søndag 30. september 2012

NYE KJØKKENKLUTAR.

Siste tida har strikkepinnane klirra ofte mellom fingrane. Nokre nye kjøkkenklutar etter ønskje frå ei ung dame er ferdige og vart avlevert i dag.



Her ser du mønsteret. Det vert forskjellig på kvar side.

Strikkar dei i bomullstråd og det har litt med tjukkelsen på den å sei kor mange maskar eg legg opp.
Det er smak og behag om ein vil ha den firkanta eller avlang. 



Som du ser veldig enkelt, men det er likevel dekorativt.

¤ ¤ ¤

Held på med eit litt større strikkeprosjekt. Det kjem eg tilbake til seinare. 
Kjøkkenklutar er fine å strikke på innimellom når ein ikkje treng å konsentrere seg om noko avansert mønster. Og fornying er alltid kjekt.

¤ ¤ ¤

Tusen takk for alle besøk og for hyggelege kommentarar på mitt forrige innlegg. Det gledar både meg og selvfølgelig han som laga stativa til meg. Trur det skal verte greit no å få laga fleire : )

Hjarteleg velkomne til nye følgarar.

¤ ¤ ¤

Ny veke og nye mogligheiter er på veg. Nytt den til noko kjekt.
Ha det fint alle saman.


fredag 28. september 2012

KLATRESTATIV TIL......

......Rose, Klematis og Kaprifol vart det laga i dag !!!!!!

Har ymta lenge og vel frampå om at eg treng klatrestativ til nokre roser +++. Har no sagt at det hastar ikkje, det kan kanskje gjerast i vinter. Hadde lyst på slike som er laga av armeringsjern og armeringsmatter.

Når eg var ein tur i garasja såg eg ei kasse som ikkje hadde vore der før. Måtte selvfølgelig studere den. Og gjett kva som var i den???  Eit sveiseapparat. Eg vart aldeles glad og forstod at no var noko i gjæring : D

Jaudå, i dag etter frukost var det ein kjekk kar som sa : eg må vel fare å kjøpe armeringsjern og matter. Ja, vil du det? Det var virkelig flott, sa eg kjempe glad. No var vi i gang!!!!!


Armeringsmatte og jern. Kutting med vinkelslipar øverst og sveising nederst.


Dette var det første. Til og med ramme rundt. Det er i nostalgi kroken og det er ein kaprifol som skal dekke denne. Den er liten enda, men til neste år regnar eg med den veks seg kraftig.


Denne er av armeringsjern. Den er laga i trekant og sveist saman. I denne skal ei klatrerose vekse. Den er planta i år og har vokse godt så den rekk eit stykke opp.


Stativ nr.3. Laga av armeringsjern og armeringsmatter. Dette er også i trekant . Jerna er litt bøygde øverst. Her skal ein Klematis som eg har laga av stikling veksa. Den har ikkje kome opp på fleire sesongar. Eg hugsa ikkje kva det var for ein heller. Men det er av den som tydeligvis er feilmerka. Den er merka med Nelly Moser, det ser eg er heilt feil. Denne er faktisk finare og morplanta har blømt i heile sommar og står i fullt flor enda.

Eg er strålandes fornøgd med stativa. Dette er berre starten, treng umåtelig mange. Torer ikkje sei antalet for då besvimer vel han som skal lage dei. Skal lage bogar også : )....stakkars mann.
MEN ein premie må det vanke til ein slik kjekkas.......skal tru kva det skal ver ?????...det er heilt hemmelig :)

¤ ¤ ¤

Medan eg gjekk her å var handtlangar fekk eg syssla litt. Planta dei 7 staudene eg kjøpte ( ja,eg har kjøpt no igjen)denne veka. Var no på 70%. Slikt går no ein vel ikkje forbi når der til og med var nokre eg berre måtte ha.

Så knipsa eg litt haust.


Det er ein Spirea av eit slag.


Jammen er det fint med regndråpar.

¤ ¤ ¤

Så vil eg, ei av dei heldigaste damene på Sunnmøre ØNSKJE DYKK ALLE ei trivelig helg.

onsdag 26. september 2012

HEIMEKOS........

.......Ja det vart det til slutt !!!


Lysa vart tende og vi kunne slappe av, men det var til slutt.

Når himmelen er blå og sola skin på vindaugene, såg eg at her er det best å drage i gang både støvsugar og vaskebøtte, for dei vindaugene var eit skrekkelig syn. 

