mandag 17. september 2012

SELBUVOTTAR.

Ja her er det berre å gjere ferdig ullprodukta sine slik at vi kan holde varmen på fingrane....: )

Desse har vore ferdige ei stund, men litt trådar som stod igjen å feste og det var på tide å få gjort det no slik at eg får ta dei i bruk.....kan verte snarare enn eg har tenkt.







Mønstra har eg funne HER.

Dette var litt å varme seg på frå meg i dag. 
( Har vore ute å planta i heile dag i pissregnet)

Ha ein god lun kveld.
Klem frå meg.


søndag 16. september 2012

HAUSTTEIKN.

Etter ein russletur i vår flotte natur var det ikkje å kome forbi at ei ny årstid er på god veg til å vise seg. Men som alt anna har hausten sin sjarm.
Tok litt bilete av haust på turen....etterpå russla eg rundt i hagen og fanga nokre teikn der også.

Regntunge strå.....



Bringebærblad.....

.....bringebærblad.

¤ ¤ ¤

Så litt frå hagen:

Ein sort dverglønn med ein start av haust i blada.

Astilbeblad.

Bæra på mispelen er i ferd med å modne. Desse er delikatesse for fuglane.

Ringblome i frødmodus.

Heuchera blad.

Heuchera, Trollius og Perikum.

Dette var litt haustteikn frå meg.
I morgon er det ei ny veke med nye utfordringar.
Og mi utfordring er å få plantane som eg har kjøpt for lenge sida i jorda uansett kva vær det er  : )

Ha ei god ny veke alle som er innom meg her!!!

fredag 14. september 2012

TEBRIKS OG TEPPE.

No må eg tre i våtdrakt i tillegg til dykkermaske og snorkel så då fann eg ut at det er best å finne på noko kjekt inne i staden for å ergre seg på været. Det eg er mest bekymra for er alle plantene eg kjøpte for ei stund sida som absolutt skulla vore komne i jorda. Men, men vert vel etter kvart.....

Kva kan vel passe bedre enn noko å bite i ? : )
Innimellom husvak og klesvask vart det nysteikte tebriks. Ei enkel og grei oppskrift som eg har lyst å dele med Dykk.

Trur ikkje det er råd å misslykkast med denne oppskrifta her. Dei vert lette og luftig og er fine å fryse.
Her kjem grunnoppskrifta :

Etter som åra går og ein har prøvd seg fram med det meste, og vorte nokre erfaringar rikare er oppskriftene for meg veiledande : )
Slik som i denne er det brukt alt for mykje gjær. 1 pk.er nok, dobblar du kan du bruke 2 pk.
I staden for berre kv.mjøl  erstattar eg ein god del med grovt mjøl. Dette er selvfølgelig smak og behag. Og mjølk tek eg det eg har, skumma og lett mjølk går heilt fint. I dag hadde eg litt H-mjølk og spedde på med vatn.
Det eg synest er viktig med gjærdeiger for å få lett og luftig bakverk er at du ikkje må tilsette for mykje mjøl. Bedre at den er litt laus enn for fast. Då er det berre å tilsette meir mjøl ved utbaking.

Slik gjer du etter at deiga har heva.

Her ser du det. Midterste bilete er dei ferdig bretta.

Under heving og klar til steiking. Steikast i ca. 15 min. men dette er veiledande, så følg med.

Der var dei klare til å smake på : )

¤ ¤ ¤

No skal det verte deilig å krype under teppet og kose seg med noko kjekt å lese.
Dette teppet har eg strikka i superwash ullgarn med mønster frå Ravelry.

Har forandra litt på denne framgangsmåten også. I staden for å strikke den i remser slik mønstra seier, har eg strikka det i eit. Då slepp eg å montere det saman og det vert ingen synlige saumar..... 


......... la opp nokre få meir maskar mellom raportane der det er rillestrikk.


¤ ¤ ¤

Når alt anna var klart til helga måtte det selvfølgelig noko nytt i ei krukke. 
I dag vart det tre Saintpaulia.......

.........kvit med.......

..........blå krusete kant.

Krukka dei står i er i litt grov matrialet med roser rundt kanten....og den står på ei grå hardangerbrodert brikke.
Då er helga så nær den kan bli.

¤ ¤ ¤

Det er ikkje berre teppet mitt som luner og varmar, det gjer alle dei koselige kommentarane frå Dykk som besøkjer meg her også.
Så med det vil eg ønskje alle ein lun, varm og trivelig Fredagskveld.



tirsdag 11. september 2012

DYKKER UTSTYR.

