Vinteren så langt har vore veldig vårleg med mange dagar over tosiffra tal med varmegrader.
Anne på
Moseplassen utfordrar oss å vise vårteikn i vinterhagen.
Her manglar det ikkje på verken spirande busker, roser, stauder, frø og tre.
Når eg gjekk mosjonsrunda mi i kveld kjende eg at det held på å forandre seg tempraturmessig og gradestokken nærma seg nullen. Det var faktisk friskt og deilig men skal tru om desse små......
.......staudespirane vil like det like godt ? Dei er nok noken hardhausar og taklar litt omstilling visst det ikkje blir alt for kaldt. Og så ligg der nok meir frø under grusen og ventar til våren kjem når den skal.
Primulaen som vart kjøpt etter jul i fjord og planta ut når våren kom. Den er blitt finare no fordi det har ikkje vore så mykje regn.
Tusenfryd / Bellis perennis i forskjellige stadier.
Stemor, Hyasint, Revebjelle med knupp nedi bladrosetten, Akeleie, Stokkrose med knupp, Kaprifol, nyutsprunge roseblad på New Dawn, blad av Kaliforniavalmue som kjem opp igjen frå rota.
Denne gjengen nyt badelivet i dammen ........ herlig vårteikn.
I hagen er det eit yrande fugleliv av mange slag. Det har gått med nokre kilo frød og nøtter av forskjellig slag og fuglematen etter oppskrift frå Moseplassen er ein suveren vinnar.
No gjenstår det å sjå kva som skjer når dei blå kuldegradene kjem snikane.
MarJE