fredag 16. mai 2014

Bzzzzzzzzzzz..............

................oj, her går eg inn for nødlanding.


Med snuten rett inn i ein Geranium for å meske meg med litt nektar.
MarJE er utfordra av Berit med bloggen Hjem og hagesprell til å delta i humlestafetten hjå Moseplassen.


Selvfølgelig vil MarJE slå eit slag for HUMLEfamilien for ho er så glad i frukt og alt som gror å blømer i hagen og ellers i naturen. Uten oss humlene hadde det blitt lite å glede seg over.
Her jobbar eg i plommetreet.


Jøss, mykje å gjer her i svingen for tida. Epla opnar blomane i rekordfart.
Her skal det bli knaskandes epler til hausten mmmmm. 


Ja som dåkke veit har vi hatt litt problem den seinare tid. Humlebestanden har blitt mindre. Ein del av oss har dødt uten at vi heilt veit kvifor. Men mest truleg fordi det er blitt brukt for mykje giftstoff i naturen t. d. sprøytemidler.
Her nyt eg det gode liv langt oppe i ei Revebjelle.


MarJE har forstått at ho ikkje skal bruke dette i hagen sin. Sprøytemiddelet her er kvitløksavkok og lusa kverkar ho med fingrane. Det går heilt fint når ho gjentek det nokre dagar. Nesten ikkje lus igjen til slutt.
Desse Strandnellikane berre elskar eg.


Vi er mange sortar humler i Noreg. Dåkke ser på bileta at vi ser ikkje heilt like ut.
Nammis kor deilig det smaka av Lamium Bacon Silver.


Betre og trøste meg kor mange favorittar som er her. Nei sannelig trur eg det skal bli rikeleg med mat til oss i sommar. MarJE sei at ho skal plante mange nye humlefavorittar i år. Ååååå kor glade vi blir av slikt.
Astrantiaen er ein av mine favorittar, fin er den også.


Etter hektiske jobbdagar er det sanneleg deilig å lande midt i matfatet av ein fyldig bolle. Eg nyt det gode liv i Peonen Sarah Bernard. 


Folkens no flaksar eg avgarde til nye favorittar i hagen. Eg  har god tru på at vi HUMLENE skal klare oss og bestaden vil gradvis auke framover når alle tek ansvar for ei reinare luft.

Før eg surra meg vekk vil eg sladre litt.
MarJE og mannen trudde dei kunne fare stilt gjennom denne dagen heilt til.....


........ denne kaka dukka opp på døra. 
Dei som kom med denne kom for å feire ein dag. Ja 16. Mai er visst bryllupsdagen deira. 
No sladra eg virkelig........men slik er det når eg får surre rundt i hagen å kose meg med alt som blømer. Då fangar eg også opp forskjellig som foregår rundt dørene.
Å dokke .......det er ganske mange år dei har vore gifte også. Eg tjuvlytta men lova å holde det hemmeleg.

Tusen takk for ei deilig kake, det gleda oss veldig : )


Til slutt vil MarJE ønskje alle saman ei strålande 17. Mai feiring.
Gratulerer med dagen alle rundt omkring i vårt langstrakte flotte land.

Helsing frå ei summande MarJE.  


søndag 11. mai 2014

HAGEN I KVELD

Her kjem eit glimt i form av bilete frå hagen i kveld.


Frå bedet bak dammen.


Hagedammen består av to dammar med ein liten bekk i mellom. Bedet rundt her sveipar seg frå ender før det vi ser på biletet her, rundt svingen og heilt ned til innkjøyrsla. Eit gedigent bed. Har akkurat fått renska opp i det.


Dammen har vi plukka ned i år og forstørra til max av det duken var stor nok til. Vart ganske mykje større vannspeil i begge dammane av det. Så har eg forandra oppbygginga av kantane. Har ikkje brukt så mykje stein oppå. Der har eg lagt mose i staden for. Veldig fornøgd med det. 


Frå øverste dammen og ned.


Denne Rhododendroen har ei nydeleg lukt og den blømer veldig mykje.


