lørdag 14. desember 2013

HELGEGLEDER

Ei veke er snart over, medan ei ny er i vente. Den siste heile før jul.
Det har vore veldig variert ver siste tida. Frå mildver til full vinter, og tilbake til mildveret igjen.
Stormen Ivar var så vidt han sneia innom her for å vise krafta si med å velte litt krukker. Han berre sa ifrå at eg måtte få dei i hus før han kosta vidare.

Litt helgekos har eg holdt på med no i kveld.
Heime åleine, då må eg finne på noko og jammen smakte det godt også.


Medan eg venta på at brøda skulle bli steikt laga eg brente mandlar.
Tok meg skikkeleg tid å brukte svak varme så denne gongen vart dei slik dei skal ver, ikkje brente men karamelliserte. 


Farlig godt.

¤

Tidligare i dag oppdaga eg at det var fleire nye fugleartar i hagen. Bileta er tatt gjennom eit ikkje alt for reint vindauge og så har eg forstørra opp slik at det skulle ver mogleg å sjå dei. Kvaliteten er derfor dårleg. Eg har ikkje fått orientert meg om kva sortar det kan ver enda, men kanskje du som kikar innom veit det ?


Dei var i grusbedet å bada i støypekaret som er der. Der var så mange at det var kø for å få seg eit julelaug.
Spurven ville delta i selskapet.
Nokon som veit kven desse er? Det er dei som har dei gule stripene på vingane.



Eg regnar med at dette er par. Den eine er grøn på brystet medan den andre er meir grå.



Så var det denne  som står i venstre hjørnet. Den har litt brunt bakover vingen og på brystet.
Veldig klare teikningar i fjøyrdrakta.
Her bada dei så det sprutar.


Slik ser den ut framme. Kan sjå ut som dette også er eit par. Ser det er fargeforskjel og så har den eine skarpare teikningar.

No må eg ha meg fuglebok så eg kan finne ut kva slags fuglar som dukkar opp i hagen.
Hmmmmmm......kanskje ein ide å ønskje seg no i desse tider : )



Litt late som tok alle bileta gjennom vindauget i dag, men dåkke veit at eg kan skreme dei visst eg vasa meg utadørs : ))
Eit tips som fungerte supert. I staden for å lage fuglematen i beger å fylle i mataren, lagde eg det denne gongen rett i mataren. Den i midten her. Kledde den med plastfolie og fylde den opp. Stakk eit par pinnar gjennom så fuglane kan stå på. Den må få tjukne litt før du fyller den i.
Har laga fleirdobbel oppskrift og brukar Moseplassen si. Den fell i smak hjå denne gjengen.
Fann nokre avsette koppar i buda som vart fylde med mat og hengt opp og eit fuglehus som vart hengt mat støypt i kakeformer inn i. Ser nærmast ut som eit jugletred med alle slags matarar dinglande oppi.
Slik blir det når det dukkar opp nye gjestar. Dei må få mat.



På pinnane akkurat no......tilbehør til juleantrekket til barnebarnet.
Blir nok ferdig i kveld.

Då gjenstår det å ønskje alle ein fortsatt trivelig Laurdagskveld.

Eg deler helgegleder hjå Vivishagerom og litt til.

14 kommentarer:

  1. Hei MarJE! Du har nok hatt besøk av Grønfink og Bokfink etter det eg kan klare å sjå:) Fuglar som er ofte å sjå i treet hos meg også:) Koslelig:)) Brente mandlar er farlig godt! Så farlig at eg beit av ei tann i fjor....så det vert ikkje laga her i huset meir nei! Skal lage noko anna spennande i morgon - vert det vellukka kjem det nok på bloggen;)
    Voldsomt kor arvtakaren etter Ivar herjar ute no! Katten er heilt på styr!! Håper det ikkje vert alt for gale...
    Ha ein flott søndag :)
    Klem frå meg.

    SvarSlett
  2. De brente mandlene dine ser veldig fristende ut!! :-)
    Det er artig å følge med fuglene som forsyner seg av fuglematen som er hengt ut, jeg er heller ikke noe flink med fuglenavn, dessverre...Ikke verst at fuglene "dine" får seg et skikkelig julebad! :-)

    SvarSlett
  3. Hei, og takk for besøket på bloggen :)
    Med så mykje spennande besøk av forskjellege fuglar må du absolutt skrive
    fuglebok på ynskjelista di til jul !
    Kjekt å lese innlegget ditt :)
    Brende mandlar ser nydeleg ut, men eg er desverre allergisk for både mandlar og neter..
    Kjekt at du kan ha fri både jule- og nyttårshelga, då kan du nyte dagane.
    Me skal feire jul på hytta for fjerde år på rad (sidan me flytta inn)
    Gler oss. Har vore der i går og i dag og pynta litt til, + laga eit par sortar kake.

    God tredje søndag i advent !
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  4. Så koselig med brente mandler=) Det så skikkelig godt ut. Fine bilder=) Kos deg videre med juleforberedelser=) Vibeke

    SvarSlett
  5. Hei og god søndag til deg. I gågata på Lillehammer så står det en mann, hvert år, og selger brente mandler. Det lukter så himmelsk godt, men jeg har aldri kjøpt. Vet ikke hvorfor, men kanskje jeg skulle prøve.
    Super koselig helgeglede. Kos deg i dag på tredje advent. Klem

    SvarSlett
  6. Brente mandler er supergodt! Det hører julen til, det er helt sikkert. Flotte fuglematere du har. Hos deg trives fuglene, det er lett å se :)

    Ha en fin søndag!

    Klem fra Marit

    SvarSlett
  7. Brente mandler er snadder! Lekkert dandert...

    SvarSlett
  8. Brente mandler er farlig godt, ja! Det er vanskelig å stoppe når man først har fått smaken på de.
    Så mange småfugler du har på besøk. Det er tydelig at de liker fuglematen du har laget. Den ene du lurer på er grønnfink. Den på bilde fem syns jeg ligner mest på en bjørkefink.
    Ha en fin adventsøndag!

    SvarSlett
  9. Ser for meg at fingrene finner veien til de karamelliserte mandlene ofte. Ser så lekkert ut. Tror det nest siste bildet er bokfink. Fuglebok er ikke dumt å ønske seg til jul. Sist, men ikke minst; du er så kreativ og produktiv. Veldig morsomt å se og lese innleggene din. God Kveld! Anne

    SvarSlett
  10. Mye fine bilder hos deg.
    I fjor til jul fikk vi en fuglebok i gave, med masse fugler og fuglesangen deres. Kjempeflott gave som vi bruker masse, ungene digger den.

    Ha en fin kveld.
    Klem

    SvarSlett
  11. I alle fall det var grønfink og jeg mener bokfink også. Jeg har i hagen også grønfink, kjernebiter og mye mer.
    Veldig fint å se. Og hvis kald kommer flaggspett akkurat som til deg.
    Fine strikkearbeid du lager. Ha en hyggelig vintersolvervkveld og fin fjerde advent... og kommer god jul deg og dine.

    SvarSlett
  12. Juleklem fra meg, hilsen Beth

    SvarSlett
  13. JEG ønsker ei riktig GOD JUL og godt NYTTår 2014.

    SvarSlett
  14. Grønnfink, bokfink, flaggspett, og blåmeis så æ hos dæ nu:)

    Lisbeth :=)

    SvarSlett