torsdag 29. november 2012

HIMMELSK # 113

Fjellheimen i vinterdrakt mot ein klar blå himmel.



Vil du sjå fleire bidrag trykk HER.

[4987378325_b77095bd20_b13.jpg]



Minner om Give away hjå meg. Er snart trekning. Så vil du være med kan du melde deg på  HER.

mandag 26. november 2012

MANDAGSTEMA # 68

Gjerde er tema denne veka og det kan være så mangt.

Her er mitt bidrag.

Gamalt mosegrodd steingjerde.


Fleire bidrag kan du sjå HER.

søndag 25. november 2012

HELGEGLEDE

Den størtste gleda denne helga kom no.......HØDD vann Cupfinalen !!!!!!
GRATULERER......no blir det feiring  : )


Ja.....eg har vore på Cupfinale men ikkje på Ullevål. Var her i heimen......traska mellom kjøkkenet og stova. Var så nervepirrandes at det var uråd å sitte still.


Banens beste Nyland.....for ein flinke kar.


Standal i front.....han er frå mi bygd  : )    


Lykklige vinnarar med kongepokalen i hende.


For ein heiagjeng !!!! Vart både jubel og gledestårer i massevis.
( bilda er frå TV- en )


Steikte bollar medan gullkampen gjekk. Måtte ha litt å kose seg med til feiringa.....for det visste eg selvfølgelig at det vart :))
Lyslykt med lykke engel høyrer med i slikt selskap.


Fleire helgegleder kan du sjå hjå Vivishagerom HER.

onsdag 21. november 2012

HENTESETT TIL BABY

No er hentesettet som eg strikka i Drops Alpaca ferdig.....


Det er strikka i str. 0 - 3 mnd.


Mønstra fann eg på Drops Design og den kan du sjå HER.


Av og til har ein litt flaks og det hadde eg denne gongen. Etter at eg var godt i gang med dette settet oppdaga eg at babyteppet eg har strikka frå før høyrer til  : ) ) Det var jammen supert. Det kan du sjå HER visst du vil.


Hekla snorene til sokkane og hua av dobbel tråd og lagde små duskar i endane.


Rundt kragen, framme på armane og på hua rundt oppbrettkanten + ein kant lenger bak slik at den fekk kyse fasong. Hekla litt annleis enn kantane i mønstra.

Då er settet vaska og klar til bruk : ) )

¤ ¤ ¤

Til alle kjekke, koselige besøkande - TUSEN takk for alle besøk og gode ord som vert lagde igjen.

Ha ein god varm kveld alle saman.
KLEM frå MarJE.



tirsdag 20. november 2012

Frø såing.

Sist veke fekk eg to forsendelsar med frø.

Premien frå blogg lotteriet hjå Elin med bloggen I hagen ved skauen. 
Tusen takk for frøa og det fine kortet som jentene har teikna.


Så fekk eg frøa eg bestillte frå Magnar Aspaker.

Har ikkje brukt å så staudefrøa før like over nyttår men i år har eg slått til å fått ein god del i jorda.
Nokre av frøa skal såast ferske og somme treng lang spiretid, når eg likevel holdt på så tok eg sjansen å sådde fleire. Greit å ha fått det gjort : )
Selvfølgelig ikkje den mest ideelle tempraturen i dag med nesten 12 varmegrader. Men reknar med det snart snur.


Nokre av frøa skulle ligge litt i vatn og litt pussing med sandpapir før såing.
Eg blanda molda med mykje sand så den ikkje skal bli så kompakt.


Blå litt store klokker (ukjent, har fått frø)
Gul / Orange solhatt ( Veit ikkje navn )
Gul krage (ukjent navn, har fått frø )


Dette er dei sortane eg har sådd til no. Googla litt på såmetodar og såtidspunkt men det er veldig varierandes og ulikt  så eg prøvar meg litt fram. Det var så mykje frø i dei fleste pakkane at dei som det var fleire anbefalingar på sår ei dose igjen seinare : ) 
Og nokre sortar bør ikkje såast før seinvinters.
Hadde forresten bestemt meg for at eg ikkje skulle så i det heile tatt denne sesongen, men frøklåda ville ikkje holde seg unna : ) )


Har stått inne eit par dagar før dei fekk kome ut.


Blondedukane til dekke. Det er tradisjon og den kan ikkje brytast.

¤ ¤ ¤

Veit ikkje om det var eit varsel om at eg ikkje skulle så denne sesongen men....
medan eg holdt på med såinga vart eg brått så urven og uvel......
spysjuka kom som eit skudd inn over meg.
Uff.....for ei ekkel sjuke, men no er det heldigvis over. Berre litt slapp.