Utelivet i dag begrensa seg til å riste teppa.

På med miksaren, vi måtte ha eplekake til kaffien i pausa : D
Av med sengkleda og få på maskina!!!
Her var slik bråk ei stund at katten rømde på dør.

Vi er no ikkje meir enn tre fastboande igjen her no, men skulle nesten tru her var ein heil farm slik som her såg ut. Har det vore slappt med husmoraktivitetane i det siste????


Når vindaugene vart reine såg eg denne gjengen med seglara nede på fjorden. Dei har Onsdags regatta.


På mi runde rundt med støvsugaren oppdaga eg at på det romme der dei avblømde Orkideane står var det heile ni stykke som kom med nye blomestenglar. Somme hadde to. Dei har ikkje fått noko god pleie. Tempraturen svingar veldig der, alt ettersom om det er sol ute. Og dei har fått berre ein skvett vatn i ny og ne ,ein sjelden gang litt gjødsel. 


Når minstemann på 14 kom heim frå skule bar det rett på sjukehuset. Han har brote handa men ikkje i dag. Neidå, det er to veke sida, men 4. gipsinga. Jau du las rett 4.
Hjelpe meg forstår ikkje korleis han får det til å bryte gipsen så mange gongar. Denne gongen forlanga eg heilstøypt og slik vart det. Så no må den forhåpentlig vis ver heil ei stund.

Vel heime fekk eg sluttføre huset og no gir eg meg ut på djupt vatn og viser litt av heimen min. Briste eller bære : D


Frå ein del av stova.


I kveldsmodus.


Frå ein anna del av same stova.


Då vart det endelig tid for kos : )

Lysfatet er av tinn og er arvegods frå mor og far. Dei fekk det i bryllaupsgåve for 52 år sida. Det står inngravert navna deira og bryllupdatoen. Kjekt minne.

Sjølv om sola skein og det var nydelig ute er det så rart med det.....ein får energi og lyst til å gjer noko inne. Rare greier.

¤ ¤ ¤

Til alle mine flotte besøkande, ha fortsatt ei koselig veke.



tirsdag 25. september 2012

SIBIRKORNELL MED VARIASJONAR.

Ikkje noko spesiell busk dette men den er utrulig flott no.  Mi viser fleire årstider og den er nok litt på ville vegar. Den blømer og samtidig held den på å få flotte haustfargar.

Knupp med haustfargar.


 Her i fullt flor.





Raude greiner mot den blå himmelen......herlig.

Denne buska fanga meg i dag med sitt fargespel i finværet.

Ha ein fargesprakandes dag alle saman!!

søndag 23. september 2012

ENERGIBOMBE OG VITAMININSPRØYTING !

JA det er sannelig ikkje mykje som skal til for ein vassen og regntung kropp. Med sol i dag frå heilt skyfri himmel kjenner eg at kroppen virkelig vert fyllt opp med god energi. Og forsyne meg, mange vekers striregn er gløymt. Vi er sannelig ikkje storforlangande : )

Energien skal brukast til å gjer dei siste hageforberedelsane før vinteren sett inn. Og etter det eg har summert opp er ikkje det så reint lite heller :  D

For ein nytelse.


Plukka med meg inn litt gode vitaminar. Det har vore ein rik frukthaust. Heng fortsatt mykje igjen av dei sortane som er seinast.

¤ ¤ ¤

Ha ei god ny veke med ein forhåpentligvis full ladda kropp alle saman !

fredag 21. september 2012

GULLKULE MED HINT AV BLÅTT.

Når eg kjøyrde heim frå nattevakt kl.08.00 i dag tidlig var det grått og regna.
Inntok frukost og gjekk til køys. Etter eit par timar våkna eg og fekk ikkje opp augene....det var ikkje fordi eg var trøytt. Nei, det var så sterkt og uvant lys. Opp for å sjå.........SOL. Den har ikkje vist seg her på fleire veker så det var berre å kome seg opp så batteria kunne få ladde seg litt.

Opna utdøra og kjende rein, frisk og klar haustlukt.....herlig.

Fram med kameraet og fanga litt av dagen i dag......her kjem det.
Heng deg på og bli med på mi etterlengta runde !

Vår vakre kvitkledde fjellheim.

Blodbegera står like fint i all slags vær. Eg tek dei inn og overvintrar dei inne.

New Dawn.

Revebjellene har kome igjen med fin bløming.



Geranium. I bakgrunnen kan regnbogen skimtast.

