søndag 16. juni 2013

BESØK I EIN KUNSTNERISK HAGE.

I går Laurdag gjekk turen med Hagelaget til Olden i Stryn kommune.
Det vi visste var at vi skulle besøke ein hage med mange skulpturar. Overraskelsen var stor når vi kom fram til Johanna og Gunnar Nygjerd og fekk sjå den utrulig flotte kunsthagen deira.
I hagen er det ca. 80 skulpturar som Johanna har laga sjølv av betong.
Ekteparet fyller ut kvarandre på ein fin måte og gjer kvar sine ting i prosessane med både skulpturane og ellers i hagen. Gunnar støyper fundament og festar armeringsjern slik Johanna ønskjer det, så er det ho som støyper og formar skulpturane.


Vi fekk ei flott og informativ omvisning av ekteparet. Dei fleste av skulpturane har ei historie.


Det var ein lang veg ned til huset og i enden ved postkassene stod desse skulpturane.


Litt av det som stod langs vegen ned. 
Som dei fleste andre plassar i landet hadde vinteren herja her også. Så det var ein del som var brunt og fleire tred hadde gått ut.


Johanna forklarte at skulpturane vende seg oppover og som oftast i eit knutepunkt. Det sumboliserte det positive. 


Dei brukte mykje stein også i hagen. I frukttreet på høgre sida har dei pynta med julekuler alle i same fargen men med forskjellig struktur. I tillegg var det lyslenker i.


Kulene og litt av utsikta på nærsyn.


Ved denne sittegruppa kunne du både nyte hagen og den flotte utsikta.


Johanna kjem frå Selje så ho fortalde sagnet om Sant Sunniva som kjem der ifrå. Ho konkluderte med at det er fritt fram for kven som vil tru på det. Ho var heilt sikker i si sak.
Her skulptur av Sankt Sunniva. Den var minst i full størrelse.


Sankt Sunniva ligg på kne å bed. Øverst har dei laga eit miniatyr av Selje kloster.
Blomane vart nesten heilt gløymde. Her var så mykje anna spennande å sjå.


1. Eit slags tårn med ei rund plate som hang i sen. Den laga lyd når det var vind. 2. Søyler som hadde stein på toppen. 3. Gangstiar av skiferheller. Det var fleire sirklar bortover.


Dei store tujane t.h var skikkelig flott klipte. 


Denne dama lagde ikkje berre skulpturar. Ho dreiv med mange typar av handarbeid / forming.
Bilete på veggen har ho laga av potter som har blitt knuste og koppar og kar som har lede same skjebne.


Musikksymbol som heng på veggen var laga av platerestar og dekorert kjellarmur ( det også symboliserte noko men det hugsar eg ikkje )

Her var så mykje eg kunna vist.....men måtte begrense det ellers hadde det vorte veldig langt.
 Dette var ein hage, eit hus, ein fjøs og ikkje minst eit flott innholdsrikt ektepar som kjem til å sitte igjen i minnet i lang tid framover. 

Hagen er praktfull og ligg i naturskjønne omgjevnadar. Som Johanna sa : ein slik hage kan ein ikkje ha alle stadar som t. d i eit byggefelt, men HER passar den perfekt.

Som avsluttning vart vi servert heimelaga eplekake og kaffi.

Er det nokon som er i desse traktene hadde eg ikkje tvilt på om eg skulle besøke denne hagen. 

¤ ¤ ¤

Ei flott Helgeglede som eg vil dele hjå Vivishagerom og litt til.

19 kommentarer:

  1. Oi, for en fantastisk hage! Beundrer de som klarer å lage slik an kunst og vise det frem i hagen sin. Flotte bilder :)

    SvarSlett
  2. Du verden, det var litt av en hage du har besøkt! Det er nesten utrolig hvor kreative folk kan være! Der var det mye flott, det er helt sikkert. Hagen var jo også veldig fin, så det må ha vært mange inntrykk å få med seg.

    Ha en fin mandag. Klem fra Marit

    SvarSlett
  3. Imponerende kunst og hage-i flott fellesskap! Kjempeinteressant MarJE,takk!

    SvarSlett
  4. For eit fantastisk anlegg av ein hage. Nesten som ein park ser det ut som på dei fine bilda dine.
    Det er rart kor mange perler me ikkje veit om der me susar forbi i bilar på vegane.
    Eg trur at denne dama er aktiv politikar i S og Fj også ( syns det er ho når eg ser bildet).
    Kreative og flinke folk !
    Men eg anar at du også har ein flott hage, og no fekk du vel nye idèar ? ;)

    Ynskjer deg ei fin ny veke MarJE
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  5. Så flott hage - dette må ha vært en flott helgeopplevelse :)

    SvarSlett
  6. Ja, dette var veldig flott og spesielt! Tenk for en jobb! Fantastisk! :)
    Inspirerende på flere måter.
    Ha en trivelig ny uke! Nyt sommerdagene! :)

    SvarSlett
  7. Kjempespennende bilder. Slike stede må man besøke mange ganger for å få med seg ting. Ha det godt! Anne

    SvarSlett
  8. Takk for at du tok med oss blogglesarar på turen! Dit fekk eg lyst!

    SvarSlett
  9. Du verden for ein hage! Reine parken det der med alle statuene!
    Takk for omvisninga, det var flott å sjå:)
    Ha ei superfin veke!
    Klem frå meg

    SvarSlett
  10. For en spennende tur til denne fantastiske hagen i vakre omgivelser!
    Ha en fin uke!

    SvarSlett
  11. For en innholdsrik og flott hage! Sikkert fint å vandre rundt der å se på alle skulpturene, de fine innretningene og plantene. Vakkert!

    SvarSlett
  12. Litt av en hage!
    Takk for at du viste bilder derfra.
    Og så var det kjempefint at du fikk frøene til å spire,
    til slutt, for himalayafotblad sin del.
    Husk bare på at der du planter den, må den stå,
    den har pælerot!

    SvarSlett
  13. Det var nok litt av en opplevelse å vandre i den hagen, hage og kunst om hverandre spennende.
    Takk for hilsen hos meg.
    Ha en fin dag, klem Laila

    SvarSlett
  14. Så fantastisk å komme innom bloggen å få en slik overraskelse! Jeg ble virkelig begeistret for denne hagen, selv om det ikke plantene som er i sentrum. Og det viser at alle hager er unike og derfor uendelig spennende å komme inn i nye hagerom. Tusen takk for et flott innlegg. Håper eierne tar imot gjester og håper jeg en gang kommer hit!

    SvarSlett
  15. Herlig å se en så levende og kunstnerisk hage! :-) Det skulle vært spennende å lese om teknikken hun benytter for å lage en statue i sement. De ser ikke ut til å være laget i form.
    Hagens form og blomstring så jo også veldig flott ut!
    Takk for at du deler :-)
    Ha en fin dag
    Stein

    SvarSlett
  16. Å så spennende hage og flotte skulpturer, det er fint å se hvordan kunst og hage passer sammen og gir litt til alle sansene.
    Flotte bilder MarJE.
    Marit.

    SvarSlett
  17. For en fantastisk hage, takk for turen :)
    Anette

    SvarSlett
  18. Vilken hagevandring! Jeg har nytet bildene, takk, den hagen hadde jeg likt å besøke. Skulpturer og annen kunst gjør seg godt i naturen.

    SvarSlett
  19. For ein fantastisk og spanande hage :)

    SvarSlett