onsdag 24. oktober 2012

KØYREPOSE TIL BABY.

Her går det i strikk til småfolk for tida.
No er køyreposen klar til bruk. Det går så ufattelig tregt med meg når det skal monterast. Vert lagt ned i korga ( trur visst at korga har begynt med monteringsarbeid. Men når eg kika ned i låg den der slik eg hadde lagt den frå meg, merkelig.... ), og så startar eg på nytt prosjekt i staden før. Er snart ferdig med eit sett til, så no måtte eg få ferdig posen før neste prosjekt skal monterast.



Har strikka den etter mønster frå Drops Design den finn du HER.
På mønstra er den open nederst med knappe lukking. Eg har den tett. 


Holet er til bilbelte.


Detaljar.


Den er strikka i Drops Merino Ekstra Fine 100 % Merino ull. Ein mjuk og deilig tråd. Eg strikka den litt stor str. 6 - 9 mnd.
Sydde på søte knappar av tred.


Detaljar av flettene, bilbelteholet og hetta innvendig.


Måtte ut å ta bileta sjølv om det regna og er surt og grått.

¤ ¤ ¤ 

Tusen takk til alle som kikar innom meg. Det er så kjekt med alle dei koselige kommentarane.

Ha ein vidunderlig aften alle saman !
 Stor Klem frå meg.

mandag 22. oktober 2012

AKKURAT NO.......

......tok eg meg ei kvelds runde i hagen før det vart heilt mørkt. Måtte sjå om det i det heile tatt var noko som hadde anna enn haustfarge. Været er som normalt, regn...tildels mykje og meir ruske skal det visst bli. 
Men litt fann eg : )


Utrulig men sant....Revebjella står å kling så fint.


Det vart ganske mørkt ute ....Vrihassel med mørke blad.


Bregne i lag med Rhododendron.


Irsk lyng " Arielle".


Tusenfryd, Stemor, Ringblome og Roser.
Dei syng absolutt på siste verset.

¤ ¤ ¤

Før eg tok meg ei runde i hagen , har eg gjort nokre smågreier med beis og spraylakk. Får så mykje inspirasjon av kreative folk i blogglandia. Kjem tilbake til kva det er snart : D

¤ ¤ ¤

Så er eg så heldig at eg fekk ein konvolutt i posten i dag med frø frå Tua med bloggen 
Det var Raud kvann, Scabiosa Blue Perfecta og Kvit valmue (ettårig).
Tusen, tusen takk.

¤ ¤ ¤ 

Ha fortsatt ei inspirerandes veke !!

fredag 19. oktober 2012

RETRO.

Opp gjennom åra er det mangt og mykje som vert samla på.
No har ein del av det kome fram i dagens lys og kjem til nytte igjen.
Noko måtte pussast og malast. 


Dotter vår som skal bli mor snart ville ha senga dei brukte . Den var så mørk og trist at eg forstår ikkje at dei fekk sove der ( forresten det var ikkje alle som sov så mykje nei).
Ned pussing, grunning og to malingsstrøk gjorde underverker. Vart reint små nett.

Litt kle som ho har plukka ut.
Den rosa bobledressen hadde ho, den er 24 år og er like fin. Så den kjem til nytte igjen no. Visst det som er forespegla stemmer  fargen  : )


Dette er hentesettet som eg strikka til eldste sonen vår som har passert 27 år.

Babyteppe / vognteppe som eg strikka til yngste sonen vår som er 14 år.


Her kjem det vakkraste.
Denne ovnen er frå tidlig på 1900 talet. Svigerforeldra til dotter vår hadde denne lagra vekk. Så no etter at det unge paret bygde seg hus fekk dei tilbud om å få denne ovnen. Dei var lenge i tvil men heldigvis bestemte dei seg for å ta den i bruk. Den har vorte litt pussa opp og vart montert denne veka. Det er eit praktstykke og den varmar godt ( eg er faktisk misunnelig : ))



Den er heilt svart. Bileta vart litt dårlige med skin frå lyset så det vert ikkje rette fargen.


Detaljar......ja den er virkelig flott.


Stilen på huset passar perfekt til denne ovnen.
Berre sjå her....


Slik kan gamle ting kome til verdigheit og nytte igjen.

