Viser innlegg med etiketten Hagebesøk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hagebesøk. Vis alle innlegg

fredag 26. juli 2013

ENDELIG KOM SOMMAREN OG AMO.

Måndag var ferien over for mitt vedkomande og då kom endelig sommaren her.
Deilig med finver når ein er på jobb også, ivertfall for meg som er fri på dagtid og kan nyte det.

Men det var ikkje berre sommaren som kom. Bloggdama Amo med bloggen " amo sin blogg " kom på besøk. Utrulig kjekt med bloggbesøk, og det rare er at det kjendest ut som vi hadde kjent kvarandre lenge. Amo har ein flott blogg der ho skriv om litt av kvart som opptek ho. Den er virkelig verd å besøke.


Roser og hundekjeks i vase.

Ei runde i hagen medan vi prata om laust og fast og rundt oss susa.......


.........både humler og......


.......bier. Veldig mykje av dei i år. Om det er fordi eg har blitt meir oppmerksom på dei eller om bestanden har tatt seg opp veit eg ikkje. Uansett er dei velkomne hit til hagen.
Her nyt dei blomen på Heuchera.


Valmue Black peony.


Valmue som eg har sådd i år.


Blodbeger hadde ikkje Amo sett før. Kjekt at eg kunne vise noko som var nytt for ho.


Astlbe bakerst, kvite Allium, Astrantia major, Pionvalmue og Keisarkrune.


Therese Bugnet. Denne rosa har eg planta i år og den har fått seg stativ av armeringsjern.
No satsar eg berre på roser som er ekstra herdige og det skulle vel denne ver får eg håpe. 
Flott er den også.


Sjå her kva eg fekk...denne fine lysholdaren. Inni er det glas som er trekt med bjørkenever. Kjempefin...den lyser så fint no i utestova her eg sitt å bloggar.
Tusen takk for besøket og gåva.
Dåkke er hjarteleg velkomne tilbake til Hagen i svingen.

Varm klem frå MarJE.

søndag 16. juni 2013

BESØK I EIN KUNSTNERISK HAGE.

I går Laurdag gjekk turen med Hagelaget til Olden i Stryn kommune.
Det vi visste var at vi skulle besøke ein hage med mange skulpturar. Overraskelsen var stor når vi kom fram til Johanna og Gunnar Nygjerd og fekk sjå den utrulig flotte kunsthagen deira.
I hagen er det ca. 80 skulpturar som Johanna har laga sjølv av betong.
Ekteparet fyller ut kvarandre på ein fin måte og gjer kvar sine ting i prosessane med både skulpturane og ellers i hagen. Gunnar støyper fundament og festar armeringsjern slik Johanna ønskjer det, så er det ho som støyper og formar skulpturane.


Vi fekk ei flott og informativ omvisning av ekteparet. Dei fleste av skulpturane har ei historie.


Det var ein lang veg ned til huset og i enden ved postkassene stod desse skulpturane.


Litt av det som stod langs vegen ned. 
Som dei fleste andre plassar i landet hadde vinteren herja her også. Så det var ein del som var brunt og fleire tred hadde gått ut.


Johanna forklarte at skulpturane vende seg oppover og som oftast i eit knutepunkt. Det sumboliserte det positive. 


Dei brukte mykje stein også i hagen. I frukttreet på høgre sida har dei pynta med julekuler alle i same fargen men med forskjellig struktur. I tillegg var det lyslenker i.


Kulene og litt av utsikta på nærsyn.


Ved denne sittegruppa kunne du både nyte hagen og den flotte utsikta.


Johanna kjem frå Selje så ho fortalde sagnet om Sant Sunniva som kjem der ifrå. Ho konkluderte med at det er fritt fram for kven som vil tru på det. Ho var heilt sikker i si sak.
Her skulptur av Sankt Sunniva. Den var minst i full størrelse.


Sankt Sunniva ligg på kne å bed. Øverst har dei laga eit miniatyr av Selje kloster.
Blomane vart nesten heilt gløymde. Her var så mykje anna spennande å sjå.


1. Eit slags tårn med ei rund plate som hang i sen. Den laga lyd når det var vind. 2. Søyler som hadde stein på toppen. 3. Gangstiar av skiferheller. Det var fleire sirklar bortover.


Dei store tujane t.h var skikkelig flott klipte. 


Denne dama lagde ikkje berre skulpturar. Ho dreiv med mange typar av handarbeid / forming.
Bilete på veggen har ho laga av potter som har blitt knuste og koppar og kar som har lede same skjebne.


Musikksymbol som heng på veggen var laga av platerestar og dekorert kjellarmur ( det også symboliserte noko men det hugsar eg ikkje )

Her var så mykje eg kunna vist.....men måtte begrense det ellers hadde det vorte veldig langt.
 Dette var ein hage, eit hus, ein fjøs og ikkje minst eit flott innholdsrikt ektepar som kjem til å sitte igjen i minnet i lang tid framover. 

Hagen er praktfull og ligg i naturskjønne omgjevnadar. Som Johanna sa : ein slik hage kan ein ikkje ha alle stadar som t. d i eit byggefelt, men HER passar den perfekt.

Som avsluttning vart vi servert heimelaga eplekake og kaffi.

Er det nokon som er i desse traktene hadde eg ikkje tvilt på om eg skulle besøke denne hagen. 

¤ ¤ ¤

Ei flott Helgeglede som eg vil dele hjå Vivishagerom og litt til.

tirsdag 21. august 2012

HAGEVANDRING!!!

I dag kom den dagen eg ikkje heilt hadde kontroll på. Eg skulle ha mi første hagevandring og grugleda meg : )) Tenkte som så at eg har vel ingen ting å visa ein så erfaren hagegjeng?
I går kveld opna himmelen seg igjen og sleppte ned fuktigheit i store mengder. Å nei, å nei no vert vel dei restane som er igjen av blomar slått fulstendig ned. Ja, det var ikkje noko særlig flott syn i dag tidlig, så eg var ikkje heilt overbevist at dette kunne gå så veldig bra når eg for avgarde til jobb.
Det var som om nokon hadde sendt ei melding til verguden. Overraskande vart det opplett med god tempratur, så dette såg ikkje så verst ut likevel.

For ein overraskelse ca. 25 hageglade møtte opp. Nokre kom sykklande, somme til fots og andre i bil.

Forstod fort at med ein slik flott gjeng på besøk var det ingen ting å frykte. Hagefolk = utrulig kjekke folk. 

Sjå berre her ei utrulig blid dame og ei luuuuuuuur.......hadde ho tenkt å smake på eppla????

Hjelpe meg, er det noko lekkert dei har sett?????

Kanskje det var denne Geraniumen?

Hildrandedu.....for eit baklengsbilete.

Frå mi side vart det kun bilete av krukkene ved veranda trappa og av dei frammøtte i dag. Tida gjekk til god og humørfyllt prat.

Kaffikos og god hageprat under tak. Me var så heldige at her var ein hane i hønseflokken : D
Som Dykk har sett var dette ingen ting å gru seg for. Det var ein aldeles trivelig gjeng å ha på besøk.
Eg MÅTTE BERRE fortelje dei mi hemmeligheit. At eg har vorte HAGEBLOGGAR : )
Tusen takk for besøket alle mine hagevenner!

¤ ¤ ¤ ¤ ¤

Noko så upassande som dette, kom det ein heil gjeng sniglandes inn i hagen av desse....

..............trur ikkje eg har sett så mange på ein gong. Så ut med saksa for å begrense litt på bestanden.