mandag 29. desember 2014

ROMJULSSTEMNING

Fortsatt God Jul til alle.

Jula er koma langt og vi nærma oss det nye året.
Dei første juledagane gjekk inn med eit strålande ver. Blå himmel og mange minus som gjorde det ekstra fint å vær ute.

Eg har jobba heile jula fram til no, men har prøvd å kome meg ut ein liten tur kvar dag for å trekke inn den friske lufta.


Fjellheimen som bada seg i sol.


I går kom det ein god del meir snøv. 
Her var eg ute seint i går kveld. 
Det gule lyset kjem frå gatelyktene.


Lysa ved hagedammen har fått snøhattar.



Ved inngangen.
 Pus har vore med meg på runde. Her sitt han å ventar på at eg skal bli ferdig, for han kan ikkje gå inn før meg : )


Lysfat med sviblar . 


Juletreet vårt.
¤

I dag snudde veret. No regnar det så snøven blir våt og tung , det er sørpete og utriveleg å vær ute. Rett og slett vanskeleg å fote seg.


Med denne isrosa Romanze vil eg takke for året som har gått.

Kjekt at så mange har kika innom bloggen ....... og ei ekstra takk til dåkke som har lagt igjen spor.

Då vil eg ønskje ALLE lesarar eit

GODT NYTT ÅR.

Beste helsing

MarJE.



onsdag 3. desember 2014

GRANNY STRIPES BABYTEPPE.

Eller bestemorstriper .......

Kan passe eit slikt teppe for eg vart gamletante ( tante til mammaen ) til den nyfødde guten som fekk dette teppet.

Hekla det i Drops baby merino. 


Brukte seks forskjellige fargar. 


Laga kant rundt av fire omgangar med fastmaskar.


Teppet er litt større enn dei mest vanlege måla på babytepper så han kan bruke det som koseteppe lenge.


Kjekke å lage. Ikkje noko hovudbry og tenking i det heile tatt.
Når eg lagar bestemorstriper brukar eg Drops instruksjonsvideoen som utgangspunkt.
Den finn du HER.
Det som er lurt når du legg opp luftmaskereima er å bruke dobbel tråd. Ellers kan den stramme litt.

¤

God kveld

MarJE

lørdag 29. november 2014

ADVENTSSTAKEN - EIT MINNE FRÅ FAR.

ADVENT.

Tid for gode tankar og gjerningar.

Eg har leita fram gode minner.

Min første adventsstake kom meg i hende for nokså nøyaktig 28 år sida.

Eg var så vidt passert 20 år då me flytta inn i vårt nybygde hus. 
Ikkje hadde me flust med pengar til å kjøpe unødvendige nips til jul.
Men litt ekstra lys vart det. Min far kom å sa at han ville spandere ein " slik julelysestake " på meg. 
Eg skulle få kjøpe akkurat den eg ville ha og den skulle ver skikkeleg, fekk eg beskjed om.


Og skikkeleg er den, like god etter alle desse åra. Medan borna var små hadde den seg nokre runder i gulvet, med det var berre å plukke den opp og den lyste like godt.  Eg bestemte meg for denne kvite varianten. Syns den var ubegripeleg dyr, men sida han hadde sagt at den skulle ver skikkeleg vart det denne. For så mange år sida var elektriske artiklane mykje dyrare enn i dag. Merket er Osram og kvaliteten er nok også bedre enn dagens.

I år er den omkransa av to hjerter med eføy.


Eg syns den er like aktuell i dag som då eg fekk den.


Adventsstaken kjem til å kome fram kvart år så lenge den vil lyse og det trur eg blir lenge.

Eit godt minne om min far som gjekk vekk for 4 1/2 år sida.


ADVENT

Så tender me eit lys i kveld,
me tender det for glede.
Det står og skine for seg sjølv og oss som er tilstades.
Så tender me eit lys i kveld,
me tender det for glede.

av Inger Hagerup
( nynorsk av MarJE)



Så tender eg eit lys i kveld,
til minne om min FAR.

¤

God advent til alle som ser innom meg på bloggen.

Helgegleder som eg deler hjå Vivi


Klem frå 

MarJE

tirsdag 25. november 2014

STRIKKA NISSEJENTEVOTTAR OG NISSEHUE.

Barnehagevottar er det rette namnet , men eg har strikka dei til ei nissehue i julerødt.


Strikka i ullgarn og tova lett for hand. Då blir dei meir kompakte og gode på handa.


Bråtet som er eit stykke nede på skaftet held vottane godt på plass.


Raske å strikke og kjekt å få bruke opp litt restar.
Mønster kan du finne HER.


Fine å bruke når vi skal ut å mate fuglane.


Her er same vottane i ein anna restekombinasjon. 


Nissehua som eg strikka i fjor. Str. 2 år så den er stor nok i år også.


Dette er frå i fjor så bestemorjenta har blitt stor sida biletet er tatt.
Mønster på denne henta eg frå Drops design og det finn du HER.
Ser at eg har hekla ein anna kant nede enn det som er i oppskrifta, men når eg ikkje har hua her kan eg ikkje sei akkurat korleis den er.


¤ ¤ ¤

Tida flyg.....berre nokre dagar igjen til advent og
snart Desember.

Ha ei glad og god veke vidare.

MarJE.

søndag 16. november 2014

ÅRETS SISTE ?

Ja skal tru om dette er årets siste rose.
Vanskeleg å sei med så fin haust. Siste dagane har det åpna seg fleire roser og knuppane står fortsatt i kø.


Rosa New dawn slik den står i hagen no.