Knaskande, velsmakandes epler mot blå himmel : )

Kjempekrage...i bakgrunnen fuchsia.

Klematis som slyngar seg i plommetredet.

Syrinhortensia og Hosta.

Oversikt.



Min trufaste følgesvein på veg opp på Kaprifolbogen.

Oppe  :  )

Her nyt han det gode katteliv.

Lavendel i forkant.

Kvit Anisop.

Astilbe og Malva.

Lewisia Little Plum som eg sådde i vinter den kjem med blomar no, Cosmos, Bellis perennis, Løvemunn, Cosmos.

Leonardo da vinci, Peace, Rhapsody in blue.

På mi hagerunde i dag var det sol, blå himmel, litt regn og regnboge.
Med glimt av eit så alsidig vær får kroppen ein skikkelig oppkvikkar og den er ladda for nye våkenetter på jobb.

¤ ¤ ¤

Å blogge er ein gledens sak....med alle dykk som besøkjer meg her,
legg igjen gode varme kommentarar.......
og til Dykk som har vorte følgarar hos meg.
Tusen takk og hjarteleg velkomne ......det er dette som inspirerar.

¤

Då gjenstår det å ønskje alle saman ei GOD OPPLEVELSERIK helg.
NYT DEN.

onsdag 19. september 2012

HAGEGLEDE I GJØRMA.

Når vi har busett oss her vi har gjort blant dei Sunnmørske alpar er det berre å få på seg ullunderkle, hue, hals, regnkle og militærstøvlar ( Dalsfjordstøvlar på lokalt språk fordi det var der dei vart produserte ) visst vi skal få ver ute i hagen å plante litt. For her vil ikkje fuktigheita slutte å dette ned og det er uante mengder som har kome.

Plenen er grøfta på kryss og tvers men med desse mengdene og over så lang tid greier det ikkje å svelge unna. Vi har aldri sett den så gjennomvåt før.

Eg såg rett og slett ut som ein moldukse der eg stod og grov og grov. Det var ikkje småtterier til hol som skulle gravast heller når eg skulle plante 6 rosetred, 2 tred, 3 busker, mange stauder og frøplantar som vart sett på vent i ventebedet + løk :) Og spada vart så tung av den våte molda som klaka seg på......lurer på om det var ei som prata ein heil del med seg sjølv og kanskje ?....sa noko som ho ikkje skulla sagt. Streng beskjed til svar at no må det ver slutt på alle desse kjøpa mine. Ivertfall impulskjøp!!!! ( Kjekt å gi seg sjølv slike beskjedar spørs berre kor lenge det held ).

Eg heldt på i to dagar og var skikkelig lei.....men utrulig eg lærer no aldri heller.
Det regna stort sett heile tida begge dagane : (

Litt løk som vart planta.

Fekk tømt alle krukkene også ......denne dahliaen " Gallery Art Fair " fekk vere med inn og sett i vase i lag med ........

......Haustbergknapp.

For ei glede når denne jobben endelig var unnagjort sjølv om eg nesten er heilt sikker på at det vert ein ny runde med flyttesjau på enkelte av desse plantene til neste år. 

Skal lage dam og då vil det nok verte behov for å omplassere litt.

¤ ¤ ¤

Når det leid på dag fekk eg besøk av ei som ønkte seg nye klutar til kjøkkenet.
Det må vel verte ei råd med.....avgarde for å kjøpe LITT bomullstråd.

Hjelpe og trøste, kva trur du var det første som møtte meg på den butikken når eg kom inn døra ??
Jaudå, eit heilt stativ med løk. Ho minte meg på kva eg hadde sagt tidligare om at no skulle eg ikkje kjøpe meir......nei, skal berre sjå litt : ) Venta til ho gjekk inn i butikken.....då var eg snar å slenge desse i korga.....

........dette må ein vel kalle for tvangshandlig ( no må eg skjerpe meg ).

Desse to bøkene vart også med.......har planer om å ha dei til hagenotatar. Til og med glinsande steinar på :)

Det var jammen salg på tråd......då måtte eg selvfølgelig kjøpe meir enn eg hadde tenkt. Vart både bomull og alpakkatråd (eg har no det digre lageret frå før).

Det er to ting eg har problemer med å gå forbi. Det er hagerelaterte ting og tråd. Men eg trøystar meg med at det er positivt å ha slike trivelige hobbyar.
ENIG I DET?  

Ha ein gledelig dag alle saman!