Ja, det heng ballongar på støttene. Den vordande mora hadde dag i går og då måtte det pyntast med ballongar og serpentiner over heile huset : )

¤ ¤ ¤

Då er denne veka gått i resarfart som dei fleste andre vekene i året.
Eg har fått gleda meg over alle koselige besøk og kommentarar på bloggen min. Det gjer så utrulig godt og gir ny giv til fortsettelsen.
Ser også at det er nye følgarar, Hjartelig velkomne !!!!

Då gjenstår det å ØNSKJE alle saman ei god og koselig helg.
 Hugs å full ladd batteria til ei ny veke.

onsdag 17. oktober 2012

HAUSTBLAD !

Denne hausten har det vore spesielt mykje flotte fargar i hagen og naturen. Så det har ikkje vore vanskelig å bli inspirert til å fange dei i kamera linsene. 

Anne på Moseplassen lyser ut konkurranse med tema haustblad og det har eg selvfølgelig lyst å være med på.
Mitt valg vart ei Spireabuske som har vist seg i all si prakt med ein nydelig fargeskala frå grønt til dei skarpaste haustfargar.





torsdag 11. oktober 2012

BABYTEPPE I ALPACA.

No har eg endelig fått ferdig babyteppet.
Det som stod igjen var berre å feste trådane. Det vart lagt til side medan eg starta eit nytt prosjekt og då er det lett for at det vert liggandes ei stund. No er det i vert fall gjort og ein vask har det fått.

Dette teppet er laga med mjukt varmt sinn......vi er så heldige at vi snart skal bli besteforeldre for første gong ( i juletider ). Då må vi selvfølgelig forberede og gjere oss klar til den oppgåva  : )


Her heng det og luftar seg i det fri.


Detaljar.


Eg har strikka det i Drops Alpaca og brukt denne oppskrifta.


Fleire detaljar.

Som Dykk ser er himmelen blå!!!! Det har vore ein strålande dag.

¤ ¤ ¤

Tusen, tusen takk for fine tilbakemeldingar på mitt forrige innlegg.

Ønskjer alle gode haust dagar vidare.
KLEM : )

tirsdag 9. oktober 2012

ENDELIG EIN STRÅLANDE DAG : )

Etter ei frostnatt kom dette til syne.....


..... blå himmel og mykje nysnøv i fjella.
Bilde teke frå altanen min.


Hadde besøk av dotter mi som bur på andre sida av fjorden. Ho hadde teke dette bilete  i dag frå heimen sin. Vi ser over til der eg bur.


Rimfrost.


Roseknupp i frost drakt.


Frost på vindauge.

¤ ¤ ¤

Kom meg omsider ut så eg fekk inn i drivhuset det som stod igjen i beda.
Får ligge der å tørke opp litt før det vert lagra i kjellaren.


Litt av kvart her. Skal klippe ned og strippe Fuchsiane for blad. Mesteparten vart gjort i dag og sett i kjellaren. Dei hadde fått stått her og tørka litt frå før.
Måtte få vere med på eit siste bilete før bladfall : )


Nokre pelargonia som stod igjen.

Det har vore ein lys og trivelig dag. Men til kvelden braka det fuktige laust igjen. Men no er alt i hus , så då får det berre kome det som vil : )

¤ ¤ ¤

Ha fortsatt ei trivelig veke og nyt hausten med mange kreative påfunn !!

Varm takk for herlige og koselige kommentarar hos meg, det gledar meg.
Stor varm haust KLEM frå meg : )

søndag 7. oktober 2012

SOMMAR MINNER

No er denne helga over og det har ikkje vore antydning til opplett ( er rykandes glad for at eg tok på meg ekstravakter så eg slapp å gå inne å irritere meg over det eg skulla gjort ute ). Det regnar som ein foss og har blese kraftig i dag.

Fredag ettermiddag var det eit lite gløtt av sol så då benytta eg anledninga til å sjå kva som var igjen  i hagen av sommar. No stenger eg sansane for været og opnar sommar minne sansane.
Her kjem nokre som blømer enda sjølv om det er Oktober :)


Cosmos - Pyntekorg.


Ei rose eg ikkje har navnelappen på.