Den har blømd heile sommaren og hausten og den har vokse godt.


Ekstra sart fin farge no seint på hausten.


Då gjenstår det å sjå om det er den siste eller om fleire knuppar sprett ut.


Haustsola skin i fjella.......


.........det livar opp med flotte fargar.


Mine helgegleder som eg deler hjå Vivishagerom og litt til....

God ny veke til alle der ute.

MarJE

lørdag 8. november 2014

EG SYR SMÅ PLAGG AV MIN GENSAR.

Etter ein omgang med rydding i klerommet vart det mykje som kan brukast til småplagg. Berre ein har anledning og lyst så kan ein sette i gang å rese litt på symaskina : )
Desse plagga sydde eg av ein lilla høghalsa gensar som ikkje var i bruk lenger.


Ser på bileta her at eg har visst ikkje dampa den........merkeleg at det måtte vise då.
Vart ein gensar til lisjesnuppa.
Hadde eit stort sjal i fargar som passa til. Det vart brukt til litt detaljar.


Sydde på hette å laga skråband av sjalet som eg kanta den med. Det krevst litt stoff til ei hette så eg måtte skøyte nede i tuppen.


Litt detaljar. Klematisen som gensaren heng ved er " The President ". Den blømer fortsatt etter fleire frostnetter. 


Halsen på gensaren vart bråt på hua. Toppen hadde eg varangsida ut. Sydde ei sløyfe til pynt.
Tørkleet er sydd av restar. Måtte sy saman bakstykket av tre små gensarrestar. Framsida klippte eg større en bakstykket å la nokre legg her og der for å få det litt luftig. Sydde berre heilt enkelt rundt med den overlocken som er på mi vanlige maskine.


Detaljar frå hua.


Tørkleet, enkelt laga.


I morgon kjem lisjemora på farsdags besøk, då skal ho få med seg desse små plagga heim.

Helgegleder som eg deler hjå Vivishagerom og litt til.....

God farsdag til alle pappaer !

Helgehelsing frå 

MarJE

tirsdag 4. november 2014

STRIKKA PIXIHUE TIL LISJEMOR.

Snart kaldare tider og då er det viktig å ha noko som sit skikkeleg inntil hovudet.
Det gjer denne hua. Den er tøyeleg og føyer seg godt inn mot andeletet.
Strikka den til bestemorungen min......


Måtte prøve den inne om den sat skikkeleg på før vi gjekk ut.


Den er strikka i dobbel Drops Baby Merino. Mjuk, god og heilt kløfri tråd.
Eg har forlenga halsen i forhold til mønsteret. 
Fleire omgangar med vrangbord + rillestrikket. Litt av vitsen er at det ikkje skal bli glippe mellom kleda og halsen.
Mønster fann eg HER om det skal freiste å strikke.
Eg anbefalar den på det sterkaste. Enkel og rask å strikke.


Ut for å prøve den.....varm og god.

God kveld.

MarJE



mandag 3. november 2014

NOVEMBER MED BLOMAR FRÅ HAGEN.

Denne helga var spesiell vermessig med sjonglering i temperatur og nedbør.
Laurdag passerte gradestokken 19 + på det varmaste.
Ut på tur måtte eg å nyte den deilige varmen, men før eg var komt halvvegs i løypa åpna slusene seg og det rett og slett rann ned.

Denne tida på året har eg med meg hageveska eller " hagetaska " som eg kallar den. Den innheld sakser av ymse slag, hyssing, streng og posar. Kan ikkje gå på tur uten å ta med noko heim som kan brukast til eit eller anna ......konglar, kvister, mose o. s. v.
Hadde gått nesten heile runda uten å plukka med meg noko. Fekk nesten litt småpanikk, men då kvilte augene plutseleg på alle Lerketrea. Når eg først var klissvåt tok eg meg tid til å lage to kransar av Lerkekvistar : ) Turen var berga. 

Hadde planer om å skrive innlegget i går , men då enda eg opp framfor symaskina. 
Litt mange ballar i lufta for tida så då blir det Helgegleder på ein Måndag.

Bileta er frå hagen i går.


Malva, staude som eg sådde i år og den har blømd i heile sommar. 
Eg anbefalar den .........kjempefin.
Frøa kjøpte eg hjå Garden Living.


Også egenprodusert Echinacea . Første året dei blømer her hjå meg og denne var veldig seint ute men den klarte det så vidt. Skal ha mange fleire variantar av desse. Kjempefine plantar og insektsmagnetar.


Digitalis av staudevarianten ( ikkje den toårige ). Blømer heile sesongen.
Jaja ser at eg har sådd det meste eg har med i dette innlegget.
Slik er det når ein er frøgal også : )


Ein type nellik, staude frå frø som eg fekk av ein bloggar.


Tusenfryd som ville gi ein forsmak på våren som snart kjem ( om nokre månadar ).


Jammen ei Solsikke også. 


" Ekje den fin i November " ?


Sommarsolhattane som har vore så fine heile sommaren gir ikkje opp.


Konglane på Dvergedelgrana.


Pus ved dammen.


Klokkeranken Cobea blømer enda. Den har vokse over buen og langt opp i Rosehagtornen. 


Roser, sommarblomar og Syrinhortensia Lime Light.


Lerkekransane frå turen. Eine hengde eg på lykta og den andre fekk plass i ei krukke med haustplantar.
Kan dekorere dei meir seinare, men eg var så våt at eg berre la dei der i forbifarta.

Eg prøver å linke mine Helgegleder til Vivishagerom og litt til....
håper det går sjølv om det er Måndag.


Ha ei god veke alle.

MarJE.