har tatt laust i føboksa og dei raskaste spirte etter 1 1/2 dag.
Fantastisk.

Koselig med alle som ser innom meg her på bloggen og takk for fine ord.

God veke til alle.

Klem MarJE.

16 kommentarer:

  1. Nydelege smekker ! Du er jammen flink. Takk for tips og oppskrift.
    Takk for koseleg kommentar om kakene. Eg laga berre den fremste, mokkakaka. Dei andre to
    kom gjestane med.
    Det er utruleg ver ute, eg er igrunnen i vårmodus no, og like syta med snøen som eg ynkste skulle kome,
    men eg syns synd i skisentra som slit med raude tal etter den vårlege vinteren.
    Artig at du har frø i vekst på badet... Skal tru om eg skulle prøvt ? Har ikkje sått frø på aldri så mange år.
    Takk for allr gode tipsa du deler.
    God klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  2. Kjempesøte smekker, så dekorativt med litt broderi på dem! Takk for tips til garnvalg og link til oppskrift.
    Og takk for koselig kommentar hos meg! Ønsker deg ei fin uke! :-)

    SvarSlett
  3. Skal sei oss du har produsert i helga:) Kjempesøte smekker! Kjekt med slike raske prosjekt innimellom.
    Her er dåpskjole nr 2 ferdig, gjekk litt raskare med den enn første. Skal ein finne noke på brukten må ein grave og leite...eg brukar å ligge på kne og grev innimellom alle plassar. Men det er ikkje alltid eg heller finn noke. Somme tider er der så rotete at eg ikkje orkar å leite.....
    Nyt vårdaganeMarJE!! Det er berre heilt utruleg kor fint det er!
    God natt klem frå meg:)

    SvarSlett
  4. Du er så dyktig til å strikke og hekle! Jeg er så imponert over alt du får til. Nydelig potterose du fikk! Den blir nok flott utover våren :-)

    Ønsker deg en fin dag, klem!

    SvarSlett
  5. Så fine smekker du har strikket med søte detaljer. Driftig og flink du er :) Jeg er flink i begynnelsen av strikkeprosjekter men så skorter det på avslutningen.
    Jeg har akkurat hatt meg en runde for å sjekke sådden på badet. Det er første gang jeg prøver det. Noe har spirt mens andre lar vente på seg.
    Hagegalskap er en herlig greie :)))
    En fin uke ønskes deg fra Tone

    SvarSlett
  6. Nydelige smekker.
    Skulle hatt sånne til mine når de var små.

    Ha en fin dag!!

    SvarSlett
  7. Så flotte de er, nydelige farger og mønster med små detaljer.
    Men så må de jo stå i stil til søte vesla også da.

    Herlig farge på potterosene, de lyser nok opp tenker jeg.

    Ha en fin dag.

    SvarSlett
  8. Koselige smekker du har laget, de så gode ut. Kjekt å ha noe smått håndarbeid innimellom som går litt kjapt :) Jeg heklet en del til mitt barnebarn da hun ble født for et år siden. Jeg ser at de er fremdeles i bruk :)
    Klem fra Anette

    SvarSlett
  9. Flinkingen! Jeg blir blir ikke så rent lite misunnelig på produktiviteten din! Jeg sluttet å strikke pgs kranglete skuldre men jeg kjenner at jeg savner det :-)

    SvarSlett
  10. Så flink du er og så fine dei vart!

    Heldig den som får slike gåver.

    -nattaklem-

    SvarSlett
  11. SÅ fine smekker du har laget. Nydelige farger.Skikkelig flittig med pinnene. Ja er det ikke koselig å få blomster. :)

    SvarSlett
  12. Kjempesøte smekker !
    Skjønneste farger og så fint med litt pynt på .
    Virkelig flink med strikkepinnene du ...

    SvarSlett
  13. Takk for at du legger ut oppskriften! Disse er kjempefine, og jeg fikk lyst til å strikke med en gang. Det er jo enda tid for strikking selv om våren er underveis :-).

    SvarSlett
  14. Fine og praktiske smekker!
    Flotte vårtegn i forrige innlegg! Utrulig så tidlig alt kjem i år.

    SvarSlett
  15. utrolig flotte ;o) Takk for at du deler!

    SvarSlett
  16. Så fine smekker - vi kaller Lätzchen - har du striket. Veldig fin med søt blomster.
    Vakker rose du har.,, jeg har en hyasint med rosa farger og fin duft i helt huset.
    Ha en fin søndagskveld. Klem fra Viola

    SvarSlett