Her er den på nærsyn. Veit diverre ikkje kva den heiter.
Knuppane er lys rosa. Den blir nesten kvit når den blømer.


Sikre travarar.. Desse har eg hatt heile mi hagekarriere. Kjøpte 25 løk og no er dei blitt til fleire hundre.
Likar dei kjempegodt.


Ja, Hagen i svingen. Dei fleste beda mine er svingete og veldig store.


Nok ein Rhododendron som akkurat starta å bløme.

Dette var ein rask kveldsvisitt frå hagen min som eg deler på helgegleder hjå Vivishagerom og litt til.

Ha fine Mai dagar og nyt alt hagen har å by på.

MarJE.

torsdag 1. mai 2014

LITT FRÅ HAGEN.

Tenk Mai alt. No går dagane veldig fort, men ei nydelig tid som må nytast.
Her våkna vi til kvitt landskap i dag og temperaturen hadde vore minus 2 grader i natt.
Ser ut som plantene i hagen har takla fint overgangen frå fine varme dagar til sur kald nordavind. Virkelig " gufse " og utrivelig utever. Blir nok ei kald natt i vente også.
I drivhuset er det stappfullt og varmen måtte på igjen. 


Ellers har det skjedd mykje på hagefronten her.
Dammen har blitt plukka ned, forstørra max av det som det var duk til og bygd opp igjen. Litt fornya er den også blitt.
Ser ut som dei plantene som var i har overlevd vinteren og fleire er bestilt.
Skal vise den seinare.
Bed er blitt utvida og grønsaksbingane er snart klare. 

Det er nok sikkert slik at enkelte planter er tenkt ikkje skal passe i alle hagar. Men har eg bestemt meg for at eg vil ha ein sort så vil eg det : ) For andre året på rad sådde eg Solhatt igjen i fjord ( to sortar ). Dei vaks seg store og eg planta dei på tre forskjellige plassar. Ikkje livsteikn å sjå. Skulle berre ei inspeksjonsrunde ut i det kalde veret i dag då eg plutselig kom på at eg skulle prøve å grave opp der eg visste dei var planta. Merka godt når eg støtte på dei for røtene hadde blitt store. Når eg fekk dei opp hang det fullt med gulbrune makka ut av dei. Det var kjølemakk som hadde gjort store skader og nesten tatt livet av heile plantene. Spraya kvitløkvatn som eg har kokt opp på dei og då kom makkane krypande ut. No er røtene planta i krukker så får eg sjå om dei vil spire etterkvart. Ufyselege greier. Eg vendesnudde gjorda for å få vekk det eg såg men der er nok meir. Rart at det er mest Solhatten som er angrepen av dei. 
Las litt om det på nettet. Som åte skulle ein legge i jorda potetbitar fordi dei brukar å gå i potetene. Så grave opp med jevne mellomrom for å ta livet av dei som hadde komt i potetbitane. Potetbitane er komne på plass....så får eg berre passe på.

Så kjem det eit ras bilete frå hagen tatt sist helg når veret var nydelig.


Mine gode hjelparar som befrukta frukttrea. Her er mykje av både humler og bier.....heldigvis.
Til og med ein sommarfugl for her å svirra.


For første gong i min hage, endelig....... Blåveis.


Nærsynt plante Androsace pedemontana......har sådd den av frø frå Magnar Aspaker. Den er lita men blømer mykje. 


Mange sortar tulipanar er på veg.


Bergenia ny i min hage.
Har forresten veldig mykje nytt i hagen i år så eg gled meg til alt viser seg fram.


Japanske hengekirsebærtreet var på full fart før frosten kom. Dette er blitt eit velvokse tre.
Har fleire andre sortar som er nesten avblømde no.


To sortar Primula, tusenfryd, Phusoclainia orientalis også frø frå Magnar, to sortar Pulsatilla.. 


Narsissar, tulipan, bekkeblom og rutelilje.

Dette var eit lite hagegløtt hjå meg.

Ha ein fin Mai.

MarJE.