¤ ¤ ¤

God fin dag til alle : )

søndag 18. november 2012

HELGEGLEDER # 3

No nærma det seg slutten for denne helga.....og den har gått like fort som alle dei andre helgene.

Litt forskjellig har vorte gjort og ekstra kjekt er det når ein kan få gjere noko som gleder andre.


Montering av strikke arbeid og fått ut litt såkløe frå fingrane. Kan tru eg har kose meg med frøa...det er rein glede. Kjem tilbake til desse to sakene litt seinare : )

I dag har vi hatt oss ein kosedag med litt matlagings hjelp. Eg lærte dottera mi å lage Ingers Rugbrød. 


Desse brøda baka eg forresten ein del av for nokre år sida, så fristelsen vart så stor at det vart ei steike på meg også : )


Sveiste i hop ein middag " alt i ett i panna " .
Kyllinglår med tilbehør av det ein har for hand og kan tenke seg. Her er det mykje løk, kvitløk, paprika, gulrot, poteter, hermetiske tomatar, olivenolje. god kraft, urter og krydder av ymse slag.
Hadde salat som tilbehør. Fantastisk smakfullt.

¤ ¤ ¤

Ja, når ein kan få lette trykket og gjere noko positivt for andre, er det ei fantastisk god glede.

Fleire helgegleder kan du sjå HER hjå Vivi.


torsdag 15. november 2012

ÅRETS SISTE........

.......arbeidsdag i hagen.

For ei stund sida når snøen og kulden kom trudde eg ikkje det vart noko meir hagearbeid i år.
Men været på denne tida av året snur fort, og jammen er det bra slik at eg fekk raka vekk lauv og rydda litt. På dagtid har det vore opplett og rundt 10 varmegrader.


Har raka ein gong før men skulle ikkje tru det.......6 - 7 slike korger vart det no igjen.


Tømde komposten halvvegs for berre litt sida, men no er det fullt igjen.
Har ein til som står litt opp om denne. Kjekt å ha til våren når beda skal fyllast på.


Oppsurra og vinterklare.


Jammen vart det 4 nye klatrestativ til til rosene før vinteren. To forskjellige firkanta og to av dei trekanta. 7 nye stativ i haust tilsaman  : )  Heldige meg.


Litt farge glede i hagen i dag.
Fantastisk at noko er igjen.


Haustblad i grusbedet.


Skrotten storkosa seg med " gøyme å leite " leiken. Han rende rundt som ei pil og synest han var storkar.

Eit par pakkar løk som låg igjen i garasjen kom også i jorda.

Det var siste slutt av haging for i år  :))

Ha ein alle tiders kveld !!!

tirsdag 13. november 2012

TUR I SKOGEN.......

Søndags føremiddag kom eg meg endelig på tur for å sanke litt naturmateriale.


To minutts gange frå heimen starta stien ved kvernhusa.


Brua fører stien vidare inn i skogen.


Det var litt kjølig i lufta når eg gjekk heimafrå. Somme plassar låg snøen på stien enda.
Skilt laga som pilar er det mange plassar langs stien som viser dei forskjellige rutene ein kan gå.
Kvileplassar er kjekke å slappe av på.


Når eg kom til vatnet var det ein fin mild fønvind og sola viste seg.


Veldig stor utfart denne  Søndagen. Både store, små og firbeinte.




På sidene av råsa, ut mot skogen var det rikelig av måse, konglar, kvistar og det eg måtte ønskje av naturmateriale.
Som likt meg starta eg sankinga i starten på turen. Dei størtste forekomstane er mot slutten av råsa...men eg kan no ikkje gå forbi noko  : ) og når eg kom dit var nettet fullt. Eit raudt og gult coop extra handlenett : )  Dette gjekk eg å bar på heile turen og den er ganske lang. Men fekk mykje oppmerksomheit på akkurat nettet. Ja folk stoppa opp og såg på posen, så på meg. Då svara eg berre at her er det utsalgs stader bak kvar ein stubbe. Dei smilte og russla vidare.


Sol  og mørk himmel. Her kom regnet, men fint likevel.


Her snubla eg.......overkroppen for fortare enn føtene klarte å springe, så det enda i eit mageplask : )
Såg ut som eit skogstroll der eg låg. Hovudet gjekk som på ein skrue...måtte sjå om nokon såg meg.
Heldigvis var det ingen akkurat der.
Opp igjen i ei resarfart ......hadde det kjekt sjølv, vart litt latter av det ( kanskje nokre ord også )


Dekorasjonsmaterialet som ligg til tørk. 
Har ein plan med det, så får vi sjå om den vert gjennomført...: )

Ein super tur gjennom eit herlig landskap.

¤ ¤ ¤

Tusen takk for alle besøk....nydelige rørandes kommentarar som vert lagt igjen.
Set stor pris på alle saman.

