torsdag 23. januar 2014

ÅRETS FØRSTE FJELLTUR.

I går var det ein nydeleg dag og den måtte nyttast til å gå på fjellet.
Her er fortsatt snøfritt så då er det lettvint å kome seg fram.
Men pulsen fekk virkelig prøve seg. Kunne nesten tru det var ei slegge som banka i brystkassa : )
Forhåpentligvis kjem det seg litt for kvar tur.


Vi  gjekk på Helgehornet.
Sola skein men vinden suste om øyrene og var iskald.
Her ser vi mot Volda.


Her ser vi bygda mi.
Hovdevatnet midt i biletet. 


Utsikt mot Dalsfjorden.


Utsikt mot Ulstein.

Frå denne toppen er det ei fantastisk utsikt i alle retningar.


God kveld alle saman.

torsdag 16. januar 2014

SELBUVOTTAR TIL DEI MINSTE.

Dei to minste i slekta fekk kvar sin pakke til jul med selbuvottar, smekker og ball.

Guten som eg er gamletante til er eit 1/2 år og jenta som er barnebarnet mitt er 1 år.


Til utgangspunkt for mønster brukte eg DENNE som er til baby. La opp meir maskar og laga litt meir mønster.
På vottane til 1 åringen laga eg også tommel.


Brukte baby ull. Blir gode å varme når det er mønsterstrikk heile vegen.
Eg forstørra 8 bladrosa og laga meir mønster nede i midten og øverst.


Til gutevottane brukte eg baby ull og melert fabel frå Drops design til mønsteret.
Her ser du at mønsteret er litt mindre.


Håper dei små hendene likar vottane og held seg varme.

Kjekke å strikke, men eg skal innrømme at små tomlar med så tynt garn var eit aldri så lite pirkeri :)


MarJE

tirsdag 14. januar 2014

BALLONGISLYKTENE VED DAMMEN.

Det gjekk fort å få ferdig islyktene når det vart så kaldt.
Denne gongen vart det dammen som fekk smykke seg med dei.


Slik såg det ut i går kveld. Det kunna godt vore fleire, men dette var berre ein prøveomgang. Blir fleire etterkvart.
Det gule skinet i biletet er nok frå ei gatelykt.


Klare som glas. Brukte telys med blank kopp inni.

Artig og dekorativt prosjekt. 
Berre å gå i gang. Det gjer seg nesten heilt av seg sjølv berre det er kuldegrader ute.


MarJE

søndag 12. januar 2014

HELGEGLEDER # 50.

Tida og helga går rasande fort og med den blir dagane lysare og lengre.
Det kjennest heilt flott ut for eg gled meg til den årstida som kjem etter vinteren.

Sist Laurdag dumpa det eit kjekt stort brev ned i poatkassa. Frø frå Impecta.
Staudene vart sådde med ein gong og no er dei komne ut i kulden. Ja, for det vart kaldt no. I skrivande stund - 8 grader og ca ein cm snø. Litt i minste laget til å isolere plantane, men eg satsar på det ikkje blir langvarig kulde.

Ein av desse frøpakkane kjøpte eg av rein inspirasjon frå ein bloggar. Ho haustpynta og dekorerer så fint med desse lyktene som denne planta gir at eg vart heilt frista til å så den. Det er sjølvaste Vivi som arrangerer HELGEGLEDER for oss.


Physalis alkekengi / Japansk lykt ( biletet er lånt frå Impecta )
Håper frøa mine spirer.


Har sett ut ballongar med vatn til frysing. Må benytte sjansen no når det vart kaldt. 
Koselig med desse ballongislyktene som pyntar opp i hagen.


Litt vårlig blomster vart det pynta med til helga. Tulipanar og Primula.


Har kika litt på sommarbilete. Dette måtte eg berre vise......trur humla har ete seg så mett at ho tek middagsluren inn i Peonen.

Dette var helgegleder hjå meg som eg deler hjå Vivishagerom....

torsdag 9. januar 2014

VÅR I VINTERHAGEN

Vinteren så langt har vore veldig vårleg med mange dagar over tosiffra tal med varmegrader.
Anne på Moseplassen utfordrar oss å vise vårteikn i vinterhagen.
Her manglar det ikkje på verken spirande busker, roser, stauder, frø og tre.

Når eg gjekk mosjonsrunda mi i kveld kjende eg at det held på å forandre seg tempraturmessig og gradestokken nærma seg nullen. Det var faktisk friskt og deilig men skal tru om desse små......


.......staudespirane vil like det like godt ? Dei er nok noken hardhausar og taklar litt omstilling visst det ikkje blir alt for kaldt. Og så ligg der nok meir frø under grusen og ventar til våren kjem når den skal.


Primulaen som vart kjøpt etter jul i fjord og planta ut når våren kom. Den er blitt finare no fordi det har ikkje vore så mykje regn.


Tusenfryd / Bellis perennis i forskjellige stadier.


Stemor, Hyasint, Revebjelle med knupp nedi bladrosetten, Akeleie, Stokkrose med knupp, Kaprifol,  nyutsprunge roseblad på New Dawn, blad av Kaliforniavalmue som kjem opp igjen frå rota.


Denne gjengen nyt badelivet i dammen ........ herlig vårteikn.


I hagen er det eit yrande fugleliv av mange slag. Det har gått med nokre kilo frød og nøtter av forskjellig slag og fuglematen etter oppskrift frå Moseplassen er ein suveren vinnar.

No gjenstår det å sjå kva som skjer når dei blå kuldegradene kjem snikane.

Eg linkar til utfordringa "Vår i vinterhagen" hjå Anne på Moseplassen.

MarJE

torsdag 2. januar 2014

HEKLA BALLAR TIL DEI MINSTE.

Sidan det var nokon som ønskte mønster på den ballen Ella fekk i bursdagsgåve laga eg like godt eit innlegg og linkar.
Har laga to mindre ballar også som var julegåve. Ein til både gut og jente.


I det dårlege vinterlyset blir fargane ikkje heilt rette på biletet.


African flower pentagon er mønsteret. Der er mønster til både fem og sekskantar. HER ut i sida på bloggen finn du mønsteret til femkanten som eg brukte. Visst eg skulle hekle den av sekskanten som er vist i sjølve innlegget hadde den blitt veldig stor.
Av femkanten må det heklast 12 deler for å få denne ballen. Her kan det brukast den tråden og tjukkelsen du ønskjer og også med det bestemme størrelsen.
Eg hekla rutene saman etterkvart på siste omgangen.


Dette er ein mindre ball som består av fastmaskar. Hekla i to delar og sydd saman på midten. Rask og enkel å hekle.
Mønster finn du HER.


Fylde ballane med dakronvatt frå ei pute eg hadde liggane. Må fylle ganske mykje inni for å få ein fin fasong.
Supre restetrådprosjekt.

Lykke til for dei som vil hekle ball : )

MarJE.