Anne på Moseplassen har starta opp med X-faktor konkurranse om å vise blomefavorittar.
Den første fargen ut er ROSA.
Mitt val vart denne tidlege vårgleda som er eit tre. Det er til pryd med dei flottaste blomane. Ein insektsmagnet som er så viktig no når vi skal få opp igjen biebestanden, og så kan vi hauste av godsakene.
Ja selvfølgeleg, heilt giftfritt.
Det er epleblomen og mengda dette treet har så gjer det til eit skue om våren.
Knuppane er mørk rosa i startfasen, så lysna dei meir og meir og blomane blir til slutt i ein sart rosafarge.
Det er heilt proppfullt av blomar og eit rikt matfat til insekta.
Humle som kosa seg midt i matfatet.
På dette stadiet er blomane på sitt finaste.
Bie i full jobb. Når blomane er på hell går dei nesten over i kvitt.
Veit diverre ikkje kva sort det er men kanskje nokon veit det ?
Epla er saftige og smakfulle.
Sjølv om vi tynnar kraftig ut av treet bær det så mykje frukt at vi klarer ikkje å bruke alt.
Vi lager eplemos, kaker, dessertar og gir vekk men likevel blir det til overs.
Det blir godsaker til fuglane.
Dette var mitt Rosa bidrag som er både til pryd og nytte.

MarJE