onsdag 12. juni 2013

RHODODENDRON.

Etter vinterens herjingar såg det ut som det ikkje skulle bli noko særleg stas med Rhododendroane i år, men dei har overraska positivt med ei overveldande bløming.

Trur faktisk det er berre ein av mine 26 som ikkje kjem til å bløme i år.

Eg har alt frå dei største.....


.....som denne heilt vanlege lilla Rhododendron Grandiflorum.......


........med desse blomane. Den har akkurat begynt å opne seg. Eg synest den er flott når den viser seg i fullt flor.

Og til den minste miniatyr Rhododendron forrestii ( dette er ein mini, mini sort ).....

.....så stor som ei fyrstikkøskje. Den er raud på farge men har ikkje blømd her hjå meg enda. Har hatt den i to år og sist sommar flytta eg den til grusbedet. Set ut som den trivast der.


Ved innkjøyrsla til huset. Litt vanskeleg å sjå men her er 4 Rhododendron. To raude, ein gul og ein heilt sart rosa. Den rosa har ei nydelig lukt. Den står nærast her og er snart avblømd.


Mellom tre oppstamma høge sypress / tuja veks Rhododendron  Kalinka...........


.........den har ein flott farge.


På Rhododendron Dreamland ser du at bladverket har fått seg ein skikkelig knekk, men det kjem igjen.


Rhododendron Flava har ein fin lys gul farge......litt stor sort. 


Rhododendron hybride Rasputin er litt mørkare og litt anna burgunderlilla farga enn på biletet.


Heilt lys, lys rosa nesten kvit med rosa teikningar ( denne hadde eg ikkje navnet på ). 


Rhododendron Percy Wiseman er hagens skjønnheit synest eg. Den blømer veldig lenge og fargen på knuppen starta med skarp rosa. Når den foldar seg ut går den over i dusare tonar og endar til slutt opp som veldig dus rosagul.

Slik står den no. Det er ei god stund til den kjem til den heilt duse fasen.

Dette var litt av Rhododendronbløminga i Hagen i svingen. Som dåkke såg er det nokre som er i opningsfasen medan andre snart er over for i år.

¤ ¤ ¤

Då vil eg ønskje alle mine lesarar koselige dagar i hagen og ellers med det du sysslar med.

Ha det godt og tusen takk for alle ord som blir lagde igjen.

Frå MarJE.

17 kommentarer:

  1. Så mange vakre Rhododendron du har! Jeg synes de er helt fantastiske. Selv bor jeg på helt feil jordsmonn for disse skjønne buskene, men når jeg ser slike bilder så får jeg lyst til å lage meg et surjordsbed. Kos deg med blomstringen:)

    SvarSlett
  2. Så mye flotte blomster her! Nydelig. Takk for titten!

    SvarSlett
  3. Jøje meg kor mange sortar Rhododendron du har.
    Og så vakre som dei er !!
    Her er nokre her òg, mange som foreldra mine sette
    for mange år sidan. Eg veit ikkje namn på så mange.
    Det kjekke er at dei blomstrar til ulik tid så ein kan glede seg
    over dei lenge.
    Takk for at du deler med oss andre.
    God klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  4. Det var litt av ein blomeprakt du viste fram i dag! Fantastisk flott!!
    Har ingen for tida men har planer om å plante. Men det vert nok ikkje i år.
    Bedet som eg spadde opp står i stampe - fingrane tålte ikkje den jobben.....
    Mannen har lova å hjelpe men no har det vore så mykje anna på tapetet - både disk og Trondheimstur;) Men det blir det blir...
    God vakt!
    Klem frå meg:)

    SvarSlett
  5. Heisan. Nydleg rododendron bløming hos deg. Mine har også klart vinteren godt, heldigvis. Nyt blomstringa så lenge den varer !!

    SvarSlett
  6. For ein hage du må ha. Og så vakkert da. Vi har ein her i nabobygda som har ein heilt fantstisk rhododendron hage. Eg ahr ikkje vore der før. Men har planer om ein tur i helga. Viss eg kjem meg avgårde blir det hageblogging på meg o på lørdag hehe. Fantastisk flott hagen din hvertfall. Det må vere ein del jobb med den

    SvarSlett
  7. Så mye flotte rododendron. Jeg har bare to, begge ble brutalt klippet ned og flyttet på for to år siden, men i år blomster de begge. Kunne godt tenkt meg noen flere, men vet ikke helt hvor jeg skulle plassert dem.

    Fin dag til deg.
    Klem

    SvarSlett
  8. Kjære vene så mange flotte du har! Jeg håper du får tid til å sette navn på de i dag :-)
    Jeg har ikke så mange rhodoer, så jeg er veldig klar for å få flere av de inn i hagen! Så noen nye navnesorter er jeg på jakt etter.

    Ha en fin dag. Klem fra Marit

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for mange navn som du har funnet frem!
      Det er så mange flotte rhododendron. Jeg har den Percy Wiseman selv, men min har fått skikkelig juling i vinter. Men den blomstrer litt nå likevel.

      Ha en fin kveld. Klem fra Marit

      Slett
  9. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  10. Ikke annet å si enn...NYDELIG!! :-)
    Kos deg med blomstringen!

    SvarSlett
  11. Nydelige bilder av en nydelig hage :)
    Kos deg masse!
    Anette

    SvarSlett
  12. Oi ,så mange flotte rododendron du har. Nydelig blomstring hos deg. Den hvite du har likner på den jeg har i bedet mitt. Skal titte litt nærmere på blomsterbildene jeg har tatt av den. Tusen takk for koselig hilsen. Setter utrolig pris på. Klems

    SvarSlett
  13. Så fantastisk flott, de er så utrolig vakre.
    Nydelige bilder, god helg fra Marit.

    SvarSlett
  14. Flott rhodoblomstring hos deg! Vi må vel kalle oss samlarar når vi kjem opp i 25-30 stk, eller kva?
    Ha ei fin helg!

    SvarSlett
  15. Virkelig en flott blomstring.

    Klem

    SvarSlett