Litt forskjellig som skjer her i hagen.
I går fekk eg tømt varmkomposten slik at den er klar for vinteren. Håper den kjem like fort i gange som sist. Trur det var varme i den etter berre tre - fire dagar.
Eg var fast bestemt på at eg ikkje skulle plante løk i haust fordi alt som eg planta i fjord haust fraus eller rotna. Men ein slik vinter kan det vel ikkje bli igjen........eg har planta mykje løk. Gled meg alt til våren.
Denne veka kom frosten og tok med seg ein god del av georginene. Dei som stod beskytta under tre gjekk det litt bedre med. Det var - 1,3 på det kaldaste.
Vi har hatt eit nydeleg haustver siste tida. Sol og klar rein luft.
I dag er det grått med regn. Men inn i mellom bygene tok eg ei runde med kameraet.
Og sjå kven som har starta bløminga eit år for tidlig.....
....ei av Stokkrosene eg sådde. Det er første gong eg har denne planta i hagen og jammen glad for at eg tok til vetet å sådde den. 3 sortar har eg sådd så det blir meir glede neste år.
Skal tru...når den blømer no, kjem den då igjen neste år ? Er det hjelp å klippe ned blomestilken ?
Nokon som kan gi råd ?
Nokon som kan gi råd ?
Desse er også nye av året. Svart toårig fiol som eg vann frø frå Elin med bloggen I hagen ved skauen og nelliken som er staude fekk eg frø frå Turid med bloggen Tuaihagen og huset.
Kjempefine begge to og kjekt med bløming første året.
Nelliken hadde lagt seg godt rundt fiolen. Den forstod nok at det var ein fin fargekombinasjon.
Her ser vi Nelliken litt bedre.....
.......og her fiolen.
Her kjem fleire som har vore i hagen lenger.
Geranium Ballerina.
Klematis denne rakk å kome med blomar i år.
Etter sist vinter var det berre to av klematisane som kom sånn nokon lunde i rimelig tid. Så eg var heilt sikker på at dei andre hadde gått ut. Men alle har kome ut gjennom sommaren og hausten.
Den siste oppdaga eg for to veker sia når eg skulle plante ein ny der den stod.
Ja, ja kjekt det så fekk eg finne ein anna plass til den nye :))
Revebjelle - det er alltid ei som blømer gjennom heile sesongen til frosten kjem for fullt.
I bakgrunnen Søyleblome, rose og gul buskmure.
Alltid like vakker og har vore slik heile sesongen New Dawn klatrerose.
Har heldigvis planta meg ei til i år.
Hugsar ikkje navnet i farta. Løkplante som kjem med grøne friske blad om våren. Så visnar dei ned og store krokus liknande blomar kjem om hausten.
Kinasøte.
Ved innkøyrsla er det kinasøte og lyng som viser fargar.
Litt pynt ved inngangsdøra.
Helgegleder eg vil dele hjå Vivis hagerom og litt til.
God ny veke ønskjer eg alle som vitjar meg.
MarJE.