Leonardo da Vinci. 


No steig humøret nokre hakk og er klart til ei ny veke.

Ha det fint alle saman og nyt tilværelsen !!!
På gjensyn !!

fredag 5. oktober 2012

BLOGGINSPRIRASJON.

Det har vorte lite hagearbeid siste tida. I går var det fin vind så det fekk tørke opp litt. Eg var fast bestemt på at i dag skulle det bli litt hagesysslar. Neidå, slusene måtte openbare seg og no er det vått igjen. Men kanskje det vert i løpet av helga. Har ein del som må opp av jorda, men heldigvis har eg fått ned i det som skal.

¤ ¤ ¤

Då var det berre å finne på noko innadørs.
Litt matlaging måtte det bli og det er frå inspirasjon av Dykk i blogglandia.
Frukthausten har som sagt vore rik og epla ventar på å bli brukt. Er grense for kor mykje ein kan ete.... Noko eg ikkje har prøvt før måtte prøvast og det vart eplemos. Eg trudde liksom ikkje det var så supert, men etter denne dagen er eg overbevist. Nydelig godt..........


Lagde av 4 kg. epler. Dette er nok fint å bruke også til anna enn sylte på maten t.d. fyll i gjærbakst.

Brukte ei enkel oppskrift eg fann på nettet.

1 kg. eple
      1 1 /2 dl. vatn
   3 dl. sukker
Så kokte eg ilag med ei vaniljestang.
Vart veldig smakfullt.

¤

Måtte ha noko å ha eplemosen på .


Det måtte bli kveitebollar i dag.

Mi oppskrift :

2 pk. gjær
 12 dl mjølk
  300 gr. smør
    300 gr. sukker
               1 1/2 ts. kardemomme
                 ca. 1 1/2 kg. kveitemjøl

Det som eg synest er viktig for å få luftig bakst er at det ikkje vert tilsett for mykje mjøl før heving.
Deiga må vær ganske laus. Det er bedre å bruke litt mjøl til utbaking.

Steikast på ca. 220 gr. i ca.12-15 min. Det et er stor forskjel på ovnane så følg med.

¤ 

Det heng igjen ein del plommer på treda så då ville eg lage litt dissert.
Denne laga eg i går. Den er best når den har fått trekt over natta.


Har skreve i eit tidligare innlegg korleis denne vert til. Enkelt.
Kok opp sukkerlake, du kan tilsette krydder etter smak. Her har eg kokt i lag med vaniljestang. 
Ha oppi plommene og gi eit oppkok. La stå til neste dag for å trekke til seg smaken. Vanilestanga skal ligge ilag med.


Med krem på smakar det godt.

¤

Sida eg har vorte inspirert av alle her på bloggane, vil eg invitere Dykk på ein kopp kaffi og bolle med eplemost....



......velbekome!!!!!

¤

No ser det likevel ut som skylaget held på å sprekke opp, så då vert det nok gjort litt haging i løpet av helga. Det kan jammen trengast for bukselinningen kjennest ut som den har krympa......det kan umoglig ver for mykje av noko anna ! : )

Ha ei fantastisk helg alle saman !!!

onsdag 3. oktober 2012

KVELDS STEMNING I PANORAMA !

Kvelds himmelen held på å klarne opp.
 Stjernene er komne til syne og lufta er klar og rein.


Panorama bilete frå altanen vår mot vest.

¤ ¤ ¤

Og ikkje minst kva er det eg ser!!!! Jau, eg har fått 50 følgarar. Kor kjekt.....og inspirerandes.
Hjartelig velkomne til dei nye!!!!

Ha ein fin og stemningsfull kveld alle som ser innom meg her.
Det er så koselig med besøk.

tirsdag 2. oktober 2012

HAUST.

I dag er det haustvær med regn, vind, eit urlite solgløtt og mykje haustfargar.

Tok meg ein rask tur ut for å ta nokre bilete, då viste alle desse teikna seg.


Dverglønn.




Har teke dette biletet frå heimen min, men det er ikkje i frå min hage.


Daglilje blad.


Hosta blad.


Fjellheimen i haust fargar. Her stakk sola seg fram så vidt.



Ha fortsatt ei fin haustveke.