Her er det ikkje småtterier som dett ned frå himmelen. Skal eg ha ei muligheit til å ta ei synfaring i hagen måtte eg tre i dette utstyret.......

....på med dykkermaske,snurkel og støvlar : ) Det er veldig vått i plenen. Så er det berre å snurkle seg rundt for å få ei oversikt.

Denne valmua hadde drege hetta over hovudet.

Sjå her....desse tre har så smått tenkt på våren. Litt gjenbløming....Primula,tidligblomstrande Kaprifol og Rhododendron.

Memoire stilkrose.....desse rosene er ekstra store.

Dahlia " Darkarin ".

Dahlia " Gallery Art Fair ".

Dahliane mine var veldig tidlig å bløme i år. Men denne har eg nok planta litt for skyggefullt...dette er første knuppen som held på å sprette ut. Blomane er enormt store så håper det vert litt finare vær så eg får sjå dei heilt opne. Har fått den med ei dame så eg veit ikkje navnet.

Regntung Malva.

Denne har blømt voldsomt i heile sommar og slik står den fortsatt. Nelly Moser er den merka med.

Pus følgde meg på runda mi.....passa på så eg ikkje drukna : )
Er han ikkje SØT ?

Heilt utrulig at noko i det heile tatt orka å bløme i dette været. Vert litt imponert over vekstkrafta på plantene.

¤ ¤ ¤

I går når eg opna postkassa dukka det opp eit brev med dette ned i.....

.......frød frå Marit med bloggen Marits hagekos og litt til........gjett om eg vart glad!!
Solhatt, Scabiosa " Barocca ", Guld Valmuer og Stokkroser.
Tusen hjertelig takk, så snilt av deg :))

¤ ¤ ¤

Ja ja, sjølv i grått og vått vær kan dagane ver utrulig fine.

Til alle mine besøkande: Nyt dagen sjølv om himmelen ikkje alltid er blå!!!
På gjensyn.


lørdag 8. september 2012

FAVORITT I HAUSTHAGEN.

På min kant av landet har ikkje været tillete noko hageliv siste tida. Men no i kveldninga lyste det litt opp med gløtt av sol, så då var eg rask ut for å sjå om det kunne ver noko som eg kunne bidra med i konkurransen på MOSEPLASSEN.

Løvemunn er ein plante eg MÅ så kvart år. Den er svært hardfør og toler det meste av vær og vind. Og ikkje minst, den er heilt sneglefri. Etter alt dette ruskeværet står den like fin og den blømer heilt til frosten kjem.

Her kjem mitt bidrag.








torsdag 6. september 2012

SNØV I TOPPANE!

Siste dagane har det lagt seg eit kvitt teppe i fjelltoppane. Tempraturen, regn og kald vind fortel at vi nærmar oss ei ny årstid...........men først håpar eg på at hausten byr på fine hagedagar. For det kan trengast.

Sjølv med naglebit på hendene og influensa i kroppen kunne eg ikkje motstå avisas anonnse.....tilbud på plantar : ) Eg som ikkje skulle meir på hagesenter i år.....  Det er ikkje til å tru men eg har kjøpt 2 tred, 3 busker, 6 roser og 8 stauder. I tillegg nokre posar med løk av div. sortar.  JA, her må det berre bli fine dagar så eg får dette i jorda.

Tok meg ein rask tur ut for å sjå om det var noko å fange i linsa etter mørket held på å sige inn.

Kvitkledd fjelltopp.

Blodbegera blomstra godt enda.

Dianthus, sådde den i fjor. Den har overvintra i bedet og kome godt igjen i år. Er egentlig eittårig.

Oversikt mot vest.

Haustfloks.

Frødkapsel av valmue.

Sommarasters.

Meir oversikt mot vest.

Klematis The President.

Malva.

Utkast av bed mot vest.

Leonardo da Vinchi.

Utkast frå bed mot vest.......her ser vi godt at hausten er komen.

Skal tru om denne rekk å sprette ut.

Anisop Golden Jubilee med lilla spirar i bakgrunnen. Den er gulare i blada enn her på biletet.

Så til slutt denne rosa som ikveld får navnet....MarJE  : )
Jammen var det ikkje ei fluge som var ute i kveldninga og ville besøke meg.
¤ ¤ ¤

Dette var litt.....kanskje litt mykje frå meg i kveld. No er det heilt mørkt ute og det piskregnar. På tide å tenne litt lys og kose seg. 

Ha ein lun, god kveld alle mine besøkande.