Nye følgarar.....hjartelig velkomne, koselig at Dykk vil følge meg her på bloggen.

Fortsatt god veke til alle saman, på gjensyn.

Klem frå MarJE.

lørdag 10. november 2012

HELGEGLEDER # 2

Ei hand å holde i.........


........ det er mor mi si hand eg held i.

Var på sjukeheimen å besøkte henne i ettermiddag.
Ho fekk sjukdomen Alzheimer og har nesten ikkje språk igjen, så det er så vanskelig for ho å uttrykke seg verbalt. Men ho viser stor glede når vi kjem på besøk. Kjenner oss godt igjen.


Ho likar å ver fin på håret. Eg steller det medan ho sitt framfor spegelen å følger med. Veldig blid og fornøgd med resultatet.


Etterpå kosa vi oss med tende lys og sjokolade. Hadde med ein Azalia å pynta bordet med. Blomar var noko ho likte godt i sine velmakts dagar. Ho viser fortsatt glede av blomar. Når eg vatnar og knip av visne blomar peikar ho visst eg ikkje har gjort det skikkelig.


Hadde med meg strikket mitt så ho fekk studere det. Ho fekk vite kva det skal bli til.
Før strikka ho ein god del og spesielt mykje kunststrikka dukar.

Når eg kan glede andre er det ei ekstra stor glede for meg.

Dette er mitt bidrag denne helga hjå Vivis helgegleder.

Vil du sjå fleire bidrag eller være med sjølv kan du gjere det HER.

fredag 9. november 2012

NIPS.

Etter ei lang arbeidsøkt - 7 dagar i strekk, skulla eg selvfølgelig ha gjort noko fornuftig i heimen.
Men måtte avgarde å handle div. ( mykje ) matvarer.
Freistinga vart stor til å ta seg ei koserunde i nokre andre butikkar også.  
Som vanlig dukka det opp småting som eg virkelig  ( ikkje) treng : )

Berre sjå her.


Har selvfølgelig ein plan med alt eg kjøpte.
Litt til hagen - ein fuglematar som skal hengast på fuglebrettet. 
Søte små englar som skal dekorere lyslykter.
To litt større englar som skal etterkvart stå på lysfat.
Diverse dekorasjons materialet.
Azaliaen skal pynte opp i heimen..........og hjerta skal henge.......? ein plass.


Når planen er klar er det lov å kjøpe slikt som ein absolutt ( ikkje ) treng  : D

¤ ¤ ¤

Heldigvis rakk eg litt fornuftig i heimen også.

No er det tid for sofa kos med  " spøtet " mellom hendene. Skal eg bli ferdig i tide må pinnane klirre jamt.

Ha ein super koselig Fredagskveld og kos Dykk mykje !!!

KLEM frå MarJE.

torsdag 8. november 2012

EIN ROSA KVELD.

I kveld vert det eit lite klipp i sommar arkivet.
Sida det er kaldt ute, minus tre grader må det fyrast godt i ovnen. 
Kva kan vel passe bedre då enn eit romantisk rosa tilbakeblikk : )


Pion " Sarah Bernhardt ".


Astrid Lindgren.


Sommar asters.


Cosmos.

Tusen takk for alle besøk og fine ord som vert lagt igjen.

God kveld til alle !!!

søndag 4. november 2012

HELGE GLEDER.

Hjå  "Vivis hagerom og litt til " er det fotoutfordring om våre helgegleder.

Denne helga er eg ikkje av den mest aktive sorten sida eg har jobbhelg og søv ein del av dagen.
Men gleder er det likevel mange av.

Her kjem mitt bidrag.

Den største gleda  i dag har eg ikkje bilete av men eg kan fortelle om den  :)
Når eg omsider stod opp lukta det deilig middag. Herren i huset hadde laga nydelig heimelaga gryte, og den stod serveringsklar. 
Heilt fantastisk god var den.


Tok fram hagenotat boka mi å fekk tenkt gjennom og skreve ned nokre  ( mange og store )
gjeremål for neste sesong. Måtte selvfølgelig ha kaffi med ein søt bit attåt.


Hjelp......dette vart kanskje i meste laget  :)
Men for ei glede å berre tenke på det.


Har fått igjen handarbeids lysta eg hadde i mine yngre dagar. 
Nytt prosjekt på gang. Dette skal bli til ......hemmelig inntil vidare : )
Det er eit ganske stort prosjekt som eg kjem til bake til. 
Eg kosar meg og gled meg til å sjå det ferdig.


Så er det alle Orkideane mine som står rundt omkring i huset og kjem igjen med flott blomstring.
Herlige plantar.

HER kan du sjå fleire bidrag.