mandag 21. oktober 2013

FROST KRYSTALLAR.

Det har vore nokre netter med skikkelig frost, så plantene i hagen har kome i dvalemodus.

Frost på plantene gir eit fint inntrykk.


Kinasøten / Gentiana med frost krystallar. Fin med kvit blondekant rundt det blå.


I ettermiddag vart det varmegrader igjen, så då kan kanskje denne planten bløme ei stund til. 
Håper det .....


Calluna.


Rhododendron blad.


Scabiosa - den blømer heilt til frosten kjem.


Stokkrosene som ikkje skulle bløme før neste år........stakkars no er det is på dei. 
Det er første gong eg har desse i hagen. Gled meg til neste år, då blir det forhåpentligvis mange av dei.
Eg sådde tre sortar og dei har vokse seg store alle saman.


Første gong denne viser blomane sine og det vart selvfølgelig litt i seinaste laget. Den er stappfull av knuppar. 
Har hatt den i fleire år og den har vore rundt om på flyttefot for den har ikkje trivast. Men no kan det sjå ut som den har etablert seg så eg håper den kan kome igjen tidligare neste år. 
Knuppane ser ikkje ut som dei har fryst, så eg får sjå om den opnar seg meir no når det blir mildare.
Den er lilla, men eg veit ikkje navnet.


Løvemunn er ei plante eg sår kvart år. Den blømer godt heile sommaren og den tåler godt regn. 
Så er den heilt sniglesikker. No er den klar for komposten.


Eit godt lag is på dammen. Blir spennande å sjå korleis det går med overvintringa her sia det er første sesongen eg har dam.


Epla som tok seg ein tur på bakken.
Nokre av dei vart tredde på greiner og opphengde til fuglane.
Ellers har eg mata fuglane ei god stund no. I år har dei fått seg ny foringsplass inn i Fagerbuska.
Der er det mange gøymeplassar og ikkje minst landingsplassar :))
Den er velvoksa og mange småfuglar har erobra den alt......koseleg.



Slik såg utsikta ut i dag.

No sei vermeldingane at det skal bli regn her, så då blir det dråpar i staden for krystallar.
Sjarmerande på kvar sin måte : )
Slik som med oss.......like sjarmerande med tårer som med smil.

Ha ein fortyllandes kveld vidare.

MarJE.

17 kommentarer:

  1. Hei
    Fantastisk flotte bilder. Frost er virkelig fint!

    Klem Vivi

    SvarSlett
  2. Nydelege Gentiana med blondekrage på;) Synest det er fint med frost,men eg likar det ikkje!! Men eg likar heller ikkje regn.... Kjempefine bilde - veit ikkje kva du er misunneleg på....;) Ønsker meg ei macrolinse, fekk maccrofilter med mannen(slik som du skrur på utanpå linsa) men den fungerer dårleg på kameraet mitt. Men dei er ikkje akkurat gratis då.....
    Takk for fine helsingar på begge plassar, det varmar ei frosa sjel!
    Varm klem frå meg:)

    SvarSlett
  3. Så fine bilder, Marje! Skikkelig artistisk og sjarmerende
    med blondekantene :) Ja naturen er fin på den måten!
    Ha en fin dag videre:)

    SvarSlett
  4. So flotte bilete du har teke, det gjeld om å vere ute med kameraet i rett øyeblikk for å få festa iskrystallar til linsa.

    SvarSlett
  5. Så fine frost bilder, og et nydelig utsiktsbilde.

    Ha en fin dag.
    Klem

    SvarSlett
  6. Så vakre frostbilder! Det er tegn på veldig høy luftfuktighet når plantene ser sånn ut. Veldig sjarmerende!
    Utsikten hos deg er alltid så flott. Det er et vakkert land vi bor i :-)
    Klem fra Marit

    SvarSlett
  7. Så vakre bilder av frost=) Og bilde fra utsikten din var fantastisk=) Håper du har det fint=) Vibeke

    SvarSlett
  8. Ååå...så fine frostbilder...selv om en nesten syns synd på disse frosne blomstene...
    Her regner det rett ned...og tåken ligger tjukk.
    Ønsker en fin uke:)

    SvarSlett
  9. Kor poetisk og fint MarJE !
    Utruleg vakkert med frostrosene, det har nok vore kaldare hos deg enn her.
    Men i kveld er det 17 gr så det er ikkje rart at blomstrane misforstår.
    Uansett, slik kan me oppleve å ha det her på våre kantar.
    Ha ein fin kveld.
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  10. Åå så fint da MarJE.
    Det er så flott med iskrystaller på de fine fargene og blomstene men det er litt vemodig også, da er det jo helt slutt for i år.
    Her er det tåke og regn, ikke så mye vakkert med det hehe, men det er bedre en kulde å snø synes jeg for det er jeg ikke klar for ennå.

    Nydelige bilder, ha en fin dag du også.

    SvarSlett
  11. Vakre frostbilder :) Og du og du for ei heftig utsikt du har. Må være drømmen det, jeg er oppvokst på en fjelltopp, mens nå ser jeg bare treleggene til naboen, så utsyn er et savn her. Fin onsdag til deg. Klem.

    SvarSlett
  12. Når frosten bringer med seg så mye vakkert, da er den utrolig lett å tilgi:):)

    SvarSlett
  13. Nydelige frostbilder, MarJE.
    Ønsker deg en fantastisk helg!
    Titti-klem

    SvarSlett
  14. Wow! For noen frostbilder - så nydelige :)
    Og en super utsikt.

    SvarSlett
  15. Eit godt lag is på dammen. Blir spennande å sjå korleis det går med overvintringa her sia det er første sesongen eg har dam. velvet pillow cases , ac kambal price ,

    SvarSlett